22.09.2013 Views

Stiftsnytt - Den norske kyrkja

Stiftsnytt - Den norske kyrkja

Stiftsnytt - Den norske kyrkja

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

gen avtale

har me hatt ein pilegrim som

motiv ved å stilla ut sko, stav og

ein blomsterbukett. Elles har

motiva vore konkrete, som eit bilete

av nattverden på skjærtorsdag

eller Maria med barnet på

Maria bodskapsdag, eller meir

symbolske, som ein tornekrans

og raude roser på langfredag. Andre

gonger gjer me det heilt enkelt

med ein blomsterbukett, eit

lys og eit vers frå Bibelen. Me

prøver elles å ta omsyn til dei liturgiske

fargane og tekstilane

som er i kyrkja, fortel Turid Vie.

– Korleis er det å vera med?

– Det er utfordrande å skulla

finna nye illustrasjonar kvar

veke, men det fine er at me får

sett oss inn i sundagens tekst,

seier Ingrid Vareberg.

– Ja, det å setja seg ned med

teksten gjer godt, det er viktig at

me legg det i Guds hender, supplerer

Turid Vie. Dei to er glade

for gode tilbakemeldingar frå

soknepresten. Han er også deira

rådgjevar.

– Korleis er det å vera medarbeidar

i Arna?

– Litt etter at me tok til i

denne tenesta, fekk me ei

kontrakt for eitt år. Der stod det

også at me kunne ha samtale

med soknepresten. Me har hatt

eit par samtalar, både for å få

idear og tilbakemelding.

– Kva med å ha kontrakt?

– Det er eit bra system. Me går

ikkje for oss sjølve, men me får

tilbakemelding og veit kven me

kan spørja om det er noko, seier

Ingrid Vareberg.

– Kontrakten gjev oss også ansvar

for arbeidet me er sett til.

Det gjer noko med ein, seier Turid

Vie. Ho og dei to andre damene

har kontrakt i eitt år, og då

reknar dei med å få eit nytt

spørsmål om dei vil halda fram.

nr 2 - oktober 2007

Møyfrid Opheim (t.v.) og Hilde Kayser Rohde skal følgja opp dei ulønna medarbeidarane i

kyrkjelydane i Arna.

Blikk for medarbeidarane

Alle sokna i Bergen har i 2007 fått høve til å tilsetja

medarbeidarkoordinatorar eller frivillegkoordinatorar.

Stiftsnytt møtte dei to som har fått oppgåva i Arna.

Møyfrid Opheim (Arna) og

Hilde Kayser Rohde (Ytre

Arna) deler kontor og erfaringar.

Dei to kyrkjelydane i

Arna er prega av stor aktivitet

og mange medarbeidarar. Ytre

Arna er ei bygd med stabil busetnad,

der om lag 80 personar

står på lista over medarbeidarar.

Indre Arna er ein

større forstad til Bergen. Her

står om lag 100 på medarbeidarlista,

i tillegg til 60 som deler

ut kyrkjeblad.

Begge har starta jobben sin

med å skaffa seg oversyn over

medarbeidarane.

– Me oppdaterer lister og

prøver å finna ut kva ansikt

som er knytt til alle namna,

seier Opheim, som har vore i

si 45 prosent stilling i nokre

månadar. Eit viktig ansvar for

henne er å syta for at gudstenestene

er godt bemanna.

– Me har kyrkjevertar, klokkarar,

tekstlesarar, nattverdutdelarar

og sjåførar til kyrkjeskyssen.

Eg har særleg prøvd å

få med unge i gudstenesta, og i

sommar har det delvis lukkast.

Hilde Kayser Rohde er ny i

si 30 prosent stilling, men ho

er også kyrkjemusikar i Indre

Arna.

– Eg registrerer alle råd og

utval. Me skal ha møte med

alle dei ulike råda og utvala og

høyra kor skoen trykker og

hjelpa dei vidare. Dei skal bli

sett og tatt vare på. Me har

ikkje kome i gang med ein

plan for dette, men det må

me gjera etter kvart. Først vil

eg ha oversyn, seier Rohde. Ei

av gruppene ho skal ha oversyn

over, er dei 20 personane

som går med dåpshelsing til

døypte på årsdagen 1, 2 og 3

år etter dåpen.

– Me prøver å få til ei samling

for desse dåpskontaktane,

det blir mi oppgåve å få

til dette.

Også i Arna kyrkjelyd står

det strategi – og planarbeid på

blokka til medarbeidarkoordinatoren.

– Eg har så vidt begynt med

ein strategi for rekruttering,

oppfølging og opplæring av

medarbeidarar, seier Opheim.

Dei fleste gruppene av

medarbeidarar vert inviterte

til ei samling ein gong i året.

– Dette set folk pris på. Me

spurde dei som køyrer kyrkjeskyss

om dei hadde bruk for

ei samling. «Endeleg!», var

svaret.

5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!