05.11.2013 Views

LINEUP MALAKOFF ROCKFESTIVAL 2013 - Fylkesmagasinet

LINEUP MALAKOFF ROCKFESTIVAL 2013 - Fylkesmagasinet

LINEUP MALAKOFF ROCKFESTIVAL 2013 - Fylkesmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

LIDOLIDO

LidoLido, eller Peder Losnegård som han eigentleg heiter, er det ein kan

kalle eit musikalsk vidunderbarn. Fortsatt berre 20 år gamal har han alt

klart å signere kontrakt med Universal, gje ut eit kritikarrost og

platinaselgande album (“Pretty girls and grey sweaters”) og blitt

nominert til to Spellemannprisar i 2012.

Musikken kan beskrivast som ei blanding av hiphop, gospel, r’n’b og

amerikansk vestkystpop, noko dei mange samarbeidsparterane

(Madcon, Little Steven og Ole Edvard Antonsen m.fl.) og reflekterer.

Vi ser fram til ei fengande og dansbar stund når LidoLido inntek MR2013!

HONNINGBARNA

Sørlendingane i Honningbarna tok musikk-Norge med storm allereie med sitt

debutalbum “La alarmane gå”, som vant Spellemann i klassa rock.

Med sitt unike punkuttrykk, der politisk engasjement går hand i hand

med fengande riff og melodiar, har Edvard Valberg og bandkompisane

sjarmert publikum og langt utanfor Norge sine grenser, til tross for at han

syng på reinspikka Søgnedialekt.

Oppfølgaralbumet “Verden er enkel” kom nylig ut til flotte kritikkar, og

bandet sitt solide liverykte gjere at vi gledar oss vilt til å headbange

til låtar som “Fri Palestina” og “Den eldre garde” under årets Malakoff!

EVA & THE HEARTMAKER

Ekteparet Eva Weel Skram og Thomas Stenersen har fire vanvittig fengande

og sjarmerande album på samvitet, og det siste (og beste) i rekka,

“Traces of you”, vart lansert no i vinter. Og som vanleg serverer duoen

popperler på ei snor, og det er ikkje eit ubetydelig antall allsangvennlege

hits dei no har kokt i hop sidan debuten i 2005.

Dermed seier det seg sjølv at vi i Malakoff er sjukt klare for besøk frå eit

av våre aller beste popband!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!