LINEUP MALAKOFF ROCKFESTIVAL 2013 - Fylkesmagasinet

fylkesmagasinet.no

LINEUP MALAKOFF ROCKFESTIVAL 2013 - Fylkesmagasinet

CASA MURILO

Den norskbritiske sekstetten Casa Murilo har sidan oppstarten i 2009 vore

ein av våre premissleverandørar av kvalitetsrock her på berget.

På grunn av et par norske jenter endte bandet opp med base i Oslo, og

har sidan den gang gjeve ut to heilstøypte rockealbum og spelt konsertar

på kryss og tvers i vårt langstrakte land. I tillegg har dei også representert

Norge på festivalar i land som India og Bangladesh og vært spelelista på

P3 med “Wrecking Ball”, bandet sin største hit til dags dato.

Vi ser fram til ei allsangvennleg stund med storslått og vakker indierock når

Casa Murilo besøker oss i juli.

BLACK DEBBATH

Den lange ventetida er over! Noregs beste humorpolitiske tungrockband,

Black Debbath, er endeleg aktuelle med ny single “ Nei til runkesti på

Ekeberg” og plate.

Bandet sitt sjette album kom i januar, og er fullstappa av humorisktiske

sleivspark innpakka i tungrockens uimotståelege sjarm. Aldri før har Ollis,

Lars, Egil og Aslag vore meir biske og på hugget enn dei er akkurat no.

Den nye plata har tittelen “Nei, nå får det faen meg være rock! Akademisk

stonerrock!”!!

På Malakoff stiller dei med eit fruktfat av ei settliste som ikkje kan bli noko

anna enn ein heidundrandes rockefest!!

BLOOD COMMAND

Blood Command er ei musikalsk krut-tønne fylt av positiv energi, tunge

gitarriff, tøffe action breaks på trommene og ein av Norges tøffaste

vokalistar i front.

Dei har gjort seg bemerka med supportjobbar for t.d. Biffy Clyro,

Comeback Kid og Refused, samt eigne konsertturnear i inn-og utland.

Bandet har gjeve ut fleire kritikarroste utgjevingar. I starten av oktober

gav dei ut det nye albumet “Funeral Beach”, til mykje kritikarskryt

(9 av 10 i Metal Hammer!).

Blood Command er eit av dei få hardcorebanda som vert mykje spelt

på P3. Ikkje tilfeldig!

More magazines by this user
Similar magazines