Arnafjord Kysten 1-11 - Hardanger og Voss Museum
Arnafjord Kysten 1-11 - Hardanger og Voss Museum
Arnafjord Kysten 1-11 - Hardanger og Voss Museum
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Agentbåten “Arnafjord”

– Ein båt med stil

Av Åsmund Kristiansen

Båten vart kalla “Agenten” på folkemunne. Det var sikkert naudsynt å gje

båtane frå Arnafjord tilnamn, då dei aller fleste heitte noko med Arnafjord.

Sjøsett i november

M/S “Arnafjord” er no sikra med tanke på vern og

istandsetjing. Målet er å ta vare på ”Arnafjord” som

ein original agentbåt frå 1937–1940. Dette er mogleg

sidan båten ikkje er ombygd, og er svært komplett.

Snikkaren som bygde mykje av innreiinga heitte Georg

Nese, og sonen hans Magnar er med i stiftinga som no

eig båten. Ein del av innreiing og utstyr vart kjøpt på

eit skipsopphoggeri i Stavanger og tilpassa i båten.

“Arnafjord” går gjennom ei omfattande istandsetjing

ved Hardanger Fartøyvernsenter. 21. november

2010 vart båten sjøsett, sjølv om det framleis

står mykje att. Om lag 150 tilskodarar såg båten

kome tilbake i sitt rette element, etter vel eitt år på slippen.

No skal maskin og tankar på plass, styrehus og

innreiing kjem vonleg etter kvart. Foto: Bjørn Lingener,

Hardanger Fartøyvernsenter.

No reiser seljarane omkring i fine og praktiske bilar,

dei har med seg vareprøver og katalogar som dei

freistar butikksjefar og innkjøpssjefar med. Før

bilismen si tid reiste seljarane, eller agentane som dei vart kalla,

i båt. Og sidan agentane skulle skape gode relasjonar til handelsmenn

langs kysten, måtte dei ha båtar med stil. Mange stader

på Vestlandet gjekk det agentbåtar heilt fram til omkring

1970.

Ein særprega båttype

Før motorbåtane vart vanlege frå omkring 1910 reiste seljarane

som regel med rutebåtar. Men det vart òg bygd nokre

dampbåtar som agentbåtar. Mellom desse er D/S “Thorolf”,

som er verna i Møre og Romsdal. “Thorolf” er bygd i Rosendal

i Hordaland, men høyrde til i Ålesund og gjekk med

varer for konfeksjonsfabrikken Devold.

Agentbåtane var ikkje mellom dei største, oftast mellom

40 og 65 fot. Og dei aller fleste var bygde i tre. Dei hadde gjerne

god maskinkraft og god plass til mannskap og varer.

Dei fleste av agentbåtane var spesialbygde til agentfart.

Den gongen var handelsreisande fine folk. Båtane skulle stå

i stil og vekke merksemd og interesse, kanskje òg mellom

kjøpmennene sine koner og døtrer. Svært mange av verk-

36 KYSTEN 1'11
eportasjeartikkelhistorie

I ein ny serie i KYSTEN vil Åsmund Kristiansen presentera eit utval båtar og deira historie.Desse kulturminna er valt

ut fordi dei representerar viktige vitneprov frå vår nære fortid. Kristiansen er avdelingsleiar ved fartøyvernavdelinga

ved Hardanger Fartøyvernsenter.

Slik såg ”Arnafjord”ut som ny.I seinare tid vart skroget måla,og som tilsynsbåt

for Fiskeridirektoratet fekk ho aktermast.Foto truleg teke 1940 på Leikanger,

utlånt av Sigvart Røyrvik.

Johannes Røyrvik var kokk og maskinist.Biletet er utlånt av sonen,Sigvart Røyrvik,

som er aktiv i eigarstiftinga.

semdene som sende ut reisande agentar, hadde base i Bergen,

Ålesund eller andre større byar. Landhandlarane hadde alltid

eit assortert vareutval, og det var derfor godt kundegrunnlag

for seljarar frå ulike firma. Forutan kolonialvarer handla dei

som oftast med jarnvarer, glas og steintøy, papir, kortevare,

manufaktur osv. Båtnamn som Malm, Jern, Hindu, Hansa,

Sundt og Wallendahl gir tydelege assosiasjonar og knyter

båtane til vareslag, varehus og produsentar.

For dei som arbeidde i butikken og andre som høyrde til

handelsfamiliane, var det ofte stor stas med besøk frå agentane.

Då fekk dei komme ned i den fine salongen og sjå på alle

slags varer. Der vanka det traktement i form av kaffi, sigar eller

sigarett, og kanskje ein dram eller eit glas pils for dei som ikkje

var fråhaldsfolk. Olav Hjertaker frå Tysnes minnest korleis

stemninga var om bord i ein reisandebåt på 1920-talet:

Det var der ein stor salong midtskips med bord og benker. På

alle sider var det fullt av små og større skuffer og skap med prøver

av ymse slag som høyrde til. Det var utruleg mange varer

som var tekne fram. Det var m.a. synåler, tråd, garn, blonder, gardiner,

dresstøy, kjoletøy, forkletøy og ferdig plagg som undertøy,

arbeidskle, kjolar, forkle og ymse anna (Avisa Sunnhordland

29.9.2001).

Die “Arnafjord” fährt heim

Arnafjord ligg i Vik kommune i Sogn. Her budde det ein handelsmann

som heitte Markus Nese. Han var dessutan reiar, og

hadde fleire fartøy av ymse slag. Sonen Bjarne var aktivt med

både som skippar og drifta båten som eigar frå 1948. Han eigde

båten fram til sin død i 1978. Då selde døtrene Marie og

Gerd båten.

For nokre år sidan greidde entusiastar i Vik i Sogn å finne

1'11 KYSTEN

37
att ein av båtane etter Markus Nese, M/S “Arnafjord”. Båten

fann dei i Lübeck i Tyskland. Her låg ho som ei attergløyme,

merkeleg nok aldri ombygd til fritidsbåt. Den første eigaren

hadde planer om ombygging og jordomsegling. Men den

tyske eigaren sidan 1982, Manfred Rileit, hadde for stor ærefrykt

for den særeigne maskina, ein to-sylindra Wichmann

semidiesel på 50 hk. Derfor hadde han berre nokre få gangtimar

med maskina og nytta båten nærast som ei stasjonær

“campingvogn”. Ingenting var kasta, fjerna eller ombygd, og

båten er såleis eit godt utgangspunkt for vern.

Markus Nese hadde nok sans for merkevarebygging. Dei

fleste fartøya han eigde heitte noko med Arnafjord. Andre fartøy

var t.d. “Arnefjord” (bygd 1917, no eigd av Morten Nese)

og “Arnafjord II” (bygd 1939, heiter no “Ulvikfjord”).

M/S “Arnafjord” vart vurdert verneverdig av Riksantikvaren.

Men det var ein lang veg heim til Noreg frå Lübeck.

Som kjent er ingenting umogleg i fartøyvernet, dei nye norske

eigarane sytte for skipstransport og ny sjøsetjing i Bergen.

Herfrå slepte dei “Arnafjord” inn til Hardanger Fartøyvernsenter

i Norheimsund. Støtta frå lokalsamfunnet i Vik kom

umiddelbart. Men det gjekk fleire år før det losna med midlar

nok til å setje i gang den omfattande restaureringa for alvor.

Omfattande istandsetjing

Frå første stund var det klart at det ville koste mykje pengar

å setje “Arnafjord” i stand. Likevel rekna vi dette som eit særs

godt verneprosjekt. Grunnen til det er som nemnd at fartøyet

er nesten heilt komplett når det gjeld innreiing og utstyr. Derfor

er det eit sjeldan godt utgangspunkt for istandsetjing og

vern. Om det vert mykje nytt treverk i skroget er innreiing og

utstyr så bra at det kan bli pussa opp og setjast tilbake.

Enkelte spør om dette nå vert ein kopi av “Arnafjord”, når

svært mykje av skrog og dekk vert skifta ut. Når ein skifter

ut så mykje gamle materialar på ein gong er tanken nærliggjande.

Men etter mitt skjønn er ikkje eit istandsett fartøy ein

kopi. For kvar er i så fall det kopierte fartøyet? Utskifting av

slitte deler og komponentar er ein naturleg del av eit fartøy sitt

liv. Når eit fartøy lever vidare som eit kulturminne, tyder det

at “livet” held fram i nye samanhengar, frå kommersielle til

kulturelle. Den som ser istandsetjingsprosessen, har likevel lett

for å oppfatte dette som dramatisk når utskiftinga skjer over

eit kort tidsspenn.

“Arnafjord” vil no leve vidare som eit kulturminne. Det

tyder at båten framleis vil vere ein del av samfunnet, av

kystkulturen, som formidlar av historie. Båten ligg ikkje

konservert i eit magasin, men i sjøen der rust og rote fører til

at ein er nøydd til å drive eit kontinuerleg vedlikehalds- og fornyingsarbeid.

Frå ein kulturvernfagleg ståstad er det no ei

utfordring å flytte mest mogleg av informasjonen som kan

lesast ut av dei gamle delane (kjeldeverdien) over i arkivform

etter kvart som eit byter ut gamle deler.

var to mann, i tillegg til agenten. Sigvart Røyrvik er maskinist

i Fjord1 Fylkesbaatane og med i styret for stiftinga som

eig “Arnafjord”. Far hans var kokk og maskinist i dei tidlege

åra då “Arnafjord” gjekk i agentfart. Sigvart er no leiar for

“motorgjengen” som tek ansvar for å setje i stand motor og

propellanlegg. I desse dagar er dei i gang med å finne ut kor

dei kan støype nye sylindrar og ny lydpotte.

Jon Nese er barnebarn av Markus Nese. Han har teke til

å forske på historia til “Arnafjord” og har danna seg eit bilde

av historia i grove trekk. I åra før andre verdskrigen var det

stort sett Norske Shell som leigde “Arnafjord” i agentfart på

kysten mellom Bergen og Trondheim. Under krigen var det

okkupasjonsmakta som hadde båten på Herdla og i Bergen.

Etter krigen vart “Arnafjord” sett i agentfart igjen. No var det

Storbrand (forsikring), Langaard (tobakk), Wallendahl (jernvarer),

W. Giertsen (skipsutstyr) med fleire som leigde agentbåten.

Eitt år hadde “Arnafjord” 54 virkedagar for Arbeidstilsynet.

Eit anna år har Jon Nese rekna ut at “Arnafjord” hadde

om lag 200 virkedagar i løpet av året. På 1960-talet gjekk

“Arnafjord” som tilsynsbåt for Fiskeridirektoratet.

Erling Sjømark er gift med eit anna barnebarn av Markus

Nese, Liv. Erling og Liv har vore engasjert i fartøyvern i

mange år. På 1970-talet var Erling med og registrerte gamle

frakteskuter langs kysten på oppdrag frå Norsk Sjøfartsmuseum.

Då jekta “Pauline” vart sett i stand, var han med på det

prosjektet, og no eig dei sjølve eit gammalt trefartøy.

Dette er berre eit utval av dei som er engasjerte i prosjektet,

og no førebur stiftinga seg til å få båten heim. Med agentbåten

“Arnafjord” skal nye generasjonar i Vik knyte relasjonar

til historia, og vonleg vil dei føre båtarven vidare.

Kjelder

Otterskred, Harald. Båtsoga frå Arnafjord. Pridlao nr. 1 1989.

Hjertåker, Olav. Handelsreisande og båtane deira. avisa Sunnhordland

26.9.2001

Austgulen, Ingolf. Diverse tekstar i kopi frå forfattaren.

Nese, Jon, personlege opplysningar

Røyrvik, Sigvart, personlege opplysningar

Sjømark, Erling, personlege opplysningar

www.eldjarnbaat.no

Vi selger bokverket Nordlandsbåten

og Åfjordsbåten.

Heftet om God Bør.

Historia lever vidare

“Arnafjord” si historie lever vidare, i sentrum står båten og dei

folka som har relasjonar til han. Mannskapet på “Arnafjord”

Gunnar Eldjarn

91749791

gunnar@eldjarn.no

Arne Terje Sæther

41308644

arne-terje@c2i.net

Ola Fjelltun

95166573

olafjelltun@gmail.com

38 KYSTEN 1'11