11.01.2014 Views

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen - Hi-Fi Klubben

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen - Hi-Fi Klubben

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen - Hi-Fi Klubben

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skriv ut

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen

Spelar du vinyl, kjem du ikkje utanom ein riia korreksjonsforsterkar. No utstyrast svært f å

forsterkarar med sånt som standard, for det kostar nokre kroner, og det er slett ikkje alle som

har bruk for vinylavspeling, slik som før. Arve har lova ein artikkel om nokre separate

platespelar-forsterkarar, såkalla riaa-trinn.

Her er omtalale av fleire av dei mest populære riaa-forsterkarane for tida.

Av Arve Åheim, oktober 2004 - desember 2005

Alle forforsterkarar i gamle dagar hadde phono-inngang med riaa, elles hadde du ikkje kunne spele

platene dine. Signalet frå pickupen er så svakt at det treng ekstra forsterking. Dessutan er alle

vinylplater spelt inn med ”anti-riaa” frekvenskorreksjon. Denne må rettast opp for å rett

frekvensattgjeving. Du må lage den motsette kurva, den såkalla riaa-frekvenskurva.

Som om dette ikkje er ille nok for vinylentusiastane, finnest det også Moving Coil-pickupar som

vanlegvis leverer eit langt svakare signal enn dei meir vanlege Moving Magnet-pickupane, og det må då

sterkare forsterkning til. Til sist bør tradisjonelle Moving Coil (MC) pickupar belastast med heilt annan

impedans enn dei standardiserte 47 kOhm som MM har.

Det er altså eit hav av utfordringar for den som vil ha det maksimale ut av dei svarte rillene, også etter

at pickup er innkjøpt og arm tilpassa. Igjen gjeld regelen om at dei ulike komponentane må passe til

kvarandre. Artikkelen her må altså takast med det atterhald at pickup må passe saman med riaaen.

Referansen; ein 18 år gammal Audio Research SP 10.

Eg har svært lenge levd med denne forforsterkaren som eg kjøpte ny i 1987, sannsynlegvis den sist

selde frå den dåverande skandinaviske importøren Glotta. Sannsynlegvis har denne vore sterkt

medverkande til at eg brukte lang

tid på å kjøpe CD-spelar og

sølvplater (i 1995 vart eg overtydd

om at det gjekk an å lytte også til

desse), for det har aldri vore aktuelt

å skifte ut denne.

Då eg endeleg fekk CD i huset, er

forsterkninga til SP 10 akkurat litt

for kraftig til at potmeteret kan

brukast over klokka 9, så etter

kvart har eg gått over til å bruke

denne som rein riaa-forsterkar.

Dette gjer eg med eit gammalt triks

som kan brukast på alle gamle

forforsterkarar med tape out.

Platespelaren koplast til på vanleg

måte, men signalet tek ein ut frå

tape out og førar det inn i

linjeinngang på den aktuelle

forforsterkaren. Då hoppar eg over

ein linjedel som er lett røraktig, og

som kan medføre ein viss avgrensing av lydbildet. Dette artar seg som ei slags samanpressing av

perspektivet ute på sidene av scena, liksom bak kvar høgtalar. Teikninga av scena vert på ein måte

som ein nymåne, breiast på midten, litt samanklemt på sidene. Dette slepp eg dersom eg brukar berre

riaaen inn på ein annan fornuftig forforsterkar. SP 10 har 12 6DJ8-rør i signalvegen, 6 på kvar kanal.

Linjedelen inneheld 4 stk, så med ein moderne forforsterkar (typisk 1 rør pr. kanal), gjer eg

signalvegen litt enklare. Eg kuttar også fleire av kontrollane på SP10, spesielt potmeter og

balansekontroll, i tillegg til fleire andre ting. På fotoet er SP 10 plassert på toppen av den nye Vincent

SA31MKII, ein storarta match, men referansen har vore brukt fast i alle dei forforsterkarkonstellasjonar

eg har hatt i anlegget det siste året. Vinyl vert spelt om lag like ofte som alle andre signalkjelder til

saman.

Når eg har SP10 oppsett på denne måten, er mitt inntrykk (som også sikkert er prega av årelang

tilvenning) at dette er ein av dei mest nøytrale måtane å høyre vinylplater og resten av vinylriggen.

Klangmessig er det svært enkelt å kjenne att pickupar, som avslører sin karakter umiddelbart.

Perspektivmessig er det betre enn nesten alt eg har vore bort i, bortsett frå endå dyrare amerikanske

rørprodukt, og eitt og anna blodtrimma sjølvbygg. Og når det gjeld dynamikk, klang,

detaljoppløysing og dei andre audiofile dyder....vel, eg får iallfall seie at eg er godt fornøgd, både

generelt vurder og ut frå ei prisvurdering.

Så til utprøving

Eg prøvde å bruke så mange ulike pickupar som råd. Utprøvinga har gått føre seg over eitt år, så dei

andre parametrane i anlegget har variert litt, men konklusjonar har alltid vorte kontrollerte med

InnerSound Eros som endeleg høgtalarreferanse.

Lett, billeg og enkelt – NAD PP2

Ein av dei betre matchane krone for krone, er Denon og NAD PP2. Denne billege riaa-forsterkaren

klarer å levere svært mykje godlyd for den som er opptatt av musikalsk klang, mest på grunn av litt

framheving av det øvre

bassområdet/nedre mellomtone. Du

får også ganske flott dynamikk ut

frå denne vesle, rimelege boksen.

Men komplekse orkesterverk med

mange detaljar kjem ikkje til sin

rett, og det er tendensar til at

lydbildet og perspektivet vert litt

”grautete”. Du får ikkje styr på

desse tinga før du brukar meir

kroner enn det PP2 kostar. Dette er

kanskje beste kjøpet når det gjeld

riaa, og med høve til både MM og

MC, er det ein flott riaa å ha i

reserve for den som er

vinylavhengig. Men tru ikkje at du

får noko som kan måle seg med

Trichord, ASR og Clearaudio når det

gjeld dynamikk, og du skal heller

ikkje rekne med stort lydbilde og

tredimensjonalitet. Men saman med

Denon DL 110 og DL 160, som er nokre av dei beste pickupkjøpa du kan gjere, passar denne

forforsterkaren svært godt. Det er også interessant å merke seg at lyden vert endå betre om PP2 får

ein Denon DL 103-pickup å samarbeide med, og denne kombinasjonen er aldeles utmerka. Men DL 103

har endå meir å gå på, så betre riaa-forsterkarar gjev ytterlegare utteljing for denne hi-end pickupen.

PP2 fungerer også greitt med mange MM-pickupar, som t.d. Grace, Audio Technica og Grado. PP2 er

det definitive billegalternativet når det skal spelast vinyl!

Importør: www.hifiklubben.no

Pris: 698,00 kr

Vincent PHO 1– litt for slapp?

importør: www.nebyhifi.no

pris: 995,00 kr

Creek OBH 15

Under utprøvina av Vincent sin

rimelege riaa, fann eg at denne

ikkje på noko punkt kunne måle seg

med NAD sin endå billegare

konkurrent. Dynamikken vert

avgrensa på dei fleste av pickupane

eg har prøvd frå Clearaudio, Ortofon

og Denon, og Grace F9 var heller

ikkje nokon særleg god match. Det

er muleg at Shure passar brukbart,

men det har eg ikkje fått prøvd ut.

Har du denne riaaen, er det fint om

du tipsar oss om pickupar som

passar godt. Det verkar som MM

fungerar betre enn MC, men eg må

innrømme at med så unyansert

dynamikk er det vanskeleg å kalle

lyden tilfredsstillande. Trass i lang

innspelingstid og mykje

eksperimentering lukkast eg ikkje

med å få denne skikkeleg til.

Det vesle engelske firmaet Creek lagar ein del

spennande boksar, mellom anna ein riaa som passar

godt saman med dei små, passive forforsterkarane

dei har på programmet, t.d. OBH12.

OBH 15 er ganske rimeleg og diskre, den gjer ikkje

mykje av seg og er såpass pen at han godt kan stå synleg i anlegget. På baksida er det så vidt plass til

dei nødvendige tilkoplingane, og ein liten vendar mellom MM og MC som skulle gjere tilpassast alle MMpickupar

og det store gjennomsnitt av MC-pickupar på marknaden med ikkje for låg output (ned imot

0,20 mV?)

OBH 15 bør også stå på heile tida, og let då ganske nøytralt klangmessig. Ein viss ”transistorklang” må

du pårekne, men om du ikkje har kjøpt deg ein svinedyr pickup, vil du truleg reagere meir på pickupen

sin eigenlyd. Dynamikken er god, detaljoppløysinga flott. Også dei tredimensjonale sidene av

innspelingane kjem fram på ein brukbar måte, om enn ikkje heilt i same klasse som dei dyrare riaatrinna

i denne omtalen. Klangbalansen er slik at det hallar til folk med litt

analytisk innstilling til lydattgjevinga. Meir fokus på detaljar enn varme og

dynamisk eksplosjonsevne, men absolutt noko som vil passe til mange gode

pickupar. Til Denon er dette heilt greitt, og også dei litt rimelegare tinga frå

Benz og Ortofon kan passe bra. Og så er det nok gain i OBH 15 til at du kan

klare deg med Creek sitt ”fjernkontrollerte potmeter med inngangsvelgjar” –

ein ”linjeforsterkar” utan aktive komponentar. Ein god kombinasjon, dersom

du har ein pickup som har litt output.

Importør: www.taaimport.no

Pris: 2416 +523 for ei litt betre straumforsyning enn "minimumsløysinga"

Rega MC-riaa Fono

Rega har to riaa-forsterkarar i

mellomprisklassen der

konkurransen er hardast, ein for

MM, og denne som eg har testa til

ein knapp tusenlapp meir. Diskret

og grei sak, det einaste eg har å

utsetje, er at kontaktane står litt

tett plasserte, slik at det vert litt

plundrete å montere leidningar,

men det er ikkje akkurat nokon stor

sak. Når alt er på rett plass, er

dette gløymt.

Rega gjer ein skikkeleg god jobb, og

har god match spesielt til Ortofon

Kontrapunkt frå same importør. Ei

ørlita aning av varme gjer godt for

Kontrapunkt a, og fungerer etter

min smak slik at kombinasjonen

gjev detaljrikdom og fin speleglede.

Den skal tilpasse seg automatisk til

alle MC-pickupar. Slike automatiske

tilpassingar kan av og til ha problem med dynamikken, men avgjort ikkje her.

Denne kjem svært godt fram, og det er eit tett på og detaljrikt lydbilde som

vert formidla. Det er heller ikkje noko å seie på klang eller frekvensgong.

Lydbildet er nært, noko stort og tredimensjonalt innskrenka i samanlikning

med dei verkeleg gode på dette feltet. Men trekk vi pris inn i vurderinga, har

du endå ikkje brukt så mykje kroner at du forlange den heilt store

tredimensjonalitet ut av vinylriggen din. Flott til Denon 103, særleg om du finn

D-utgåva eller tilsvarande.

Importør: www.mono.no

Pris: 3 400,00 kr (MM-utgåva kostar 2500,00kr)

Clearaudio Balance

Clearaudio har plassert kontaktane

med stor avstand, noko som er flott

når du skal kople til og frå. Elles har

Clearaudio balanserte utgangar. Eg

prøvde ikkje dette ut, men trur

ikkje det er så mykje å hente på

balansering ved dei korte

kabelstrekka eg har i mitt anlegg.

Clearaudio Balance er ein kjekk,

liten sak som du kan gøyme og

gløyme i god avstand til resten av

elektronikken, all

impedansetilpasning skjer

automatisk. Som mange andre

iaatrinn er ikkje dette tiltenkt å stå

på utstilling. Ein heilt grei boks, med ei ganske stor separat straumforsyning kan gøymast bak

platespelaren. Og med balansert uttak, kan leidningsstrekket sikkert førast fram med ganske lange

kablar, utan at eg prøvde dette.

Det tok tre-fire dagar med Balance påslått før eg tykte lyden var heilt stabil, så eg tilrår at den står

påslått heile tida.

Lytteinntrykket var stor detaljrikdom og stort sett alle gode dyder, men dei

sterkaste sidene til Balance var i samband med dynamikken. Både når du tar

det heilt ut, og når det gjeld å nyansere forsiktige endringar i styrken til dei

einskilde instrumenta i eit symfoniorkester. Her er det så bra du kan forvente

frå ein transistorisert riaa, men ikkje heilt på høgd med SP10. Kanskje eit lite

hakk betre enn Trichord og ASR på visse pickupar. Når det gjeld detaljrikdom

og tredimensjonale opplevingar, er nok dei to siste eit lite hakk betre, men du

skal spandere på deg ein veldig god pickup før du vil føle noko sakn av dette.

Importør: www.hificenter.no

Pris: ca 10 000,00 kr

Trichord Delphini.

Trichord har kome med ny forforsterkar som

erstattar denne i prisklassen. Eg har helde meg til

den gamle utgåva. Det skal også vere ein rimeleg

sak frå same produsent som eg ikkje har prøvd.

Delphini er to skinande blanke boksar som du ikkje

vil ha fingeravtrykk eller støv på, ei straumforsyning,

og ein forsterkardel. Pickupjusteringane må her

gjerast manuelt inne i forsterkaren, etter eit

medfylgjande kart du må sjå etter. Det er litt

irriterande at du må gå inn i kabinettet for å gjere

tilpassingar til pickup. Skal du få til dette utan å lage

fingermerke, må du ta på kvite hanskar. Litt

krøkkete å gjere dette, men når du har fått det på

plass, treng du trass alt ikkje gjere det igjen før du

skiftar pickup. (Den billegare "Dino" har desse

dipswitchane på undersida, og du slepp å opne

kabinettet) For meg som har SP 10, der eg kan

prøve ulike impedansetilpasningar ved å vri på ein

brytar i fronten, er det tungvint å opne/lukke

Delphini for kvar gong eg ville eksperimentere med

impedansen, så det vart til at eg tok utgangspunkt i

erfaringane frå SP 10.

Ved skifte til Tricord let det litt uengasjert i

fyrstninga. Rett ut av kassa er det få ting som let

perfekt, så eg venta med å lytte seriøst til utstyret

hadde vore påslått i nesten ei veke. Og no var

inntrykket totalt annleis.

Å spele med denne riiaen er noko av det råaste eg

har opplevd med transistorbaserte system. Alt var så fullstendig rett, og det var som alle detaljar synte

seg på scena med eit fullstendig svart bakteppe, slik at alle store og små musikalske element stod der

krystallklart. Dette er eit must dersom du satsar på Nottingham platespelardrivverk, som også er

fullstendig utan forstyrrande sider. All tredimensjonalitet, all oppleving av rommet og den innbyrdes

avstanden mellom utøvarane stod

så godt fram at eg ikkje har høyrt

maken av eit transistorprodukt.

Innan akkurat dette med rom trur

eg vi snakkar om referanselyd av

høgste klasse, der også

detaljoppløysinga er heilt på høgd

med mi referanse ARC SP 10, og

med impedanstilpasningar som skal

kunne gjere deg i stand til å bruke

MC-pickupar med dei lågaste

utgangssignal. Klangmessig er

Delphini svært nøytral, med ei

forsiktig aning av det mørke og

varme, noko som skulle kle dagens

toppickupar svært godt, medan ein

Denon 103 vil vere eit relativt

dårleg val – to gode komponentar

som ikkje let kvarandre syne sine

beste eigenskapar. Nyanseringsevna innan dynamikk er svært god, men ikkje heilt det same som

SP10, Clearaudio Balance og ASR, og det manglar den siste spruten når du spelar plater som Vårofferet

eller Stravinsky sine røffaste orkestrale verk. Likevel ein riaa som høyrer til dei absolutt beste eg har

høyrt.

Når det gjeld detaljar og nøytral klangrikdom, er denne riaaen på høgd med mi referanse SP 10. Og

snakkar vi om bruk saman med MC-pickupar med output under 0,3 mV må ein medgje at Delphini er

betre Så lenge vi held oss mellom slike lågoutput-pickupar, vil dei dynamiske eigenskapane vere

suverene, berre matcha av Clearudio Balance, og Rotel sin Myabi (ein for lengst utgått referansemodell

som er like vanskeleg å finne på bruktmarknaden som SP 10).

Importør: www.audioart.no

Pris: Sidan modellen utgår, står ikkje prisen på sidene. Du finn berre ei rimelegare utgåve "Dino", som

kostar 4 500. Delphini var i utgangspunktet godt over 10 000 kr, og endå dyrare med beste

straumforsyningsalternativ. Ny modell "Diablo" er på trappene, pris 14 500 kr m/god

straumforsyning. Ta kontakt med importør for fleire opplysningar.

ASR Mini Basis

Dette firmaet har visstnok ein av dei

aller beste riaa-forsterkarar som er

laga, med mange positive omtaler,

mellom anna frå The Absolute Sound.

Prisen på denne er diverre ganske høg

(frå 35 000 kr), og eg har ikkje fått

høyrt han sjølv. Men heldigvis finnest

det også ei rimelegare og enklare

utgåve.

Forventingane eg hadde til denne

vesle, mørke plexiglasboksen med dei

innvendige blåttlysande diodene var

rimeleg høge, noko som hovudsakleg

skuldast det eg hadde høyrt han gjere

med lyden frå ein Ortofon Kontrapunkt

i butikk og på messa på Plaza 2004.

Designet er altså gjennomsiktig og mystisk, og endå vanskelegare å halde reint enn blankt metall, men

heldigvis leverast riaaen med ei stor flaske poleringsmiddel, slik at du kan

halde høg standard på reinhald i lytterommet. Straumspesialisten ASR er også

den einaste produsenten her som har valt å montere straumforsyningane inne

i forsterkarkabinettet, alle dei andre har ein meir eller mindre forseggjort trafo

som plasserast andre stadar. Eg vil tippe at ein av dei viktigaste tekniske

forbetringane du får når du går opp til toppmodellen, er ei langt betre

straumforsyning. Mange hevdar at kvalitet på straumforsyninga er heilt

avgjerande når det gjeld riaa som skal forsterke MC-pickupar.

Impedansetilpasning gjerast inne i boksen, men det er litt greiare enn dette brukar å vere frå t.d.

Trichord, sidan du på ASR skal bruke ein umbraconøkkel for å ta av loket. Dette kan stå ope, medan

du bestemmer deg for kva som er rettast i ditt oppsett. (hugs å mute forforsterkaren når du flytter på

dipswitchane). Saken eg fekk til utprøving var heilt ny, så eg brukte om lag 14 dagar til innbrenning og

oppvarming, og tok då til med lyttinga. Diverre hadde eg denne perioden hovudsakleg MM-pickupar,

berre to MC-pickupar der den eine var 0,3 mV (ein Yamaha), så her vart det lite eksperimentering

med ulike impedansar.

Likevel var dette ein riaa som gjorde at eg gliste breitt mesteparten av tida. Den dynamiske

nyanseringsevna var slik at ein kan merke dei aller minste endringar i eit kor eller orkesterverk, og det

same var detaljoppløysinga. Dette heng klart saman med ei fantastisk formidling av dei

tredimensjonale tilhøva i opptaket, og gjer at eg lurer på kva ASR har greidd å få til med sin større

modell. Dette smakar av høgste kvalitet, og eg vil ikkje stusse på å bruke denne relativt rimelege

riaaen saman med dei aller, aller flottaste pickupane på marknaden. Det einaste punktet der ASR

framleis må seie seg overgått, var dei aller kraftigaste dynamiske partia i musikken. Her var Clearaudio

Balance og mi referanse merkbart betre, men definitivt ikkje slik at du ville sakne det om du ikkje var

klar over det.

Det hadde absolutt vore på sin plass å prøve ein låg-output MC-pickup til denne støyfrie og fine riaaen.

I butikken til Stereofil har han vore oppsett saman med ein Ortofon Rohmann utan at det har støya det

minste, så eg reknar med han er i stand til å ta også dei svakaste MC-signala på ein skikkeleg måte.

Importør: www.stereofil.no

Pris: 5 995,00 kr

Ting eg absolutt burde ha tatt med i utprøvinga

Diverre er det ikkje enkelt å prøve alle dei gode riaa-trinna. Den norske marknaden for slikt er ikkje

staden hifibutikkane har sine største inntekter, og dei færraste importørar har dei aller dyraste

modellane som demonstrasjons- eller testeksemplar, men leverer helst etter bestilling.Eg burde så

avgjort fått tak i ting frå Conrad Johnson, nyare ting frå Audio Research, Esoteric Audio Research,

Manley ”Steelhead” og ein del eksotiske ting med høge ambisjonar og stor perfeksjon, som t.d.

Aesthetix, som eg har høyrt mykje positivt om. Det manglar difor mykje på at eg kan uttale meg med

den autoritet på riaa-forsterkarar eg skulle ynskje meg.

Her kjem iallfall konklusjonen:

Riaa-forsterkarar er ein del av vinylriggen som må samsvare med eigenskapane til pickup, arm og

drivverk. Berre feinschmecker-lauget vil ha bruk for ein riaa som harmonerer godt med ALLE pickupar,

noko som er bra, for ein slik riaa er vanskeleg å finne, og kostar nesten hjarteblod.

Dersom ditt utgangspunkt er å finne ein svært god riaa som gjer deg i stand til å velje mellom alle

snadder-pickupar på marknaden, bør du vurdere ASR, Trichord Delphini eller kanskje Clearaudio

Balance, dersom du er glad i musikk med krafige dynamiske uttrykk.

Om du ikkje er innstilt på å bruke fullt så mykje pengar, men likevel vil ha høg kvalitet, har vi Rega og

Creek sine utgåver. Rega har nok litt meir nøytral tonalbalanse og betre dynamiske kvalitetar, men

også den ulempa at du må velje mellom ein MC eller ein MM-modell. Her har vi altså prøvd MC-utgåva,

og den fungerer svært godt med dei rette pickupane. Samanliknast desse to, er det skilnad på

klangbalansen, og det er din personlege smak når det gjeld dette som bør avgjere. Elles er Creek den

rimelegaste og mest allsidige, så om du ynskjer å eksperimentere litt, er dette tingen.

Eg burde kanskje ikkje nemne det, sidan eg er den stolte eigar. Men det har vore svært interessant å

bruke ein 18 år gammal forforsterkar som referanse, og sjå at denne i høgste grad framleis hevdar seg

mellom det aller beste eg kunne få tak i. Kvart år lurer eg på om eg ikkje burde selje denne gamle

greia, medan eg endå kunne få nokre kroner for han. Men det vert ikkje denne gongen heller. Eg finn

det naturleg å minne om at det finnest ein masse bruktutstyr som sikkert vil vere rimelege kjøp. Hugs

likevel at det er avgjerande for ein riaa at han er i samsvar med utstyret elles, spesielt pickupen.

Skal det verte fleire artiklar om riaa, ber eg om tips på aktuelle produkt for utprøving. Men helst slike

produkt som finnest i handelen i dag. Det er ille nok å ha ein eksotisk, eldegammal SP 10 som

referanse om eg ikkje skal finne noko endå eldre....

Sist oppdatert : 30.12.2005 15:20:25

Tips en venn om denne artikkelen!

Din E-post:

Mottagers E-post:

Send tips

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!