11.01.2014 Views

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen - Hi-Fi Klubben

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen - Hi-Fi Klubben

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen - Hi-Fi Klubben

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

som ikkje let kvarandre syne sine

beste eigenskapar. Nyanseringsevna innan dynamikk er svært god, men ikkje heilt det same som

SP10, Clearaudio Balance og ASR, og det manglar den siste spruten når du spelar plater som Vårofferet

eller Stravinsky sine røffaste orkestrale verk. Likevel ein riaa som høyrer til dei absolutt beste eg har

høyrt.

Når det gjeld detaljar og nøytral klangrikdom, er denne riaaen på høgd med mi referanse SP 10. Og

snakkar vi om bruk saman med MC-pickupar med output under 0,3 mV må ein medgje at Delphini er

betre Så lenge vi held oss mellom slike lågoutput-pickupar, vil dei dynamiske eigenskapane vere

suverene, berre matcha av Clearudio Balance, og Rotel sin Myabi (ein for lengst utgått referansemodell

som er like vanskeleg å finne på bruktmarknaden som SP 10).

Importør: www.audioart.no

Pris: Sidan modellen utgår, står ikkje prisen på sidene. Du finn berre ei rimelegare utgåve "Dino", som

kostar 4 500. Delphini var i utgangspunktet godt over 10 000 kr, og endå dyrare med beste

straumforsyningsalternativ. Ny modell "Diablo" er på trappene, pris 14 500 kr m/god

straumforsyning. Ta kontakt med importør for fleire opplysningar.

ASR Mini Basis

Dette firmaet har visstnok ein av dei

aller beste riaa-forsterkarar som er

laga, med mange positive omtaler,

mellom anna frå The Absolute Sound.

Prisen på denne er diverre ganske høg

(frå 35 000 kr), og eg har ikkje fått

høyrt han sjølv. Men heldigvis finnest

det også ei rimelegare og enklare

utgåve.

Forventingane eg hadde til denne

vesle, mørke plexiglasboksen med dei

innvendige blåttlysande diodene var

rimeleg høge, noko som hovudsakleg

skuldast det eg hadde høyrt han gjere

med lyden frå ein Ortofon Kontrapunkt

i butikk og på messa på Plaza 2004.

Designet er altså gjennomsiktig og mystisk, og endå vanskelegare å halde reint enn blankt metall, men

heldigvis leverast riaaen med ei stor flaske poleringsmiddel, slik at du kan

halde høg standard på reinhald i lytterommet. Straumspesialisten ASR er også

den einaste produsenten her som har valt å montere straumforsyningane inne

i forsterkarkabinettet, alle dei andre har ein meir eller mindre forseggjort trafo

som plasserast andre stadar. Eg vil tippe at ein av dei viktigaste tekniske

forbetringane du får når du går opp til toppmodellen, er ei langt betre

straumforsyning. Mange hevdar at kvalitet på straumforsyninga er heilt

avgjerande når det gjeld riaa som skal forsterke MC-pickupar.

Impedansetilpasning gjerast inne i boksen, men det er litt greiare enn dette brukar å vere frå t.d.

Trichord, sidan du på ASR skal bruke ein umbraconøkkel for å ta av loket. Dette kan stå ope, medan

du bestemmer deg for kva som er rettast i ditt oppsett. (hugs å mute forforsterkaren når du flytter på

dipswitchane). Saken eg fekk til utprøving var heilt ny, så eg brukte om lag 14 dagar til innbrenning og

oppvarming, og tok då til med lyttinga. Diverre hadde eg denne perioden hovudsakleg MM-pickupar,

berre to MC-pickupar der den eine var 0,3 mV (ein Yamaha), så her vart det lite eksperimentering

med ulike impedansar.

Likevel var dette ein riaa som gjorde at eg gliste breitt mesteparten av tida. Den dynamiske

nyanseringsevna var slik at ein kan merke dei aller minste endringar i eit kor eller orkesterverk, og det

same var detaljoppløysinga. Dette heng klart saman med ei fantastisk formidling av dei

tredimensjonale tilhøva i opptaket, og gjer at eg lurer på kva ASR har greidd å få til med sin større

modell. Dette smakar av høgste kvalitet, og eg vil ikkje stusse på å bruke denne relativt rimelege

riaaen saman med dei aller, aller flottaste pickupane på marknaden. Det einaste punktet der ASR

framleis må seie seg overgått, var dei aller kraftigaste dynamiske partia i musikken. Her var Clearaudio

Balance og mi referanse merkbart betre, men definitivt ikkje slik at du ville sakne det om du ikkje var

klar over det.

Det hadde absolutt vore på sin plass å prøve ein låg-output MC-pickup til denne støyfrie og fine riaaen.

I butikken til Stereofil har han vore oppsett saman med ein Ortofon Rohmann utan at det har støya det

minste, så eg reknar med han er i stand til å ta også dei svakaste MC-signala på ein skikkeleg måte.

Importør: www.stereofil.no

Pris: 5 995,00 kr

Ting eg absolutt burde ha tatt med i utprøvinga

Diverre er det ikkje enkelt å prøve alle dei gode riaa-trinna. Den norske marknaden for slikt er ikkje

staden hifibutikkane har sine største inntekter, og dei færraste importørar har dei aller dyraste

modellane som demonstrasjons- eller testeksemplar, men leverer helst etter bestilling.Eg burde så

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!