04.03.2014 Views

Navigare 1 2014

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Olav Akselsen

Sjøfartsdirektør

INSPEKSJON: Å føre tilsyn med

fartøy er eit viktig hjelpemiddel for

Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med

å påverka bransjen til å driva på ein

trygg og miljøvennleg måte.

INSPECTION: Supervision is an

important tool for the Maritime

Authority in order to motivate the

industry to operate in a safe and

environmentally sound manner.

ILLUSTRASJONSFOTO: HAakon NORDVIK

Jobben må gjerast – på kontora og

Sjøfartsdirektoratet har ulike verkemiddel for å gjere det trygt å segla, men det

er reiarlaga og dei om bord på skipa som kan gjera ein verkeleg forskjell.

Ei av dei viktigaste lovane som regulerer skipsfarten vår, er

skipssikkerhetslova. I denne lova står det mellom anna om

ansvar for sikker drift av skip. Det vert slått fast at reiarlaget

er ansvarleg for at skip vert drifta i samsvar med lovar

og reglar og at det vert etablert tryggingsstyringssystem

som skal sikra dette. Det er reiarlaga som har ansvar for liv,

helse, miljø og materielle verdiar.

Lova gir også rammer for Sjøfartsdirektoratet si drift og

korleis me skal utføra oppgåvene våre. Sjøfartsdirektoratet

skal driva overordna kontroll og ha særleg fokus på korleis

reiarlaga sikrar sikker drift. Direktoratet skal særleg legga

vekt på tryggingskultur og tryggingsstyringssystem og

mindre på detaljkontroll i vårt tilsynsarbeid. Vår oppgåve

er å påverka aktørane til sikker drift. I tillegg skal me påverka

dei som driv skipsfart til å ha høgt fokus på miljø,

slik at me får minst mogleg påverknad av det marine

miljø.

Sjøfartsdirektoratet brukar ulike metodar for å påverka

aktørane. Kvart år arrangerar me Sjøsikkerhetskonferansen.

Konferansen er til for bransjen og målet er at konferansen

skal adressera aktuelle problemstillingar som kan

påverka drifta av skip. Også i bladet vårt Navigare ønskjer

me å ta opp forhold og utviklingstrekk som kan påverka

næringa.

I fjor etablerte me ei ordning med tryggingsmeldingar.

Målet er å gi næringa rask informasjon om forhold som

kan påverka tryggleiken. Sjøfartsdirektoratet ønskjer å få

til erfaringsoverføring etter uønskte hendingar. Me trur at

tryggingsmeldingane kan vera eit godt bidrag til betre og

tryggare drift.

Eit av dei viktigaste hjelpemidla Sjøfartsdirektoratet

har for å påverka bransjen til å driva på ein trygg og miljøvennleg

måte, er tilsyn. Tilsynet vert utført på ulike måtar

og mot ulike aktørar. Sjøfartsdirektoratet fører tilsyn med

mellom anna reiarlag, skip, sjøfolk, flyttbare innretningar,

klasseselskap, godkjente føretak og utdanningsinstitusjonar.

Tilsynet skjer mellom anna som hamnestatskontroll,

flaggstatskontroll, ved sertifisering, etter ulykker og gjennom

ulike former for revisjonar. Tilsynet kan vera umeld

eller planlagd.

I samband med tilsyn har Sjøfartsdirektoratet ei rad

verkemiddel og reaksjonsformer å spela på. Dersom ein

kjem over fartøy med mange eller alvorlege manglar, kan

våre inspektørar halda fartøyet tilbake. Fartøyet får då ikkje

forlata kai før manglane er utbetra. Ved mindre alvorlege

manglar vert det gitt pålegg om utbetring. Avhengig av

alvorsgraden vert det sett frist for når pålegget må vera

utbetra.

Skipssikkerhetslova gir Sjøfartsdirektoratet høve til å

ilegga tvangsmulkt dersom pålegg ikkje vert utbetra innan

fristen. Tvangsmulkt vert gitt i form av dagmulkt. Denne

vert gitt til reiarlaget kan dokumentera at pålegga er gjennomført.

Tvangsmulkt har vist seg å vera eit svært nyttig

verkemiddel. Svært sjeldan går tvangsmulkt til inndriving,

4 | Navigare 1 - 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!