13.04.2014 Views

Litt um rosemåling i Sandeid - Museum Stavanger

Litt um rosemåling i Sandeid - Museum Stavanger

Litt um rosemåling i Sandeid - Museum Stavanger

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Stavanger Museums Arshefte, Arg. 50(1939-40), s. 119-126

LITT UM ROSEMALING

I SANDEID.

Den som er kjend i Sandeid, har sikkert merkt seg nokre kråskap av ei

sermerkt type. Spør ein så kven som vel kan ha laga dei, så er svaret som tidast

at dette har han Jacob Midhelgevold skore og måla.

Petra Østbtt har eit av desse skåpa. Det er brunt med blått listverk. Fra

golv til topp målar det 2,16 meter. Døra lagar det naturleg dominerande midtstykket.

Ho har to rektangulere felt med polykrom gjenombroten treskurd,

som let ein så vidt skygna det som står til stas på hyllene. Felta er like store -

47 x 27 cm. og har same mønstret, det er symmetrisk om midtaksene og

syner to motsette C-forma figurar som gapar over eit hjarta og ein ruteforma

figur. Eit anna karakteristisk ornament er ein firblada blom som vert brukt til

utfylling. Felta er skorne med sikker hand, men dei har ikkje den friskleik som

ein så ofte finn i norsk treskurd. Han er likesom storkna i eit skjema, men likevel

eit bra slikt. Fargane er friske, men nok0 harde, dominert av ei saftigblå

innramingslist og dei store C-forma figurane som er måla i gult og blått. Andre

liter er raudt, gult og kvitt, men ikkje grønt.

På kvar sida av døra er det to lange felt som er prydd med rosemåling.

Skilde åt med perlesnor held dei fram og lagar to føter som skipet står på.

Det er ope framme og syner ei hylle der det ofte plar stå steinty. Felta har kvit

botn. Dei skilde rosene er nok0 deforme, men vert haldne ihop av ein fast og

markert rytme. Den nedste delen er symmetrisk om midtaksen og syner to

hjartaforma vasar som det veks blad opp av. Men snart vart det meir liv over

rosene. Dei slengjer lettleg oppetter, frigjorde for tvang og symmetri, og

sluttar i ei flott rosa. Her og der er stukken inn ein blom, som likjest på eit

granateple. Denne blandinga av symmetri og ledigare rytmeføring gjev felta eit

eige spenn, som er av framifrå verknad. Fargane er og livlegare og lettare enn

pa treskurden. Den kvite botnen gjer sitt og er ein god bakgrunn. Vasen er

teikna i gult og raudt, og korpus har svarte strek som krysser kvarandre, og

grøne prikkar i kvar rute. Opp av vasen veks blad i reine fargar, i raudt, grønt,

gult og blått. Meir raffinerte fargar som gråbrunt, vert brukt ein hende gong.

Slik ser eit av dei skåpa ut som Jacob Midhelgevold har laga.

Bergje Håland har eit liknande skåp. Han er nå ein mann i 70-åra og interessert

og gløgg som han er, kan han fortelja mangt frå gamalt. Han fortalde

at han spurde far sin ein gong kven som hadde laga det skåpet dei hadde. Faren

visste ikkje det, det hadde stått der lenger enn han kunne minnast. Men Jacob

Midhelgevold hadde vore der og teke mønster etter det.

Det finst fleire slike skåp i Sandeid, og ser ein på dimensjonene deira, er

det så små awik at dei godt kan vera laga etter same mønstra. Ein har til

dømes desse:

Øvre list Fothøgd Skåphsgd Felt

Petra Østbø.. .............. 210,s cm. 51 cm. 150~5 cm. 47 X 27 cm.

Berge Håland ............. 196 .. 41 ,. 155 51 x 34 ..

Tørres Helgeland .......... .. .. 179,s 36 143,s .. 45 X 29 ,.

Annfinn Høiekvam ......... 43 x 342 1,

Fargane på skurden i Hålandsskåpet har blått og gult til hovudfargar og

raudt på blomane. Men her er det sume strok med forgylling. Rosemålinga

på dette skåpet likna mykje den på Østbø-skipet. Botnen er kvit og rosene

måla med tynne strok. Det tek til med ein vase her og - berre ein her - og

blomane er likesom meir organiske. Medan Østbøskåpet syner sterkt spenn i

komposisjonen, der dei einskilde rosene bøygjer inn under heilskapen, sa gjev

Hålandsskåpet ein tydeleg illusjon av at det er strødd einskilde planter med

blad, stengel og blom oppetter i felta. .Toppblomen likjest ein tulipan. Dei

same fargane er det som går att, men grønt er mest heilt borte. Her er til og

med den same blomen med gråbrunt i som på Østbøskåpet. Men Hålandsskipet

tykkjest vera meir forseggjort med målinga.

Far til Berge Håland må ha vore liten då Midhelgevolden var og tok mønstret.

Det kan vel tenkjast at Hålandsskapet var eit av dei første han har laga.

Andre r:lle truleg fi seg makeri til dztte. Midhelgevold var så dugande ein

målar at det ville sera underleg om han skulle gjeva seg til å kopiera ein annan

så nøgje at ein snaudt kan skilja dei korkje i skurd, penselføring eller fargeval.

Serina Aksdal er dotterdotter til Jacob Midhelgevold. Ho har ei kista som

står hjå Tsrres Helgevold. Det er ei uvanleg vakker kista med solide jernbeslag

for låsen, over loket og på sidene. Ho er rosemåla med lette og tunne strok.

På loket og framsida er botnen kvit. Eit finmaska nettverk av tynne svarte

I

l) Prl l*clrn Oslbn sil1 &Ap. 2) Fri Bergr Iriland silt skip. 3) Fr& Serino Aksd;il si kista dal. 1854. 4) Fri

'Korre* Ilelgrhnd si kista dat. 1840. 5) Fr& Torres Helgeland si kista dat. 1840 (loket). 6) Fri Torrcs Helgevold

si kista (lokct). i) Fri Tnrres Ifclgclnnd si kisto dat. L852 (loket).

strek på denne bakgrunnen gjer god verknad. Den kvite botnen står berre

att i eit belte under loket, der det står skrive med flotte bokstavar: Jacob

Iversen Midhelgevold 1854.

Rosene på framsida og rosene på loket har mykje dei same draga og dei

same ornamenta. Det er ein stor C-forma figur, som det veks lakforma blomar

og knoppar ut av på lett svungne stylkjer. Dei liknar mykje på dei ein har på

skåpfelta. Fargane er og dei same med reint gult, blått, raudt og her og der

grønt. Det er interessant å leggja merke til at ein finn att på loket dei same

rutene med prikkar i til utfylling, som ein finn på vasane i skåpfyllingane.

Dekorasjonane på innsida av loket er slik at ein kan vanskeleg tru det er

same mannen som har laga dei. Her er det ei skrikande grønblå marmorering

-det er det elles pa baksida av kista

og. Rosene har skarpe fargar, og det

heile tykkjest vera heller mislukka.

Det er to kraftige C-forma greiner som

møtest mellom jernbeslaga. Der dei

renn ihop er det ein liten hjaneforma

vase, og ut av den veks dei vanlege

Iøkforma knoppane og blomane. I

loket er det ei innskrift: Mallet

Snekkeret og Smeet af Jacob

Iversen Midhelgevold fød den 23

November I 794.

Terres Helgeland har fleire kister

og mellom dei er ei som Jacob Midhelgevold

skal ha laga. Den har som

kista til Serina Aksdal ein kvit kant pa

framsida under loket. Her står skrive:

Malet den 11 Februari 1836 for

B T D W E fad den 28 Februari 1834.

Botnen er brungrå med eit islett av

olivengrønt. Rosene er måla i mange

slyng og i sterk straumrorsle. Dei er

raude, brune og bla med kvit kontur.

Blomane er heller fa og plasert i hyr-

I1c1rn O.thn .ilt .l.:p.

nene, berre ein og annen har vildra

seg inn i dei svære slynga. Sjølve

rosene ski1 seg ganske sterkt fra dei andre arbeida hans Jacob. Dekorasjonen

verkar meir virtuosmessig og heilstrøpt her, og eg for min del er ikkje sa

heilt viss på at tradisjonen er rett når dei seier at Midhelgevold'en er

meisteren. Ei meir omfatande registrering av arbeidet hans vil kunna syna

dette. Om det verkeleg er han som har laga denne kista, sa må han ha hatt

svært lett for a skifta stil.

Pa dei andre kistene som Torres Helgeland har, finn ein att Aeire av dei

motiva som Jacob Midhelgevold gjerne bruka. Såleis pa ei vakker kista som har

gatt i arv i ætta. Botnen er svartblå, og rosene pa framsida slengjer seg kringom

to kvite medaljongar. På den eine står: STS, og på den andre: 0 1840. Rosene

er måla i den same lette,

men litt stakkato rytmen

som Midhelgevold'en bruka.

Over og under medaljongane

star ein vase med ein tulipan

i. Dei har raude og gule :

kryss til utfylling. Elles er

der rankeslyng og blomar

som på sett og vis liknar

-7 ., . r .i-Y

Midhelgevold'en sine. Oppå

Serino Aksdnl si kista dnt. 1851.

loket er det to raude greiner

med kvit kontur som lagar ein knute. Loket har ein annan karakter enn framsida,

og ei øvre og nedre rekkja med kvite småblomar striker under denne

skilnaden. Innsida av loket ski1 seg ennå meir ut. Botnen er sterkt raud og der

er måla to rankar som lagar ein krans. Inne i denne kransen står det skrive:

Sjur Tormodsen Østebø er fad den 6 Mai 1821. Og arbeydet og mallet

denne kiste færdig den 18 Juli 1840.

Fargane er ein heil del meir varierte enn dei hjå Midhelgevold'en. Her er

blatt, raudt, orange og grønt i ymis styrke og kraftige konturstrek i kvitt og

svart. Dette gjev loket eit noko upersonleg inntrykk. Det verker som det var

teikna av etter ein annan.

Kven kan ha måla denne kista? Sjur Østebe var ein sers nevenyttig mann,

etter det dei veit å fortelja. Men hadde han drive med rosemåling, så ville det

nok vore kjent. Ein annan ting er det at han var i ætt med Midhelgevold og

budde i grannetunet. Det ville vera rimeleg at han fekk Jacob til å måla kista

om han budde der på den tida. Han budde ei tid på Aksdal.

Tsrres Helgeland har elles ei kista som er måla til ((Anna Tostensdatter

Aksdal Aar 1833s. Denne Anna T. Aksdal var også dotterdotter til Midhelgevolden

og det er ikkje utruleg at han har måla denne kista. Botnen er blågrøn

og fargane er rosa, kvite, raude og mørktblågrøne.

Ei onnor kista har same vasen med tulipan som den ein finn på kista

frå 1840. Ho er svært øydelagd av lutvatn på framsida. Der står: T H D N

1852. Botnen er brunsvart. På loket er to store firblada roser. Fargane

er raude, kvite og blå og minner mykje om loket frå 1840. I ein krans

pa innsida av loket står Tordis Hans Datter Øvre Helgevold. fad den

29 September 1834.

Hjå Terres Helgevold står ei kista som har same vasen med tulipan på framsida,

og knuten fra kista frå 1840 går att på loket i dei same litene. Kista er

diverre udatert.

Det er fårleg å seia at ein mann er meisteren for alle desse målingane. Ein

kan ikkje utan vidare slutta til kunstnaren berre av einskilde motiv. Dei er

lette å kopiera og kan ikkje åleine tena som grunnlag for identifikasjon. Men dei

har så mange sams drag at ein kan seia at dei som har laga dei har vore utsette

for same påverknaden. Kvar dei har teke føredømet og kven dei var vert den

oppgåva ein må setja seg.

Den einaste kjende av dei er Jacob Midhelgevold. Den kjende folkloristen

Jens Berretzen har samla ein del stoff om han, og det er frå han eg har fått det

meste om denne kunstnaren.

Han var fødd 23. november 1794. I ungdomen var han kramkar - han for

]il Bergen og kjøpte kråmvarer som han så for kring pa bygdene og selde. Sa

vart han gift med Gunvor Lovra frå Jelsa og dei fiutte seinare til Aksdal i Etne.

I 1840 budde han på Midhelgevold i Sandeid. Der dreiv han eit fargeri. Han

farga vadmål og ullvarer og persa det så det vart blankt. I heradet var han ein

vyrd mann og vart kasserar og rekneskapsførar i Sandeid.

Elles dreiv han med mangt. Han laga ein båt med handdreven propell.

Felespelar var han også, men han vart vakt, fortalde dei, og då gjorde han som

sa mange andre spelemenn som var ute for det: Han brende fela. Den siste

kista han laga er datert 1854. Både i Sandeid og i Etne lever ætta hans ennå.

Sandeid har lege slik til at mykje ferdafolk har fore gjennom bygda. Den

gamle postvegen gjekk før i tida, som under krigen ni, inn fjorden til Sandeid;

deretter over land til Ølen og sa vidare nordetter med bit. Austanfra kom dei

store fedriftene frå Telemark over Haukelidfjellet.

Handelsfolk, malarar og andre tok ofte same vegen. Johan Meyer forte1 i

boka ((Fortids kunst i Norges bygder)) om rosemalaren Knut Thomassen Skaarberg

(Rui) frå Tessengdalen fødd før 1757. "Han hadde pottaskebrenneri og

reiste til Bergen over fjellet og solgte den der.))')

Og ganske visst har påverknaden frå Telemark vore sterk. Ser ein pa

skurden og rosemålinga der så finn ein mange drag felles med Ryfylke si bondekunst.

På ei smørform frå Telemark2) har ein same ornamentdetaljer som i

midtfelta på Midthelgevollen sine skip. Der er hjarter og triblada blomar.

l) Johan Meyer: Fortids kunst i Norges byggder, Telemark I, side 33.

P) Halfdan Arneberg: Norsk Prydkunst, hefte I.

Endå større likskap finn ein i rosemålingane, og det heng nok ihop med det at

mange rosemålerar reiste til kystbygdene og arbeidde der.

Jens Bsrretzen forte1 at der var ein Ingebrett Målar som arbeidde i Sandeiddistriktet.

Han har sjelv ei kiste som kanhende er måla av ham. Johan Meyer

skriv um Ingebret Gunleiksen Brekke (Bondalen) at han areiste senere over til

Odda for at drive fiske. Der giftet han sig og tok fast bolig. I 1870 traf en av

hans hjembygdinger ham som en meget gammel mann. Altertavlen i Odda

kirke skal han ha utført og forært til menigheten. Det heter om mange av Telemarkens

haandverkere, at de drog nordover - vistnok i de fleste tilfælder at

opfatte som vestover til Hardanger og Ryfylke. Den senere vestlandske rosemaling

er tydelig sterkt paavirket av disse indflyttere.nl)

Det er ikkje utruleg at Ingebrett målar er identisk med Ingebrigt Gunleiksen

Brekke.

Vidare skriv Johan Meyer: e1 1853 kom Hans Glittenberg fra Hitterdal op

til Skykja (Sigurd-Skykja) i Bottengrænden på Haukelidfjeld, hvor han dekorerte

både setstuen og gjestestuen. Som lærling hjalp den unge Tor Eikelien

ham der.e2)

Jens Bsrretzen forte1 at Glittenberg budde i Etne og Ølen og folk

der fekk ei rid då mest alle skulde ha måla kistene sine av ham. Sjølv

har Bsrretzen ein ((sekretær* og ei kista som skal være måla av Glittenberg.

Kista er datert 1856.

Ei kiste frå Haugen i Tessengdalen dat. 1864 syner stor likskap med dei

rosone som me fann i Sandeid.3) Ho har endog det same kvite feltet under

loket som ein fann t. d. på Helgelandskista frå 1823 og på Serina Aksdal si

kiste fri 1854. Denne likskapen er ikkje heilt tilfeldig når ein veit det var

Thomas Lurås 1799-1886 som har mila henne. ({Han reiste bortover til Stavanger-kanten

og har visstnok også opholdt sig i Hardanger.a4)

Johan Meyer skriv @Helt bort i Ryfylke findes spor efter ham. Ja, omkring

1850 fortælles der, var det ikke mulig for andre malere at faa arbeide i Vestbygdene.

Det het altid: ((Vil vi ha malt, saa gaar vi til Luraasen.n5)

l) Johan Meyer: Fortids kunst i Norges byggder, Telemark I, side 40.

Johan Meyer: Fortids kunst i Norges byggder, Telemark V, side 42. Meir om Glittenberg

sdr i same boka Telemark 11.

3, Gjengitt i Johan Meyer: Fortids kunst i Norges byggder, Telemark I, side 31.

') Norsk byggdekunst fra Middelalder til nutid, side 28.

3 Johan Meyer: Fortids kunst i Norges byggder, Telemark I, side 30.

Zoologen Bernhoft Osa fortalde meg at bestemor hans høyrde Luråsen

spela fela i Vikedal medan Deinboll var prest der (1846-1853). Han må vel ha

spela tilliks med broren Knut Lurås som også var kjend for musikken sin.

Dette store innrykket av telemarkske rosemålerar har nok innvirka på stilen

her i nordre Ryfylket. Men ein må og gå ut frå at der er ein lokal tradisjoih.

Der er adskillig eldre rosemaling i Sandeid. Soleis har Ola Bala ei kista fra

1790 ara.

Rosemålinga i Sandeid er sers interessant avdi ho er vakse fram på ein stad

som er utsett for paverknad frå fleire kantar, naturleg nok frå dei nærliggjande

kulturomrida: Ryfylkebassinet og Hardanger, men og i ganske høg

grad frå Telemark.

SVEIN MOLAUG.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!