23.11.2012 Views

veien videre - Kongshaug Musikkgymnas

veien videre - Kongshaug Musikkgymnas

veien videre - Kongshaug Musikkgymnas

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

: hva gjør du nå?

Erik Nerheim kjem frå Suldal i Rogaland, og gjekk på Kongshaug

musikkgymnas i sin ungdom. Han var elev i det fjerde kullet i heile

musikkgymaset si historie, og har dermed vore ei god stund ute i

den store verda. Men han har stadig dukka opp på Kongshaugfestivalen,

som saxofonist i forskjellige band, og er framleis eit kjent

fjes for mange elevar.

Kva driv du med akkurat no?

Til våren er eg ferdig med utdanninga mi får Noregs Musikkhøgskule,

der eg har studert saxofon og komposisjon. Planen vidare er

å halde fram med å skape og spele musikk på alle mogelege måtar.

Eg har ein del prosjekt på gang, mellom anna ein elektronikatrio

med Kristian Harnes og Kurt Andre Aase. Eg satsar og på å få

komponert litt framover, og skal i sumar for eksempel på ein konferanse

for unge nordiske komponistar og framføre mitt eige verk

for solo stemme, basert på «Kjærleikens kapittel».

Etter Kongshaug flytta eg straks til Oslo for å studere. Då var eg

ung og rådvill. På Kongshaug lever ein i eit vakuum. Eit flott vakuum,

der ein et, søv, går på skule, sosialiserer og driv med musikk.

Når eg var ferdig måtte eg plutseleg finne ut kva eg skulle. Eg byrja

å studere musikk, og musikken fekk etter kvart eit strammare grep.

No har musikken eit slikt fast grep om meg, heldigvis. Eg gjer rett

og slett ikkje anna, og har ikkje gjort anna dei siste åra. Eg har

spelt mykje med band som Synkoke og Pony the Pirate i tillegg til

diverse andre prosjekt. Det har vore givande å få jobbe med både

klassisk, samtidsmusikk og i band.

Du er frontfigur i eit band som kanskje låter litt utanom det vanlege.

Kan du prøve å forklare kva slags musikk de speler i SynKoke?

Sjangrar er jo så herlege å forhalde seg til; musikken vår har utvikla

seg frå å vere eksperimentell jazz til å noko meir i nærleiken av

støyete progressiv rock. Det som er mykje viktigare enn sjangrar

er energien som kjenneteiknar musikken vår. Me har spelt mykje

live, og platene våre er spelt inn live i studio. Me prøver å halde på

energien så godt me klarer.

Når du seier «platene våre», kva tenkjer du på? Er det fleire?

Hausten 2009 gav me ut debutplata vår, «Hokjønn», og no er altså

neste plate, «The Ideologist», ferdig innspelt. Me reknar med at den

kjem ut i løpet av våren. Det nye materialet er meir støyete og meir

samla i uttrykket. Det er framleis like energisk og aggresivt, men

kanskje litt meir kontemplativt på ein veldig utagerande måte.

Korleis starta dette musikalske eventyret?

Det starta på Kongshaug.

Eg gjekk siste året saman

med Ole Ådland, gitaristen.

Kristian Harnes

jobba som sivilarbeidar

på skulen og Kurt André

Aase arbeida i Bergen.

Dei hadde fullført Kongshaug

to år tidlegare, og

spelte tangentar og trommer.

Kristian ville ha

oss med å starte eit jazz/

rock prosjekt og drog i

gong dei fyrste øvingane

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!