23.11.2012 Views

veien videre - Kongshaug Musikkgymnas

veien videre - Kongshaug Musikkgymnas

veien videre - Kongshaug Musikkgymnas

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I to uker har miljøTeamet mast om “Den store

hemmelige tingen”. Kongshaug.no gir deg hele historien.

Eller, som det høver seg å seie, heile soga.

Dette er soga om tredve unge, staute menn. Og det må

vere klart; dei var skikkelege menn, høveleg oppsedne og

kunnige i mykje som er godt å kunne noko om. Somme

seier endåtil, at desse tredve unge mennene, på den tida

soga vart til, ikkje var nokon ringare enn sjølve kongshauggutane!

Dei hadde det godt, der på haugen. Dei

arbeidde dagleg saman til alles beste, og det vanta dei

ikkje på noko, korkje på fine rettar eller svalande drykk.

Ja ein skulle tru dei hadde alt dei kunne ynskje seg i

livet. Og likevel var det noko anna desse unge mennene

sette hugen sin til. Dette som var så skjønt og vakkert

at det trollbandt dei, og kunne taka opp i seg heile deira

merksemd. For på Kongshaug hadde dei verdas vakraste,

klokaste og aller elskverdigaste piker!

So hende det, då det tolvte året av Rektor Oddvar den

Vidsynte si regjeringstid tok til, at dei unge mennene sette

seg i hovudet å stella til eit gjestebod for pikene sine. Det

skulle vera ein fest så stor og vakker som ingen hadde

sett maken til. For slik måtte det vere, når ein skulle feire

nokon som var så eineståande. Men dei ville gjerne overraske

pikene, så alt måtte gå føre seg løynd, for at ingen

skulle ane kva som venta dei. I fleire veker heldt dei seg

stille og sa ikkje noko, mens dei tolsamt arbeidde fram

mot dagen dei hadde sett seg ut. Dei skreiv talar, baka

kaker, spelte og song. Nokon skreiv dikt, nokon førebudde

seg mentalt på å taka oppvasken etter gildet, og atter

andre laga bordpynt. Dette og endå mykje anna gjorde

dei, og alt med den største vørdnad, i det dei alltid passa

på og såg til at det ikkje var piker i nærleiken som kunne

sjå eller høyre dei.

Og endeleg opprann dagen for det store selskapet, i den

andre måneden, og på den treogtjuande dagen i det tolvte

året av Oddvar den Vidsynte si regjering. Og det vart

verkeleg ein fest som mangla sidestykke. Ein storslagen

middag med ein “pikenes tale”, som var audmjuk og full

av ros, var berre byrjinga på kvelden. Dessutan fekk kvar

einaste pike eit lite kort med oppløftande lovord om

henne. Etter dette vart alle pikene fotografert, slik det

høver seg når piker er pynta opp i

all si prakt.

Ikkje lenge etter fotograferinga

var dei unge mennene klare

med fleire overraskingar. I den

storslagne villaen som kalles

“fuglesang” vart pikene samla. Og

her vart det framført mangt og

mykje som kunne vere både fint

og morosamt. Dei unge mennene

spela og song, dei leika og

lo, og så song dei litt til. Ein av

dei hadde endåtil laga eit dikt, til

den av pikene som han hadde sett

hugen til.

Til slutt song mannskoret der på

staden ein song som var på eit framand

språk, som mennene kalla

engelsk. Og den songen kjem

difor ikkje soga ved, for engelsk

er, om ein skal tru det folk seier,

eit språk som vert tala i eit fjernt

land, vest for havet. Men det vert

óg sagt, at denne songen var det

som verkeleg kunne uttrykkje kva

mennene følte for pikene sine,

og at om ein forstod kva teksten

tydde, ville ein verta fylt av age

for pikene som var så fagre at dei

fortente desse orda. Og dette kan

det vera mykje sant i.

Og dette er den rette soga om

“Den store hemmelige tingen”,

slik den er overlevert oss frå Olav

Øysteinsson, sogediktar, skribent

for kongshaug.no, og skald om

ettermiddagane.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!