11.07.2015 Views

Høst 2009 - OSI Fjell

Høst 2009 - OSI Fjell

Høst 2009 - OSI Fjell

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Det er med andre ord mykje som talar imotå skrive under når arbeidskontrakten dumparned i innboksen i februar månad, med tilbodom åtte sommerveker med tau, stegjern ogtung sekk. Trass i at dette skjer på den tidaav året då eg er i ferd med å bli grundig leiav alt som har med minusgrader å gjere,vel eg å signere på å leve dei to varmastemånadane i året i totalt avhald frå sjø- ogstrandliv og det meste anna som har nokomed sommar å gjere.Første gongen eg gjorde dette kan eg skyldepå at eg var naiv. Eg hadde trass i alt aldrivore breførar tidlegare, og syntest det verkaforlokkande å få vere ute i sola kvar dagog bli brun og fin. Eit viktig argument varsjølvsagt kjennskapen til at dei fleste avkollegaene mine kom til å vere tøffe gutarsom hadde klatra høge fjell i Kaukasus ogAlaska. Eg hadde allerede brei erfaring medlivet som sesongarbeidar, og visste at det varviktig å velje den daglige omgangskrinsensin med omhu om ein skulle få med seg deibeste festane. Dessutan ville eg få praktisertframandspråka mine, og kanskje til og medlære å seie «isøks»på japansk,italienskogfjorten andre mål. Akkurat det siste fallganske snart vekk som argument, etter ateg tredje dagen på jobb fekk i oppgåveå forklare seks einspråklige franskmenngrunnleggjande taulagsteknikk: Eg måtteganske snart innsjå at mitt eittsifra forrådav glosar på deira morsmål ikkje var noktil å mestre denne oppgåva på tilfredsstillandevis. Nokre dagar seinare såg eg ein avmine kollegaer løyse same situasjon medå ta heile forklaringa på norsk, med franskaksent. Det var først då gruppa byrja å ruslerundt på isen, og turistane sin oppførsel tydapå at dei hadde skjønt kvart einaste ord avdet føraren hadde sagt, at eg innsåg at mormi muligens tek feil når ho påstår at eg harså godt språkøyre.Då denne første sesongen på blåis var overkom eg attende til den akademiske høgborgensom den sprekaste fyrstikken i klassen.Kroppen tynn, skranglete og blendande kvit,men med den same fargen i ansiktet som eingjennomsnittleg sherpa. Det må ha vore eitsyn, for dei flira godt, resten av gjengen,då vi hadde kollokvie på badestranda eindag den ettersommaren.I juni det nesteåret entra10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!