12.07.2015 Views

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PSYKIATRISK SJØLVBETENINGSet pasienten i sentrumHELSE I KVAR DRÅPEMjølkebanken gir overskot til dei minsteFellesmagasinet frå sjukehusa på Vestlandet • Nr. 2 / 2012BORTE BRA – HEIME BETRESamhandlingsreforma gir lokale tilbodEin god startNytt tilbod til fødande vekkjer begeistring.

SJUKEHUSA MED HISTORISK SATSINGInnhaldPasient eller friskmeld, medarbeidar eller pårørande – du heldno fellesmagasinet for sjukehusa på Vestlandet i hendene.Med ei historisk gladmelding til deg frå sjukehussjefen!I ti år har Herlof Nilssen vore øvste leiar for alle sjukehus påVestlandet. Korleis er stoda, eigentleg?– Takk, situasjonen for sjukehusa på Vestlandet – og dermedfor pasientane – har aldri vore betre. Sist år behandla vi fleirepasientar enn nokon gong. Samstundes held ventetidene frammed å gå ned. Investeringane i nytt medisinskteknisk utstyr,sjukehusbygg og forsking er rekordhøge – takka vere solideoverskot på drifta. Det er gjort ein fantastisk jobb over mange årav medarbeidarane ved sjukehusa.– Kva utvikling kan vi vente framover?– Ei knallsterk satsing på pasientbehandling! Ti år etteropprettinga av helseføretaka er styringssystema for sjukehusa påVestlandet no på plass. Dermed blir store ressursar frigjorde tilmålretta og storstilt arbeid med eit historisk løft: auka kvalitet påsjølve behandlinga – til beste for pasientar over heile Vestlandet.– Og i praksis betyr dette…?– Større sjanse for vellykka behandling – ogredusert risiko for å bli skadd på sjukehuset. Berreher på Vestlandet blir kring 69 personar skaddegrunna behandling eller mangel på behandlingunder sjukehusopphald – kvar einaste dag! Målet forkvalitetssatsinga vår er å halvere dette talet innan fem år:35 færre sjukehusskadar kvar dag. Det skal vi klare.– Kor lange blir så ventetidene av all dennekvalitetssjekkinga?– Ventetidene er redusert frå 214 dagar i 2002 til kring 70dagar i snitt i dag, og dei skal fortsatt ned. Innan fem år ønskjervi å leggje om ventetidssystemet, slik at pasienten får time i detsjukehuset mottar henvisning frå fastlegen. Pasienten vil ikkje fåbehandling umiddelbart, men vil få melding om kva tid ein fårtime. Anten det er i løpet av ei veke, ein månad eller seinare. Eitambisiøst mål, men høgst realistisk når vi ser på utviklinga deisiste ti åra: Ventetidene er kutta med to tredelar – samstundessom økonomien altså er friskmeld og pasientbehandlinga er gåtti vêret.«Auka kvalitet påbehandlingstilboda– til beste for pasientari heile landsdelen.»12186AMBISIØS: Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF,styrer mot historisk høge mål for pasientbehandlinga.Vennleg helsingHerlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHFHelse i vest, nr.2 / 2012Ansvarleg redaktør Bente AaeRedaksjon Helse Førde, Helse Bergen,Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse VestAnsvarleg utgivar Helse Vest RHFRedaksjonen avslutta 10. august 2012Framsida: Førstegangsfødande Brita Molde takkar det nye barseltilbodet ved Lærdal sjukehus forein «God start» på sitt nye tilvere.www.helse-vest.noDesign Oktan StordFramsidefoto Oskar AndersenTrykkeri Senter Grafisk ASOpplag 280 000MILJØMERKET541-004TRYKKSAKDu kan abonnere gratis på Helse i vest ved åsende namn og postadresse til info@helse-vest.noPå dei neste sidene kan du lese ompasientar, sjukehus og behandlingstilbodover heile Vestlandet:Notisar ............................................................................ 3Mjølkebanken ............................................................... 4Burn Camp for brannskadde .................................... 6God start for nytt fødetilbod ..................................10Dei frivillige ................................................................12Samhandlingsreforma gir lokal behandling .......15Katastrofeøving .........................................................18Fall for kvarandre .....................................................22Når skulevegen blir for lang ...................................26Møter frykta – blir friske .........................................28Nytt håp på ny ruspost.............................................32Livsstil ..........................................................................34Sjølvbetent psykiatri ................................................35Slagplan mot hjerneslag ..........................................362 helse i vest • Nr. 2 / 2012

NotisarTIDLEG TAK MOT PSYKOSEVernar sjukehusarkitekturen– Breidda og mangfaldet i Helse-Noreg siutvikling kan ein lese i arkitekturen, sariksantikvar Jørn Holme då han tidlegarei år presenterte landsverneplanen forhelsesektoren.Av dei 42 bygga som no blir freda, liggåtte i Hordaland og Sogn og Fjordane.Blant sjukehusa som er peikte ut sombygningsmessige monument for tidsperiodensin, er Valen i Helse Fonna (biletet), somblei bygd som psykiatrisk sjukehus i 1909.No, eit hundreår seinare, blir delar aveksteriøret og interiøret, samt gravlundenfreda for all framtid. Dei andre vestlandskehelsebygga på fredingslista er Haukelanduniversitetssjukehus og Stord sjukehus,Jonatunet i Hardanger, Kysthospitalet iHagevik og Askviknes VoksenpsykiatriskSenter (begge i Os kommune), Tronvikpsykiatriske klinikk i Høyanger og Førdesentralsjukehus.«Når unge blir uvanleg tause… har dei som regelnoko å fortelje», står det på heimesida til detnyoppretta TOPS-teamet (tidleg oppdaging avpsykose) ved Haukeland universitetssjukehus.Teamet, som held til på Sandviken, gir ungdomsom er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykiskliding rask tilgang til effektiv behandling.– Dei fleste psykoselidingar oppstår i seinungdom eller ung vaksenalder. Tilbodet skalbidra til at unge ikkje går lenge med ubehandlapsykose, men får rask hjelp, seier teamleiar Else-Marie Løberg.I Stavanger kan eit tilsvarande team (kallaTIPS) vise til nedgang i sjukdom og betrebehandlingsresultat på grunn av lågterskeltilbodetsom har vore etablert der i ti år.Er du bekymra for om du sjølv, ein venn ellernokon i familien er i ferd med å utvikle eialvorleg psykisk liding? Ta direkte kontakt medTOPS på telefon 55 95 85 85, eller TIPS påtelefon 51 51 59 59.skuleTA KONTAKT! TOPS-teamet i Bergen (biletet) ogTIPS-teamet i Stavanger oppmodar deg til å takontakt dersom du er bekymra for at familiemedlemereller venner er i ferd med å utvikle eialvorleg psykisk liding. Frå venstre Line Hoston,TOPS-leiar Else-Marie Løberg og Kari Mjelde.SøvnproblemangstForska seg tilinternasjonalprisÉin av fem demenspasientarpå Vestlandet har såkallalewylekamsdemens. Når ein skal påviselidinga, er søvnforstyrringar ein viktigfaktor. Begge desse opplysinganekan vi takke doktorgradsstudientil forskar Arvid Rongve i HelseFonna for, ein studie som er utførtsom ein del av «Demensstudien påVestlandet». No har Rongve fåttein pris frå International College ofGeriatric Psychoneuropharmacologyfor arbeidet. Kva gjennombrotetbetyr for pasienten? Identifisering avdemenstypen er viktig for å kunne girett medisin.Tidlege teikn på psykose:• Isolerer seg frå familie og venner• Søvnproblem• Vanskar med konsentrasjonen• Oppteken av tema som døden, politikk ellerreligion• Store svingingar i humøret• Er svært nedstemt• Er redd for å gå ut av huset• Forsømmer hygiene, jobb eller skule• Høyrer stemmer• Snakkar usamanhengande• Ser ting som andre ikkje serMeir informasjon finn du påwww.helse-bergen.no/TOPS50 000 000journaldokument er lagra i Elektronisk pasientjournal i Helse Vest.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 3

MjølkebankenMJØLKEBANKENEIN GOD START PÅ LIVETIkkje alle nybakte mødre kan gi borna sine mjølk frå eige bryst.Då er mjølkebanken god å ha.Tekst Linn Herredsvela Foto Eivind SennesetTo bitte små knøtt ligg side om side. TvillinganeNathalie og Robin kom til verda 5. mai, åtteveker for tidleg. Nathalie vog 1450 gram,Robin berre 970. Etter hastekeisarsnitt og einstressande start kunne ikkje mamma CathrineStorhaug (27) amme fordi ho ikkje hadde mjølkå by på. Løysinga blei ein tur til banken.– Eg er kjempeglad for at andre mødre vildele mjølka si med ungane mine. Melkebankengjer at dei små kan få den beste starten på livet,sjølv om ikkje eg kan gi dei mi eiga morsmjølk,seier ho.Kjekt å hjelpe andre. I eit kjøleskap påRandaberg står ein berepose med åtte småboksar fulle av morsmjølk. Ein niande boks erpå veg. Ann Elin Rugland (34) koplar enkelt tilpumpemaskina, og flaskene blir fylte opp mednæringsrik morsmjølk. Dette har mor gjort før!Rett nok er dette første innskot i Melkebankeni denne runden, men Rugland har vore givartidlegare.– Då eg fekk den første ungen min for toår sidan, fekk eg hjelp med amminga av einfantastisk barnepleiar. For meg gjekk ammingaheldigvis lett, men eg syntest synd på dei som avymse grunnar ikkje fekk det til. Informasjon omMelkebanken fann eg på ein helsestasjon, og egtenkte at sidan eg har så mykje mjølk, så vil eghjelpe andre.Då ho fekk barn nummer to, ville ho gjernegi mjølk igjen.– Det er kjekt å kunne hjelpe, og så er detveldig rørande å sjå dei små barna som får mjølka!Gjer det ikkje for pengane. Dei kring 60mjølkegivarane som er knytte til Melkebankeni Stavanger gjennom eit år, skyt samla inn omlag 1000 liter morsmjølk. Mens enkelte liknandetilbod andre stader i landet betaler givaren formjølka og sel ho vidare, blir mjølka verken kjøpteller seld i Stavanger – berre delt.– Eg gjer jo ikkje dette for å tene pengar,men for å hjelpe andre. Og det er veldig givandefor meg, fortel Rugland lattermildt.– Sist gong fekk eg diplom av Melkebanken,og då byrja eg å hylgrine.Alt givarane treng av utstyr, får dei låne avMelkebanken, og mjølka blir henta heime pådøra.– Ordninga fungerer veldig godt, roserRugland.Tobarnsmora amma i om lag eitt år denførste runden og gav vekk mjølk i åtte avmånadene – til saman sju liter super styrkedrikktil Melkebanken. Og målet denne gong?– Å gi dobbelt så mykje! ▶DOBBEL DOSE: Medan hennar eiga dotter Lilli lethumla suse i senga si, pumpar Ann Elin Ruglandmeir mjølk til glede for andre småborn. - Eg er nøgdom eg klarer å pumpe meg tre gonger i veka, seiermjølkegivaren.4 helse i vest • Nr. 2 / 2012

GOD START: Tvillingane Nathalie (til venstre) og Robin blei fødde åtte veker før termin. – At andre mødrer donerer til Melkebanken, gjer at barna mine kan få den bestestarten på livet sjølv om eg ikkje kan gi dei mi eiga mjølk, seier mor Cathrine Storhaug.For små, sarte magar er morsmjølk densuverent beste styrkedrikken – sjølv når hanikkje kjem frå mor sjølv.Morsmjølk allerbest for nyføddeFor små, sarte magar er morsmjølk densuverent beste styrkedrikken – sjølv når han ikkjekjem frå mor sjølv.– Morsmjølk er bra fordi ho inneheld mykjefeitt, sukker, protein, vitaminar og antistoff. Også er mjølka meir skånsam og lettare å fordøyefor nyfødde. Samansetnaden er naturleg tilpassatarmen til den nyfødde, sjølv om morsmjølkaikkje kjem frå mora til barnet, fortel banksjefSidsel Gaard i Melkebanken i Stavanger.Ho understrekar at morsmjølkerstatningogså er eit godt alternativ som ein trygt kan gibarnet.– Givaren må blant anna ta blodprøvar ogmange virusprøvar. Ho kan ikkje røykje, drikkealkohol eller ta medisinar mens ho gir mjølk. Deistrenge reglane sikrar mottakaren at mjølka ertrygg.Det er ingen krav til mjølkemengda, men detmå vere ein viss kontinuitet i doneringa.– Vi ønskjer at barnet skal få mjølk frå densame kvinna. Vi køyrer heller ikkje ut for å henteberre nokre skvettar.FULL TANK: Nokre givarar gir åleine 250 litermjølk, kvar dose blir nøye testa i mjølkebanken.MELKEBANKEN I STAVANGER• Oppretta i 1998• 60–65 givarar i året• Behandlar om lag 1000 liter morsmjølki året.• Alle på intensivavdelinga for nyfødde fårtilbod om testa mjølk.• Barn på barselsavdelinga får også tilboddersom det er nok mjølk i banken.VIL DU GI MJØLK?Melkebanken er alltid på jakt etter nyegivarar. Ta kontakt på telefon 51 51 85 60eller 906 46 829.MJØLKEBANKaR PÅ VESTLANDET• Stavanger universitetssjukehus• Haukeland universitetssjukehus• Haugesund sjukehus (kjøper mjølk fråandre sjukehus)Trygg mjølk. Gaard fortel at alle givarar ogall mjølk blir nøye testa.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 5

urn campSTERK HISTORIE: Dei to første somrane Simen Almås (17) deltok på Burn Camp, var han sjenert og usikker påsin eigen kropp. I fjor dansa han på Norske Talenter. I år er musklane og sjølvtilliten endå større.

Arr og vennskapfor livetIngen deltek på Burn Camp for å gløyme.Sommarleiren hjelper barn og unge til å forsone seg medbrannskadane dei skal leve med resten av livet.Foto Eivind Senneset Tekst Sigurd S. RønningenSOMMAREN ER SNART FORBI. Dei vaksne,kvardagen, resten av verda er ein annan stad.I snart ei veke har 31 barn og unge leika ogherja, flørta og gråte, såra kvarandre og lovaevig vennskap. Dei har også sett kvarandre sinearr.Alle deltakarane på sommarleiren Burn Camp eropererte for alvorlege brannskadar. Nokre bleibrende i så ung alder at dei ikkje hugsarkorleis det var å vere utan skadane. Andre hartraumatiske minne frå sjølve hendinga. Enkeltehar berre så vidt overlevd. I ein fase avlivet der utsjånaden er ekstra viktig, og derein dannar sin eigen identitet, må dei ungebrannskadde forsone seg med arra dei skal bereresten av livet.Sist sommar fekk fotograf Eivind Sennesetfølgje deltakarane på landets største arrangementfor brannskadde. Dei fleste som deltek påBurn Camp er opererte ved brannskadeavsnittetpå Haukeland universitetssjukehus.Avdelinga har den høgste kompetanseni landet, og har sidan oppstarten i 1984behandla og restituert over 2000 brannskaddepersonar. Burn Camp er arrangert av Norskforening for brannskadde.Bileta har tidlegare stått på trykk i Fagbladet.

fotoreportasje burn campSKJEBNEFELLESSKAP: Sommarveka på Burn Camp gir vennskap for livet. Thelma Marie Meling (14 – frå venstre) finn saman med Ida-MarieEide Steinersen (13), Glenn Lauvik fra staben, Emma Louise Solsvik Thorsen (12) og Sophie Otilie Rothkappel (14).HOPPAR I DET: Bading betyr å vere avkledd blant andre menneske, derfor er det ein viktig aktivitet på Burn Camp. Eit år etter at hooverlevde ein eksplosjonsarta teltbrann, deltek Silje Marie Kvien (10) for første gong på Burn Camp – i badedrakt.8 helse i vest • Nr. 2 / 2012

VETERAN: Hanne Alexandersen (22) blei brannskadd i ung alder. Ho har delteke på Burn Camp sidan oppstarten i 2001. Som medlem av stabentil Norsk forening for brannskadde hjelper ho no andre brannskadde å finne tryggleiken og fellesskapet som gjer Burn Camp så viktig.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 9

FødetilbodStor begeistringfor «God start»Eit splitter nytt svangerskaps- og barseltilbod gir nybakte ognyfødde i indre Sogn trygg fødeoppfølging nær eigen bustad.«God start» dannar allereie mal for andre lokalsjukehus.Tekst Finn Ove NjøsenFoto Oskar Andersen– Eg ønskte meg heim att så fort som moglegetter fødselen – og då var det nye barseltilbodeti Lærdal eit veldig godt alternativ, fortel BritaMolde – nybakt mor og førstegongsfødande.Ei natt på fødeavdelinga ved Voss sjukehus, ogvekk var ho: Allereie første dagen etter nedkomsten,reiste Brita Molde heim att til Lærdal.Takka vere barseltilbodet «God start».– Eg bur i Lærdal og ville nærare familie ogvener. Det nye barseltilbodet gav meg tryggleikdei første dagane, etter tre dagar på Lærdalsjukehus reiste eg dei siste metrane heilt heim.Viser veg. Konstituert avdelingsleiar SigridLysne er storleg nøgd med det nye tilbodet ho erleiar for.– Her i Lærdal ville vi veldig gjerne ha eijordmorstyrd fødestove, men når konsekvensutgreiinganetil Helse Førde ikkje tilrådde dette såsette vi oss ned med leiinga og fann fram til eiveldig god svangerskapsomsorg, følgjeteneste ogeit nytt barselstilbod. I lag med lokal svangerskaps-og barselpoliklinikk vil dette tilbodet bliveldig bra for fødande i heile indre Sogn, seierLysne.Ho legg til at det nye tilbodet venteleg kanfungere som modell for andre lokalsjukehus somikkje får behalde fødestovene. Når fødetilbodetblir lagt ned på Nordfjord sjukehus til hausten,er det allereie vedteke å etablere eit «Godstart»-tilbod etter mal frå Lærdal.Ein av fordelane ved det nye barseltilbodetfor fødande, er at det gir eit par dagar ekstrai fred og ro på lokalsjukehuset. Undervegsfår foreldre og barn hjelp og tryggleik vedpoliklinikken, som har gynekolog frå Førdesentralsjukehus to dagar kvar andre veke. 24timar i døgnet heile året rundt er jordmor ivaktberedskap.Kortreist er storvegs. Janne Skilbrei ergravid med unge nummer to. Ho vil føde påVoss sjukehus, men er like klar på at ho vil habarselsopphaldet i Lærdal.– Tilbodet er heilt topp. I tillegg girpoliklinikken meg god og trygg oppfølging ogsåi tida fram til eg skal føde, med for eksempelvanleg svangerskapskontroll, fortel Skilbrei.Totalt jobbar åtte jordmødrer ved Lærdalsjukehus – to av dei i svangerskapsomsorga ikommunane Årdal og Lærdal, som også er medog finansierer fleire årsverk. Avdelingsleiar SigridLysne skildrar ein vinn-vinn-situasjon:– Ved å jobbe slik, kan vi avlaste kommunejordmødreneblant anna når det er ferieavvikling,og får samtidig eit større og sterkare faglegmiljø.10 helse i vest • Nr. 2 / 2012

GOD START: Førstegongsfødande Brita Molde er storleg nøgd med det nye fødetilbodet i indre Sogn – det same er venteleg junior.I TRYGGE HENDER: Jordmor Rine Flatlandundersøkjer gravide Janne Skilbrei påpoliklinikken ved Lærdal sjukehus.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 11

frivilligheitDEI FRIVILLIGEFrivillige hender, underhaldning og gåver gjer det mogleg forsjukehusa å by pasientar i ein alvorleg situasjon på mykje moro.Møt Klovnen Knut og apekatten Tom Tuba!Tekst Linn Herredsvela Foto Marie von KroghDen tøysete apekatten Tom Tuba. Dokketeatermed den sterkaste jenta i verda. Den vesle larvenAldrimett. På barneavdeling 4D ved Stavangeruniversitetssjukehus rungar latteren takka veredei frodige karakterane som klovn Knut Berntsentryllar fram. Nesten like magisk er måtenarrangementet er kome i stand på.Frivillig oppmuntring. – Utan pengegåverutanfrå hadde vi ikkje hatt råd til klovn,tryllekunstnar og musikkartistar, fortel førskulelærarBitten Harestad.Barneavdelinga ved Stavanger universitetssjukehuser langt frå den einaste avdelingaog det einaste sjukehuset på Vestlandet somtakknemleg tek i mot gåver og bidrag somskal lette opphaldet for pasientane. Bedrifter,organisasjonar, lag, skular, barnehagar ogprivatpersonar gir mykje over heile landsdelen– i form av hjelpande hender, sosialt selskap,opplevingar og reine pengegåver.Harestad er på vegner av mange sjukehus ogpasientar særs takknemleg for alle dei frivilligebidraga og innsatsen:– Desse supplementa set oss i stand til ågjere endå meir for pasientane våre.Latter lettar sjukdommen. Når KlovnenKnut underheld, kan barnelatteren høyrastgjennom heile gangen.– Herleg med slik stemning! I ein alvorlegkvardag gjer det godt å le i blant, seier Harestad.Forutan Klovnen Knut har barneavdelingahatt besøk av ein tryllekunstnar, einmusikkterapeut og fleire musikarar, for å nemnenokre. På grunn av uføreseielege dagar med eindel naudhjelp svingar publikumsoppmøtet litt.– Men det er jo ikkje talet på barn som betyrnoko, og slike arrangement er viktige for kvar ogein av dei som møter opp. Desse barna treng eioppmuntring og eit stemningsskifte i kvardagen,seier Harestad.Mange som gir. Barneavdelinga opplever storvelvilje blant folket «der ute». Fleire bedrifter girpengegåver.– Til jul er det ein del som gir pengar tilbarneavdelinga i staden for å bruke masse pågåver til dei tilsette, seier Harestad.12 helse i vest • Nr. 2 / 2012

KLOVNEN KNUT: I ein kvardag prega av mykjealvor spreier klovn Knut Berntsen mykje glede påbarneavdelinga. Underhaldninga er gjort mogleg takkavere pengegåver frå privatpersonar og bedrifter.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 13

frivilligheitORDEN PÅ SAKENE:Heimelaga vaflar, smørbrød,traktekaffi og ein pratmed alle som vil – kvareinaste dag. Odd FellowmedlemmeneRandiPedersen (frå venstre), BårdHøie og Inger Geithus erogså rundt på avdelinganemed mat og drikke. Ordenenheld også konsertar påsjukehuset og driv ei tenesteder pasienten sjølv kan veljekva kunstverk som skalhengje på veggane underopphaldet.BOKVENN: Ein dag kvar veke triller frivillige frå Røde Kors eistappfull boktralle rundt på Stavanger universitetssjukehus.Bodil Watne er blant dei som stiller opp for å gi pasientane høvetil å dyrke leselysta. Kvar onsdag blir boktralla bytt ut med eibutikktralle.KYRKJEVERT: Kvar søndag legg frivillige til rette for gudsteneste på sjukehuset. Torunn Høiviker ein av fire frivillige kyrkjevertar.– Herleg med slikstemning! I ein alvorlegkvardag gjer det godtå le i blant.Bitten Harestad, førskulelærarOgså skular, barnehagar og skulefritidsordningargir. Nylig var ein skule innom medmange 50-øringar. Til gjengjeld får elevanebesøkje avdelinga og sjå korleis barna har detder. Støttelag gir også gåver i form av pengareller ting.– Foreldre som sjølve har mista barn påavdelinga, gir gjerne minnegåver eller oppmodartil å gi ein donasjon til avdelinga i staden for åsende dei blomstrar, forklarer Harestad.Gåver kan også komme i form av opplevingar.Sist veke inviterte ei bedrift barna med påfotballkamp.– Dei fekk sitje i VIP-losjen og sjå Vikingspele mot Stabæk. Det gjer vi om lag ein gongi halvåret. Viking-spelarane kjem også innomavdelinga ein gong i blant for å helse påpasientane. Fotballen gir oss ofte ein «veg inn»til mange av pasientane, spesielt til gutane.Det gjer det lettare å komme innpå dei, seierHarestad.Også enkeltpersonar vil gjerne støtte.Harestad fortel:– Ein gong kom ein mann innom med eiheimesnikra ferje. Ein annan gong kom det einmed ei eske full av teiknesaker, spel og leiker.Han var ein tidlegare kreftpasient som ønskte ågi noko tilbake til sjukehuset.14 helse i vest • Nr. 2 / 2012

SamhandlingsreformaPÅ VEG HEIM: To dagar etter ryggoperasjonen blei Grethe Harkestad sendt ut av sjukehuset – men berre nesten heim. Opptreninga skjer i heimkommunen, slikintensjonen er med samhandlingsreforma.Nasjonal satsinglokal behandlingFor frisk til ei sjukehusseng, men for dårleg til å reise heim: RyggopererteGrethe Harkestad (50) trenar seg opp på ei sjukehusavdeling skreddarsydd forå svare samhandlingsreforma.Tekst Ragnhild Dårflot Olsen Foto Eivind Senneset– Ut med baken, fram med brystet og så ned!Fysioterapeut Mette Ekerhovd er vennleg,men bestemt. Grethe Harkestad grip tak itreningsbøylane, rettar ryggen, sviktar lett iknea – men kjem ikkje så langt.– Det er vanskeleg å kome ned når eg skalha heile fotsolen i golvet.Med ei fast hand på den nyopererte ryggeninstruerer og motiverer fysioterapeut Ekerhovd.– Det er bra, dette. Du går så langt ned somdu klarer. Du kjenner sjølv når det er nok.Hjelper pasienten – avlastar sjukehusetEi veke har gått sidan Grethe Harkestad bleioperert for innsnevring av ryggmergskanalenpå Kysthospitalet i Hagevik i Hordaland.Alt to dagar etter blei ho utskriven – menikkje for å reise heim: Neste stopp på vegenvar intermediær avdeling på Straume i Fjellkommune utanfor Bergen.– Her prøver vi å leggje til rette for atovergangen til heimen skal bli mjukast mogleg,seier fysioterapeut Ekerhovd.– Vi skal også sørgje for at eventuellehjelpemiddel er på plass i heimen før pasientenreiser herifrå.Intermediær behandling skjer på eit lågarenivå enn sjukehuset, men høgare enn vanlegNr. 2 / 2012 • helse i vest 15

1 millionmenneskesoknar til dei 10 sjukehusasom høyrer til Helse Vest.sjukeheimsplass. Avdelinga på Straume bleioppretta i 2010, som eit samhandlingsprosjektmellom Haukeland universitetssjukehus, Fjellkommune og tre andre nabokommunar.Avdelinga fungerer som siste del avsjukehusopphaldet og avlastar sjølve sjukehuset.På Straume skal pasientane bli sjølvstendige ogtrygge før dei reiser heim. Alt saman heilt i trådmed samhandlingsreforma.Tek trappa. Grethe Harkestad bur på ei litaøy i Fjell kommune. Frå parkeringsplassen tilhuset hennar er det ti minutt å gå, dels i ulendtterreng. Heime har ho trapper både ute og inne.– I snitt er pasientane hos oss i ei veke.Grethe får bli nokre dagar ekstra på grunn avbusituasjonen sin, fortel Ekerhovd.– Eg har ikkje mann og ingen barn, eg buråleine langt ute i skogen og må gjere alt sjølv,ler Grethe.Sjølv om ho føler seg ovanpå no, vedgår hoat det var litt skummelt å reise frå Kysthospitaletetter berre to dagar.– Det var som å bli sleppt fri på ein måte.Men eg kan ikkje skryte nok av tilbodet her. Duer meir sjølvstendig og har meir privatliv enn påsjukehuset, med eige rom og eige bad. Samtidigblir du teken vare på.Ho trenar saman med fysioterapeut togonger om dagen. Spesielt glad er Grethe for åmåtte ta trappa.– Det å gå i trapper har eg hatt eit betentforhold til. Men no ser eg at det går bra, at egmeistrar det. Då kan eg slappe av.Oppfølging og ro. Intermediær avdelingdisponerer seks senger for pasientar fråHaukeland universitetssjukehus. Kvar morgon erdet tverrfagleg møte om og med kvar pasient forå finne fram til kva som er best for den enkelte.– Vi jobbar målretta for at pasientane skalkome seg heim igjen trygt og tilrettelagt, somvi kallar det, seier avdelingslege Tobias Nieber.Treng dei meir pleie heime etterpå, ordnar vi detogså.Kysthospitalet høyrer til Ortopedisk avdelingpå Haukeland. Avdelingsdirektør Lars OddvarArnestad er svært nøgd med samarbeidet.– Vi ønskjer same type tilbod frå andrekommunar og bydelar, understrekar han.– Med eit slikt tilbod i heimkommunen fårpasientane oppfølging og ro nær heimstaden ogkan ha familien rundt seg – med same fokus påtryggleik og kvalitet som vi har på sjukehuset.Heim med ryggen rak. Høgreiste GretheHarkestad ser både frisk og flott ut der ho kjemgåande i treningsbukse og T-skjorte. Men detytre skal stemme med det indre. Etter mangeår med smerter i ryggen og føtene ønskjer ikkjeGrethe tilbakefall. Sjølv om operasjonen har vorevellykka og opptreninga så langt har gått overall forventning – ho må føle seg trygg. Trygg påat ingenting ryk igjen, at ho ikkje har smerter,at ho kjem seg til og frå huset, at trappa ikkjeblir eit uoverkommeleg hinder, at ho kan taklekvardagen heilt på eiga hand.– Eg er ikkje smertefri enno, men dette kanikkje samanliknast med korleis eg var før, smilerho.– No gler eg meg til å kome heim.HEIME BEST: – Opptreninga har gått over allforventning, seierGrethe Harkestad. Ekstra tryggleikfår ho av å trene nesten på heimebane.- Det å gå i trapper har eghatt eit betent forhold til. Men no ser egat det går bra, at eg meistrar det.Grethe HarkestadSamhandlingsreforma• har slagordet «Rett behandling – pårett stad – til rett tid»• starta 1. januar 2012 og skal innførastgradvis• skal gi betre samarbeid mellom alleledda i helsetenesta• gjer at fleire oppgåver blir overførtetil kommunane• skal involvere pasientane meir ibehandlingsforløpet• er ei auka satsing på førebygging ogtidleg innsats16 helse i vest • Nr. 2 / 2012

SamhandlingsreformaFjell i førarsetet– ein føregangskommune på samhandling!Anne Sissel Faugstad, viseadministrerandedirektør i Helse Bergen, peikar på Fjellkommune når ho skal vise gevinsten avsamhandlingsreforma.– Fjell kommune er tidleg ute og har vorekonstruktive og framtidsretta. Saman medkommunane Sund, Øygarden og Askøy har deiutvikla ei rekkje samhandlingstilbod.Forutan intermediær avdeling nemnerFaugstad dialysesatellitten som Haukelanduniversitetssjukehus har drive i Fjell sidanhausten 2010. Pasientar som tidlegare måttereise til sjukehuset fleire dagar i veka, får notilsvarande behandling lokalt.– Eit tilbod som ikkje ville vore moglegutan tilrettelegging frå Fjell kommune, påpeikarFaugstad.Då Øyane distriktspsykiatriske senteropna i Fjell i 2011, stod kommunen somutbyggjar. Helse Bergen har ein leigekontraktpå 30 år, og senteret er ein del av Haukelanduniversitetssjukehus.Saman med Haukeland planlegg dei firekommunane også ei palliativ avdeling på Askøy,der pasientar i siste fase av livet vil kunne fålindrande behandling. I tillegg samarbeiderkommunane og sjukehuset om eit frisklivs- ogmeistringssenter som skal etablerast i løpet avhausten.I mai i år var Fjell og Sund først i vest med åta i bruk strakshjelpsenger, også desse etablertei lag med Haukeland universitetssjukehus.Målet er at alle kommunar i landet skal ha eittilsvarande tilbod innan 2016.TRAPPAR OPP: Helsetilbodet i Fjell kommune,her representert ved intermediær avdeling derryggopererte Grethe Harkestad trenar seg opp, hardei siste åra blitt kraftig utvikla i samarbeid mellomnabokommunar og Haukeland universitetssjukehus.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 17

eredskapsøvingSJOKKET: Sviande røyk. Lammande sirener. Iskaldt skum.Eit helikopter frå Nordsjøen har styrta på Sola flyplass medeit førtitals personar om bord. Slik er øvingsscenarioet nårberedskapsalarmen går. Brannmannskap frå Sola flyplass nårførst fram til ulykkesstaden – og dynkar sjokkerte markørar(statistar som spelar skadd ungdom) i kaldt, kaldt skum.Heldig er den som kan rusle småskadd vekk.18 helse i vest • Nr. 2 / 2012

A–L–A–R–M!Når helsepersonell øver seg på den verkelege katastrofen, i samspelmed andre naudetatar, kjennest katastrofen nesten verkeleg.Foto Eivind Senneset Tekst Sigurd S. RønningenNr. 2 / 2012 • helse i vest 19

eredskapsøvingLAGSPEL: Ved akuttmottaket på Stavanger universitetssjukehus tek fleire traumeteam imot pasientane. Spisskompetanse frå eit titals fagfelt inngår itraumelagoppstillinga: Kirurg, anestesilege, anestesisjukepleiar, operasjonssjukepleiar, akuttsjukepleiar, ortoped, bioingeniør, radiograf, røntgenlege og portør.FØRE VAR: Beredskapsplanane for Helse Vestog sjukehusa på Vestlandet krev regelmessigeøvingar på alle plan i organisasjonen. Målet er ågjere ansvars- og rollefordelinga tydeleg og kjendi organisasjonen, og å styrkje samordninga medandre naudetatar. På Sola flyplass håpar ein at nestekatastrofe først vil skje om to år – i form av ei nystorstilt beredskapsøving.KAOSPILOTAR: I handteringa av ein katastrofe med omfang som beredskapsøvinga på Sola, er éin jobb tøffareenn alle andre. Ein såkalla triagerande kirurg blir sendt til åstaden for å prioritere kva pasientar som skalsendast til ulike sjukehus og med kva transportmiddel – for å unngå at kapasiteten ved det næraste sjukehusetblir sprengd. I ekstreme situasjonar kan oppgåva vere å velje mellom kven av dei skadde som får sjansen til åoverleve, og kven som døyr.20 helse i vest • Nr. 2 / 2012

Fakta: Beredskap• Beredskap er tiltak for å førebyggje,avgrense eller handtere kriser oguønskte hendingar.• I Helse Vest skal kriser handterast pålågast mogleg nivå i helseføretaka –av same personell som har ansvar i einnormalsituasjon.• Planane blir med jamne mellomromoppdatert med erfaringar frå verkelegeberedskapssituasjonar, og det blirhalde realistiske øvingar.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 21

PasientskaderFall forkvarandreFørste gong var for over 60 år sidan. Då det skjedde igjen i vår,var det eit fall av ein heilt annan, og uheldig, karakter.Tekst Stina Steingildra Foto Eirik DankelAnna skulle berre opp eit nattleg ærend.Rullatoren stod ved senga, ho var viss på atdette skulle ho fint greie.– Når du vaknar om natta, hugsar du ikkjealltid at eg er her og kan hjelpe deg, seierMagnus til kona si.– Eg vakna av at du ropte om hjelp, og stodopp for å sjå kva som var på ferde. Då haddedu falle ved enden av senga. Eg skulle prøve åhjelpe deg opp igjen, men då small det i ryggen,og beinet forsvann under meg.Fekk same skade. Anna og Magnus er midti målgruppa til fallteamet ved Haugesundsjukehus. Alle eldre pasientar skal vurderastfor å sjå om dei har auka risiko for å falle påsjukehuset eller heime. Dei som oppfyller vissekrav, får besøk av sjukepleiar, fysioterapeut ellergeriatar.– Fallet kjentest ikkje godt ut, minnestAnna.Det smilande ekteparet ser ikkje ut som omdei nett har blitt innlagde på sjukehus. Magnuser solbrun og frisk, Anna passar på at håret liggrett med ein liten kam. Begge to blir behandlafor brest i ryggen. Skjebnen ville ha det til at deifekk den same skaden.– Anna har heldigvis tryggleiksalarm, såheimetenesta var raskt på plass og fekk oss tillegevakta, fortel Magnus.Gode råd. Sjukepleiar Nina Anette Hauge ifallteamet fortel at ho har snakka med Anneog Magnus om ei rekkje ting som kan gjere detlettare for dei å halde seg på beina.– Vi har fått denne flotte brosjyren av Nina,seier Magnus.- Her er det masse eg kjenner meg igjeni, og mange nyttige råd, for eksempel ommedisinar. Vi tek jo begge ei handfull kvar dag,og det er ikkje godt å vite kva plagar somkjem av alderdommen, og kva som kjemsom følgje av medisinane.– Derfor er det så bra å få eiutgreiing her på geriatrisk avdeling, seierNina.Etter behandling og utgreiing skalAnna og Magnus reise heim igjen. Deifår litt oftare besøk av heimetenestatil å begynne med, men så skal deiklare seg sjølve. Kva tenkjer dei omframtida?– Ja, korleis i all verda skaldette gå? spøkjer Anna:– No er vi 87 og 84 årgamle, og det blir berremeir og meir trøbbel medoss.– Med litt hjelp ogrettleiing skal nok dettegå bra, meiner Magnus.22 helse i vest • Nr. 2 / 2012

STÅR STØTT: Ei dobbel fallulykke sendte ekteparet Anna(84) og Magnus (87) til Haugesund sjukehus med brest iryggen. På heimvegen får dei med seg gode råd og praktiskinformasjon for lettare å halde seg på beina.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 23

SamhandlingsreformaVAKSENOPPLÆRING:Ekteparet Anna og Magnushar levd i 171 år til saman,men kan som mange eldre hastor nytte av å lære praktiskeførehaldsreglar for å unngånye fall.– Ta risikoen på alvor!Fall kan føre med seg alvorlege skadar og permanent svekking avlivskvaliteten sjølv etter at skaden er lækt. Ver føre var!– Om lag halvparten av alle eldre som fell, fårskader som gjer at dei må på sjukehus, seierAnnika Ekstam Kragh.Geriataren er leiar for fallteamet vedHaugesund sjukehus. Dei kartlegg pasientar somer lagde inn på grunn av skadar etter fall, og girråd om korleis dei kan unngå å falle igjen.– Dei fleste har behov for konkrete tiltaksom justering av medisinar eller ernæringstilskot,men mange manglar rett og slett informasjonom kva som gjer dei utsette for fall.Alvorlege skadar. Beinbrot og bløding erofte årsak til innlegging på sjukehus etter fall.Den mest alvorlege fallskaden er hoftebrot.– Ved brot i hofta er det alltid nødvendig medoperasjon. Det fører i seg sjølv til risiko forinfeksjon eller trykkskadar. Etter operasjonenkan pasienten ha problem med bevegelsen iopptil eit halvt år, og nokre får aldri tilbake samefunksjonsevna som dei hadde før brotet.Overlegen si klare oppfordring er derfor å tarisikoen for fall på alvor og gjere det ein kan forå førebyggje.– Ofte skal det berre enkle endringar til, og kvarog ein må finne dei løysingane som er rette forseg.Eit par nye sokkar kan faktisk vere heileskilnaden.Utan mat og drikke... Har du kjent athovudet susar når du reiser deg fort frå sofaeneller senga? Då veit du kva blodtrykksfall er.I så fall kan gode støttestrømper avverje eitublidt møte med golvet. Andre tiltak kan verevanskelegare å få til, men er like viktige. Eindel eldre nedprioriterer kosthaldet. Det kan gialvorlege konsekvensar.– Når ein er åleine, freistar det ikkje alltid ålage eit skikkeleg måltid. Men god og næringsrikkost er viktig for å halde blodsukkeret stabilt,bevare muskelmasse og styrkje skjelettet. Viblir raskt svakare dersom vi ikkje et riktig, seierEkstam Kragh.Engstar på seg auka risiko. Fordiproblemstillingane som er knytte til fall, er såsamansette, jobbar fallteamet tverrfagleg. Einklinisk ernæringsfysiolog kan gi gode råd omkosten, legen kan tipse om medisinar, mens einfysioterapeut er til god hjelp for dei som harnedsett bevegelse. Fallteamet på sjukehusetkjem i kontakt med pasientane når skaden alt erskjedd. Annika Ekstam Kragh håper at dei eldreog dei pårørande kan bli flinkare til å setje iverk tiltak før ulykka er ute. Eit fall kan nemlegfå enorme konsekvensar for livskvaliteten lengeetter at den fysiske skaden er lækt.– Frykta for å falle kan føre til at ein engstarseg for mykje eller går glipp av verdifulle sosialesamankomstar. I verste fall er ein så redd for åfalle at ein vel å bevege seg mindre – ja, kanskjeikkje gå ut i det heile. I så fall blir ein rasktsvakare og får dårleg kondisjon – noko somigjen aukar risikoen for fall.Om lag halvparten avalle eldre som fell, fårskadar som gjer at deimå på sjukehusAnnika Ekstam Kragh24 helse i vest • Nr. 2 / 2012

FINN fem FEIL1. Flytt telefonen slik at du kan nå han frå senga – og gøym leidningen2. Set inn ein stol i dusjen, så slepp du å stå3. Fjern ting du kan snuble i frå golvet4. Bytt ut glatte sokkar med tøflar med friksjonssåle5. Sørg for gode lyskjelder i områda der du oppheld deg mestTA GREP– UNNGÅFALLSKADAR434Du held deg mykjelettare på føtene etterei enkel ommøbleringog nokre nye rutinar fordeg sjølv.• Byt brilleglas dersom dei er bifokale/progressive.• Bruk støttestrømper for å unngåsvingingar i blodtrykket.5• Et gode, næringsrike måltid medjamne mellomrom. Ernæringstilskotkan vere aktuelt.2• Mosjon og fysisk aktivitet gjer degsterkare og betrar balansen. Ein gåturmed stavar gir god trim med støtte.5• Fastlegen kan vurdere om medisinardu tek, gir auka risiko for å falle.Dosen kan justerast, eller medisinarkan skiftast ut.1Fallteamet i Helse Fonna har laga einbrosjyre som tek for seg risikomomentog tiltak for å redusere risikoen for fall.Brosjyren kan lastast ned fråwww.helse-fonna.no.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 25

skulevegringNår skulevegenblir for langNår barn fell ut av skulen, er konsekvensane for helsa deira som forvaksne som fell ut av arbeidslivet.Tekst Camilla Crone Leinebø Foto Eivind Senneset«Mamma, eg greier ikkje lenger å bruke allenergien på å klare å sitje i ro i klasserommet.Det gir meg ingenting.»Reidun Eggesbø gløymer aldri dagen dådotter hennar – den gong framleis barneskuleelev– fortalde den brutale sanninga heime.I dag er femtenåringen ei av stadig fleire norskebarn og unge som ikkje møter opp i klasserommetdagleg.Varsla utdropping. – Eg skjønte fort at vimåtte ta tak i det raskt, så før overgangen tilungdomsskulen bad vi om ein samtale med deinye lærarane. Vi ville gjere dei merksame på atno kjem det ei jente dykk må følgje ekstra opp.Vi visste at ho stod i fare for å droppe ut, seierReidun.Først i Noreg. Sidan har foreldra prøvd detmeste for å hjelpe dottera, som har lærevanskar.– Vi har køyrt ho til skulen, følgt ho inn og hattavtale med lærarane om å få beskjed kvar gongho ikkje var til stades. Vi har hjelpt til med lekseri fleire timar kvar dag og forsøkt å motivere vedtips når barnet ditt ikkje vil gå på skulen1. Ta barnet på alvor dersom det gir uttrykk for at det ikkje ønskjer å gå på skulen.2. Set av tid til å snakke med barnet om desse utsegnene.3. Ha fokus på meistring og positive opplevingar ved leggjetid og rundt frukostbordet.4. Hugs: Kjefting fører ikkje noko godt med seg!5. Begge foreldra må gi tydeleg uttrykk for at barnet skal gå på skulen.6. Etabler ein god døgnrytme og faste rutinar morgon og kveld.7. Samarbeid tett med skulen.8. Undersøk med læraren om forhold ved skulen kan vere årsak til skulevegringa.9. Ver open for at det kan vere mange årsaker til at barnet vegrar seg mot å gå på skulen.10. Søk informasjon om skulevegring.å halde fast på at om du berre jobbar hardt nok,så går det bra, forklarar dei.Dottera har svart med meir skulking ogpåpeikt at «sånne som meg treng noko anna ennrein teori på skulen».– Eg har mykje på hjartet om korleisskuletilbodet i Noreg kan bli tilpassa dei somikkje er typisk skuleflinke, men som har storeressursar på andre viktige område. Men det er eianna historie, smiler faren, Tim Francombe.Halvtanna år etter at dottera starta i åttandeklasse, fekk ho og foreldra tilbod om å delta i eitprøveprosjekt ved Klinikk psykisk helsevern forbarn og unge (PBU) på Haukeland universitetssjukehusi Bergen.– Hovudmålet vårt med prosjektet er atbarn og unge skal få hjelp raskare. Derfor harvi laga ei behandlingspakke som kommunaneskal ta i bruk. Når ungdommane kjem til oss ispesialisthelsetenesta, har dei som oftast alt voreheime frå skulen lenge, seier prosjektleiaraneKari Fasting og Guri Holgersen frå PBU.– Jo lengre tid det går før du får hjelp, jolengre tid tek det å bli betre.I fjor fekk dei samhandlingsmidlar frå HelseVest til å lage eit unikt dobbelttilbod tilpassabåde ungdommane og foreldra. Behandlingatek sikte på å hjelpe både barnet og foreldrasamtidig.26 helse i vest • Nr. 2 / 2012

AUKA SJØLVKJENSLE =AUKA SKULEDELTAKING– Våre erfaringar viser at skulevegringover lang tid er nært knytt saman medemosjonelle vanskar som angst ogdepresjon. Det er ikkje uvanleg å føle segsosialt isolert og stigmatisert. Vi som tekimot ungdommane, jobbar ikkje berrefor å få dei tilbake til skulen. Vi ønskjerå gi dei auka sjølvkjensle, slik at dei kanendre tankane dei har om seg sjølve,hovudsakleg korleis dei kan få det betremed seg sjølve. Auka sjølvkjensle kanføre til auka deltaking på skulen, seierKari Fasting og Guri Holgersen.– Eit førebyggjande perspektiv er alfaomega i dette arbeidet. Vi vil nå dei ungefør det låser seg heilt fast, slik det hargjort for dei fleste som får hjelp frå oss.TOMROMMET: - Sånne som meg treng noko anna enn rein teori på skulen, var svaret frå den 15 år gamlejenta når foreldra freistar å motivere henne til å gå på skulen. Nå får familien råd av fagfolk og andre i samesituasjon gjennom eit nystarta tilbod ved Haukeland universitetssjukehus.TØFT: Reidun Eggesbø og Tim Francombe har tidvisfølt seg aleine i verda. – Å møte andre foreldre somhar barn med skulevegring har vore til god hjelp foross.– Vi ser at skulevegring er eit problemsom ikkje berre slit på skuleeleven, men påheile familien. Så langt vi kjenner til, finst detikkje liknande tilbod andre stader i Noreg,men tilbakemeldingane er alt så positive atvi trur dette kan bli brukt fleire stader, seierprosjektleiarane.Ikkje åleine. For første gong på fleire år følerforeldra Reidun Eggesbø og Tim Francombe atdottera – og dermed dei sjølve – er på rett veg.– Som forelder føler du deg mislykka når duikkje ein gong klarer å få det kjæraste du har, tilå gå på skulen, og du får kjensla av å vere heiltåleine om problema, seier Tim.– For første gong møter vi andre foreldre isame situasjon. Det gjer godt, seier Reidun.Dei to opplevde at det var godt å snakkemed andre som forstår kva dei går gjennom,i tillegg til å møte fagleg dyktige menneske åstøtte seg til. Gjennom gruppeterapi utvekslarforeldra erfaringar og gir kvarandre råd og tipsom korleis dei kan handtere ulike utfordringar.– Å møte andre foreldre i same situasjonenhar fått oss til å sjå utfordringane våre i eit annaperspektiv, seier Reidun og Tim samstemt.Gir ikkje opp. For dotter deira har skulen aldrivore ein arena for meistring. Men Reidun og Timer styrkte i trua.– Behandlingstilbodet på Haukeland harvore eit steg i riktig retning for både oss ogdottera vår. Noko av det viktigaste vi har erfart,er at vi ikkje kan gi opp, seier foreldreparetbestemt:– Vi stiller jo krav til jenta vår om at hoikkje skal miste håpet om å klare å fullføregrunn skulen, då kan ikkje vi stoppe opp sjølveheller.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 27

tvangslidingENDELEG FRI: Først då Oddvard Bendiksenog Cecilie Meyer Jakobsen våga å møtefrykta si, blei dei kvitt tvangstankane og deiutmattande repetisjonane. No blir det nyebehandlingstilbodet etablert ved helseføretakover heile landet.Møter frykta– blir friskeÅ ha ei tvangsliding er som å sitje i rullestol fordi dutrur du ikkje kan gå. Ny behandling gjer dei fleste friske avmentale sperrer og fysiske repetisjonar.Tekst Anne Christine Olsen Foto Silje Katrine Robinson28 helse i vest • Nr. 2 / 2012

Nr. 2 / 2012 • helse i vest 29

tvangslidingNYE TAKTAR: - Til slutt følte eg det som eg sat påei aude øy, seier musikar Oddvard Bendiksen omtvangstankane han bar på gjennom tre tiår:- Problemet var at eg ikkje torde å komme meg vekkderifrå.Er alle lamper verkeleg skrudde av? Sjekkahan komfyren? Og kva med vassrøyret underutslagsvasken – kjem det til å springe lekk idethan lukkar døra bak seg? Full av angst og tvil ogribba for sjølvtillit snur Oddvard Bendiksen (41)seg for å gå sjekkerunden. Endå ein gong.Tvungen av tankane. – Folk som hartvangstankar og tvangshandlingar, er overtyddeom at dei må gjere det dei gjer, for å unngåat noko heilt forferdeleg skal skje, forklarerprofessor og psykologspesialist Gerd Kvale,som leier Haukeland universitetssjukehus si nyesatsing på tvangslidingar.For dei som er hardast råka, er mestepartenav tida prega av tvungne tankar og handlingar.Tvangsliding• Kjenneteikna ved at ein blir plaga avubehagelege tankar som ein ikkje blir kvitt.• Når tvangstankane kjem, gjer ein bestemtetvangshandlingar for å dempe ubehagog for å hindre at det skal skje nokokatastrofalt. For eksempel overdrivenvasking, sjekking eller mentale ritual for ånøytralisere dei ubehagelige tankane.• Pasienten veit sjølv at tankane erurealistiske, og at handlingane erunødvendige eller overdrivne, men utførerdei likevel.• I normalbefolkninga er det vanleg åoppleve sporadiske tvangstankar, men– Dei som har det slik, veit at det dei tenkjerog gjer er «dumt», men dei klarer ikkje la vere.Oddvard Bendiksen kjenner seg så altforgodt igjen i skildringa. Sjekketvangen var berreein del av tvangslidinga, som byrja å utvikle segdå han var 14 år.– På den tida var aids ein ny sjukdom, ogdet var mykje skriving i avisene. Eg blei livredd,og gjekk aldri på offentlege toalett i tilfellesmitte. Om eg tenkte på aids, måtte eg nøytraliseredet ved å tenkje på det motsette, som foreksempel å vere frisk, fortel han.Gradvis blei repertoaret med farlege ordutvida. Etter kvart kunne også bestemte fargarog einskilde tal gi fæle assosiasjonar som måtteufarleggjerast gjennom bestemte tankerekkjer.for dei som er ramma av ei tvangsliding,opptek handlingane meir enn ein time kvardag.• Haukeland universitetssjukehus tilbyr nobehandling mot tvangslidingar, såkallaObsessive Compulsive Disorder (OCD),ved Øyane DPS. Eksponeringsterapimed responsprevensjon (ERP) heiterbehandlinga, der 60–80 prosent avpasientane etter berre kort tid blir friske.Eit tilsvarande behandlingstilbod skal blietablert ved helseføretak over heile landetinnan 2014.– Om eg tenkte på desse «magiske» orda,fargane eller tala, var eg redd det skulleskje noko forferdeleg med dei eg er glad i.Tvangshandlingane blei min måte å dempeangsten for at noko fælt skulle skje.Etter som åra gjekk, utvikla Oddvard ogsåtvang rundt det å kontrollere at alt var i ordenfør han gjekk ut av eit rom.– Til slutt følte eg det som eg sat på ei audeøy, forklarer han.– Problemet var at eg ikkje torde å kommemeg vekk derifrå.Blir nasjonalt behandlingstilbod.Det første vendepunkt kom for fire år sidan. Dåfortalde Oddvard for første gong omverda korleishan hadde det, og erkjente at han trong hjelp.Han fekk behandling, men det hjelpte ikkje.Det andre vendepunktet kom i vår, då han fekktilbod om behandling mot tvangsliding på ØyaneDPS. Dette distriktpsykiatriske senteret ligg iFjell kommune i Hordaland, og er ein del avPsykiatrisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus.I dag er Bendiksen kvitt lidinga – etter27 år. Redninga blei såkalla eksponeringsterapimed responsprevensjon (ERP). Ei behandling avtvangslidingar der 60–80 prosent av pasientaneblir friske. Inga anna behandling kan vise til einliknande suksessrate.– Mange pasientar som har vore til annabehandling utan effekt, får ei fantastisk endringi løpet av kort tid når dei kjem til oss, seierbehandlande psykolog Bjarne Hansen vedHaukeland.Han er prosjektleiar for ei nasjonal satsingsom inneber at tilsvarande behandlingstilbodsom i Bergen skal bli etablert ved alle helseføretakai landet innan 2014.Kjernen i behandlinga er at pasientanetrenar på å oppsøkje det dei fryktar aller mest.Som ein del av behandlinga får dei ikkje utføretvangshandlingar i møte med det dei er reddefor.Søk hjelp! – Det første eg måtte trene på,var å sløkkje stearinlys i fleire rom og forlateromma utan å sjekke at lysa var sløkte, samtidigsom eg skulle tenkje på alt det fæle som kunneskje når eg ikkje hadde fått sjekka at alle lysahadde slokna. Eg blei veldig stressa og engsteleg,men klarte å gjennomføre det. Etterpå var eglike sliten som etter ei hard treningsøkt, seierOddvard.30 helse i vest • Nr. 2 / 2012

TILBAKE TIL NORMALEN: Under sitt andre svangerskap utvikla tobarnsmora Cecilie MeyerJakobsen angst for babyen si helse. Så følgde år med tvang knytt til vasking og omgåing avpotensielle smittekjelder. Takka vere behandling er ho i dag frisk.Alt andre dagen fekk han trua på at dettevar behandling som verka. Etter tre veker kjendehan seg frisk.– Då byrja eg å få lyst til å gjere ting. Egtenkte ikkje lenger at det var umogleg ellervanskeleg. Det var ei æve sidan sist eg haddekjend det slik.Etter to månader og 16 behandlingar erOddvard blitt heilt frisk. Han er ikkje lenger styrtav angst, men tek val som er baserte på fornuft.– No lèt eg tankane flyte fritt og unngårikkje situasjonar. Eg tør å gjere ting eg ikkje ertrygg på, og om eg ikkje får det til, er ikkje detså nøye. Det er kjekt å kjenne at eg kan gledemeg over det som er her og no.Til andre som slit med det same, er oppfordringafrå Oddvard klar:– Søk hjelp, ikkje gi opp! Sjølv følte eg megnesten litt snytt – her har eg gått og bala meddette i over 25 år, og så blir eg frisk etter berreto månader med behandling.– tøfT, men verd det.Det er tobarnsmora Cecilie Meyer Jakobsen(27) frå Åsane som seier dette. Sidanungdomsskulen har ho hatt problem medtvangstankar. Verkeleg ille blei det då hogjekk gravid med yngstemann, som no erfire år.– Eg fekk angst for at babyen i magenskulle døy, eg var redd eg hadde ete nokosom kunne skade han, fortel ho.Dette blei starten på fleire år medtvang knytt til vasking, sjekking og lesing.– Nesten uansett kva eg tok i, fekkeg trong til å vaske hendene fordi eg varredd for å smitte dei andre i familien, somkunne bli sjuke og døy.Småbarnsmora utvikla også angst forrått kjøtt på grunn av frykt for bakteriar,og heldt seg borte frå matlaging i fleireår. Angsten har vore plagsam for barnaog sambuaren også, som har blitt kraftighemma ved å måtte ta omsyn til tvangen.No har kvardagen endra seg dramatisk.– Frå å ha ein slitsam kvardag medangst gjennom heile dagen, har eg no roinni meg og tek mykje lettare på alt somskjer, vedgår Cecilie, som ikkje er i tvil omkva ho no set mest pris på:– Tida saman med ungane, og at egikkje lenger hemmar dei gjennom angsten.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 31

usbehandlingNeste stoppEit rusfritt liv32 helse i vest • Nr. 2 / 2012

LYS I TUNNELLEN: Den nyoppretta rusposten påNordfjordeid bidreg til å gje Jannike (33) trua. – Herblir eg sett på som eit menneske.I over ti år har Jannike (33) prøvd å bli rusfri. Ny behandling påNordfjordeid gjer ho meir positiv enn på lenge.Tekst Arne Eithun Foto Kristin Rødven Eide– Her blir eg ikkje sett på som ein pasient,men som eit menneske. Det gjer noko medsjølvbiletet. Denne gongen skal eg klare det, deter draumen min.Vi møter ei positiv, open og smilandejente i den nye rusposten til Helse Førde påNordfjordeid. Snart skal Jannike ha pasientrommetsitt her i staden for ved sengeposten påNordfjord psykiatrisenter.Mista kontrollen. Rusproblema til Jannikestarta allereie då ho var 13 år gammal. Det varingenting som tydde på at ho var ei av dei somskulle hamne utanfor, ho skilde seg ikkje ut pånokon måte. Men den første gongen ho prøvdealkohol, likte ho så altfor godt smaken. I tenårablei ho ein tung misbrukar, og allereie som21-åring måtte ho ha si første rusbehandling.– Eg har gjort mykje dumt, skuffa sværtmange. Når eg rusar meg, klarer eg ikkje stoppe;eg mistar kontrollen. Derfor må eg berre ut avdette helvetet. Målet er å leve heilt utan alkoholog andre narkotiske stoff.I 2005 var Jannike var på god veg. Då fekkho hjelp på ein institusjon i Bergen og var rusfrii fleire år.– Eg fullførde vidaregåande, fekk meg jobbi ein barnehage. Det var så fint på den tida,og sjølv om det skar seg igjen, så gav denneperioden meg motivasjon. Eg veit at livet somrusfri er det beste for meg, eg skal komme ditigjen, seier ho.Kamp kvar for seg. Etter nedturen i Bergengjekk turen etter kvart vidare til Eid. Rundtjuletider i fjor toppa det seg, og Jannike møttefor første gong det tverrfaglege spesialiserterusbehandlingstilbodet (LAR) på sjukehuset.god hjelp lokalt. Jannike hadde ingenforventingar til kva hjelp ho kunne få påNordfjordeid. Det einaste ho frykta, var at deiville avslutte behandlinga for tidleg. Det harikkje skjedd.– Her bruker dei tid på meg, noko somgjer at eg får sosialisert meg i eit litt annamiljø enn på dei større rusbehandlingsstadene.Der er ofte klientellet mykje hardare, og folksnakkar mykje om kva dei går glipp av. Slik blirein berre sjukare, samtidig som heile gruppablir stigmatisert. Her blir eg meir sett som eitenkeltmenneske, seier ho.Jannike er likevel klar på at ho vil vekk fråEid når behandlinga er avslutta.– Det er for lite her, og vegen tilbake tilmiljøet i bygda vil vere for kort. Nei, no vil eg tatilbake livet mitt og starte heilt på nytt.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 33

LivsstilColourboxKork flaska,stump røyken– auk sjansane forein vellukka operasjonRedusert risiko for komplikasjonar. Finare arr.Sår som gror raskare. Her er tipsa til korleis du sjølvgjer resultatet av operasjonen din best mogleg.BLÅMÅNDAG? Éi eining alkohol inneheld om lag12 gram rein alkohol. Det utgjer ei lita flaske øl, eit liteglas vin eller ein dobbel drink.Tekst: Ragnhild Dårflot OlsenMange pasientar er klare over at eit suntkosthald og kroppsvekt innanfor normalen gjerkroppen betre i stand til å tole påkjenningarved sjukdom og operasjon. Men visste duat også totalavhald frå tobakk og alkoholfør ein operasjon både minkar risikoen forkomplikasjonar og gir finare arr?Små mengder – store utslag. – Dersom du i snittdrikk meir enn to alkoholeiningar dagleg, viserforsking at du er i risikosona, seier overlegeSvein Skjøtskift ved Avdeling for rusmedisin vedHaukeland universitetssjukehus.– Derfor tilrår vi alle som skal opererast, å lavere å drikke alkohol i minst fire veker førinnlegging.Danske studiar viser at totalavhald frå alkoholi denne perioden kan halvere risikoen forkomplikasjonar ved enkelte typar operasjonar.Kutt røyken. Forsking har også vist at røykjararer meir utsette for komplikasjonar.– Du kan halvere risikoen dersom du stumparrøyken minst fire veker før operasjon og helstlike lenge etter. Den auka risikoen forsvinn heiltdersom du klarer å slutte å røykje seks til åtteveker før operasjonen, seier Skjøtskift.Lykkast du med røykekuttet, kan finare arr bliein bonus. Det kjem mellom anna av at røykingreduserer oksygen- og næringsstoffmengda tilsåret, noko som kan føre til at såret gror bådedårlegare og styggare.Dobbel skade. Undersøkinga Helsedøgnet 2009kartla livsstilen til over 1500 sjukehuspasientar iBergen og Stavanger. Resultata viste at meir ennhalvparten av pasientane hadde to eller fleireav risikofaktorane stor alkoholbruk, røyking,for lite fysisk aktiv, risiko for underernæring ogovervekt. Desse faktorane kan forverre bådesjukdom og behandlingsresultat – og utgjer altsåei form for dobbel helserisiko. Kartleggingaviste også at seks prosent av dei kvinnelegesjukehuspasientane og 11 prosent av mennenesom blei lagde inn, drakk så mykje at det gavauka risiko for helseproblem.På www.rushjelp.no finn du eit gratissjølvhjelpsprogram for å redusere alkoholbruken.Mindre alkohol– stor helsegevinstReduserer du inntaket av alkohol,gir du deg sjølv:• mindre risiko for skade• mindre risiko for høgt blodtrykk• mindre risiko for kreft• mindre risiko for leversjukdom• mindre risiko for hjerneskade• mindre risiko for ulykke og lovbrot• lågare kroppsvekt• betre søvn• betre hugs• betre fysisk form• meir energi og overskot• betre humør• betre forhold til andre• betre råd… og i tillegg unngår dufyllesjukeLivsstilskurs for overvektige– Endeleg har vi eit etterlengta tilbodtil ei pasientgruppe som aukar, seierspesialsjukepleiar Sara-Rebekka Linde.Tidlegare i år opna den første poliklinikkenfor overvektige på Vestlandet ved Haukelanduniversitetssjukehus.NY LIVSSTIL – NYTT LIV: SpesialsjukepleiarSara-Rebekka Færø Linde held livsstilskurs forpasientane på Poliklinikk for overvektige.Foto: Øyvind BlomHer deltek pasientane på livsstilskursmed fysioterapeutar, psykologar,ernæringsfysiologar, legar og sjukepleiarar.Det tverrfaglege behandlingsopplegget ernødvendig fordi mange overvektige oftehar fleire tilleggsdiagnosar, mellom annadiabetes, hjarte- og/eller lungesjukdommar,belastningsproblem eller leddskadar. Psykiskeproblem er heller ikkje uvanleg. Pasientanekan bli tilviste til poliklinikken frå fastlege ellerfrå andre sjukehusavdelingar.34 helse i vest • Nr. 2 / 2012

Psykiatrisk sjølvbeteningHJELP TIL SJØLVHJELP:Når Gro Hovland (imidten) kjenner at hotreng hjelp til å handterekvardagen, er ein telefontil Aina Budal (til venstre)og xx ved Karmøydistriktspsykiatriskesenter alt som skal tilfor å få ei seng og faglegomsorg. – Ei perfektordning for meg, seierpasienten.Psykiatrisk sjølvbetening– Hei, Aina, eg skulle gjerne komme innom ein tur om det passar…?– Hei Gro, det går fint!Tekst Stina SteingildraFoto Eirik DankelTelefonsamtalen ovanfor gjeld ikkje ein kaffimellom to venninner. Pasientar ved Karmøydistriktspsykiatriske senter (DPS) kan sjølve avtaleinnlegging når dei treng det, utan å gå viafastlege eller akuttmottak. Gro Hovland er av deisom har stor nytte av det nye tilbodet.Basert på tillit. Tilbodet om brukarstyrtinnlegging starta opp ved Karmøy DPS i oktoberi fjor. Éi seng er reservert brukarar som har voreinnlagde tidlegare, og som kjenner seg så tryggepå tilbodet og personalet at dei har inngått einskriftleg avtale om «psykiatrisk sjølvbetening».– Tillit mellom oss og brukarane ergrunnleggjande for eit slikt tilbod, forklarerfunksjonsleiar Aina Budal ved Karmøy DPS.- Vi må ha tillit til at brukarane sjølve klarerå nytte seg av tilbodet, og brukarane må ha tillittil at dei faktisk har ein plass å komme til. Fornokre har det vore for godt til å vere sant at deisjølve og utan diskusjon kan leggje seg inn. Deihar brukt tid på å venje seg til tanken.Tilpassa pasienten. Brukarstyrt innlegging ereit døme på at helsetenesta i større grad søkjerå tilpasse tilbodet til pasientane sine behov. Groseier ho har sett ei veldig utvikling sidan ho førstegong søkte hjelp i psykiatrien for 16 år sidan.– Alt har vore til det betre. No er det ingensom tek avgjerder over hovudet på deg. Eg bliralltid spurd om kva eg sjølv meiner.Meistrar eigen diagnose. Under opphaldetdefinerer brukaren sjølv målet med innlegginga.Omfattande behandling er det ikkje lagt opp til.Brukarane får tilbod om samtale med lege ellerbehandlar, men for nokre er det nok å vite at deihar ei trygg hamn når dei kjenner at ein dårlegperiode er på veg.– Kva mål brukaren set seg, varierer veldig.Nokre treng hjelp til å få orden på søvnen ellertil å bli meir sosialt aktiv, andre treng berre ro ogkvile, seier funksjonsleiar Aina Budal.Sterke resultat. Gjennom sjølv å bestemmenår ein har behov for innlegging, skalbrukarane få betre kontroll med eigen diagnose.Forskingsresultat frå same tilbod ved Jæren DPSviser at innleggingstida for pasientgruppa minkamed ein tredel, mens den samla tidafor tvangsinnlegging blei nær halvert.I den same studien gir brukarane, pårørandeog kommunehelsetenesta alle positive tilbakemeldingarpå lågterskeltilbodet.Når Karmøy DPS seinare i haust skal evaluereoppstarten, reknar funksjonsleiar Budal med å fåvite at pasientar har unngått forverringar ved åfå raskare innlegging – og at dei er meir nøgde.– Dette er i alle fall ei perfekt ordningfor meg, meiner Gro. Når eg ringjer, stiller deiingen spørsmål. Så sant det er ledig plass, får egkomme.– Det hender jo at det er litt ventetid? skytAina Budal inn.– Det må ein berre rekne med, seier Gro.Det er vel andre enn meg som treng hjelp også.Brukarstyrt innlegging• Behandling basert på at brukaren sjølvlegg seg inn ved behov.• Tilbod ved Karmøy DPS og Jæren DPS.• Målet er at brukaren skal kommeforverringsperiodar i forkjøpet og fåbetre kontroll over sjukdommen sin.• Evaluering viser at tilbodet utløyser eirekkje positive effektar.Nr. 2 / 2012 • helse i vest 35

InformasjonReturadresse:Helse Vest RHFPostboks 303 ForusB4066 StavangerDet store hjerneslaget(S)LAGSPELAR: SeksjonsoverlegeMartin Kurz er avhengig av di hjelpfor å nå målet om å få kvar tredjeslagpasient inn til livreddandetrombolysebehandling.Å vereeller ikkje vereSjukehusa er avhengige av di reaksjonsevne for å redde liv etterhjerneslag. Ved minste mistanke – ring 113!Tekst Sigurd S. RønningenFoto Marie von Krogh– Vi reddar mange liv etter hjerneslag, men kanredde så mange fleire. Alt avhenger av at denslagramma kjem raskt nok til behandling, seierseksjonsoverlege Martin Kurz ved Stavangeruniversitetssjukehus.Med 5500 dødsfall kvart år er hjerneslag dentredje vanlegaste dødsårsaka i Noreg. I tillegg blirmange overlevande invalidiserte.– Den kritiske faktoren er tida som går frå einperson får slag til den medisinske behandlinga blirsett i gang. Sjølv nokre få minutt kan utgjere storskilnad for pasienten si framtidige funksjonsevne,seier Kurz.I fjor uttalde statsminister Jens Stoltenbergat «heile Noreg kan lære av Stavanger».Universitetssjukehuset i byen er blant dei allerbeste på å få slagpasientar raskt inn til effektivbehandling med trombolyse (oppløysing avblodpropp ved hjelp av medisinar). Bak resultataligg ei målretta satsing på å drille heile behandlingskjedai effektiv handtering. I sommar følgdeHelse Vest opp med ein ny plan for å sikre bestmogleg praksis frå slaget er oppdaga til ferdigbehandling ved alle sjukehus på Vestlandet.Martin Kurz er oppteken av at hjerneslag ikkje ernokon «gammalmannssjukdom»:– Hjerneslag kan ramme folk i alle aldrar,derfor gjer alle lurt i å lære seg huskeregelenF-A-S-T for å kjenne igjen symptoma vedhjerneslag.Og ved minste mistanke:– Ring 113 med ein gong!FASTFjes – lamming i ansiktet, smiler skeivtArm – lamming i ein arm, kan ikkje halde armen høgtSpråk – språkforstyrring, finn ikkje riktig ordTale – taleforstyrring, utydeleg taleFAST=RASKT!Ved eitt eller fleireFAST-symptomer, kontakt 113!Følg sjukehusa på Facebook og Twitter.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!