12.07.2015 Views

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SamhandlingsreformaVAKSENOPPLÆRING:Ekteparet Anna og Magnushar levd i 171 år til saman,men kan som mange eldre hastor nytte av å lære praktiskeførehaldsreglar for å unngånye fall.– Ta risikoen på alvor!Fall kan føre med seg alvorlege skadar og permanent svekking avlivskvaliteten sjølv etter at skaden er lækt. Ver føre var!– Om lag halvparten av alle eldre som fell, fårskader som gjer at dei må på sjukehus, seierAnnika Ekstam Kragh.Geriataren er leiar for fallteamet vedHaugesund sjukehus. Dei kartlegg pasientar somer lagde inn på grunn av skadar etter fall, og girråd om korleis dei kan unngå å falle igjen.– Dei fleste har behov for konkrete tiltaksom justering av medisinar eller ernæringstilskot,men mange manglar rett og slett informasjonom kva som gjer dei utsette for fall.Alvorlege skadar. Beinbrot og bløding erofte årsak til innlegging på sjukehus etter fall.Den mest alvorlege fallskaden er hoftebrot.– Ved brot i hofta er det alltid nødvendig medoperasjon. Det fører i seg sjølv til risiko forinfeksjon eller trykkskadar. Etter operasjonenkan pasienten ha problem med bevegelsen iopptil eit halvt år, og nokre får aldri tilbake samefunksjonsevna som dei hadde før brotet.Overlegen si klare oppfordring er derfor å tarisikoen for fall på alvor og gjere det ein kan forå førebyggje.– Ofte skal det berre enkle endringar til, og kvarog ein må finne dei løysingane som er rette forseg.Eit par nye sokkar kan faktisk vere heileskilnaden.Utan mat og drikke... Har du kjent athovudet susar når du reiser deg fort frå sofaeneller senga? Då veit du kva blodtrykksfall er.I så fall kan gode støttestrømper avverje eitublidt møte med golvet. Andre tiltak kan verevanskelegare å få til, men er like viktige. Eindel eldre nedprioriterer kosthaldet. Det kan gialvorlege konsekvensar.– Når ein er åleine, freistar det ikkje alltid ålage eit skikkeleg måltid. Men god og næringsrikkost er viktig for å halde blodsukkeret stabilt,bevare muskelmasse og styrkje skjelettet. Viblir raskt svakare dersom vi ikkje et riktig, seierEkstam Kragh.Engstar på seg auka risiko. Fordiproblemstillingane som er knytte til fall, er såsamansette, jobbar fallteamet tverrfagleg. Einklinisk ernæringsfysiolog kan gi gode råd omkosten, legen kan tipse om medisinar, mens einfysioterapeut er til god hjelp for dei som harnedsett bevegelse. Fallteamet på sjukehusetkjem i kontakt med pasientane når skaden alt erskjedd. Annika Ekstam Kragh håper at dei eldreog dei pårørande kan bli flinkare til å setje iverk tiltak før ulykka er ute. Eit fall kan nemlegfå enorme konsekvensar for livskvaliteten lengeetter at den fysiske skaden er lækt.– Frykta for å falle kan føre til at ein engstarseg for mykje eller går glipp av verdifulle sosialesamankomstar. I verste fall er ein så redd for åfalle at ein vel å bevege seg mindre – ja, kanskjeikkje gå ut i det heile. I så fall blir ein rasktsvakare og får dårleg kondisjon – noko somigjen aukar risikoen for fall.Om lag halvparten avalle eldre som fell, fårskadar som gjer at deimå på sjukehusAnnika Ekstam Kragh24 helse i vest • Nr. 2 / <strong>2012</strong>

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!