31.05.2018 Views

bv1718

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

LEIAR LANDBRUK, POLITIKK OG SAMFUNN

Inga kursendring

Bothild Å. Nordsletten

bothild@bondevennen.no

Med kostnadsauke, overproduksjon og

marknadsubalanse som utgangspunkt

kan me forstå at partane i jordbruksoppgjeret

var letta over å kunne inngå ein

avtale 16.mai.

For første gong under Solberg-regjeringa

signerte både Norges Bondelag

og Norsk bonde- og småbrukarlag. At

sjølv liberalisten Jon Georg Dale seier

seg nøgd med avtala er ikkje den einaste

grunnen til å vera skeptisk.

Faglaga er med rette tilfredse med

strukturtilskotet til små og mellomstore

mjølkebruk, «Vestlands»-tilskota til drift

i bratt terreng, setertilskotet og satsinga

på frukt og grønt. Midt i overproduksjonen

er dei òg glade for semje om fleire

produksjonsavgrensande tiltak for sau og

svin. Ein kan gle seg over desse resultata,

men i kva grad dei inneber eit varig steg

i rett retning for jordbruket, vil tida vise.

Det største vonbrotet er at bøndene ikkje

oppnår kronemessig lik inntektsutvikling,

men heller ein prosentvis inntektsauke

på 3,5 prosent – under føresetnad

av at dei oppnår 250 millionar kroner i

betre marknadsbalanse alt i 2019.

Føresetnadane for å klara det - og for å

sikra inntekta på sikt - er høgst usikre.

Kostnadsauken dei neste åra er rekna til

1,4 milliardar kroner. Dei produksjonsavgrensande

tiltaka, som er meint å auka

sjansen for å ta ut betre pris i marknaden,

er ikkje konkretiserte på svin. Ordlyden

i avtala er her prega av atterhald og

mange punkt som skal «greiast ut» – alt

medan overskotet er stort og importen

aukar.

Det nye strukturtilskotet til mindre

mjølkebruk kan også visa seg å bli eit

kortliva - eller reint livsforlengjande –

påslag. I tillegg til sannsynleg overskot

av mjølk ved bortfallet av eksport av

Jarlsberg i 2020, står store investeringar

for fjøsdøra. Endringane i forskrift

for hald av storfe som trer i kraft i 2024,

og lausdriftskravet i 2034, representerer

viktige vegskilje. Kor mykje mjølk treng

me eigentleg, og kor mange bønder heng

med i lengda?

Det er positivt at iallfall nokre bønder

har fått høve til å auka inntektene. Med

eit stortingsfleirtal som er for kronemessig

lik utvikling, kunne faglaga oppnådd

meir? Marknadsubalansen tyngjer,

men overproduksjonen skuldast ikkje

produksjonsivrige bønder aleine. Dersom

ikkje faglaga bit meir frå seg under

ei blågrøn mindretalsregjering – kva tid

skal dei då gjere det?

Oppgjeret handlar sjølvsagt også om

meir enn kroner og øre. Jordbrukspolitikken

er ikkje til berre for bøndene, men

for å gjennomføre det samfunnsoppdraget

det er å fø folket. Kva har samfunnet

att for jordbruksoppgjeret 2018?

Retninga står seg, svarar avisa Gudbrandsdølen

Dagningen, og held fram:

Sjølvforsyninga blir ikkje betra, gjeldsutviklinga

blir ikkje endra, strukturutviklinga

blir ikkje endra og forholdet mellom

bruk av jord og bruk av kraftfôr blir

ikkje endra.

Med andre ord - det er mykje som tyder

på at årets avtale neppe blir meir enn ei

justering av dei liberale hovudlinene frå

2014. Oppgjeret kunne definitivt vore verre,

men det utgjorde også eit tapt høve

til ei reell og naudsynt kursendring for

landets viktigaste næring.

BONDEVENNEN Nr. 17 - 1. juni 2018 3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!