31.05.2018 Views

bv1718

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MI MEINING

Årgang 121 • Nr. 17 • 1. juni 2018

120 år

2 018

1898

«All omsetnad av

geitemjølkkvotar

burde gått via

staten »

Satsa nytt på

gammal rase

Etterlyser sjølvjustis i næringa

– Me ser svært høge prisar på kjøp og leige av kvote,

seier geitebonde Hege Gonsholt.

Jane Brit Sande

Hege Gonsholt er geitebonde i Vinje, styremedlem

i Telemark Bondelag og leiar

i Tine produsentlag Haukeli, geit. Ho er

nøgd med at partane i jordbruksoppgjeret

kom til ei avtale, og med geita sin plass i

den. Dei nasjonale føringane for forvaltninga

av IBU-midlar i 2019, er ho derimot

skeptisk til. I dei står det at geitemjølkprodusentar

kan søke om ekstra investeringstilskot

dersom dei vil selje kvoten, og

omstille til ein annan produksjon.

– Eg vonar me har nådd eit botnnivå i

tal på geitemjølkprodusentar, og at ingen

vil nytte seg av tilbodet om investeringstilskot.

Me er ikkje fleire enn me må vere

for å halde på eit godt produsentmiljø.

Så lenge det ikkje er gjort noko med andelen

ein må selje til staten oppnår ein

heller ikkje det som er hensikta med tilskotet,

seier ho.

– Dette var noko som kom inn i avtala

i fjor, og som blir tatt med igjen i år. I fjor

kom det også ei oppkjøpsordning for geitemjølkkvotar,

som ikkje blir vidareført i

2019, etter kva eg kan sjå.

Oppkjøpsordninga og ekstra investeringstilskot

skulle bidra til å redusere

produksjonen på landsbasis.

– Men det har i liten grad redusert

volum og heller bidrege til å drive opp

prisane. Me ser at det no er svært høge

prisar både på nye leigeavtalar og kjøp av

kvote, seier Gonsholt.

Dei få produsentane som har selt kvoten

sidan ordninga kom, har ikkje selt

meir enn dei obligatoriske 20 prosentane

til staten, i følgje Gonsholt. Dette utgjer

kring 68.000 liter.

– I ordninga fastsette staten 12 og 15

kroner literen. På den private marknaden

har me sett kvoteprisar til meir enn

30 kroner literen, seier ho.

– Er det lønsamt å kjøpe kvote til den

prisen?

– Ei kvote kan vere ei god investering,

men det burde vore meir sjølvjustis i næringa,

medgir ho.

– Eg saknar meir diskusjon rundt kvoteordningane.

Det er eit stort minus at det

ikkje kom med noko om kjøp, sal og leige

av kvote i avtala, i denne omgang.

Gonsholt vil at staten skal ha ei anna

rolle i kvotemarknaden.

– Med tanke på at det er få føretak

som driv med geitemjølk burde all omsetnad

av geitemjølkkvotar gått gjennom

staten til føreseielege prisar. Nå tappast

næringa for store midlar, både ved kvoteleige

og privat omsetning.

– Er det fortsatt ei framtid for geitenæringa?

– Ja, eg vel å tru det! Ingen lagar så

fine kulturlandskap som geita, og me

har verdas friskaste geiter. Men me er

avhengige av sal, og å få fram gode produkt

som kundane vil ha.

Framside: Nils Ove Nordland, Sandnes i

Rogaland, selde mjølkekvoten, for å

satse på kjøtproduksjon av rasen Tiroler

Grauvieh. Foto: Jane Brit Sande

DENNE VEKA I BONDEVENNEN

REPORTASJAR

Gamle genar i moderne

marknadskanalar.............................................................................10

Tilbyr KSL-hjelp og tilsynsbistand.........................24

AKTUELT

Jordbruksoppgjeret 2018....................................................... 6

Smått er godt – på papiret..................................................18

FAGLEG

Hva tenker du om Mattilsynet?....................................14

Karbonfangst i moderne eplehagar.....................16

DESSUTAN

Jord.........................................................................................................................21

Moldrok.............................................................................................................22

Lesarbrev.......................................................................................................26

God helg...........................................................................................................27

Faglag og møte.....................................................................................28

VEKAS SITAT

«– Kva er eit lite

bruk, dersom

20 kyr ikkje er

stort nok? »

SIGURD ÅRHUS

SIDE 18

BONDEVENNEN Nr. 17 - 1. juni 2018 5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!