31.05.2018 Views

bv1718

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

AKTUELT JORDBRUKSOPPGJERET 2018

Avgjerande mjølketilskot

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner det nye mjølketilskotet

er eit målretta tiltak for styrking av ryggrada i norsk mjølkeproduksjon.

Sjur Håland

Bondelagsleiaren representerer gruppa

med distriktsbønder med dei største

utfordringane. Han er gjennomgåande

nøgd med årets jordbruksoppgjer.

– Kva vil det nye mjølketilskotet til små

og mellomstore mjølkebruk ha å seia for

ditt fylke?

– Det er avgjerande viktig. Me har

vore opptekne av arealutnyttinga i distrikta

og framtida til mjølkebruk med besetningar

på mellom 15-30 kyr. Bønder

som driv i meir eller mindre nedbetalte

driftsbygningar har klart seg på eitt vis,

men for dei som har investert i nye fjøs,

eller er i ferd med å gjennomføra slike

investeringar, har lønsemda vore svært

vanskeleg. For desse vil det nye tilskotet

vera særleg viktig. Dette er eit målretta

tiltak mot ryggrada i norsk mjølkeproduksjon

som me ikkje har hatt før.

Vestlandet på alvor

– Det er ein del snakk om optimisme blant

bøndene i fylket ditt om dagen, kva vil årets

oppgjer få seia for stemninga i landbruket i

Sogn og Fjordane?

– Oppgjeret vil slå positivt ut, trur eg.

Partane i jordbruksforhandlingane har dei

siste åra hatt ulike insitament for innretting

av landbrukspolitikken, og sett forskjellig

på marknaden si rolle i høve til

produksjonsregulering. Ut frå årets oppgjer

kan ein tolka at alle partane vil behalda

matproduksjonen på Vestlandet. Me

har rett og slett fått eit jordbruksoppgjer

som tar landsdelen sine behov på alvor.

Dei nye verkemidla gir også von i høve til

framtidige oppgjer. Når staten sine representantar

ser behovet for tiltak, er det eit

teikn på at bøndene no har flytt på regjeringa

sin ståstad og ikkje motsett.

Kvotepris og renteauke

– Kva skulle du gjerne sett annleis i årets

oppgjer?

– Eg hadde håpa på meir konkrete

marknadsreguleringstiltak. Kostnadane

kring leigekvotar og kvotekjøp er ei stor

utfordring som framleis ikkje har blitt

løyst. Mjølkekvoteprisane utgjer den

mest galopperande kostnadsveksten i

mjølkeproduksjonen.

Kostnadsveksten er ein ukjent faktor i

høve til jordbruksoppgjeret. Ekstra utgif-

Kyr på alvor: Det blir beitande kyr å sjå på Vestlandet også i åra som kjem.

– Me har rett og slett fått eit oppgjer som tar landsdelen sine behov på alvor, meiner Anders Felde.

6 Nr. 17 - 1. juni 2018 BONDEVENNEN

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!