26.10.2022 Views

Programbok 2022

  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

skriv for. Med sin kunstnariske profil har DNJ ei målsetting om å skapa sterke uttrykk

som rører publikum. Til Hardanger Musikkfest kjem Studiokoret (15–26 år),

med musikk både frå sitt folkemusikkrepertoar og nyskrive verk.

ERLEND APNESETH

Erlend Apneseth er ein av landets leiande felespelarar og har motteke ei lang

rekkje prisar, deriblant Grappas Debutantpris, Rolf Gammlengs pris, NOPAprisen,

samt fem nominasjonar til Spellemannprisen. Han har skrive bestillingsverk

til blant anna Kongsberg Jazzfestival, Førdefestivalen og Ultima, og samarbeida

i 2021 med komponisten Ørjan Matre om eit nytt verk for hardingfele og

Det Norske Kammerorkester. Apneseth har forutan folkemusikken fordjupa seg

i improvisasjon og alternative klang- og pizzicato-teknikkar på hardingfela, og

står fram som ein utøvar med eit heilt særeige uttrykk. Erlend Apneseth gjestar

Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

ERLEND APNESETH TRIO

Erlend Apneseth Trio er eit av Noregs mest innovative og aktive band, som

sameinar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika på ein heilt særeigen

måte. Bandet har hausta lovord, prisar og nominasjonar for sine fire albumutgjevingar

på det renommerte plateselskapet Hubro. Turnering i store delar av

Noreg og Europa dei siste fem åra har begeistra både nye og tilbakevendande

konsertgjengarar. Samtlege album har vorte nominert til Spellemannprisen, og

dei fekk prisen for albumet «Salika, Molika» (2019) saman med Frode Haltli.

Trioen er sett saman av Erlend Apneseth (hardingfele), Stephan Meidell (gitar/

live-sampling) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/perkusjon). Dei er alle kritikarroste

utøvarar og komponistar på sine felt, og deira improvisatoriske tilnærming

gjer kvar konsert til ei unik oppleving.

FLORIAN DONDERER

Den tyske fiolinisten Florian Donderer er rekna som ein av dei mest spanande

fiolinistane i sin generasjon. Han er kjent for sitt eksepsjonelt vakre spel,

usedvanlege teknikk og slåande intensitet. Han er ein mangfaldig utøvar, høgt

verdsett som kammermusikar, solist, konsertmeister og dirigent. Florian er primarius

i Signum Quartet som i 2023 debuterer i Carnegie Hall i New York. Florian

Donderer er spesielt kjent som «spelande leiar», etter sine mange år som

konsertmeister i Die Deutsche Kammerphilharmonie Bremen, og har vore sterkt

medverkande til orkestret sin status som eit av verdas leiande kammerorkestre.

Han er også kunstnerisk leiar for Rottweil Musikkfestival, ein av Tyskland sine

eldste festivalar, og kuraterar i tillegg ein konsertserie i Sendesaal Bremen

49

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!