Programbok 2022
- No tags were found...
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Grøde
Hardanger Musikkfest 2023 finn stad 31. august
til 3. september 2023, og temaet er «Grøde».
Veke 35 vert eit nytt og fast tidsrom for festivalen. Dette er tida der seinsommar
og haust møtest, og Hardanger er midt i innhausting og foredling
av frukt og bær. Dette bakteppet skapar endå meir autentiske rammer for
festivalen, der lokale tradisjonar kan speglast i musikk og kultur.
Grøde er naturen si gjengjelding etter ein lang sesong med dyrking og
tolmodig pleie av jord og tre, og vert feira i mange kulturar med hausttakkefestar
og musikalske hyllester. Samtidig vil omgrepet Grøde omsetjast
godt i musikken sin retorikk, der tradisjonar og stilartar vert frø som spirer
vidare, vert hausta og foredla av nye tendensar, tider og tolkingar. Me
ynskjer å planta musikkfesten i ny jord og i rammer som aktualiserar lokal
forankring og ein kunstnarisk profil med blikket framover.
2023 er eit jubileumsår for mange komponistar, men istadenfor å fokusera
på enkeltnamn, ynskjer me å trekkja ei tidslinje frå 250 år tilbake og fram
til idag. Me dveler ved kvart femtiande år for å sjå kva milepelar og retningar
som har sprunge ut frå dei aktuelle jubilantane. Parallelt følgjer me den
lokale historia til dyrking av frukt i Hardanger.
Bøndene byrja å pressa eple til saft
på 1700-talet, og her startar også vår
musikalske tidslinje.
I 1773 vart Jens Christian Djuurhus fødd, den første poeten som skreiv på
Færøisk. Han fornya den gamle folkelege kjempevisediktinga, og er kjent
for sine færøyske balladar, satiriske dikt og kvad. Dette er materiale som
er ytterst lite tilstades i dagens kulturliv, og me ynskjer å markera hans
250-årsjubileum med å trekkja fram denne diktarkunsten i musikalsk drakt
64