18.11.2022 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2017

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Tore Aurstad

Skrekkens mestere

Cappelen Damm 2017

Presentert av Stig Elvis Furset

Allereie i tidlege barneår var eg fascinert av det mørke og morbide. Då eg

var ti år gammal, i fjerde klasse, fekk vi ei stiloppgåve kor vi kunne skrive

om kva vi ville. Eg skreiv ei ”heimsøkt hus”-forteljing.

Den handla om ein familie på fire som

flytta inn i eit hus ved ein mørk skog. Dei

flytta inn dit på hausten, når kveldane likna

natt. Huset var gammalt. I dag ville eg

kalt det eit oppussingsobjekt, for å skape

ei realistisk ramme rundt forteljinga. Men

realisme var ikkje målet med min stil. Eg

kom fort til poenget: Det kvilte ei forbanning

over huset.

Det hadde det gjort i fleire år. Etter at

faren i familien som bygde huset hadde

drepe resten av familien med øks. Historia

med øksedrapa gjentok seg opp gjennom

åra. Inntil ”min familie” stod for hogg. Eg

kan hugse at eg vart skremt då eg skreiv

stilen. Av denne faren som slakta ned heile

familien sin. Begynte med kona. Heldt

fram med borneflokken. Før den siste stod

for tur: Han sjølv.

Eg vart skremt med ei stille, indre

fryd. Over at eg no bevegde meg heilt på

grensa. Grensa for kva eg kunne skrive om,

og korleis eg gjorde det. Som tiåring. På ein

barneskule.

Lærarinna vår då? Som hadde vore

misjonær i Afrika! Korleis reagerte ho?

Forbiletleg. Ho skreiv kun ein kommentar

under stilen: ”Nifst!”. Eg meiner, ho kunne

ha sendt inn ei bekymringsmelding. Ho

kunne ha spurt foreldra mine om det var

skjedd noko spesielt. Men ho gjorde ikkje

det. Ho gav meg berre dette eine komplimentet:

Nifst!

Nifst blir det også i antologien

Skrekkens mestere, redigert av Tore

Aurstad. Han har gått historisk til verks

når han har sett saman utvalget. Vi startar

med Edgar Allan Poe og Bram Stoker, er

innom Joyce Carol Oates og Stephen King,

før vi endar opp med den meir ukjente

Nathan Ballingrud. Der kryssar eg av i margen.

Ballingrud si novelle «Solbrent» viser

at vampyrane ikkje er utbrukt.

Boka kan lesast som ei samling av sjangerens

grunntekstar. Det er også ein kavalkade

over sjangerens monstrøse arketypar.

Her er levande begrevne, sjømonster og

spøkelse. Eit høgdepunkt er zombie-rottene

i «Fyret på Daumannskjær» av Georges-Gustave

Toudoze.

Dessutan er det heimsøkte hus. Som

alltid er til stor inspirasjon for min indre

tiåring.

9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!