19.01.2013 Views

Utgåve nr.1 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.1 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.1 - Fylkesmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fylkesmagasinet 01 / 2010

Walaker hotell

– ingen eldre!

Det var bransjebladet Hotell,

Restaurant og Reiseliv (HRR)

som sette i gang undersøkingane

som skulle kåre landets eldste

hotell. Til slutt sat ein att med

tre: Sundvolden Hotel på Ringerike,

Hopstock Hotell i Vik og

Walaker Hotell i Solvorn. Når

røyken la seg var det Walaker

som stakk av med førstepremien:

Tittelen landets eldste

hotell i samanhengande drift.

Drift sidan 1640 kan ingen

andre skilte med. Det var på den

tida den første kjende drivaren,

Morten Ellingson, dukka opp i

historiske kjelder som gjestgjevar.

Sannsynlegvis har hotellet

endå eldre røter, men desse kan

ikkje dokumenterast, slår HRR

fast og konkluderer med at det

er ingen tvil om at Walaker er

eldst.

Nok ei gledeleg overrasking

for hotellet som året før fekk

årets høgaste skåre i DN sin

hotelltest.

Luster / I år er det minst 370 år sidan

Walaker Hotell tok i mot sin første gjest.

Det gjer hotellet til Norges eldste hotell i drift.

Walaker Hotel anno 1865. Truleg det eldste biletet som

finst av hotellet.

– Vi visste vi var gamle, men ikkje at vi var eldst.

Men det er mange som har meint lenge at vi var

det! At HRR til slutt kom fram til dette er jo stort

og spennande. Det er rart å tenke på at det har

vore drive denne typen «butikk» her i 370 år,

reflekterer han.

Gledeleg overrasking / Enno er statusen så

fersk at eigar Ole Henrik Nitter Walaker ikkje heilt

har fått summa seg.

– Kåringa kom i oktober 2009, så vi har ikkje

blitt heilt vande med statusen som Norges eldste

hotell enno, slår han fast med eit smil. – Men det

er klart dette er noko vi kan og skal bruke i marknadsføringa

framover. Det er no eingang slik her i

verda at ingen hugsar kven som vart nummer to

eller tre i OL. Så det er ein flott tittel vi har, det er

berre eitt hotell i Norge som er eldst. Og ingen

andre kan gå forbi så lenge vi er i drift. Vi har berre

ikkje fått smakt på det så mykje enno, konstaterer

han.

Statusen som eldst skal komme gjestane til gode.

– Vi kjem til å markere kåringa gjennom året, på

fleire vis. Blant anna med spennande kunstnarar i

galleriet vårt, og ekstra fokus på god vin og formidling

av historia vår til gjestane. Kvar dag etter

middag brukar vi å ta gjestane våre med opp i gal-

På veggen i resepsjonen heng bilete av dei tidlegare drivarane

av det ærverdige hotellet i Solvorn.

leriet og fortelje laust og fast frå historia til Solvorn.

Den biten skal vi skreddarsy meir i år. Og så

skal vi spandere litt ekstra på gjestane våre. Den

viktigaste marknadsføringa vår er fornøgde gjestar

som kjem attende, og fortel til vener og kjende at

dei har hatt det flott på Walaker. I 2010 skal vi ta

ekstra godt vare på alle, samstundes som vi som

jobbar her skal kose oss ekstra mykje i jobben vår.

Gjestane skal merke at vi er glade, fornøgde og gler

oss over at vi har det eldste hotellet i landet, slår

han fast.

Stolt familiedrivar / Familien Nitter Walaker

har nesten like langt historie med hotellet som

hotellet sjølv.

Dei kan ikkje skryte på seg 370 år som hotelleigarar,

men det er ikkje langt unna.

– Vi har til no fokusert mest på året 1690, som

var det året familien tok over hotellet frå den tidlegare

eigarfamilien. Sidan har vi hatt drifta av hotellet.

Eg er niande generasjon som styrer hotellet,

fortel Ole Henrik.

Neste generasjon er alt i boks.

– Theodor er tiande generasjon Nitter Walaker,

så vi får tru overtakinga er sikra om 30 års tid eller

så, smiler Ole Henrik. – Det har historisk sett alltid

vore guten som tek over, sidan Birgitte og Kris-

ten Nitter. Bortsett frå i femte generasjon, då Mette

Nitter Walaker tok over, fortel han. I eit intervju

med bladet HRR lova han å utvide den nyleg starta

tiande generasjon frå dagens eine medlem for å

sikre familieovertaking når han sjølv legg opp.

– Var du noko gang i tvil om du sjølv skulle ta

over?

– Eg har vore andre stader og studert og jobba,

og samla erfaring. Eg hadde lyst å bli flygar, så ja,

eg vurderte andre ting. Men, det enda no med at

det hamna på hotellet. Eg har jo jobba her sidan eg

var liten, og fått drifta inn med morsmjølka. Det er

mykje arbeid, men ein flott jobb, seier han.

Ei ulempe – og ein fordel / Plasseringa til

hotellet i Solvorn, i fjordarmen Lustrafjorden nesten

innerst i Sognefjorden, kan ha sine ulemper.

Men det er også eit fortrinn.

– Sommartid kjem folk for å oppleve det unike

vi har i området som til dømes Urnes stavkyrkje,

Jostedalsbreen og den framifrå naturen som me

har i området. Urørt natur er stikkordet, og det er

det mykje av. Vinterstid er det ikkje like stor etterspørsel

etter det vi er gode på om sommaren. Då er

det andre ting gjestene ønskjer seg, som dei reiser

andre stader enn indre Sogn for å oppleva. Solvorn

ligg 3 km frå hovudvegen RV55, så vi er litt bort-

Utsikt frå terrassen mot Sognefjorden. Frå Solvorn kan du ta denne vesle ferja over til Urnes stavkyrkje.

gøymde, og det er ikkje alle som finn oss. Det gjer

at Solvorn er ein framifrå og roleg plass, som ikkje

blir uroa av gjennomgangstrafikk. Ein lyt nesten

vite om oss. Walaker Hotell er stengt for individuelle

ferietrafikk på vinteren, men er ope for kurs og

konferansar. Det er litt vanskelegare å få gjestar på

den kaldaste tida av året, så vi satsar mest på vår,

sommar og haust. Nokre av fordelane våre er spennande

møterom i vårt store kunstgalleri, Galleri

Walaker 300, samt stort utval i aktivitetar frå

lokale tilbydarar. Luster og indre Sogn har særs

mykje å tilby den som søker noko annleis, anten

ein kjem som individuell gjest eller skal arrangere

eit kurs.

Eksklusivt / Med 22 dobbeltrom, nokre med

høve for tre på rommet, og gamle bygg som krev

vedlikehald, gjev det seg sjølv av Walaker er meir

eksklusivt enn eit moderne hotell i vegkanten.

– Vi er eit lite hotell så vi er litt dyrare, men det

må det være for at alt skal vere i stand, reint, fint

og restaurert. Vi kan såleis ikkje konkurrere med

store og moderne hotell på pris. Samtidig er storleiken

ein del av styrken vår: Som små har vi betre

tid til kundane og kan ta betre vare på dei. Vi har

rett og slett høve til å gje meir av oss sjølve. Vi legg

mykje i å gje dei ei totaloppleving, frå maten til ser-

Hagen framfor hotellet innbyr til konversasjon og rekreasjon.

Ole Henrik Nitter iWalaker tek oss

imot ein kald desemberdag i 2009.

– Hotellet er vinterstengt (ope for

grupper), men det er saktens meir

enn nok å halde på med i løpet av

dei månadane vi har stengt. Det er

heile tida noko som må pussast opp

eller restaurerast, seier han.

vicen og det unike i sjølve hotellet.

Vi deler av oss sjølv og den

rike historia vår. I dag er vi jo og

i ein gullalder for små trehotell.

Går ein 30 år tilbake skulle folk

berre bu i moderne betongblokker,

men i dag sel det som er

annleis veldig godt. Folk vil

gjerne bu i unike trebygg, der

det knirkar og knakar og er

annleis. Og så legg vi mykje vekt

på for eksempel å ta i bruk

lokale råvarer, blant anna lagar

vi vår eigen heimelaga eplejuice

som alle gjestane får, seier han.

– Og så har vi ein veldig god

arbeidsstokk, som gjerne byrjar

her når dei er 17-18 år gamle,

og så blir dei her i 6-7 år. Vi ser

helst at dei er lokale, og at dei

har gode haldningar til livet,

avsluttar Ole Henrik.

Tekst / Roy Sunde

Foto / Roy Sunde, Tore Fossen og private

bilete frå Walaker Hotel

Interiøret i det gamle hotellet er halde i gammal stil, men

likevel funksjonelt.

10 11

Ole Henrik Nitter

Walaker hagen

framfor hotellet,

med kanskje 10.

generasjons

hotellsjef på

fanget.

Fylkesmagasinet 01 / 2010

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!