Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
eiendom

På eigedomssida er det stadig saker og ting

som skjer. Denne vinteren har me fått unna

fleire prosjekt. Spesielt merkar me eit par

endringar.

Undervisingsverkstaden har fått eit etterlengta

tilbygg og oppgradering. Inngangspartiet og det

gamle kontoret er gjort om til garderobe. I den

andre enden av bygget er det sett på ein vinkel

med eit grupperom, nytt kontor og lager. Her er

undervisinga godt i gang i nye lokale. No står det

igjen og sjå om me får fornya litt også i den gamle

delen av bygget. Uansett vil me male heile bygget

utvendig no i sumar.

Borgen ser me at me kjem til å få god bruk for

framover. Diskusjonane om den skal rivast er lagt

28 VAlhilSen 2|2012

vekk. I vinter har det vorte innreia eit nytt baderom

på eit av romma i andre etasje. Det er laga til to

toalett og to dusjar, så no treng dei ikkje gå ned i

kjellaren lenger for å få seg ein dusj. Dette er tatt

godt i mot av dei som bur der og me vil gjerne takke

for at dei har vore tolmodige medan dei har venta

på dette! Utvendig er planen at me i august skal

legge skiferen tilbake på taket, etter at den har vore

nede nokre år på grunn av at den losna.

Håkon Valen merkar nok godt at han har fått renovert

badet sitt i Smiåsen. Det var heilt nødvendig

på grunn av stor fare for vasslekkasje. Med omgjeringa

i fjor sommar, så er det no berre eit bad som

ikkje er renovert i dei fire husværa som er der.

Elles er det gjort mange mindre utbetringar. Med