26.07.2013 Views

årsmelding for nordmøre museum 1995

årsmelding for nordmøre museum 1995

årsmelding for nordmøre museum 1995

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

«havet» var festa til tvo stavar som rakk litt over dei andre, desse stavane kallast

«ørstavar» og det var hol i dei. Havet var ein bøygle av tre med tilsvarande hol

i kvar enden. Havet var bøygd innom ørstavane og festa til bøtta med ein trenagle

gjenom kvar «ørstav» og hav. På ytre sida var eit hovud på naglen og innafor

var bora eit lite hol gjenom nagla med ein liten tresplint («varsneis») gjenom.

Denne naglen heitte «bøttknap».

Fig. 18. Ill.: Edv. Vatn 1938

Bøttehavet var gjort av seigt og bøygeleg treslag, som selje eller hegg.

I «stava» brukte dei å gjeva kalvane «skole» (drik med grautbetar, potet o.l.

i) elles var den vel bruka til geitemjølkoppa også. Botnen var i båe tilfelle, «log-

ga» inn.

Det var vel rimeleg at den var større til kumjølk enn til geitemjølk. Til å gjeva

grisene av brukte dei ei simplare bøtte som var kalla «grisbøtta». Elles var

«grisbrye» det vanlege å ha grismaten i både til stor- og smågris. Til smågrisen

brukte dei små «bryor» (ein uthola trestokk, flatrøya under og ca. 40-50 cm

lang). Til å gjeva kalvane av, var «stava» eller ei bøtte det vanlege.

B lekkbøttor kom i bruk for umlag 40 år sidan - ca. 1890-1900.

Til å bera inn mjølka frå fjøset i kunde dei bruka ei større bøtte, men mest var

vel «dallen» bruka. Han stod gjerne ute i fjøsgangen eller utfor fjøsdøra. Var

det mykje mjølk, hadde dei bruk for tvo dallar og da var dei borne inn i selet i

«børtre» (vatssele).

«Dallen» var gjord av trestavar med tvo ørstavar. Botnen var logga inn som

på ei bøtte. I øvre kanten var utskoren ein «fals» på innsida, og på loket var ein

tilsvarande fals på undersida, slik at loket gjekk litt ned i dallen med undersida,

og ut på randa av dallen med oversida. Tvers over loket gjekk eit tvertre med

40

«neverhol» gjennom, som var «rekspona» fast til loket. Dette tvertreet kallar vi

«dalshevelen». I eine enden av denne var ei fast stikke som gjekk inn i eit hol i

eine ørstaven. I andre enden av «dalshevelen» var bora eit hol og tilsvarande hol

i andre ørstaven. Når ein hadde lagt loket på, sette dei so «dalstikka» inn gjennom

desse hola, og dermed var dalslåket fast. Slike dallar brukte dei både til

mjølk og rømme. På mjølkdallene var ikkje mysetapp, ellers var dei like.

Tresil var det vanlege frå gamalt

av og var vel i bruk til ca. 1890 åra.

Han såg slik ut:

Fig. 19. Ill.: Edv. Vatn 1938

Fig. 20. Ill.: Edv. Vatn 1938

Silen var gjord av heilt tre.

Helst av ei «rikk-kule» som

ofte veks ut på stomnen av

gamle furuor. Silen kunde

vera rund, men også noko

avlang. Sjølve sileinnretninga

var laga av kutagl =

koka kurompehår i einelaug.

Det kunde vel vera fletta laust saman, men oftast bunde samen med bundingsstikkor

på ein serleg måte til ei flat hårplate. Namnet var vel sume stader «silhåra»,

men eg minnest mykje nemninga «silhårmus».

Fin, frisk einebær var ofte brukt til å legge i mjølkedallane, so ikkje mjølka

skulde skvaple ut under dallslåket, når vi bar heim mjølka frå sætra.

Mjølka var alltid sila i ringjor. Ringja var oftast rund, men eg hev også sett

ovale. Sume hadde ein ørstav med handtak i, desse kaltes «ørringjor». Traug til

å ha mjølk i hev ikkje vore bruka i manns minne. Var ringjone gjesna (lek) var

dei gjerne sett i vatn dagen før dei flytta til sæters, so dei var trutna. Elles var det

koka «sætersupe» av første «kveldsmålet på sætra, dersom det ikkje var alt for

mykje mjølk då. (sjå um Sæterflytting seinare).

Dei gamle ringjor er bruka framleis, der dei ikkje brukar separator; og sjølv

um dei brukar det, er «åfal 1 ringja» brukt um reisande folk ynskjer kjøpa.

Når mjølka var syra so mykje at ein kunde ta rømmen av ho, sa ein at ho

«laup» eller var «lopa», og når rømmen var teken av, var det «nylopa» mjølk.

41

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!