26.07.2013 Views

Spraknytt 2007 - Språkrådet

Spraknytt 2007 - Språkrådet

Spraknytt 2007 - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

adj. Alle dei avstytte oppføringsmåtane

føreset at brukaren kjenner konvensjonane

og kjenner systemet i språket.

Eitt ord – fleire oppslagsformer

Der oppslagsordet har fleire skrivemåtar,

skal båe stå som eige oppslagsord.

Men for å spara plass står informasjonen

om til dømes skole el. skule berre

etter den eine forma. Den andre forma

får tilvisingsartikkel. Ein tilvisingsartikkel

inneheld ein peikar frå eit

oppslagsord til eit anna, og er såleis

ein omveg til målet for brukaren. Slår

ein opp på skule i Nynorskordboka, må

ein slå opp igjen for å finna skole.

Grunnord med alternative former

er ofte viktige ord som er førsteledd i

mange samansetningar. Da er det òg

gjerne slik at ein del av samansetningane

oftast har den eine forma som

førsteledd, medan den andre dominerer

i andre samansetningar. Rettskrivinga

godtek likevel båe førsteledda for

alle samansetningar. Men det finst

unntak. Eit døme er skott- el. skudd- på

bokmål. Somme samansetningar skal

berre skrivast med skott-, medan dei

fleste kan skrivast med både skudd- og

skott-. Informasjonen om dette blir

handtert ulikt i til dømes Tanums store

rettskrivningsordbok (same informasjon

om samansetningar med valfridom

står under båe førsteledd), Bokmålsordboka

(alle ord med valfritt første-

Läderlapp er et dyrenavn, og som vi

ser av bokstaven ä, er ordet svensk.

Oversett ordet direkte til norsk, bruk

Hva betyr läderlapp?

ledd står samla under skudd-, men har

fullt tilvisingssystem til dei andre formene)

og Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner

(nokre ord med skott- står som

eigne oppslag, men utan opplysning

om samanhengen med skudd-, resten

står samla under skudd-). I det siste tilfellet

får ein altså ikkje vita at skott og

skudd har same opphav, og at dei er

sidestilte i rettskrivinga.

Idealordboka skal frå brukarsynsstad

ha både ordklasse og fullskrivne

bøyingsformer for alle oppslagsord –

eventuelt fleire sett, om det er fleire

godtekne bøyingsmønster. Dessutan

skulle alt det andre ein treng å vita, til

dømes om opphav, tyding og bruk,

vera lett tilgjengeleg.

Alt dette er mogleg i ei elektronisk

ordbok. Ordbøker er som skapte til å

lagrast i databasar. Elektroniske ordbøker

har ingen plassgrenser, og ein

kan søkja mykje meir spesifikt enn når

ein blar i ei papirordbok. Nettversjonane

av Bokmålsordboka og Nynorskordboka

har den same informasjonen som

papirutgåvene, men gir betre høve til

søking, i og med at ein kan søkja etter

bøygde former og gjera fritekstsøk i

heile ordboka. Men ei elektronisk norsk

ordbok som utnyttar databaseformatet

til fulle, er enno ikkje tilgjengeleg.

Artikkelen held fram i neste nummer av

Språknytt.

fantasien og finn svaret på hvilket dyr

det er!

Løsningen står på side 32.

16 S P R Å K N Y T T 1 / 2 0 0 7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!