29.07.2013 Views

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Austevoll kyrkjeblad nr 3/2011

Vinnesvåg Søndagsskule

Vinnesvåg søndagsskule blir drevet i bedehuset på

Vinnesvåg, slik den har vert gjort i mange år. I mange

år no er det ledere frå Haukanes som har drevet

søndagsskulen, sidan det ikkje er nokon i bygda som

ynskjer å vera ledere. Me prøver å ha søndagsskule

annakvar søndag, men av forskjellige grunner har det

ikkje latt seg gjera dette siste halvåret. På ein vanleg

samling starter me med lystenning sang og bøn for

dagen. Det blir ein del sanger som barna lærer og

syng kvar gang. Me har og ein fortelling frå bibelen

som me forteller samstundes som me brukar flanellografen

til å illustrera, og forsterka inntrykket i fortellinga.

Barna får høyra frå det gamle testamente, der

me fortel om kjente personar, der dei er forbilder på

Jesus frelsaren som kjem, (er kommet.) Frå det nye

testamentet er det alt frå Jesus blei født i ein stall,

og livet han levde like til han måtte lida og stod opp

att, og til sist blei tatt opp til himmelen. Om Jesus

blei tatt opp til himmelen, så forsvant han ikkje ut av

denne verden, han lever mellom oss, og i oss, om me

ikkje ser han med våre augo. Barna får og fargelegga

ein teikning som har med dagens tekst å gjera, før

den blir limt inn i eit hefte, slik at dei samler på det

som dei har fargelagt. Eit par ganger i semesteret har

me søndagsfrukost (lunch) på sundagsskulen, der me

serverer rundstykker med tilbehør, det er populert og

barna koser seg i lag med foreldra og andre (besteforeldre).

Bileta er frå søndagsskulefrukosten nett før

påske. Barna får også klistremerke i frammøtekorta

sine, slik det alltid har vore tradisjon for å visa kor

mange ganger ein har vore på søndagsskule.

Så kan mange spørra om det er nokon vits å driva

søndagsskule i dag, om ikkje det er noko som er gått

ut på dato? Til det er det mange svar, men det er mykje

viktigare i dag å driva søndagsskule enn det var

før. Kor skal ellers barna få høyra om Frelsaren, Jesus?

Så til dåke som driv på med dette viktige arbeidet, stå

på, og Gud vil velsigna deg, og til deg foreldre kom

med barna til søndagsskule.

Med helsing frå Vinnesvåg Søndagsskule, Kari, Anne

Marie og Nils.

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!