29.07.2013 Views

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Austevoll kyrkjeblad nr 3/2011

storebø sundagsskule

Dette er intervju av Elisabeth

Midtgård teke over telefon

medan Stein Magnar var i

floren:

Kvifor går du på sundagsskulen?

- Der får eg læra meir om Gud

Har du gått lenge på?

- Ja.., ein 2 år, sidane eg var 3- 4 år

Kva gjer de på?

- Sitte på ein stol, får sundagsskuleblad,

klistremerke og Stein Magnar

les i Bibelen

Tykkjer du det er greit der?

- Ja

Er det mange som går der?

- Trur det er ein del

Kjenner du alle?

- Nei, ikkje alle, berre nokon

Leikar de av og til?

- Jada

Kva har du lært om Gud?

- At dei.., at Jesus.., dei her på jorda..,

2 folka i templet, han eine takka

Gud for pengar, han andre bad til

Gud at han kunne få tilgjeving viss

han hadde gjort noko gale.

Er det plass til fleire på sundagsskulen?

- Ja

Intervju med Bjørn Inge,

7 år.

Kvifor går du på

søndagsskule?

Eg går på

søndagsskule

for og læra om

Gud og Jesus.

Kva gjer de på

søndagsskulen?

Me tegner Gud, Jesus, fiskar og

småroboter. Me leser i bibelen og

synger. Om vinteren aker me i bakkane

hos Stein Magnar.

Ynskjer de å stå på mailinglista

til søndagskulen på

Storebø, så send mail til:

steinmagnarkalvenes@

hotmail.com

Velkomne skal de vera!

Stein Magnar Kalvenes

BEREDSKAPS-ORDNING I KYRKJA

På kvardagar etter kl 1700, og i helger/høgtider (heile døgnet), skal følgjande

beredskapsnummer nyttast ved behov for prest: 95482459. Dette

gjeld ved kriser og andre ting som ikkje kan venta til vanleg kontortid…

Ein vil då treffa på ein prest i eitt av nabo-prestegjelda som kan yta assistanse

og hjelp. KAB

Besøksteneste retta mot eldre,

einsame og sjuke

Austevoll sokneråd sitt diakoniutval arbeider med å få organisert ei

besøksteneste i kyrkjelyden. Eit arbeid som no er godt igong. Utvalet har

m.a. arbeida med å registrera personar som ynskjer besøk, men vantar

framleis nokre personar til å gå på besøk. Me vil understreka at dette ikkje

er eit evangeliseringstiltak, eller ei teneste der du må ta på deg oppdrag

for pleietrengande. Du skal vera ein ven, prata om laust og fast, lytta,

kanskje gå eit ærend, gjera dagen litt lysare for nokon som sit mykje åleine

og som heilt sikkert vil bli svært glad for å sjå deg.

Om du kunne tenkja deg å bli ein besøksvenn, setja av ein time eller to,

når du måtte ha tid, så ta kontakt med Øystein Rabben, tlf. 92695320, eller

Austevoll kyrkjekontor tlf 55082600

Påminning om 50-års konfirmantjubileum

Då nærmar det seg nytt konfirmantjubileum og nye 50-års-jubilantar. Dagen

for jubileet er som alltid, fyrste søndag i oktober, altså søndag 2. oktober.

Jubilant i år er du som vart konfirmert i 1961. Voner du alt no set av denne

dagen og prioriterer 50-års-jubileet. Dette er ein av dei verkelege festdagane

i året og denne gongen er det du som vert invitert. Responsen etter desse

jubileumsdagane er overveldande. Jubilantane har kome både frå inn- og

utland for å få med seg denne opplevinga. Alle jubilantane vil få ei personleg

innbyding. Gled meg til å vera saman med dykk denne dagen. Jan-Tørres

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!