29.07.2013 Views

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

KyrKjeblAd - kyrkje... Austevoll

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

8 Austevoll kyrkjeblad nr 3/2011

Pinse; ei fantastisk høgtid

2. pinsedag 2010 var sundagskuleborna,

søsken og foreldre

på sundagsskule i Storevika,

heilt sør på Drøna. Nokre kom

med båt, andre gåande i det fine

veret.

Steinura vest i vika vart amfi og

alle borna hadde ein stein i den

eine handa og eit stykke rakved

i den andre.

Så las vi teksten om den fyrste

kykje pinsedag i Jerusalem. Me

skulle finna ut kva Gud brukte,

stein eller trevirke, til si kyrkje

den dagen. Det var litt vanskeleg

for det var ikkje direkte svar i teksten.

Ein av foreldra lurte på om

det var noko dei ikkje hadde fått

med seg….

Nei, Gud brukte nok mykje meir

verdfulle byggemateriale enn

stein og tre.

Gud byggjer kyrkja si av levande

steinar.

Vi er steinane Gud treng for å

byggja ein levande kyrkjelyd.

Og han treng alle sine ulike

menneskeskapningar i dette

byggverket, alle passar like godt

og er din plass tom kan ingen

erstatta deg. Læresveinane fekk

Den Heilage Anden som synlege

eldtunger. Me er døypte i namnet

til Gud Fader, Jesus Kristus og

Den Heilage Ande, og vårt synlege

teikn er vatnet.

Så var det mat, drikke, pinnebrød,

pølser til alle og bålkaffi til dei

vaksne. Medan dei koste seg

og prata, skulle me på skattejakt……..til

ei hemmeleg hole.

Det var litt nifst å krypa inn i

hola, og dei fyrste som fann skatten

satt musestille til alle var

komne inn.

Den store skatten i hola var

sjølvsagt ein Bibelen. Men so var

det ein ekstraskatt i eit forsegla

honningspann. Den måtte berast

tilbake til bålkaffigjengen og

delast med dei; nok risbrødsjokolade

til alle.

Denne sundagen, 22. mai 2011,

har me snakka om løftet Jesus

gav før han sa adjø til dei elleve

læresveinane. Borna lærer om

så mange religionar heilt ned i

småskulen at dei kan nesten går

seg ”vill”. Men på sundagsskulen

lærer me om Jesusvegen; der

hender det mange ting og me

går saman. Den eine røvaren som

hang saman med Jesus, han visste

vegen, for han spurde Jesus

om Jesus kunne hugsa på han

når han kom til sitt rike. Og Jesus

svarte at han den dagen skulle få

vera med til Paradis. Røvaren fant

vegen om enn det var i siste liten.

Tekst og foto Vivvi

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!