06 STUDENT hSf hSf STUDENT 07 fOrNybar ENErgI – gEOlOgI – laNDSkap – INgENIørfag fornybar energi bachelor Mariann Hegg, 21 år. kvIfOr STUDErEr DU fOrNybar ENErgI? – Det verka som eit spennande studium, eit studium for framtida. Menneskeskapte klimaendringar gir større behov for produksjon og bruk av fornybar energi. Med denne utdanninga kan eg ta del i samfunnsutviklinga og påverke kva konsekvensar denne har for miljøet. Då eg skulle velje utdanning vurderte eg alt frå ingeniør og lærar til økonomi. Men ved å studere fornybar energi får eg ei blanding av alt; teknikk, planlegging, miljø og økonomi. – I studiet er vi på mange ekskursjonar for å få sjå korleis teorien fungerer i praksis. Det er turar til bioanlegg, vasskraftverk, og vi skal også klatre i vindmøller. Faglærarane er veldig dyktige og entusiastiske på sine område, noko som smittar over på studentane. – Gjennom studiet får eg ein tverrfagleg kompetanse som opnar mange moglegheiter i jobbmarknaden. kvIfOr vIllE DU STUDErE I SOgNDal? – Det er passe stort her. Miljøet er heilt fantastisk, og du får lett kontakt med studentar også på andre studium. Eg set stor pris på den storslotte naturen som er like utanfor forelesingssalen. Lurkarlaget, Studentspretten og Studentsamfunnet har eit breitt tilbod av aktivitetar som gjer at du får gode vener frå ulike miljø. fakta om fornybar energi bachelor Du lærer om energiteknologi, økonomi, miljø og arealplanlegging. Utdanninga gir bakgrunn for jobb i energibedrifter, konsulentselskap, organisasjonar og offentleg forvaltning med oppgåver innan fornybar energi. Du kan byggje på bachelorgraden med ein master ved NTNU, NHH eller UMB. Les meir på hisf.no. geologi og geofare bachelor Erik Brenne, 27 år hva SyNES DU OM å STUDErE gEOlOgI I SOgNDal? – Ved å studere geologi ved HSF får man en bred tilnærming til hele faget, i tillegg til en ekstra fordypning innen geologisk risiko og skred. Det er et lite, men veldig kompetent fagmiljø her på høgskolen. Studentene får tett og god veiledning. Det blir undervist i blokker, så vi jobber med ett og ett fag. Det er veldig intensivt mens det står på, men det gjør at man får satt seg grundig inn i hvert enkelt fag. Det er også en fordel at eksamenene blir fordelt utover året. – Det fine med å studere geologi i Sogndal, er at vi har storslagne landskapsformer rett utenfor klasserommet! Spor etter tidligere geologiske prosesser er synlige flere steder, og det gjør at vi kan dra på mange lærerike ekskursjoner uten å måtte reise langt. fakta om geologi og geofare bachelor Du lærer blant annet om geologiske prosesser, om geofarer og om geologiske ressurser som mineral, vann og olje. Studiet gjør deg kvalifisert til praktisk orienterte geofaglige yrker. Du kan bruke bachelorgraden som plattform for videre studier mot mastergrad ved andre høgskoler eller universitet. Les mer på hisf.no. fakta om ingeniør elektro bachelor, spesialisering i automatiseringsteknikk Automatiseringsteknikk plasserer deg midt i skjeringspunktet mellom data og elektro. Du får kompetanse i elektronikk, data, styrings- og regulerings-teknikk, instrumentering og måleteknikk. Data er sentralt både som hjelpemiddel i dei fleste faga i studiet og som eigne emne i form av programmering, regulering, datainnsamling og datalagring. Les meir på hisf.no. Ingeniørfag elektro, spesialisering i automatiseringsteknikk bachelor Ingunn Vassbotten, 21 år kvIfOr STUDErEr DU ElEkTrOfag? – Fagvalet var eigentleg tilfeldig. Eg ønskte eit yrke der eg kan få jobb i framtida. Eg visste ikkje kva eg skulle bli, men eg hadde høyrd mykje positivt om faget. Vi er berre tre jenter i klassen, men vi har det veldig kjekt. Eg kjem frå Naustdal, så Førde er nært vener og familie. Det er ein liten skule, med høve til tettare oppfølging, sidan vi har undervisning i klasserom. Eg er veldig nøgd med studiet. kva vIl DU brUkE UTDaNNINga TIl? – Eg tenkjer å søkje jobb når eg er ferdig med bachelorstudiet, innan data eller elektronikk. Eg ønskjer ein jobb der eg kan trivst, og der eg kan få utfordringar, men eg har ikkje tenkt på noko spesielt.