14.09.2013 Views

Underdølen - juni 2011 - Oransje webdesign

Underdølen - juni 2011 - Oransje webdesign

Underdølen - juni 2011 - Oransje webdesign

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

nderdølen

for underdøler og venene deira – heime og ute

18. årgang * juni 2011 * kr 70,–

Gjett kva Kenneth, Tormod, Per Øystein, Atle, Sondre,

Per Rune og Torbjørn driv med! Les meir på side 6.

Les om aktive Anita på side 8!

BLADET FOR BYGDA

MED OVER 80

INNBYGGJARAR

Gode lesar av Underdølen!

I vinter har vår vakre og stille bygd opplevd ein del negativ

merksemd i media. Det me snakkar om er sjølvsagt Servicebygget.

Det har vore fleire oppslag i lokal- og regionavisene,

som har presentert steile motsetnader i saka. Det er ikkje

kjekt for ei bygd som til vanleg er kjent for vakker natur, ei

flott stavkyrkje og god geitost. Ja, og ikkje minst dugnadsånd

– å samarbeide til felles for bygda. Det som er heilt sikkert er

at bråket omkring saki gagnar verken oss som bur her, eller

dei som ynskjer å besøkje bygdi. No ser me fram til sommaren

med ferie og festival, trua på fred og fordragelegheit

og fint ver. Redaksjonen i Underdølen ynskjer alle lesarane

ein riktig god sommar!

Redaksjon

Hanna Hj. Borlaug, tlf 576 31 742, hanna_1958@hotmail.com

Anna K. Marstein, tlf 959 84 630, geitost@online.no

Anna K. Marstein er bladet sin faste fotograf

Ansvarleg utgjevar: Undredal Bygdeutvikling AS, 5746 Undredal

Eigar: Undredal Grendalag

Kontonr: 3745 30 28756 (OBS, nytt nummer)

Utforming: Oransje webdesign, Stange

Trykt hjå: Erik Tanche Nilssen AS, Skien på 130 g Profi silk

Opplag: 400

Send e-postadressa di! Meld adresseendring!

Det hender me skulle hatt kontakt med abonnentane våre fort.

Det hender og at abonnentane våre flyttar på seg. Det sparer både

dykk og oss for arbeid dersom de sender oss e-postadressa dykkar

og eventuell melding om ny adresse. Begge delar kan sendast

post@undredal.no

Bidragsytarar i dette nummeret

Tekst:

Inger Oline Øy

Hanne Lykkja

Sigrun Ytrefjord

Eldbjørg Wangen

Gerd-Mari Ahlin

Caroline Juul Jørstad

Gunhild Strand Borlaug

Anna Elise Borlaug

Leif Inge Underdal

Frist

2 | Underdølen - desember 2010

David Underdal

Aud Melås

Roald Underdal

Bilete:

Henning Øy

Pascale Baudonnel

Hanne Lykkja

Tilfeldig F. Passerande

Atle U. Borlaug

Ole Fretheim

Åremålsdagar – andre del av 2011

15 år Tore Stegen 29.09.96

20 år Sigrun U. Borlaug 21.07.91

Maria B. Underdal 09.11.91

25 år Anna Elise Borlaug 30.09.86

50 år Sigbjørn Skarsbø 19.07.61

55 år Lars Underdal 15.12.56

80 år Astrid Vindedal 06.08.31

Fødde

Bergit Torgersen 30.10.31

Aslaug Nedberge 01.12.31

May Kristin Underdal og Harald Vik fekk ein gut 30. mars

Dårdi Flåm og Espen Bjørndal fekk ei jente 23. april

Dåp i Undredal kyrkje

22. mai vart vetle Nikolai frå den russisk-ortodokse

kyrkjelyden i Bergen døypt. Me kjenner ikkje etternamnet

hans

Konfirmasjon

2. juni vart Tore Stegen og Simon Underdal konfirmerte i

Undredal kyrkje

Avlidne

Øystein Underdal f. 17.03.1920, vart gravlagt frå Vangen

kyrkje 02. mai 2011.

Info om betaling

Frist for stoff til julenummeret er 1. november, men me tek

imot bidrag fortløpande.

Send stoff – send bilete! Den 4. februar var det flo.

Det er mange som lurer på kva tid dei skal betale for Underdølen.

Me sender ut rekning på våren. Sommarnummeret skal

vere i posten før 20. juni, og julenummeret før 20. desember.

Det lettar arbeidet for oss om du sender oss e-postadressa

di, så kan me sende rekning og annan informasjon pr e-post.

Ta kontakt med redaksjonen om du har spørsmål!

hELSING LEIAR

Ord ved båra til Øystein

Øystein, du var ein heidersmann, veldig engasjert på

mange felt. Men først og fremst var du kjøpmann.

Det var som kjøpmann eg lærde deg å kjenna på slutten

av 70-talet. Me var då to

av tretten kjøpmenn - plukka

ut til å vera med i forsøksprogrammet

for nærbutikkar i

Sogn og Fjordane.

Føremålet var å driva meir

lettvint og lønsam butikk.

Det vart ein revolusjon for

oss alle tretten. Mykje nytt å

forholda seg til, entusiasme

og skepsis. Me lærde kvarandre

godt å kjenna gjennom

mange seminar som gjekk

over fleire år. Du, Øystein,

var ein som ofte ga utrykk

og tala med klar høg røyst -

kva du meinte når det syntes

gå over stokk og stein eller

noko var glimrande. “ De må

no skjønna og begripa” var

omkvedet ditt når du gav uttrykk

for dine synspunkt.

Me var begge med i styret

for Sogn Kjøpmannslag.

I begge desse fora var det sosiale ein svært viktig faktor. Og

her var du, Øystein, svært medverkande. Du var ein person

med eit lyst sinn og eit fantastisk humør og ein glad latter.

Du var ærekjær og ein stolt person. Du var stolt av bygda

di, stolt av kona di, Jensine, som du mista altfor tidleg, stolt

hjarteleg takk!

av familien din og stolt av det du hadde fått til.

Du ånda og levde for geitosten, og det opna seg nye moglegheiter

med den då bygda

fekk veg. Eg har aldri møtt

nokon som tala så varmt og

med innleving om ei vare som

du kunne når du i din iver la

ut om geitost frå Undredal.

Ein kunne formeleg kjenna

lukta både av geitedyret og

den skarpe ostesmaken.

Du sysla med osten til

det siste. Du heldt deg godt

i din høge alder, hadde god

helse. Me møttes på Undredal

brygge i fjor sommar. Som

90-åring baud du meg opp til

ein vals. Eg måtte berømma

deg for kor sprek du var og kor

godt du heldt deg. Du lika det.

Men det skulle bli den siste

dans.

Frå gode venner i Førsøksprogrammet

og Sogn Kjøpmannslag

vil eg bringa fram

ei siste helsing og takk.

Me lyser fred over Øystein sitt minne.

Gerd-Mari Ahlin, Slinde

Foto: PB

- til alle som gav minnegåve i samband med at Øystein Underdal

gjekk bort 25. april 2011.

Til saman kom det inn kr. 10.378,-, noko som kjem vel med når

ungdomslaget no står framfor ei større utbetring av ungdomshuset.

Familien og Undredal Ungdomslag

juni 2011 - Underdølen | 3

BYGDANYTT

Snøvinteren 2010-2011

Kven hadde trudd at me skulle få to vintrar så like etter

ein annan! Vinteren kom tidleg, og mange var ikkje

ferdig med å førebu hagen før vinteren. Blada hang lenge

på skogen i haust, og det var mange som beit seg merke

i det. Det kunne hende det vart ein hard vinter til, og at

han kom til å vare lenge. Mot slutten av oktober kom både

snøen og kulden. Det vart ikkje så mykje snø, men kulda

var hard utover seinhausten. Resultatet vart at hjå mange

fraus vassrøyr og vatnet med.

Desember vart den kaldaste månaden på om lag 40 år,

og det seier litt. Januar var litt mildare og februar kaldare

att. Det var kaldt nok, og nedbøren lavde ned som snø. Det

4 | Underdølen - juni 2011

var meir snø i vinter enn fjoråret. Ved å bruke skistaven

som mål, så var det lett å finne skilnaden frå i fjor. På flat

mark var det på det meste tett oppunder 1 meter. Store

svingingar i temperaturane i vinter gjorde at rasfaren vart

større enn fjoråret. Det var ikkje stabilt nok, og då vart det

utrygt å ferdast t.d. på dalen. Det gjorde sitt til at den gamle

stølsvegen ikkje vart like mykje brukt av oss skigåarar som

vinteren i fjor.

Vegstengingane kan du lese om i eigen artikkel. I midten

av februar gjekk Djupsåna, slik at ho demde opp for vatnet,

og så mykje at vatnet frå elvi flaumde over brui på ettermiddagen.

Då veret vart kaldt og stabilt, var det fint å fare

på ski over raset på veg til Langhuso.

Dyrespor er det nok av, berre ein gir seg tid til å sjå

etter. Likevel, samanlikna med førre året, så var det lite

harespor å sjå. Spor etter rev hadde auka frå i fjor, og kan

hende gaupa hadde vore ein tur på gamlevegen òg? Det

fekk me aldri stadfesta, men kan hende viltkameraet som

sto ei stund i Breiskreda har fanga opp noko…..

I midten av mars trudde vel dei fleste at vinteren skulle

vere over for i år. I alle fall håpa me på det. Då opplevde me

det verste uveret som me kan hugse, i lågareliggjande strøk

til no. Vegen til Langhuso vart omtrent ”vekke” i snøvêr

og vind. Alt gjekk i eitt, og det var umogleg å sjå kor ein

var på vegen. I eit slikt forrykande uver kunne det lett ha

skjedd uhell, men sneglefarten gjorde at me etter om lag

ein 20-25 minutt fann fram til E16 i Botn.

Når me tenkjer attende på vinteren i år, så var det ein

flott vinter. Det same med vinteren før. Det er lenge sidan

eg har måka så mykje snø, og for å vinkle det positivt, så

har det gitt oss masse trening. Då vegane i bygdi låg der

ubrøyta, så måtte vel det gi alle lyst til å vere ute å gjere

noko kjekt i snøen! Å ake Hjøllabakkane var kjekt, og gjekk

godt gjorde det òg. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar

sjølv, og det bør me hugse å ta vare på.

Tekst og foto: HHB

Ungdomshuset

Det er lenge sidan ungdomshuset fekk seg ein rundvask,

men i år skjedde det. Golv, tak og vegger, gardiner, skap

og skuffer vart vaska. Til og med flaggstonga fekk seg ein

omgang måling. Det var det John i Nigarden som sto for.

17. mai stråla huset som det ikkje har gjort på lenge.

Rv 601 stengd

Vegen mellom Langhuso og Undredal var stengd to

gonger i vinter. Første vart vegen stengt mellom tysdag 11.

januar om ettermiddagen og 12. januar tidleg på ettermiddagen.

Det kom eit lite ras denne gongen, men det var ikkje

større enn at det kunne ha vore rydda med ein gong. Men

vegvesenet valde å stengje pga fare for nye ras mens det var

mørkt/ikkje sette brøyemannskapet i fare. Så vart vegen

Tormod og Kjell flyttar

Dessverre forlet to gode krefter bygda etter påske. Tormod

Herre begynte som landbruksvikar i Luster kommune.

Han tykkjer det er godt å vere tilbake i jordbruket, etter

nokre år som anleggsarbeidar. Kjell Krogstad begynte i eit

vikariat som museumsbonde ved De Heibergske samlinger

Sogn Folkemuseum. Med praksis frå Undredal skulle han

vere godt kvalifisert for jobben...

Kjell har vore museumsbonde

her i bygda og. Her serverer

han vassgraut til onnefolka

på slåttefesten i 2010.

Tekst & foto: AKM

Tormod Herre i sitt rette

element. Bildet er frå Slåttefesten

i 2010.

stengd att laurdag 7. januar om ettermiddagen og opna

ikkje før kl 14.00 måndag 17. januar. Stenginga førte til

messefall i kyrkja og ein del problem for folk. Geitebøndene

skulle levere mjølk til Tine for første gong etter kjeing, men

det vart det ikkje noko av. Nokre bilistar tykte det var for

gale at vegen var stengt pga fare for ras, og køyrde forbi

sperringane. Heldigvis gjekk det godt.

Skuleelevane som skulle på vidaregåande i Sogndal tok

skulebåten som vanleg måndag morgon, men dei som

skulle til skule i eigen kommune måtte bli heime. NRK

Sogn og Fjordane leigde båtskyss og kom på fjøsbesøk for

å finne ut korleis bøndene takla situasjonen. Innslaget

vart sendt på NRK 1 kl 19.00 og kl 21.00. Men då var altså

vegen opna att.

I våre dagar kjennest det dramatisk når vegen stengjer,

sjølv om det er snakk om berre nokre dagar i året. Her

i Undredal har me likevel ikkje mykje å klage over i samanlikning

med dei som bur i Skjerdal eller på Bakka. Dei

har verkeleg fått merke kva vinteren medfører av ulemper

denne vinteren.

Gutane på Filefjell

Foto: AKM

I vinterferien slo ein heil generasjon med undredølar seg saman og

dro til Filefjell for å stå på ski og vera saman. Her ser me gjengen

før heimreise (frå v.): Espen Bjørndal (reserveunderdøl, gift med

ei underdøla), David Underdal, Sondre Torgersen, Atle Underdal

Borlaug, Kenneth Vindedal, Tormod Herre (vossing og underdøl god

som nokon) og Tormod Underdal. Foto: tilfeldig forbipasserande

juni 2011 - Underdølen | 5

BYGDANYTT

Volley, volley!

Det har lenge stått på ønskelista til ungdomane i bygdi

å få laga til ei volleyballbane. I fjor søkte Undredal Ungdomslag

om folkehelsemidlar til å fremje fysisk aktivitet i

bygda. Ungdomslaget inviterte Grendalaget til spleiselag.

Torill sette i gang med å innhente tekniske opplysningar,

og det viste seg at det enklaste og rimelegaste var å lage

ei grasbane. Tidleg på våren i år fekk vi levert søknad til

kommunen og svaret var at “ver så god, berre set i gang.

Dette er eit riktig tiltak i følgje reguleringsplanen”. I løpet

av nokre hektiske vårhelger har den kommunale tomta me

til dagleg kallar “Borlaugsåkeren” blitt forvandla frå haug

og holer til ei fin, slett bane med nedstøypte fundament

for volleyballstativ. Den 7. mai vart bana sådd til. Primus

motorar har vore Tormod U. og Atle U.B. Dei har og stilt

med maskiner. Så har ein heil gjeng med ungdomar vore

med på arbeidet. Vårveret har vore nesten litt for strålande,

så det måtte vatning til for at frøa kunne spire og vekse seg

fine til volleyballkamp som er planlagt på jonsokkvelden.

Vårrydding

Til Bente

Eg vil skrive nokre ord om Bente. Eg føler at ho er for bygda. Ho gjer mykje for oss alle, ikkje berre i jobben

på Underdalsbui, men i mange samanhengar. Bente er hjelpsam, ein god ven, ein vi kan lite på. Då vi flytta hit

kunne vi gå til Bente og spørre viss det var noko vi lurte på. I den siste tida vi har vore gjennom, med alvorleg

sjukdom og bekymringar, har ho vore ei utruleg god støtte. Me har fått eit nært og spesielt forhold til Bente.

6 | Underdølen - juni 2011

GSB/AKM

Fjerde mai var det ein liten, men ivrig gjeng som stilte med

trillebårer, river og arbeidshanskar for å gjere bygda klar til

sommaren. Parken vart fin etter eit par timars arbeid, og

dugnadsgjengen vart blid og mett etter å ha blitt traktert

med dugnadskringle i hagen til Inger Oline og Henning.

På bildet ser me Bente og Torill i full sving. Bergit er skjult

bak buskane.

Foto: AKM

David, Torbjørn og Atle fyller på massar og planerer. Bildet er

teke i april. Foto: AKM

Anna Elise Borlaug er tilsett i ei prosjektstilling hjå Undredal

Bygdeutvikling sommaren 2011. Ho skal arbeide

med Geitostfestivalen, skjødselsprosjektet på Stokko,

rydding og merking av stiar og administrere parkstellet

i bygda.

Foto: Henning Øy

Inger Oline Øy

Ein samtale med Eke Krug

Eke Krug kom til Noreg første gong i 2009. Ho flytta til

Undredal saman med ektemannen Huib van der Horst

i mai i fjor, og dei bur i ”Tora-huset” på Reina. Ho seier at

dei likar seg godt i Undredal og øver seg i norsk språk kvar

dag. For ikkje å ha budd i Noreg meir enn knappe to år, så

snakkar Eke godt norsk.

Eke er opphavleg frå Amsterdam

i Nederland, men etter 27 år i den

nederlandske hovudstaden busette

ho seg i Friesland, som vert meir

nord i landet. Der budde ho i om lag

20 år. Friesland har eit eige språk

som heiter frisisk, så Nederland har

to offisielle språk – nederlandsk og

frisisk.

Eke er kunstnar og utdanna fargeterapeut,

men har ikkje jobba

som det. I Nederland hadde ho eiga

bedrift med nokre få tilsette der dei

masseproduserte smykke. Dette var

i 1980-åra, då smykka skulle vere

store. Dette var viktig for motebransjen.

Smykka vart selde både i Nederland, Belgia og i Sveits.

I 1990-åra endra situasjonen seg. Smykka skulle vere enkle

og mindre i storleik. Det var ikkje så ”in” med smykke, så

etterspurnaden minka veldig. Det vart ingen suksess.

I 2009 etablerte Eke seg i Noreg og designa berre sine

eigne smykke. Dei er spesiallaga, og svært få er like. Det

er mange forskjellige smykke – store og små, og ho lagar

det som ho likar sjølv.

Materiala som ho brukar er papir, kartong, gummi, tre,

syntetisk leire, metallfolie og filt. Ho nyttar òg sykkelslan-

Gatenamn og husnummer i kommunen vår

Arbeidet med tildeling av offisielle adresser starta

opp på siste halvdel av 90-talet. Det første som vart

gjort var å kartleggja, koda og gje

namn til dei ulike vegane i kommunen.

Arbeidet vart avslutta med

kommunestyrevedtaket 15. mai

2003. Vegnamna hadde då vore

ute til høyring, og det hadde vore

gjennomført folkemøte for dei ulike

soknene.

Adresseringa er gjort med

heimel i Matrikkellova. Hovudføremålet

med å tildele offisielle

adresser, kombinert med skilting

og kartfesting, er å gjere det praktisk mogleg å finne fram

til eigedommar og personar eller aktivitetar som er knytte

til desse. Ei einsarta og presis offisiell adresse er viktig for

besøkjande, drosjer, e-verk, posten, televerk, varetransport,

brannvesen, ambulanse, renovasjon og legeteneste.

gar som materiale. Ho fargar sykkelslangane med forskjellige

fargar, og nyttar dette materialet som ein del i smykka.

Eit smykke kan bestå av fleire materiale.

Zentangle er ein spesialteikning laga med tusj. Denne

teknikken skapar ro i kroppen og i hovudet.

Det er som ho seier sjølv – nesten meditasjon.

Det vert ein repetisjon av bildet ein

lagar. Teikningane blir skanna og skrivne

ut. Så etter kvart vert dei til smykke, små

(kort)bøker eller kort.

I fjor vart det lita tid til førebuing av sal

når Eke og Huib ikkje kom før i mai. Likevel

vart det galleri på bryggja i fjor, og det har

gitt ho lyst til å satse i år også. Smykka som

ho selde i fjor var store. I år er dei mindre,

og ho har både halssmykke, armband og

øyredobbar, i tillegg til små (kort)bøker og

kort.

Ho opnar offisielt Galleriet på Bryggja 1.

juni. I desse dagar går ho ut med annonser,

og det kjem ei heimeside i løpet av sommaren.

”Ekes”, som bedrifta heiter, vil halde ope i om lag

tre månader framover. Her må alle ta seg ein tur innom

utover sommaren. Sjølv etter at ho har opna i Galleriet

på Bryggja, så held ho fram arbeidet der. Folk kan få sjå

korleis ho arbeider. Smykka ligg framme og dei kan tas på.

Det er ikkje ”farleg” om barn t.d. tek på smykka. Dei tåler

ein støyt, seier Eke.

Me gler oss til opninga av Galleriet 1. juni, og håpar at

mange vil sjå innom i løpet av sommaren og første del av

hausten. Sjå annonse lengre bak i bladet.

HHB

I 2005 starta Aurland kommune opp med skilting og nummerering

av hus og vegar. Eigarane har krav på å uttale seg

om desse før montering. I Aurland og delar

av Flåm er dette utført. Kontaktperson her

er Jan Inge Magnussen.

Husnummerskilt vil bli sett opp for huseigaren

sin kostnad, jf. reglane for skilting,

vedtekne av kommunen. Huseigarane vil

bli kontakta før montering. Prisen på husnummerskilt

vert om lag 150 kr pr stk., eks.

mva oppsett på husveggen. Det skal nyttast

standardskilt for husnummer (skilt nr 770 i

Vegvesenet sin skiltnormal). Dersom nokon

har ynskje om anna skilting enn den standardiserte, skal

det godkjennast av kommunen.

Framdrifta i 2011 er resten av Flåm. Først i 2012 og

2013 er Undredal, Nærøy og hytteområde i fjellet planlagt.

HHB

juni 2011 - Underdølen | 7

Anita Alltid-på-farten

Anita er den slags menneske som aldri blir gamal. Ho er like ungdommeleg, slank, blid og energisk som då ho

kom hit til bygda. Dessutan er ho som pota: Kan brukast til alt. Spør du Anita om å koke i ein femtiårsdag i

ungdomshuset, så seier ho ja. På Furukroa ser du ho ofte med servitørforkledet. Ho tar gjerne og klipper

håret ditt når ho er heimom ein tur. Det skulle ikkje forundre meg om ho på dagtid ser etter ungane dine eller

vaskar kontoret ditt.

Anita Fjellheim er frå Tunhovd, og har budd dei siste 24 åra i Undredal.

- Eg kom hit i ‘88, seier ho. Første jobben var for Selmer

Furuholmen i Vassbygdi. Så var eg på strikkefabrikken på

Fjordsentret i Aurland og i restauranten på gamle Fretheim

Hotell. Så begynte eg som vikar i vaskejobben på Undredal

skule, og der var eg heilt til skulen vart lagt ned. Sidan gjekk

det slag i slag med barnehage og

skulefritidsordningar rundt om i

kommunen. Eg har jobba på dei

fleste skulane og barnehagane

som finst - og har funnest - i kommunen.

For tida jobbar eg som

assistent på Flåm skule. Det stortrivst

eg med.

- Kva er den viktigaste eigenskapen

for ein som skal jobbe med ungar?-

Hmm, seier Anita og tenkjer ein

augneblink. - Det er kanskje å vere

litt barn sjølv? Og ikkje minst å

kunne lytte til dei. Eg liker kjempegodt

å jobbe med ungar. Eg

tykkjer eg får god kontakt med

ungane. Eg er og assistent for barn

med særskilde behov. Det er gøy

med utfordringar!

Anita er god til å lage mat, og ho er

ein av dei som ikkje er redd for å lage

mat til mange menneske. Anita var

på kjøkenlaget då Undredal Ungdomslag

feira sitt 100-årsjubileum.

Sist ho hadde ansvar for maten i eit

8 | Underdølen - juni 2011

Versågod, det er berre å forsyne seg, seier

Leif Finden til Anita.

stort lag i Ungdomshuset var då ho kokte i bryllaupet

til Steinar Stegen og Trude

Du har jobba mykje i serveringsbransjen, ikkje

sant? - Jo, eg begynte på Fretheim Hotell,

men no har eg jobba som restaurantsjef på

Furukroa i mange år. Eg har eigentleg slutta

der, men eg er ofte innom for å ha kontroll,

ler ho. Det er ein god arbeidsplass. Når me

spør kor ofte ho er innom, viser det seg at det er

bortimot kvar dag. Og så jobbar ho når det er

bruk for ho, det vil seie ganske ofte.

- Kva gjer du som restaurantsjef, og kva er din

viktigaste eigenskap? - Tja... Anita legg hovudet

på skakke og tenkjer seg om i to sekund:

Eg tar meg av kundane, og ser etter at det er

nok dukar, blomar og slikt. Så plasserer eg

gjestane i lokalet og ser til at me har nok folk

på jobb. Viktigaste eigenskapen er vel å vere

positiv og imøtekommande og å passe på at

både dei som er på jobb og kundane har det bra.

- På ein internasjonal plass for Furukroa i travle Flåm møter

du vel mange rare folk? - Ja, det skal vere visst, svarer Anita

med eit glis. Asiatane, for eksempel. Dei er veldig flinke til

å blande maten sin: Brun saus og gele, for eksempel. Laks

og jordbærsylte. Og så drikk dei vaniljesaus. Til slutt takkar

dei for maten og seier at det var

godt. Det er kjempehyggeleg!

Men Anita kan meir: Ho er omreisande

i hårklipp! I dag skal ho ned

til Leif Finden å gjere han fin. Leif er

i gang med middagen, men han set

kjøtkakene til sides når Anita kjem

og tek plass på ein krakk så ho kan

komme i gang med arbeidet. Saks

og kam og dusjeflaske kjem opp av

frisørposen.

- Her var det mykje å ta av, ler ho.

- Ja, no må du berre forsyne deg,

svarer Leif.

Har du gått på skule og lært å

klippe hår? - Nei, eg har lært meg

sjølv, svarer Anita. Eg øvde meg

først på systene og venninnene

heime på Tunhovd. Så har eg ei

venninne som er frisør. Av ho

får eg det ho ikkje bruker lenger.

Kven er det du klipper? Anita reknar

opp den eine etter den andre i bygda.

Det blir ein 15-16 personar før me veit ordet av det. - Og så

klipper eg nokre i Aurland, venner og slikt, og nokre kolleger.

Eg fargar og.

Me spør Leif kva han set pris på ved Anita frisørdame. - Ho er

omgjengeleg, og ho ser ikkje på klokka. Og så gjer ho godt

arbeid, sjølvsagt. Bror min, Lidvin, er frisør nordafor. Han

har si eiga frisørkjede. Når han er heime i Undredal ser han

på frisyren min og godkjenner arbeidet!

Har du nokon gong fri, Anita? - Å jada, kjem det, etterfølgt

av ein trillande latter. Eg er ofte heime hos mor og far på

Tunhovd. Både eg og ungane er veldig glad i å vere der.

Tunhovd ligg 850 moh, 2,5 mil frå Nesbyen. Det er heilt

annleis enn her. Der bur ein oppå fjellet, her bur ein nedi.

Pappa, som var anleggsarbeidar, hadde ein draum om å

få seg dyr. Så kjøpte han ein stall og fekk seg 6 sauer og

ein hest. Det var i 1975, så eg er nesten bondejente. Etter

kvart bygde han seg fjøs, og no har han 40 vinterfora sauer.

Alle som kjenner Anita, veit at ho er ei skikkeleg hønemor. Når

ungane reiser tilbake skule og hybel etter endt helg får dei med

seg heimelaga middag for fleire dagar. Ho ringer dei ofte, og må

forsikre seg om at dei har kome seg vel i hus når dei har vore

ute ein laurdagskveld. - Det er så grusomt når ungane skal

reise ifrå meg. Eg er så sippete. Tårene renn! Men så er eg

fantastisk glad når dei kjem heim att. Då veit eg ikkje kva

Cruisebesøk

Aud Melås på Flåmsbrygga:

Her er min karakteristikk av Anita...

Smilande, godt humør, service i blodet, stiller alltid opp så sant ho kan og ofte på

kort varsel, lojal og trufast, eit rivjern som sjonglerer mange jobbar samstundes,

glad i menneske, omtenksam, givande, rettferdig, rask i vendinga. Anita er med

andre ord eit glad-menneske som får ting gjort, ho bryr seg og deler gjerne med

andre av seg sjølv, og ho er perfekt for servicebransjen!

for bein eg skal stå på av berre glede!

No har du budd i Undredal i 24 år. Ungane dine, Kenneth og

Kathrine er 21 og 18 år. Dei har budd her heile livet. Likevel

snakkar dei Tunhovd-dialekt. Kvifor? - Det er min feil. Eg tyt

så mykje, svarer ho og set latterdøra opp igjen.

Du er veldig glad i foreldra dine og. Sat du ikkje stand by ved

sengekanten til far din i to månader då han var sjuk for eit par

år sidan? - Det skulle berre mangle. Han har gjort så mykje

for oss! Lungene hans kollapsa og han fekk ikkje nok oksygen.

Eg og systrene mine bytte på å sitte ved senga hans.

Og me krangla mykje med sjukehuset for at han skulle få

den behandlinga han hadde krav på. Eg er sikker på at om

me ikkje hadde stått på slik me gjorde, så hadde han ikkje

levd i dag. På same tid vart mor innlagt med ein alvorleg

augesjukdom. Det var ei tøff tid, men no er heldigvis begge

ganske bra, og takk og pris for det!

Du er alltid blid og glad, verkar det som, og aldri høyrer me

du snakkar stygt om andre. Er du alltid slik? - Eg kan vere

alvorleg, slik som då eg sat ved sjukesenga til far min. Men

eg klarer for eksempel ikkje vere på ein arbeidsplass der eg

må vere seriøs heile tida. Då dør eg, seier Anita og knekker

saman i ei lang, herleg latterkule

Tekst & foto: AKM

Den 11. mai låg det tre Cruiseskip i Flåm. Det lengste skipet heitte Orchestra og målte nesten 300 m. 173 personar frå skipet, fordelt

på fem bussar kom hit og fekk omvising i kyrkja. Dagen etter kom 93 personar frå skipet Exhibition. Biletet av bussane er frå 27.

mai. Då låg to store skip i Flåm, og det kom fire bussar på ein gong.

juni 2011 - Underdølen | 9

hjå Jofrid og Egil i Buastova

Strandsitjarane var underdølar som ikkje eigde

grunn. Dei eigde huset dei budde i og kanskje eit

naust og grunnen huset sto på. Inntekta henta dei ved

arbeid utanom heimen, ofte gjennom pendling til andre

plassar.

Egil, Jofrid, brygga og fjorden.

Buastova er eit slikt strandsitjarhus. Stova ligg i Undredals

“Skomakargate”: Når du står på almenningen framom

Underdalsbui går du til venstre opp Birjegeili. Du svingar

forbi det som går for å vere Undredal eldste hus, Edlingastova,

og stova der Tulla, mor til Jofrid bur. På vegen

utover passerer du to andre strandsitjar-stover og så er du

der: Eit enkelt kvitt hus med to naust tett i tett,

inneklemt mellom vegen og fjorden.

Ein vakker vårdag i slutten av april tar Jofrid

og Egil Roteigen imot på brygga i sitt paradis.

Sola strålar frå skyfri himmel og speglar seg i

blank sjø. På bordet på brygga står ein gamal

mugge med gåsungar og nokre gule tulipanar i.

- Det er ein befrielse å komma hit, seier Jofrid.

Her er så vakkert og fredeleg. Me reiser så ofte

me har tid, det er berre 1 ½ times køyring frå

Hemsedal.

Byggeåret er ukjent, men skøyta på tufti er

datert 1919. Det var bestefar og bestemor (Jens

og Marta Sofie Buene) til Jofrid som bygde huset.

Han kom frå Buene og ho frå Sogndalsdalen.

Dei fekk 10 barn, og av dei er det Tulla, Idar og

Ruth som lever i dag. - Etter at Sigurd-morbror

døydde, overtok Jon-morbror huset. No er også

han død, og huset er eit mykje brukt fritidshus

for Jofrid og Egil. - Dette er heimen min, skjønar du! Mor

og far budde først i to år på loftet i Edlingastova. Der fekk

dei eldste syster mi. Så budde dei på loftet her hjå bestefar

10 | Underdølen - juni 2011

og bestemor, og her fødde mor fem jenter. Då eg var sju

år flytta dei bort i huset ho mor bur i enno. Men då sa

bestemor: - Ho Jofrid blir verande hjå oss! Og slik vart det.

Brygga her vart restaurert for seks-sju år sidan, seier

Egil. Det var han Jon og eg som gjorde det.

Så restaurerte me naustet. Han Jon var ein

ivrig fiskar. Me har ikkje båt, men sonen vår i

Hemsedal har ein båt som han hadde liggjande

her i fjor sommar. Stova begynte me på etter

at me overtok ho for eit par år sidan. Me

tek den tida me treng, det er ingen ting som

hastar. Me er her som sagt så ofte me kan, og

om sommaren er eg her meir eller mindre fire

månader samanhengande. I fjor kledde eg opp

att huset. Alle som for forbi på fjorden vinka

til meg. Det vart så travelt at til slutt måtte eg

slutte å snu meg og vinke tilbake, elles hadde

eg ikkje fått gjort noko, ler han. Egil jobbar

som vaktmeistar i Hemsedal kommune. - Han

liker å drive med noko heile tida, seier Jofrid.

At han er ein nevenyttig kar er lett å sjå. Alt

er fint gjort, både innvendig og utvendig. Og

Jofrid har sett sitt preg på huset gjennom innreiing

og fargeval. Lyst og lekkert er det. Og

alle møblane har si historie:

Denne sjeselongen fekk eg av Sigurd-morbror. Eg tok

han med til Hemsedal og trekte han opp att. Han kan slåast

ut til dobbelseng. Då eg var lita sto sjeselongen inne i vetlastova.

Bestemor og eg låg i han kvar natt. Eg har mange

gode minne både om den og vetlastova. No har me slått ut

veggen mellom stovene og sett sjeselongen inn her, for han

Strandsitjarstovene ligg tett i tett langs fjorden. Brygger og uthus innimellom.

var så fin. Over han heng eit stort, fint måleri av ein hane,

som Jofrid fekk av yngste dotter si til 60-årsdagen. - Eg

har alltid hatt så lyst på høner, seier ho. Kanskje eg kan få

meg høner når me flytter til Undredal?

Men det blir ikkje mykje for dei

å nippe i, ler ho. Tomta er ikkje stort

større enn flekken huset står på.

Frå stoveglasa ser Jofrid og Egil

både innover mot Raudberg og utover

mot Beitelen. - Det er kjekt å

sjå på dyrelivet herfå, seier Jofrid. I

dag tidleg symde det eit stokkandpar

forbi her. I fjor og i forfjor såg

me ein storskarv som ofte sat på ein

båt utom her og tørka vengene sine.

Ein gong såg eg han kom opp med ein

fisk, fortel Egil. Me såg og ein oter

som symde langs hølastrondi og ei

kveite som bukta seg rett utfor brygga.

Eit mektig syn! - Før såg eg ofte

krosstroll og krabbe, minnest Jofrid.

Denne gamle sjeselongen har

Det har vore lite av det i mange år, Jofrid mange gode minne om

men i fjor såg eg dei igjen. Jofrid

minnest barneåra: Me sto på brygga og fiska. Me fekk ofte

Servicebygget

Nærøyfjorden verdsarvpark var vertskap for nettverket

mellom dei som alt er regionale parkar eller

landskapsparkar (lokale parkar), samt alle andre som var

interesserte i å lære om dette. Måndag 2. mai møttest

45 personar frå m.a. Telemarkskanalen, Valdres Naturog

kulturpark, Landskapsparkane i Hordaland, Halden,

Finnskogen, Numedal og verdsarvparken på grendehuset

i Undredal.

fisk. Og når makrellstimen kom – då var

det ut i båt. Me sette hoven nedi sjøen

og hova inn. Ja, det var andre tider enn

no! Nise og kobbe ser me ofte. Og så følgjer

me med på pillane som beitar i vetlenedbergane.

Det er stupbratt der. Mang

ein gong har me trudd dei har gått seg

skorfaste, men nei, dei bergar seg alltid!

No ser Egil og Jofrid fram til ein lang,

fin sommar i Buastova. Målet til Egil i år

er å rydde naustet. - Eg har ikkje noko

hastverk, seier han. Eg liker å ha noko å

gjere på. Og arbeidet har ein tendens til å

balle på seg. Eg ser for eksempel at sjøen

tærer på grunnmuren. Kan hende må eg

støype lenger ned for å sikre grunnmuren?

Tekst & foto: AKM

Som nemnt i leiaren, har det storma kring servicebygget i vinter. Me gjengir ikkje argumenta her, men kan opplyse

at uteområdet etter framdriftsplanen frå byggjeleiar Kjell Tokvam skal ferdigstillast i midten av juni. Første etasje

(toalett, dusj mm) skal vere ferdig 1. juli, og andre etasje i midten av august. Bygget skal opnast offisielt under Geitostfestivalen

siste helga i juli.

” Norske parkar” stifta i Undredal 2. mai 2011

Det var svært stilt i bygda, for ein av dei gamle høvedsmennene,

Øystein Undredal, vart gravlagd på Vangen denne

dagen. Vi fekk ei fin omvisning i kyrkja, der vi også mintest

Øystein med eitt minutts stillheit. Klokka sine vakre tonar

fylde kyrkja for ein som hadde vore klokkar i over tjue år.

Det var ei fin stund og sjølv dei som ikkje kjende han, følte

at dei kom Undredølene litt nærmare nett då.

Etter omvisninga gjekk vi til ungdomshuset. Den gode

maten og miljøet både nede i kafeen og oppe i salen danna

ei fin ramme for konferansen, noko mange kommenterte.

Det er heilt ok å ikkje ha alt på stell med nyaste teknologi,

det enkle er ofte det beste! I unghusomset vart og skipinga

av ein ny organisasjon vedteken: Den 2. mai 2011 signerte

dei fire eksisterande parkane stiftingsdokumentet

for ”Norske Parker”. Tema elles på seminaret var utvikling

av vertskapsrolla, lokal verdiskaping og forankring

av parksatsinga i lokalsamfunna. Undredal var eit godt

eksempel på båe delar. Seminaret held fram med eit sakte

cruise med Lykkeper på fjorden og på Stalheim hotell dagen

etter.

Tekst og foto: Hanne Lykkja

juni 2011 - Underdølen | 11

ORGANISASJONSSTOFF

Referat frå arbeidsseminar

om universell utforming, bulyst og besøksstyring i Undredal, 5.-6. april 2011

Samplanlegging for god besøksforvaltning og universell utforming: Per Christian Brunsvik (rådgjevar praktisk

tilrettelegging), Janne Ølmheim (Statens Vegvesen), Ivar Bjarne Underdal, Oddgeir Aardalen (Fylkesmannen

Sogn og Fjordane), Jarle Sandvik (arkitekt), Mona Elisabeth Steinsland (S & Fj fylkeskommune) Randi

Øverland (Oppland fylkeskommune) og Johanne Gjesdal Mo (ergoterapistudent).

I mars 2011 fekk kommunen og grendalaget støtte frå

fylkeskommunen til utarbeiding av ein stadanalyse for

Undredal. Stadanalysen skal danne grunnlag for innspel

til reguleringsplan/ kommundelplan og ein utviklingsplan

for Undredal. Denne skal utviklast i nært samarbeid med

bygdefolket gjennom fleire arbeidsseminar og folkemøte

utover året. Hanne Lykkja ved Aurland Naturverkstad AS

leier dette arbeidet.

Det fyrste seminaret fann stad i Undredal før påske. Universell

utforming (dvs. tilrettelegging for alle – inkl. folk

med ulike funksjonshemmingar), trygg trafikkløysing i

små bygdesentra og besøksstyring var populære tema, og

35 følgde førelesingane i ungdomshuset fyrste dagen. På

arbeidsseminaret same kveld og neste dag deltok 28 personar.

Det vart mange interessante diskusjonar og mykje

viktig kunnskap vart

formidla mellom førelesarane,

representantane

frå kommune- og fylkesforvaltninga

og grendafolket.

Randi Øverland koordinerer

arbeidet med

universell utforming i

pilotfylka Oppland og

Hedemark. Ho fortalde

om kvifor Universell

utforming er viktig, kor

mange av oss som sit alt

12 | Underdølen - juni 2011

for mykje i ro, og at tilrettelegging for ferdsel og trivsel

der alle brukarar føler seg velkomen, er eit gode for alle.

Det handlar mykje om omtanke og god planlegging tidleg

i prosessen. Randi fryda seg over både bygda og seminaret

og såg for seg liknande planseminar i Oppland og Hedemark.

Per Christian Brunsvik sit i rullestol og vart godt kjent

som deltakar på Lars Monsen sin ekspedisjon ”Uten

grenser” i fjor. Han fortalde levande om omtanke

og verdiar som ligg bakom det å leggje til rette for

at alle skal kunne klare seg mest mogleg sjølv, og at

det ligg mykje verdigheit i det å la folk meistre sin

eigen kvardag. Det er samstundes viktig å oppfordre

folk til å trene, flytte grenser, bruke hjelpemidla

meir aktivt og kreativt. Små detaljar kan bety mykje

for ein som ser eller høyrer dårleg, eller som

sit i rullestol eller treng krykker. Td. finare grus

på gangvegen, lågare montering av skilt og spegel

på badet, tydelege kontrastar for dei som ser lite,

fjerning av søppeldunkar, blomsterkrukker og skilt

der folk skal gå. Mange slike tiltak er gode for alle,

og kan gjere det enklare å ta seg ein tur anten ein

har barnevogn eller rollator. Per Christian likte seg

godt i Undredal og fortalde at han har sansen for

slike bygdesamfunn som endå har att atmosfære

og særpreg.

Solveig Dale frå Trondheim kommune har jobba

med universell utforming i ei årrekkje og har vore prosjektleiar

for utarbeidinga av eit nytt prosessverktøy for

kulturminnevern og universell utforming som vart gitt

ut av Miljøverndepartementet i 2010. Ho tok for seg både

måtar å gjere det på og korleis ein må jobbe i lag for å få

til universell utforming av verneverdige bygg og landskap.

For å få til gode løysingar er det viktig med god dialog og

Undredalselvi er eit varig verna vassdrag som renn gjennom grenda og sentrum. Elveforbyggingane

er rasa ut fleire stader, mellom anna ved skulen og ovanfor ungdomshuset.

Konkrete forslag som kom fram i dei tre gruppene

• Trafikale utfordringar: Eit sjarmerande kaos, som godt

kan fortsetje dersom ein fjernar mesteparten av trafikkmengda

midt på sommaren ved å stoppe tilreisande på snuplassen (eller

Langhuso).

• Strakstiltak 1) Opprydding: flytting av søppelspann, rundballar,

revegard

Strakstiltak 2) Skilting og brosjyre: med kart og rusleturar.

Trafikkskilt etter forskrifter, lokale skilt: opprydding av skilt,

lage eigen skiltmal for resterande skilt. Oppdatere skilt på

snuplassen osv. Velkomstbrosjyre med turruter i sentrum og

andre rusleturar.

Strakstiltak 3) Offentleg toalett - organisering fram til

servicebygget står ferdig.

Strakstiltak 4) Utemøblar: Einheitlege benkar og søppelkasser,

kvileplassar kvar 50. meter og ved utsiktspunkt.

Ungdomshuset skal få nytt tilbygg og sanitæranlegg med universell

utforming.

• Torgareal mellom servicebygget og kaia: Forslag om å

utforme den kommunale kaia mellom Osteklokka kafe og den

restaurerte sjøbua, slik at den skrår ned (breie trappetrinn)

mot fjorden, for å opne opp og gjere vatnet lett tilgjengeleg.

Universell utforming er ei utfordring.

• Kaiområdet har høge kvalitetar, dvs. det er vanskeleg å

byggje meir kaier på tvers, utan å øydeleggje dette unike miljøet.

Pir med plass til småbåtar er betre.

Forslag om opptrekksplass for kajakkar som no, ved stranda,

og lagring på torget, eller opptrekk og lagring ved elva.

• Allmenningen: Fortetting av sentrum, forsterke gateløpet

frå brannstasjonen til butikken, og vidare frå sanitæranlegget

til ”parken”. Leikeplass – naturleikeplass og fleksibel bruk, td.

volleyballbane med plen. Gangvegar og stiar gjennom det opne,

grøne området.

• Prioritering etappevis i forhold til parkering:

1) Snuplassen 2) Skilting 3) Langhuso

Analyse og strategiar for besøksstyring E16 Langhuso –

Snuplassen

Forslaga til tiltak og strategiar for Langhuso, snuplassen og

sentrum var mange og fagfolka var ikkje einige om kva som var

samarbeid mellom tiltakshavar, styresmakter og ulike

interessegrupper. Kommunane bør lage seg eigna rutinar

for å få til slikt samarbeid.

Frode Bakken frå Statens vegvesen på Hamar sa at det

hjelper lite om eit tiltak er etter lova og ser bra ut, dersom

det ikkje blir trygt å ferdast i trafikken.

Han viste filmar som understreka dette. Frode jobbar både

med lokalsamfunnsutvikling og tettstadforming, og var

ute etter å kartleggje problemet som skulle løysast før ein

beste strategi. Arkitektane, landskapsarkitektane, planleggjarane

og ingeniørane hadde kvar sine oppfatningar og tilnærming, og

på så kort tid er det vanskeleg å få oversikt over kva som er

dei viktigaste utfordringane for bygda. Men det er spennande

å få nye innspel, og vi tek dei med oss vidare i prosessen. Her

er nokre viktige innspel:

Forslag om å utvide snuplassen ved å byggje opp ein mur mot

elva (god elveforbygging) og fylle opp arealet for parkering og

snuplass. Lage markant form og klar av avgrensing med flott mur

mot elva og sentrum. Ta vare på den høge muren på oversida,

den markerer inngangen til bygda.

Servicebygget passar godt inn i bygningsmiljøet.

Det kom mange gode tilbakemeldingar på plassering og utforming

frå dei tilreisande som deltok på planseminaret. Fortetting

av sentrum vil kunne forsterke preget og atmosfæra. Her ser

vi bygget frå fjordcruisebåten i det den legg frå land.

Ta vare på brannstasjonen, la den stå fritt!

Solveig Dale viste til eit øysamfunn som hadde teke vare på ein

liknande liten brannstasjon. Den var eit populært fotoobjekt

og gjorde folk interesserte i samfunnet på øya, korleis det var

organisert, korleis det var å bu der. Forslag frå mange av fagfolka

og arkitektane var: Behald bygget, mål «Brannstasjon» på

dørene, rydd opp og organiser møteplassar her, lag parkering

og set opp eit eige lite hus som skjerming for glaskontainer mv.

såg på tiltaka.

Vidare arbeid

Undredølene var eit triveleg vertskap, og dei hadde hyra

inn kokkar som slo til med lokale rettar som smaka fantastisk!

Så folk jobba ivrig og fortalde at dei hadde lært mykje.

Men dei oppmoda oss om å få med fleire ungdomar. - Lag

seminar for dei – på deira måte, var eitt av innspela

Tekst og foto: Hanne Lykkja

juni 2011 - Underdølen | 13

14 | Underdølen - juni 2011

GEITOSTFESTIVALEN I UNDREDAL

29. – 31. juli 2011

i år satsar me på ein festival med sterkare fokus på geitosten og anna «sakte mat». Ved å servere ostefat med

tilpassa drikke og grillmat av lokale råvarer vil me gje folk nye gode opplevingar i matvegen.

Program

Fredag 29. juli

Som det har vore vanleg på tidlegare festivalar inviterer me til ein «førkveld» før sjølve festivalen opnar, med kulturopplevingar

litt utover vår eigen lokale kultur, som står meir i fokus resten av helga. I år har me vitjing av ein gamal kjenning og undredalsven

Andrea Rice frå Irland. Saman med sine musikarar klarer ho å få fram både dei vare stemningane i irsk musikktradisjon og dei friske

velkjende irske visene som får folk til å synge med. I år har ho med seg ein multiinstrumentalist som kanskje særleg med banjoen

sin vil gje eit nytt uttrykk i musikken hennar.

KL. 19.00 Kyrkjekonsert med irske Andrea Rice der den irske harpa har eit sentral plass forutan Andrea sin nydelege vokal.

KL. 21. – 01.00 Kveldsseta på brygga med eit nytt smakstilbod på ost og utvald god drikke. Musikk ved Andrea Rice Band i ein miks

med konsertstemning og melodiar som får det til å rykke i dansefoten.

Slutt kl 01:00

Laurdag 30. juli

KL. 11.00 Salsbodane opnar med tradisjonelle og nye mat- og handverksprodukt.

Matbodane serverer grillmat, fløytelappar og annan god kaffimat. I år er Haugen Gardsmat invitert til å stå for grilltilbodet, basert

på god handverkstradisjon.

KL. 12.00 Offisiell opning av festivalen og det nye servicebygget. Leikar for liten og stor, der du vert utfordra til å prøva deg på

jurklutkasting, setta spedlen på geiti, andletsmåling og hestaskokasting. Det vil og bli fleire åresal utover dagen med flotte premiar,

underhaldning og musikk. Aktivitetane og salsbodene vil halde ope til ca kl. 17.00. Me avrundar med premieutdeling.

Kveldsprogram

Kl. 18.30 Bordseta på brygga med fjordens kanskje lengste langbord frå parkeringsplassen til bryggjekanten. Menyen er tradisjonen

tru rommagraut, spekemat, flatbrød og i år kan me garantere at Undredalsmylsa er med.

Dei tre trubadurane Olaf, Øystein og Leif Inge vil underhalde og dra folk med i allsang med stoff frå Sivle, Sande og nyare låtskrivarar.

KL. 20:30 Aurland Trekkspelklubb spelar opp til gamaldans

KL. 21:15 Dei tre trubadurane Olaf, Øystein og Leif Inge dreg folk med på velkjende populærmelodiar ispedd litt dansemusikk.

KL. 21:30 Bryggedans med Hilde Fjørtoft Band.

Utover kvelden vert det sal av grilla lokalt produserte burgarar og pølser. Slutt kl 02:00

Søndag 31. juli

KL. 09:30 Festivalfrukost på bryggja

KL. 11:00 Salsbodane opnar med tradisjonelle og nye mat- og handverksprodukt. Matbodane opnar kl 12:00.

KL. 11:00 Messe ved fjorden

Imellom desse programpostane vert det høve til å vere med på omvisning i kyrkja, Undredal Verdsarvhus (Eldhuset) og Undredal

Stølsysteri. Festivalen vert avslutta i tretida, men det er mogeleg bodane held ope lengre om veret er godt og det er kjøpelystne gjester.

NB: Det kan komme endringar. Følg med, følg med!

Velkomen til Geitostfestivalen 2011!

Frå geitostfestivalen 2009. Sofie Klemetsen ved mikrofonen.

KURS I Å LAGE ROMMAGRAUT OG MYLSE

Laurdag 2. juli kl 14:00 i Undredal skule.

Ingebjørg Borlaug instruerer i korleis ein tradisjonelt lagar

rommagraut og mylse. Kurset er gratis, men me vonar dei

som deltek kan vere med å lage rommagraut og mylse til

geitostfestivalen. Me vil prøve å få til eit opplegg med produksjon

av rommagraut i Fjordkjøkkenet i Aurland før festivalen.

Vel møtt!

har du lyst til å delta på festivalen som frivillig?

Me treng hjelp både i forkant, under og etter festivalen.

I år vil me prøve å sette meir fokus på trivselen til dei

frivillige, mellom anna ved oppvarting under rigginga, og

gode, detaljerte instruksar under heile festivalen, slik at

opplevinga ein sit att med etterpå, er å ha vore med på:

• Å lage ein fin festival der bygda får visa seg fram

• Å oppleva godt samhald og kva ein får til i fellesskap

• Ei kjensle av å ha gjort noko meiningsfylt som kan

gje overskot i kvardagen

I tillegg vil du kunne tena deg opp fri tilgang til arrangement

på festivalen, alt etter kor mykje du jobbar. Ei vakt

vil bli på ca 4 timar. Det er fint om du kan seia frå om du

ynskjer ei eller fleire vakter, og kva du kan tenka deg å

jobba med. Ca 10 timars arbeidsinnsats gir festivalpass.

Om du er interessert, ta kontakt med Anna Elise Borlaug

på tlf: 913 09 021 eller send ein e-post til post@

undredal.no

Arr.: U. Ungdomslag

Det trengst mange frivillige for å lage festival. Her ser med

Elfrid frå Bulken, Inger Marie frå Evanger og Irene B. Stegen

frå Undredal/Aurland.

håpar på mange positive tilbakemeldingar, for me treng DEG!

juni 2011 - Underdølen | 15

KULTUR

Underdalssongen har fått fleire stemmer!

Songen om bygda vår, Undredalssongen, er endeleg

blitt festa til notearket. Det er tidlegare organist i Aurland,

Øystein Steinsland, som har gjort det. -Eg kjente

Aurlandssongen, og då eg høyrde at det fanst noko som

heitte Undredalssongen spurte eg om det fanst notar på

den. Eg ville gjerne bevara songen for ettertida og samstundes

arrangera han for kor, så han kunne brukast på

fleire måtar. Trykte notar fanst ikkje, men Anna Karine

Marstein sende meg ein kladd. Sidan har eg arrangert han

for både to, tre og fire stemmer.

-Korleis vil du karakterisera tonen til Undredalssongen?

- Han er monumental - minner om ein marsj. Det er ein

typisk bygdesongmelodi, svarer Steinsland. Han fortel at

han brukte om lag fire timar på den firstemte varianten.

Sidan tok det eit par timar å lage dei to andre versjonane.

Førebels kjenner han berre til at Hagebykoret i Oslo har

framført songen i hans arrangement. Dei som vil kan bruke

arrangementa. Det er berre å kontakte AK!

11

10

16 | Underdølen - juni 2011

1

9

2

hundekonkurranse

Øystein Steinsland er 37 år. Han kjem frå Modalen i Hordaland.

Han kom som organist i 2003. Arbeider no i musikkskulen

i Lærdal og Aurland. Øystein er ein allsidig musikar. Han

er utdanna organist frå Musikkhøgskulen i Oslo og Musikkonservatoriet

i Trondheim. Forutan å arrangere musikk så

dirigerer han kor og spelar både orgel, andre tangentinstrument

og trekkspel. Foto: AKM

8

3

Hunden er menneskets beste venn, men kva

(a) heiter hunden og (b) kva heiter eigaren?

Undredal er fullt av hundar, men kjenner du alle desse?

Nokre hundar og eigarar bur i bygdi, mens andre er herifrå

og kjem heim på besøk av og til. Nokre av hundane er

døde no, men har levd sitt hundeliv her. Skriv nummer

og namna på eit ark, så er du med på trekninga av ein

billett til eitt av kveldsarrangementa på brygga

under Geitostfestivalen. Me må ha svaret

innan 25. juli.

7

4

5

6

Eit dikt frå boki ”Vilje de lya” av Caroline Juul Jørstad - innsendt av Eldbjørg Wangen, Aurland

Det er høgt i frå sjøen til Steganos

og Beitedl ligge unde.

Og ingen kan sigla fjorden inn

som inkje fær lengt etter snø og tind.

Det rodna i svarte votni.

Men midt imot nuten og svarte svai

ligg Kvitemoladn grå.

Steinen er grå og mosen er grå,

men himmelkvelven er klår og blå.

Og snøen ligg kvite på fjedli.

So høgt som det er til Steganos,

fugedl liten vinn ikkje fluga.

Bjørki ho heng yver vatn og sjø,

Men oppe i fjedle ligg kvite snø.

Bjørki ho gjenge på kvite fot,

Men øvst so er ho grøn.

Grøne kodle etter fjedle hanga.

Kvite føte etter fjedle ganga.

Vårbøn

av Sigrunn Ytrefjord, 9. mai 2009

Det blømer i hagar for våren er her,

den møtte vinteren nyss.

Midtlies bytte dei klednad

og skildest i våte kyss.

Det surklar i bekkar – det fossar i elv,

det blømer i gråkvite hagar.

I kjølege vårvindar kronblada skjelv

med bøn om solrike dagar.

Snart heiser me flagget vårt den 17. mai,

Fugedl flyg i skogen.

Bokprosjektet – Undredal anno 1973

Men den som burte frå fjedli må gå,

han dregst i hugen attende.

Fugedl liten vinn ikkje fluga.

Eitt av dei mange bileta Ole Fretheim knipsa då han var i Undredal.

Me kjenner att Simo-Lisa, Lusse, Stein Inge og Botolv. Men

kven er dei andre på biletet?

Foto: PB

Litt informasjon om diktaren Caroline

Juul Jørstad.

Caroline var dotter

til presten og skulestyraren

Eilert Patrick

Juul som levde frå

1852-1928. Han var

prest i Aurland frå

1884 til 1924 – i heile

40 år. Caroline Juul Jørstad

var fødd i 1892.

Ho busette seg i Oslo der ho var lærar

og lyrikar. Diktet ”Vilje de lya” er frå

1935.

Dei fleste hugsar vel ei stund tilbake, då Underdølen

omtalte eit fotoprosjekt som fotografen Ole Fretheim gjennomførte

ei vekes tid før påske i Undredal i 1973. Han ville

at desse bileta skulle komme alle til gode, og ikkje liggje

å støve ned.

Ole Fretheim jobbar med boka, men det har vore stillstand

ei stund pga sjukdom. No er arbeidet i gong att, og han

reknar med at boka skal vere ferdig i god tid før jul i 2011.

Boka kjem ut på Skald Forlag, og tanken er at Skald Forlag

og Ole Fretheim deltek under Nynorske Litteraturdagar.

Dersom det vert bokslepp under Nynorske Litteraturdagar

28.-30. oktober, så skal det vere i Undredal. Skald Forlag

fortel at dei har alle bileta på plass, men at dei ventar på

resten av tekstmaterialet.

Ein god idé til julepresang, i alle fall for dei som har levd

ei stund.

HHB

vårt vakraste felles symbol.

”Ja, vi elsker” skal runge høgt

i takksemd frå pol til pol.

Me eig dette landet – me fekk det i arv,

her kjempa dei kvinne og mann.

Me skal tryggje det vidare fram

i takk for den fridom dei vann

juni 2011 - Underdølen | 17

KULTUR

SOrd på bokstaven S – framhald frå sommarutgåva av Underdølen i 2010.

Av Roald Underdal

Sikla sleve

Sikta reinse sand, jord eller korn/mjøl i eit såld/sil

Sileplagg tynt tøystykke (gas) som ein siler mjølka gjennom

Sitla liten bekk. Verbet sitla er eit lydmalande ord for den fine klukkelyden frå småbekkar

Sjaber ussel, klein, uvel

Sjaksa måten som ein næming brukar øksa på eit trestykke eller øks

Sjalabeis rask og uvanleg måte å gjere ting på, ”da gjekk pao ein sjalabeis”

Sjausovar ein som ligg lenge i senga om morgonen

Sjelta panne, hovudskalle; tyder òg skjelving, risting

Sjena(skjena) når folk eller dyr ikkje går rett fram, men skjer ut til sidene

Sjitra geitaulestilken er hul og avdelt i kammer. Av ein slik stilk laga gutungane ”skytevåpen” i

to deler: den eine var røyret med ein liten opning i enden, og den andre ein rett pinne med

ei fille rundt, ”stemplet”. Røyret vart så fylt med vatn, og når ein pressa stempla inn, vart

det ei fin stråle som ein retta mot leikekameratane.

Skaddle panne

Skakk skeiv

Skammabod eit altfor lågt pristilbod

Skammakrok når barn gjorde noko gale eller var ulydig, kunne dei som straff bli sendt i ei krå med andletet mot

veggen.

Skammavit ein som har vit til å skamme seg når det vert avslørt at vedkommande har sagt noko urett

eller usant eller gjort noko gale.

Skarra skarre-r-en blir uttalt med den bakre del av tunga opp mot den bakre del av munntaket,

når lufta passerar forbi (Edith Piaf-r-en). Den vanlege r-lyden i vår dialekt er ein rulle-r og

blir uttalt med tungespissen mot ganetaket. Prøv!

Skifte fleire tydingar: 1) vegdele 2) arveoppgjer 3) klesbyte

Skjeppe gamalt hulmål, 17,37 l

Skjerr sky, skremt (om dyr)

Til ettertanke!

Natt til 25. april skjedde det ei båtulykke på Husaflaten, på andre

sida av fjorden frå Undredal. På formiddagen denne dagen vart

Stein Ove Borlaug oppringt av Alarmsentralen med førespurnad

om å undersøke kva som var hendt. Han og Marius Borlaug

køyrde ”bortom” for å sjekke båten som låg med kjølen opp.

Kva møtte dei? Ingen personar låg inni båten, for dei to som

var om bord hadde hatt flaks og var uskadde. Dei hadde redda

seg i land og fått hjelp.

Hendinga gir oss tankar om at utkantane vert altfor lite prioritert

når det skjer ulykker. Politiet hadde ikkje tid til å komme,

eller prioriterte det ikkje. Dei fekk tilbod om å bli henta både

frå Aurland og Undredal, men det ville dei ikkje. Riktig nok

18 | Underdølen - juni 2011

vart eit Sea King redningshelikopter sendt dit, men det er ikkje

nok. Det kunne vore alvorleg skadde personar i båten, eller

det som verre var, at nokon var omkomne. Dei to lokale som

reiste bortom ante eigentleg ikkje kva som kom til å møte dei.

Ulukka skulle etterforskast utan politi på staden, men med

lokale aktørar og ein frå Sea King redningshelikopter med

kontakt via mobil. Politiet kom på plass etter ei stund.

Hanna H.Borlaug

KYRKJA

Askvik5

Like før jul heldt Askvik5 ein fabelaktig flott julekonsert

i kyrkja. Her fekk me høyre folketonar og andre vakre

tonar med variert tonefølgje. Ein del av arrangementa

var laga av den musikalske familien. Gruppa har gitt ut

ein jule-CD med tittelen Gladværugt. Den anbefaler me

på det sterkaste. Askvikfamilien budde i Aurland så lenge

Egon var sokneprest her. No er barna vaksne og har fått

seg musikalske vener. På biletet ser me yngste dotter Mari

akkompagnere storesyster Ingrid på “Den fagraste rosa er

funni” med sitt trekkspel kjøpt på Fretex, mens far Egon

trør orgelet.

Prestebyte igjen

Svenske Karin Larnefeldt sin første gudsteneste i Aurland

prestegjeld var Nikolai-markeringa i Undredal kyrkje i

desember 2009. No har ho fått seg ny jobb i Paris, og har si

siste preik i Undredal den 19. juni. Me takkar for følgjet og

ynskjer Karin og sambuaren Axel lukke til i den store byen.

Kandelaberkonsert

I romjula inviterte Kyrre Evjenth Slind til kandelaberkonsert.

Med song, lutt, gitar og mykje levande lys ga han

oss ei fredeleg stund i den vakre kyrkja vår. Søskenbarnet

Hege frå Stigen/Fresvik hadde tatt med mange gode

ullteppe, så ikkje vinterkulda skulle øydelegge den gode

stemninga.

Kyrkjestyret laga si innstilling til ny sokneprest 31. mai.

Saka skal opp i Bjørgvin bispedømmeråd for endeleg vedtak.

Til hausten får me sjå kven som skal stelle med vårt

åndelege liv framover.

Ortodoks messe

Den 22. mai vart ein liten georgisk-russisk gut døypt i kyrkja

vår. Namnet hans var Nikolai, og det var difor den ortodokse

kyrkjelyden i Bergen hadde valt seg ut Undredal kyrkje for

den heilage handlinga. Kyrkja vår er nemleg vigsla til denne

helgenen. Rundt 40 menneske vitja kyrkja og bygda denne

dagen. På biletet les ei av forsongarane ei segn om St. Nikolai.

Det store ikonet hadde gjestene med sjølv, mens Nikolai som

står i bakgrunnen vart laga av ungane ved Undredal skule til

kyrkjejubileet i 1997. Gudstenesta var prega av røykjelse, messing

og vakker fleirstemt song. Kyrkjelyden sto under heile den

1,5 time lange handlinga.

Fotos: AKM

juni 2011 - Underdølen | 19

ANNONSAR

Gåveabonnement

Eg vil gjerne at

skal få eit abonnement på Underdølen.

Han/ho har denne adressa:

Eg som skal betale heiter:

Og har denne adressa:

Eg ber om å få rekning frå og med sommar-/julenummeret

2011.

Abonnementet går til eg seier det opp skriftleg.

Opplev

pizzasteiking

i Eldhuset

Bygdeverten Jorunn byr på

pizzaoppleving i Eldhuset,

og steinomnsbakte brød.

Bestilling og pristilbod:

915 23 394

Frukost frå kr 140 (vaksen) / kr 70 (born)

Overnatting i leilegheit frå kr 1.300 pr/natt

(4-6 pers). Turar frå kr 400 pr pers/time.

Egne prisar for servering.

Ta kontakt for bestilling og pristilbod.

20 | Underdølen - juni 2011

Ta deg tid.

Flåm Oppleving

N-5743 Flåm

post@flamoppleving.no

flamoppleving.no

sakte.no

Designbyrået Karlsens. Foto: Privat/Flåm Oppleving

Filt Ferie i Undredal

Eke Krug fra GALLERIET PÅ BRYGGA

arrangerer en filt-­‐ferie

med Harm Harms fra den nederlandske

bedriften HAWAR

Fra 6. til 11. september 2011

Undervisningen blir fra kl 9:00 til kl 13:00 hver dag

Kurs info, påmelding og praktisk informasjon:

eke.krug@gmail.com

Ta deg tid.

Sakte gjer deg mathandverk og

opplevingar regionen. Her finst ei

mengd produkter og tenester som

er verdt å ta seg tid til.

sakte.no Designbyrået Karlsens. Foto: © Sakte, Actionphoto, Stine Karlsen

Aurland

28. – 30. oktober

Aurland kommune inviterer

til den 6. utgåva av Nynorske

Litteraturdagar.

Programmet vert offentleggjort i slutten av juni

og billettsalet startar i byrjinga av september.

Sommarkonsert

VAMP m/ Eivør Pálsdóttir

Onsdag 13. juli kl. 19.00

- utandørskonsert på Sogn jord- og hagebruksskule

Foto: Dag Thorenfeldt

nynorskelitteraturdagar.no

Billettsal på rådhusa i Aurland,

Lærdal og Årdal, og på turistinformasjonen

i Flåm. Billettar

kan óg bestillast på e-post

billett@nynorskelitteraturdagar.no

For meir info om litteraturdagane

eller konserten med VAMP, sjå

nettsidene våre eller føl oss på

Facebook.

Foto: Maria Gilje Torheim

gasta.no

juni 2011 - Underdølen | 21

ANNONSAR

Sommarprogram ved Aurlandsfjorden i Undredal 2011

Fredag 24. juni kl. 21.30

Me opnar bryggjedanssesongen med rockabilly og countrybandet ”Twang Gang” som mange fekk oppleve under

Forsmaken i fjor. Ein rasande festleg gjeng med musikk både for dansefoten og øyra. Bill.: kr. 200,-.

Laurdag 2. juli. Kl.21.00

Musikkprogram med vestlandshumor ispedd ein og annan ”drammensar” med dei tre trubadurane Olaf, Øystein

og Leif Inge. Dansemusikk frå kl. 22.30 med utvida band. Bill.: kr. 150,-.

Laurdag 23. juli kl. 21.00

22 | Underdølen - juni 2011

KONSERT med Aasmund Nordstoga DUO. Dansemusikk: Leif Inge og kompisane frå kl 22:30. Billett for konsert

og dans kr. 250,-.

29. – 31. juli

Geitostfestival i regi av Undredal Ungdomslag og Undredal Grendalag.

Fullstendig program om festivalen finn du på annan stad i bladet.

I tillegg til oppsett sommarprogram vert det trubadurkveldar innimellom.

Meir og oppdatert program på : www.visitundredal.no

Velkommen til Undredal i sommar!

SOMMAR PÅ FLÅMSBRYGGA

FURUKROA KAFÉ: Din naturlege stoppestad for ein matbit, kaffirast, lunsj, middag

eller iskrem. Nytt for sesongen—Grillbui med lokale spesialitetar på terrassen.

Furukroa ope kvar dag kl. 08.00—19.00.

FLÅMSTOVA RESTAURANT: Lunsj- og middagsbuffet kvar dag med tradisjonelle

rettar med lokale råvarer, både fisk, kjøt, kaldt og varmt i tillegg til stort dessertbord.

Lunsjbuffet kl. 12.00—15.00. Middagsbuffet kl. 19.00—21.00.

ÆGIR BRYGGERI & PUB: Kåra til ” Årets Bryggeripub” i 2008, 2009 og 2010!

Ope kvar dag frå kl. 12.00.

Pb. 44, N-5742 Flåm—Tel.: 57632050—Fax 57632051

E-mail: mail@flamsbrygga.no—www.flamsbrygga.no

Borlaug båtskyss

Båtskyss frå Gamlebryggja i Undredal

Mobil Marius 480 76 313 - Mobil Stein Ove 413 30 973

Turar til Horten, Nedbergo,

Stigen og andre stader etter

førespurnad. Pris etter avtale

GALLERIET PÅ BRYGGA

er åpent i sommer

fra 1. juni til 1. september

med:

smykker, bilder, kunstkort og tegninger

kontakt: kontakt: eke.krug@gmail.com

Vil du annonsere i Underdølen?

Her er prisane:

Heil side kr 1000

Halv side kr 500

Tredjedels side kr 350

Kvart side kr 250

Bygdafolk annonserer gratis, men må levere trykklar annonse eller

dekke kostnadene med utforming. Bladet sin formgjevar, Oransje

webdesign, kan ta slike oppdrag.

Undredal stavkyrkje 2011

Opningstider

15. mai-15. juni og 15. august-31. august: kl 10.30 - 16.30

15. juni-15. august: kl 09.30 - 18.30

Prisar

Enkeltpersonar: kr. 60

Familierabatt: kr.. 45 pr. pers. ved min. 5 betalande

Born under 12 år i fylgje med føresette går gratis.

Grupper

Minimum 10 betalande: kr. 45 pr. person

Skuleklassar: kr. 500 pr. klasse

Studentar: kr. 750 pr. klasse

Turoperatørar: pris etter avtale

For grupper har vi noko utvida opningstid dersom det høver

betre. Tinging seinast 3 dagar før til booking@undredal.no

Leige Ungdomshuset?

Då tek du kontakt med leiaren i husnemndi, Edvin Flåm

på tlf 5763 1723 eller mobil 952 78 225. Han kan gje deg

opplysningar om prisar og anna.

Borlaug vedsal i Undredal

Norsk ved!

Stein Ove mob. 413 30 973

Bjørk 60 l sekker kr. 70,-

Kveikjeved 60 l sekker kr

30,-

DU RINGER OG ME

BRINGER!!

Marius mob. 480 76 313 -

Vi gjer merksame på at frå 1. september startar Riksantikvaren

arbeidet med vedlikehald inne og ute, og kyrkja vert difor stengt

til arbeidet er ferdig.

Velkomne til ei historisk oppleving i ei kyrkje med mange store

og små perler!

Undredal Guideservice

juni 2011 - Underdølen | 23

Aktivitetskalendar sommaren 2011

24 | Underdølen - desember 2010

B

Returadresse:

Undredal Grendalag

5746 Undredal

19. juni 11:00 Kyrkja Gudsteneste, prest Karin Larnefeldt, dåp

23. eller 24. juni kveld Parken Sal av grilltallerken, kaker og kaffi. Volleyballcup viss bana er klar. Arr.

UUL. Følg med for nærare opplysning om dato!

24. juni 21:30 Bryggja Bryggjedans med Twang Gang

02. juli 21:00 Bryggja Musikkprogram med vestlandshumor og trubadurane Olaf, Øystein og

Leif Inge. Dansemusikkmed utvida band frå 22.30

23. juli 21:00 Bryggja Konsert med Aasmund Nordstoga og band. Dansemusikk med Leif Inge

og kompisane frå 22.30

Geitostfestivalen 2011

29. juli 19:00 Kyrkja Kyrkjekonsert med Andrea Rice

21.00 Bryggja Kveldsseta med ost og god drikka

Musikk ved Andrea Rice band

30. juli 11:00 Sentrum Salsodane opnar

12:00 Sentrum Offisiell opning av festivalen og servicebygget

Leikar for liten og stor

Omvising i kyrkja, Undredal Verdsarvhus og Undredal Stølsysteri

17:00 Bodane stengjer, leikane slutt, premieutdeling

18:30 Bryggja Bordseta med rommagraut, spekemat, flatbrød og undredalsmylsa. Allsong

mm med Tre Trubadurar (Olaf, Øystein og Leif Inge)

20:30 Bryggja Aurland trekkspelklubb spelar opp til dans

21:15 Bryggja Tre trubadurar spelar og syng

21:30 Bryggja Bryggedans med Hilde Fjørtoft Band

Sal av lokale burgarar og pølser

31. juli 09:30 Bryggja Festivalfrukost

11:00 Sentrum Salsbodane opnar

11:00 Bryggja Messe ved fjorden

12:00 Sentrum Matbodane opnar

Omvising i kyrkja, Undredal Verdsarvhus og Undredal Stølsysteri

15:00 Slutt

NB: Ta alle tidspunkt med ei klype salt!

Mehehe... er det her det skal vere Geitostfestival?

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!