22.09.2013 Views

Folk nr 4-2012

Folk nr 4-2012

Folk nr 4-2012

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Team frå Bergen Bibelskole:

Mirakel og frelse på Askøy

Tekst: Inger Cecilie Frisvoll

ingcefri@gmail.com

Inger Cecilie Frisvoll er fødd og oppvaksen i

Romsdalen. Ho er gift med Per Edvin og dei

har tre ungar på 7, 9 og 12 år. I 2011/2012

tok dei med seg ungane til Bergen for å gå

eit år på Bergen Bibelskole, og dei var på

teamtur på Askøy. Etter fullført skuleår flytta

dei heim att til Molde. (Foto: Privat)

I slutten av april 2012 delte studentane på Bergen

Bibelskole seg i tre grupper for å reise ut på teamturar til

Filippinane, Bolivia og Askøy. Vi var fire som ikkje reiste

til det store utlandet – men Askøy er ikkje til å kimse av.

Vi hadde nokre fantastiske veker, og her får de eit lite

innblikk.

Helg på Gullbotn

Første helga i teamtur-perioden vår hadde menigheten på Askøy

planlagt ei menighetshelg på Gullbotn konferansesenter. For oss var

det ein »flying start« på teamturen. Vi var om lag 60 deltakarar med

smått og stort, frå den minste, 6 veker gammal, til aktive pensjonistar.

Som det har stått i bladet FOLK før, har forsamlinga på Askøy

hatt ein veldig vekst dei siste to åra, og mange av dei nye var med.

Det var mykje lovsong der Guds nærvær var tydeleg, og vi

merka Den heilage ande mellom oss. Kunnskapsord og profetiar

skapte tru, og undervisninga handla om at vi må søkje inn til Gud

og fylle oss med hans ord.

For oss i bibelskuleteamet var menighetshelga ein unik sjanse til

å bli kjende med dei som høyrer til i KF på Askøy. Eg og to av dei

andre hadde hatt praksishelgar på øya før og kjende ein del av dei,

likevel er det noko heilt anna å dele alt: Leik og moro, alvor, barnegråt,

måltid, liva våre og Guds Ord. Ein kjem tett innpå kvarandre ei

slik helg.

44

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!