22.09.2013 Views

Folk nr 4-2012

Folk nr 4-2012

Folk nr 4-2012

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Bøn, vaflar og evangelisering

Etter helga på Gullbotn hadde vi to veker på Askøy med fokus på

Gud, bøn, evangelisering og forkynning. Vi starta kvar dag i kjellaren

hos Astrid og Asbjørn Normann med lovsong på høgtalarane

og opne hjarte til Gud. Eit par dagar var fleire frå Askøy med.

Desse morgonstundene var gull verde i ein krevjande praksis. Tida

saman med Gud og kvarandre ga oss styrke til å møte dagen og

utfordringane.

Nokre dagar var heilt vigde til bøn for øya og folket som bur

der, med bøn fra Storevarden og på andre stader Gud minte oss

om.

Vi var fleire dagar på eit butikksenter, og snakka med og ba

for menneske Gud viste oss. Nokre av dagane hadde vi med vaffelrøre,

og vi delte ut gratis vaflar til dei som ville ha. At vaflane var

gratis vart mange forundra over.

– Vi er her for å dele ut kjærleik, ikkje for å få inn pengar, sa

vi og peika på plakaten med 1 Kor 13,13. Ein god del fekk med seg

evangeliet på vegen i tillegg til vaflane.

Elise Monclair Litleskare var ein av lærarane vår som var med

til Askøy. Frimodet og engasjementet hennar smitta oss og ga oss

tru til å våge å ta kontakt med dei Gud viste at vi skulle snakke

med. Vi såg fleire mirakel. Ein mann vart kvitt smerter han hadde

hatt i 12 år, både i foten og hovudet. Ein annan hadde ein kort fot

som vaks ut og vart like lang som den andre. Vi delte kunnskapsord

som gjekk rett inn i liva til dei som fekk ei helsing frå sin

himmelske Far. At menneske lengtar etter ein pappa i himmelen

som elskar dei, vart veldig tydeleg for oss. At Gud visste om

akkurat dei, og at han hadde ein plan for dei, vart veldig sterkt for

dei. Før teamturen vår var over hadde tre unge menn teke imot

Jesus!

Gruppesamling på Askøy

Å vere med på gruppesamling med Askøy-gjengen er heilt fantastisk

– ein sann fryd! Dei er så overgitte til Gud, og har eit stort

ønske om få vere med på planane hans. Den eine kvelden var det

25 menneske i ei stove, men der det er hjarterom er det husrom, og

smått med plass er inga hindring for Guds Ande.

45

Vi vart godt tekne vare på hos Astrid og

Asbjørn Normann.

(Foto: Inger Cecilie Frisvoll)

Desse morgonstundene var gull

verde. Tida saman med Gud og

kvarandre ga oss styrke til å møte

dagen og utfordringane.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!