29.09.2013 Views

Samenes Venn - Norges Samemisjon

Samenes Venn - Norges Samemisjon

Samenes Venn - Norges Samemisjon

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Det er no eitt år sidan eg fyrst fekk

smaken på indre Finnmark. Gjennom

dette året har eg vorte kjend med

Samemisjonen, både i Finnmark og

på Kolahalvøya. Eit av kjenneteikna

til Samemisjonen her nord, er dei

tradisjonsrike vinterstemna som vert

held gjennom dei kalde vintermånadene

januar, februar og mars. Idet dei

etterlengta solstreifa igjen møter oss,

samlar folk seg i hus og hytter for å

høyra Guds Ord. Mange opnar heimane

sine og ber familie, vener og

naboar inn til seg. Det er ikkje berre

glimtet av sol som set mot i folk, men

og glimtet av himmel Guds Ord gjev

oss.

Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga

av vona, for han som gav

lovnaden, er trufast (Hebr 10, 23) .

Sjølv kjem eg frå Nordmøre og er godt

van med husmøtetradisjonen. Det var

ekstra stas å vera med på møte når ein

skulle heim til folk. Mest av alt fordi

då vart det så triveleg, med god mat

og prat etter talen, kan hende vart det

tid til leik og. Husmøte er gode minne.

Truleg hugsar eg det slik, av di

det sette mot i oss. Det er viktig med

aktivitet i bedehus og forsamlingar,

men kanskje er det lettare å setje mot

i kvarandre i heimane. Dørterskelen

er lågare, låtten sit lettare og frimodet

er større i heimen. Eg vil oppmoda

alle til å be sin familie, sine vener og

naboar inn til seg – for å setje mot i

kvarandre, slik at ein kan oppgløde

kvarandre til kjærleik og gode gjerningar

(Hebr 10,24) .

Sjølv fekk eg gleda av å vera med

på husmøte i barndomsheimen min

på Lesund i byrjinga av november.

Denne gongen var det Jan Ove og eg

som sto for regien. Vi synte bilete og

fortalde om arbeidet Samemisjonen

gjer i indre Finnmark og på Kola.

Samenes Venn

Set mot i kvarandre!

Eg er stolt av Samemisjonen. Det har eg all grunn til å

vera, for Samemisjonen gjev folk eit glimt av himmel.

Takk til Samemisjonsforeninga, med

Gudbjørg Melland i spissen, som tok

i mot oss! Det er godt at nokon vil

høyre, det er stort å få fortelja om det

ein har sett og opplevd. Samemisjonen

gjer eit fantastisk arbeid som ein

Husmøte på Finset, Nordmøre.

Tekst:

Margaret Krutvik

Foto: Jan Ove Krutvik

verkeleg vert glad i og vil at andre og

skal få ta del i. Samemisjonen bergar

ikkje berre liv her på jorda, men og

for æva. Det er eit privilegium å få

vera med!

Husmøte hos Marit

Ragnhild Hætta

Bæhr i Kautokeino.

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!