UGULSVIK KRAFTVERK
UGULSVIK KRAFTVERK
UGULSVIK KRAFTVERK
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
1.0 Innleiing Miljørapport Ugulsvik kraftverk

Prosjektet planlegg å bruke ca. 1500 meter av nederste delen av Vikaelva ned mot

Veitastrondsvatnet. Inntaket er planlagt på kote 830 og kraftstasjonen på kote 176. Det

er planlagt nedgravd røyrgate i øvre del frå inntaket til eit bratt midtparti frå kote 530.

Her er det planlagt 190 meter røyr i dagen. Den nedste delen av røyrgata ned til

kraftstasjonen er planlagt nedgravd. Røyrgata er planlagt å bli 1490 meter lang.

Figur 2: Prosjektdetaljar. Gul linje markerer ny anleggsveg som er planlagt. Blågrøn er

eksisterande veg til hytte. Raud stipla er planlagt røyrgatetrase. Inntaket er markert

blått og kraftstasjonen rødt.

Det er planlagt ein installasjon på 3,1 MW med ei slukeevne på 0,58 m 3 /s. Dette

tilsvarer ei slukeevne på 200% av middelvassføringa i vassdraget (0,29 m 3 /s).

Kraftstasjonen er planlagt plassert ved eit grustak i overkant av fylkesvegen, kring 130

meter frå næraste bygning (fritidsbustad).

Samla investeringskostnadar er førebels utregnet til 34,8 millionar NOK og forventa

produksjon er på 9,9 GWh (med førebels framlegg til minstevassføring). Dette gjev ein

spesifikk utbyggingskostnad på 3,52 kr/kWh.

Luster Energiverk AS 2