23.01.2014 Views

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

4.0 Status og verdi Miljørapport Ugulsvik kraftverk

4.4 Artsmangfald

Her er ei oversikt over tidligare registrert og observert artsmangfold i undersøkingsområdet.

Det er også gjort ei vurdering av sannsynet for førekomst av raudlistearter i

området.

4.4.1 Pattedyr

Hjortebestanden i Luster kommune er vaksande og området er eigna for hjort. Jakttårnet

ved inntaket tyder på at området har ein del hjort. Jerv er registrert i området (raudlista

som trua (EN)). Mindre pattedyr som rev, mår, hare og røyskatt førekjem og i området.

4.4.2 Fugl

Av vanlege artar som er knytt direkte til elvar og rennande vatn er fossekall og

strandsnipe vanlegast. Det vart ikkje observert fossekall i elva, og elva har truleg for lita

vassføring i periodar av året til at elva er eigna habitatet. Skogen elles inneheldt lite død

ved og trea bar ikkje preg av å vere særleg gamle, noko som gjev dårligare hekkeforhold

for holerugarar. Hønsefugl er relativt vanleg i området. Fylkesmannen i Sogn og

Fjordane har registrert hubro lenger mot sør (ved Hafslovatntet).

4.4.3 Fisk

Vikaelvi er ikkje ei spesielt god fiskeelv. Det er ikkje kjent at det er fisk i elva og det har

ikkje vore fiska i elva (pers. medd. Johannes Ugulsvik). Aure kan gyte ved osen og til

ein viss grad gå opp elva, men det er dårlege gyteforhold opp elva. Veitastrondsvatnet

har berre brunaure.

4.4.4 Kryptogamar

Mose

Mosefloraen verker å vere ganske triviell i det meste av undersøkingsområdet. Arter

som kalkfagermose (usikker) og krokodillemose viser at berggrunnen kan innehalde ein

del kalk, men likevel verkar mosefloraen å vere lite spesiell. Artar som bekkefagermose,

prakthinnemose , vårmoser, krussleivmose, krusputemose, lundemoser og rødmesigmose

vart registrert oppover langs elva.

Habitata oppover langs elva er i varierande grad eigna for mosesamfunn. Den bratte

delen av elva er soleksponert og har lite stabilt fuktige mikrohabitat. Der skogen i større

grad skjermar og særleg der det er sig i bakken, er mosesamfunna meir dominerande.

Tabell 1: Artsprøvar teke i elveleie langs elva. Artsbestemt av Per Gerhard Ihlen.

Lokalitet Art

1 Rødmesigmose Blindia acuta

2 Lundemose-art Brachythecium sp.

3 Krokodillemose Conocephalumconicum

4 Krussleivmose Jungermannia hyalina

5 Vårmose-art Pellia sp.

6 Prakthinnemose Plagiochila asplenioides ssp.

7 Kalkfagermose Plagiomnium elatum

8 Bekkefagermose Rhizomnium punctatum

Luster Energiverk AS 12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!