04.11.2014 Views

2005-05_Helseivest_web - Helse Vest

2005-05_Helseivest_web - Helse Vest

2005-05_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Foto: Bjørn Erik Larsen

Ny sjanse

Etter seks-sju veker i Oslo og haugevis med testar og undersøkingar,

var han tilbake hos familien i Fyllingsdalen.

– Dei to sønene mine var eitt og fire år då eg blei sjuk. Dei har opplevd

heile sjukdomsperioden min. Etter transplantasjonen har dei fått ein ny

far, seier Pedersen.

Han var tilbake i halv jobb etter åtte månader. No arbeider han 80

prosent.

– Eg har fått ein ny sjanse og den skal eg ta vare på. Eg kjenner meg

veldig frisk, men veit at eg må vere forsiktig. No lever eg riktig, med sunt

kosthald og mykje mosjon og aktivitet. Kven hadde trudd at eg skulle

begynne å pumpe jern etter fylte 50 år?, spøkjer Harald Pedersen.

- Eg hadde ikkje trudd at eg skulle begynne å pumpe jern etter fylte

50 år, seier Harald Pedersen.

Det var på slutten av 80-talet at problema begynte. Han hadde ein

travel jobb som tillitsvalt i Bergen kommune. Han jobba mykje og var

tungpusten og sliten. Bedriftslegen oppdaga ein ulyd på hjartet, hjartespesialisten

fann ei forkalking på den eine hjarteklaffen. I 1994 fekk han

diagnosen dilatert kardiomyopati, betennelse i hjartemuskelen.

Døydeleg utgang

– Eg fekk vite at det kunne gå over, men at utgangen var døydeleg

dersom det ikkje gjorde det.

Etter nokre år blei det tydeleg at det berre gjekk ein veg.

– Eg var tungpusten berre eg sat i ro i sofaen. Sommaren 2002 kollapsa

eg i Bergen sentrum og blei henta med ambulanse. Viss eg skulle

overleve, trengde eg eit nytt hjarta, fortel Harald Pedersen.

Våren 2003 blei han godkjent for transplantasjon ved Rikshospitalet og

utstyrt med personsøkjar og mobiltelefon. Etter berre to månader kom

telefonen han hadde venta på.

– Det var ei enorm lette. Eg var så sliten både fysisk og psykisk.

Eg heiv meg på flyet og blei operert på Rikshospitalet same natt, fortel

bergensaren. Han rosar Rikshospitalet og personalet der for behandlinga

han har fått.

Meir enn ein fysisk klump

I Noreg er organdonorar anonyme. Harald Pedersen veit ikkje noko om

personen han har fått hjartet sitt av. Ikkje ein gang om det er ein mann

eller ei kvinne. Men det gjer ingenting.

– Eg er ikkje nysgjerrig, berre veldig takksam. Eg trur personen må ha

vore veldig frisk, for eg har fått ein energi eg ikkje hadde før, sjølv når eg

var frisk. Eg har fått noko meir enn berre ein fysisk klump, noko som

ikkje er meg, men som er positivt i forhold til meg.

– Har det å få nytt hjarte forandra deg på andre måtar?

– Ja. Ting som var viktige før, er det ikkje lenger og omvendt. Eg tar i

mykje større grad vare på dei gode stundene og er bevisst på at dei ikkje

er sjølvsagte.

– Ta stilling til organdonasjon

Fordi han har vore heldig og fått ein ny sjanse, har Harald Pedersen

engasjert seg i Foreningen for hjerte- og lungetransplanterte.

Dei jobbar mellom anna for auka kunnskap og bevisstgjering rundt

organdonasjon.

– Eg vil anbefale alle å snakke om temaet med sine næraste. Det er veldig

vanskeleg å ta stilling til eit slikt val den dagen det skjer dersom ein ikkje

kjenner standpunkta til kvarandre. Ingen kan vite kven som blir så sjuk

at dei treng eit nytt organ og kven som må velje om dei vil gi frå seg sine.

Dei aller fleste som får eit nytt organ lever eit godt liv vidare og får ein

heilt ny livskvalitet. Min bodskap til folk er at dei må snakke om dette.

Og det inneber sjølvsagt også all respekt til dei som seier nei til organdonasjon.

Det er ein heilt klar føresetnad.

14

Slik kan du ta stilling:

• Kvart år opplever mange familiar at ein av dei næraste blir

alvorleg skada i ei ulykke eller blir ramma av hjernebløding

eller blodpropp. Viss livet ikkje står til å redde kan det bli

spørsmål om donasjon. Då vil legen spørje dei pårørande om

dei kjenner haldningane til avdøde vedrørande donasjon, og be

om lov til å bruke hans eller hennar organ for å redde andre.

• Det er dei pårørande som må svare på vegne av avdøde. Derfor

er det viktig å informere sine næraste om sitt standpunkt.

Då slepp dei å ta avgjerda på dine vegne.

• Ein donor kan redde fleire liv. Vi har alle sju organ å gi bort;

hjarte, to lunger, to nyrer, lever og bukspyttkjertel. Det er i

prinsippet inga aldersgrense for donasjon.

• Viss du vil seie ja til donasjon, kan du skaffe deg eit donorkort

frå nettsidene til www.organdonasjon.no. Her finn du også dei

vanlegaste spørsmåla og svara i samband med organdonasjon.

(Kjelde: Stiftelsen Organdonasjon)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!