04.11.2014 Views

2005-05_Helseivest_web - Helse Vest

2005-05_Helseivest_web - Helse Vest

2005-05_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Mobilen kan gjere deg døv

Langvarig bruk kan føre til svulst i øyret

Ti års bruk av mobiltelefon aukar risikoen for svulst på

hørselsnerven med opptil 80 prosent.

Det viser ei undersøking publisert i det vitskaplege tidsskriftet

British Journal of Cancer. I studien slår forskarar frå Noreg,

Danmark, England, Sverige og Finland fast at langvarig mobilbruk

gir auka risiko for den sjeldne hjernesjukdommen akustikusneurinom.

Sjukdommen er i utgangspunktet godarta, men ettersom svulsten

ligg på ein trong og vanskeleg stad, kan den gi både hørselstap,

øyresus og balanseforstyrringar.

(Frå VG)

Mykje vil ha meir

Viss du blir servert ein stor porsjon med mat, et du meir. Det gjeld

sjølv om maten smakar vondt.

Forskarar har funnet ut at folk åt 34 prosent meir dårleg popcorn

viss det blei servert i store mengder enn viss det blei servert i

Kan tyggis erstatte

tannbørsten?

For folk som ikkje har tannbørste i mils omkrins, kan det bli

aktuelt å tygge for å unngå tannproblem.

mindre mengder. Folk et aller mest dersom popcornet blei

servert ferskt og smakfullt i store mengder.

– Funna viser at porsjonsstorleik kan påverke inntaket like

mykje som smak. Store pakkar kan føre til at vi overet mat vi

ikkje eigentleg finn tiltalande, seier forskar Brian Wansink,

professor i marknadsføring og økonomi ved Cornell University,

Canada, ifølge WebMD.

Men dette er ikkje berre dårleg nytt. Vi overet søtsaker i store

mengder, men vi gjer det same med sunnare alternativ, som

frukt og grønsaker. Så i staden for å ta ein liten porsjon med

salat, kan du ta ein stor!

(Frå www.mozon.no)

Forskarar ved tannhelseinstituttet i den amerikanske hæren

har utvikla ein tyggegummi som skal ta knekken på skadelege

bakteriar. Det er enda ei dårleg nyheit for Karius og Baktus.

– Rundt 15 prosent av våre utplasserte soldatar har opplevd

nødstilfelle med tennene sine, som infeksjonar i tannkjøttet,

seier Kai Leung ved US Army Dental Research Detachment til

tidsskriftet Nature.

Tyggisen inneheld eit protein som drep mikroorganismar som

lagar plakk - som igjen kan føre til tannkjøttbetennelse og hol i

tennene. Forskarane har klart å utvikle tyggisen slik at

proteinet går direkte til angrep på cellemembranen til dei

skadelege bakteriane i munnen.

– Mange sukkerfrie tyggegummiar som blir marknadsførte som

tannhelsefremjande, aukar ganske enkelt spyttproduksjonen,

som bidrar til å fjerne matpartiklar, opplyser Kai Leung.

(Frå www.forskning.no)

Ny metode

kan varsle

lungekreft tidleg

Ein enkel test av celler som blir skrapne frå huda på innsida av

kinnet kan gi tidleg varsel om lungekreft. Metoden er framleis på

utprøvingsstadiet, men viss han gir sikre nok resultat, kan testen

i framtida utførast av fastlegen eller av tannlegar.

– Vi meiner at tidlege og riktige diagnosar er nøkkelen til å

redusere talet på dødsfall som skuldast lungekreft, seier

sjefsforskar Bojana Turic.

Lungekreft rammar først og fremst røykarar, og kan behandlast

med godt resultat viss diagnosen blir stilt tidleg nok. I Noreg blir

det årleg oppdaga rundt 2000 nye tilfelle av sjukdommen, mens

rundt 1500 pasientar kvart år døyr av sjukdommen her i landet.

(Frå NTB)

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!