30.01.2015 Views

skolesekken - Nord-Trøndelag

skolesekken - Nord-Trøndelag

skolesekken - Nord-Trøndelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN - videregående skole 2013 – 2014

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN - videregående skole 2013 – 2014

MUSIKK

12

Trondheim Symfoniorkester:

Orkesterprøve

Trondheim symfoniorkester er, med si over

100-årige historie, ein av dei største kulturinstitusjonane

vi har.

Kvalitet, breidde og vitalitet er stikkord som kjenneteiknar

orkesteret. No gjentek dei suksessen frå i fjor,

og inviterer elevar inn som publikum ved eit utval av

generalprøvene hausten 2013:

1. Torsdag 5. september: Brahms Symfoni no 2. Dirigent:

Krzysztof Urbanski.

2. Torsdag 26. september: Musikk av russiske Lera

Auerbach + Mozart klaverkonsert. Auerbach er festivalkomponist

under årets Kammermusikkfestival,

og vil også vere klaversolist på Mozart.

3. Torsdag 3. oktober: Mahler Symfoni no 4. Dirigent:

Aldo Ceccatto.

4. Torsdag 24. oktober: Grieg a- moll klaverkonsert og

Stravinsky Ildfuglen. Solist: Jan Lisecki. Dirigent:

Krzysztof Urbanski.

5. Torsdag 21. november: Unge Talent. Konsert

med unge norske solisttalent mellom 18 og 28 år.

Prøvespel for utveljing i byrjinga av juni. Dirigent:

Anna-Maria Helsing.

Uttrykk: Musikk

Relevans for m.a. musikk

Medverkande: Trondheim Symfoniorkester

Produsent: Trondheim Symfoniorkester

Turnéperiode: Hausten 2013

Arena: Olavshallen i Trondheim

Tid: 10.00-15.00

Maks publikumstal: Uavgrensa

Einar Olav Larsen Trio:

Pols & Blues

Einar Olav Larsen Trio set i denne konserten

fokus på møtet mellom trøndersk folkemusikk og

amerikansk blues.

Bakgrunnen for trioen er møtet mellom folkemusikar

Einar Olav Larsen frå Verdal og bluespianist Daniel

Trustrup Røssing frå Levanger. Dei representerer og

vidarefører den sterke tradisjonen for samspel mellom

fele og piano på trøndelagsbygdene, ikkje minst

inspirert av Hilmar Alexandersen og hans samspel

med pianisten Sturla Hallås. Samstundes som Einar

Olav Larsen Trio vidarebringer sterke trønderske

musikktradisjonar, skaper deira sjangeroverskridande

musikalske uttrykk noko heilt unikt og nytt.

Uttrykk: Musikk

Relevans for m.a. musikk, historie

Medverkande: Einar Olav Larsen Trio: Einar Olav

Larsen, Daniel Tustrup Røssing, Audun Larsen

Produsent: Hilmar AS

Turnéperiode: Opent

Arena: Alt frå klasserom til kulturhus, så lenge lokalet

inneheld piano

Tid: 45 minutt

Maks publikumstal: Etter storleik på arena

KULTURARV

Falstadsenteret:

Kvinneliv i krig

Korleis

blei krig og

okkupasjon

opplevd av

kvinner i

Noreg under

andre verdskrigen

Kvifor kjem kvinnene sine perspektiv og erfaringar så

ofte i bakgrunnen når historia om krigen blir fortald

Hausten 2013 markerer Falstadsenteret stemmerettsjubileet

ved å fokusere på kvinnene sine historier

frå andre verdskrigen. Temaet blir her sett i samanheng

med sosiale og kulturelle rettar, ytringsfridom,

likestilling og demokratisk deltaking.

Under besøket på Falstadsenteret får elevane møte

personlige historier frå Falstad fangeleir og Trøndelag,

i krigsåra og i umiddelbar etterkrigstid. Gjennom

historiske kjelder får elevane studere kvinnene sine

handlingar og mogelegheiter i krigssituasjonar, og

byggje forståing for korleis enkeltpersonar sine forteljingar

heng saman med viktige historiske hendingar.

Uttrykk: Kulturarv

Relevans for m.a. historie, samfunnsfag

Medverkande: Falstadsenteret

Produsent: Falstadsenteret

Turnéperiode: Haust 2013

Arena: Falstadsenteret

Tid: 4 klokketimar

Maks publikumstal: 40

Ill.: Åshild Karevold

Eivind Lentz:

Se(e) me(g)

I klasseromsbesøk møter elevane bildekunstnar

Eivind Lentz. Saman med elevane vil han utforske

bildesjangeren mobiltelefonfotografering, og sjå

på korleis populærteknologien flyttar etablerte

kulturelle grenser, samstundes som den skaper eit

nytt bildespråk.

Gjennom ein presentasjon av eige kunstnarleg arbeid,

diskusjon, bevisstgjering og praktiske fotografiøvingar

blir elevane gjort merksame på dei kommunikative,

moralske, etiske og juridiske utfordringane som fyl

den offentlege bruken av sjølvpublisert bildemateriale.

Etter dette møtet fortel elevane om seg sjølve

gjennom å ta fire bilete. Ungdommane blir oppfordra

til å vere kreative, samstundes som dei tenkjer på

konsekvensane av det dei viser.

Uttrykk: Visuell kunst

Relevans for m.a. Religion og etikk, samfunnsfag,

mediefag, design og handverk

Medverkande: Eivind Lentz

Produsent: Eivind Lentz

Turnéperiode: Opent

Arena: Klasserom

Tid: 140 minutt

Maks publikumstal: 30

Visuell Kunst

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!