30.01.2015 Views

skolesekken - Nord-Trøndelag

skolesekken - Nord-Trøndelag

skolesekken - Nord-Trøndelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Forsidefoto: Kollasj av nokon av bileta frå denne brosjyra

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN - videregående skole 2013 – 2014

2

Tilbodet frå Den kulturelle skolesekken

for skuleåret 2013-2014

Den kulturelle skolesekken (DKS) er no inne i sitt tredje

år i den vidaregåande skulen i Nord-Trøndelag, og er

eit tilbod som skulane har teke godt imot. DKS er ei

varig ordning som, med finansiering frå spelemidlane,

er heilt gratis for elevane.

Vi vonar at den enkelte tek seg god tid til gjennomgang

av programtilbodet i denne katalogen, og melder sine

produksjonsynskjer til kulturkontakten i god tid før

bestillingsfristen. På denne måten kan kvar enkelt av

dykk sikre at de får besøk av dei produksjonane de

opplever som mest relevante og interessante det

komande skuleåret.

Anne Marit Mevassvik,

Fylkesråd for utdanning

Anne Lena Underland,

Koordinator DKS

Meir utfyllande informasjon om

tilbodet kan de finne på nettsidene

våre www.dksnordtrondelag.no.

Klikk på fana merka «videregående»

nedst til venstre, og du vil få opp ein

oversikt over programmet. Det meste

av tilbodet blir også presentert på

Møteplassen på Stiklestad, slik at

lærarar og elevar får eit godt grunnlag

for å gjere sine val for komande

skuleår. Det er viktig at skulane gjer

val og prioriteringar som medfører

at kvar enkelt elev får minimum ei

oppleving i løpet av skuleåret.

Føremålet med DKS er, i følgje

Stortingsmelding nr. 8, 2007-08:

å medverke til at alle elevar i

grunnskulen og den vidaregåande

skulen får eit profesjonelt

kulturtilbod.

å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få

tilgang til, gjere seg kjend med og utvikle forståing

for kunst- og kulturuttrykk av alle slag.

å medverke til at kunst- og kulturuttrykk bidreg til å

realisere skulen sine mål, slik dei kjem til uttrykk i

læreplanverket.

Tilbodet for neste skuleår er blitt til gjennom møter

med kulturkontaktane ved den enkelte skule, samt

representantar frå rektorkollegiet. Tilbodet omfattar

scenekunst, film, litteratur, musikk, visuell kunst og

kulturarv. I denne katalogen blir tilbodet presentert

innan desse seks kategoriane, samt ein kategori

kalla kunstartar i samspel, kor produksjonane er ein

symbiose av fleire forskjellige kunstuttrykk. I tillegg

har vi også eit utval av tilbod som er spesielt tilpassa

elevar med særskilde behov.

Programmet famnar vidt, her skal vere noko for ein

kvar smak, representert både gjennom skulebesøk

og besøk på eksterne arenaer som kulturhus, kino

og museum. Elevane får møte kunsten gjennom

framsyningar, verkstadar, museumsbesøk, samtalar

og foredrag. Fundamentet for ein god produksjon er

det gode møtet mellom eleven og kunstnaren. For at

dette møtet skal bli vellykka, har kvar skule ein eller

fleire kulturkontaktar, som legg eit stort arbeid i å

tilretteleggje for besøka frå DKS.

Vi ynskjer dykk

eit godt Skolesekk-år

Viktige datoar: Møteplassen: 16. og 17. april – Frist for bestilling frå tilbodet: 1. mai

Innhald:

Side 3

Anita Jacobsen: «Fjærlett»

Side 4 Kari Stai: «Jakob og Neikob»

Dans i Nord-Trøndelag: «Stjerne*»

Side 5 Karen Rotmo m.fl.: «Minner som forsvinner» /

«Mens du er her»

Nord-Trøndelag teater & Kristofer Grønskag:

«Demokratikk»

Side 6 Alan Drop: «Roads less travelled»

Tom Roger Aadland: «Blod på spora»

Side 7 Bjørn Jegerstedt & EstherOrkester: «Tilgi, men aldri

glemme»

Namdalsmuseet: «Fra barokk til rock»

Side 8 Tore Strand Olsen: «Tegneseriekurs»

Sigmund Kveli: «Humor i teksten»

Side 9 Ragnhild Lund Ansnes: «Fotball: Lidenskap og

galskap»

Kristin Fridtun: «Ivar Aasen: Rota til alt vondt»

Side 10 Kjersti Wold og Geir Vang: «Rapport fra et sandkorn»

Jon Vatne: «Nesten helt sant – et krasjkurs i

dokumentarfilm»

Side 11 Kosmorama: «The Disintegration»

Kosmorama: «Festivaloppleving»

Side 12 Trondheim Symfoniorkester: «Orkesterprøve»

Einar Olav Larsen Trio: «Pols og Blues»

Side 13 Falstadsenteret: «Kvinneliv i krig»

Eivind Lentz: «Se(e) me(g)»

Side 14 ADGE & TNT: «Dr. Jekyll and Mr. Hyde»

Freestyle Phanatix: «Bust da Breakz»

Side 15 Blendwerk teater: «Å leve på kode 6»

Trøndelag teater: «Peer Gynt»

Side 16 Riksteatret: «Each One Teach One»

Riksteatret: «Vildanden»

Side 17 Riksteatret / Wakka Wakka: «Saga»

Riksteatret: «Folkestyre!»

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN - videregående skole 2013 – 2014

Anita Jakobsen: Fjærlett

Dette er eit spesialtilpassa kunstnarleg tilbod til

elevar med nedsett funksjonsevne, og for elevar

med åtferdsvanskar.

Opplegget har i utgangspunktet to delar; ein sansedel

og ein workshop, men tilpassingar og justeringar

i programmet blir gjort etter behova i den enkelte

gruppa. Alle individuelle behov skal ivaretakast

gjennom opplegget, og det er difor viktig med dialog

mellom utøvar og skule i god tid før turnestart.

I sansedelen brukar ein fjør saman med

gjennomsiktig, florlett stoff. I workshopdelen får

elevane måle til musikk. Det ferdige uttrykket er prega

av den enkelte eleven sine evner. «Fjærlett» kan også

tilpassast slik at heile klasser kan delta i fellesskap,

kor både elevar med funksjonsnedsetjingar og øvrige

elevar får skape ut frå eigne føresetnadar.

Uttrykk: Kunstartar i samspel

Relevans for m.a. Elevar med særskilde behov

Medverkande: Anita Jakobsen

Produsent: Anita Jakobsen og DKS Rogaland

Turnéperiode: Oktober 2013 eller mars 2014

Arena: Stort rom / gymsal til sansedel,

klasserom til workshop

Tid: 180 minutt

Maks publikumstal: 15 (25)

For elevAr med særskilde behov

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!