19.03.2015 Views

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

meiner likevel at behovet for å få til eit større næringsområde i denne sentrale delen av

Meland er eit omsyn som må vektleggjast meir enn reine skogbruksomsyn. Det er og svært

viktig å sikra tilstrekkeleg areal til ein gjenbrukstasjon, sidan eksisterande gjenbrukstasjon er

planlagt flytta frå Knarvik til Kjevikdalen. Ved å etablera ein eigen miljøstasjon i Meland,

unngår ein at innbyggjarane må køyra heilt til Kjevikdalen i Lindås. Det vil i seg sjølv gje ein

positiv miljøgevinst. At ein i tillegg sikrar areal til varmeanlegg for biobrensel like ved

gjenbrukstasjonen, kan vera eit viktig grunnlag for at ein i framtida kan få til miljøvenlege

energiløysingar (med CO2-nøytral energikjelde) til bruk i det kombinerte

forretning/kontor/industriområdet.

Administrasjonen har positivt merka seg at det registrerte verdifulle våtmarksområdet ved

Dalstøtjødna og myrområdet rundt vert føreslått regulert til spesialområde naturvernområde,

og at det bratte partiet med skog vest for bustadfeltet mot Mjåtveitmarka er regulert til

spesialområde friluftsliv. Desse arealføremåla, i tillegg til parkbeltet rundt, er etter

administrasjonen si vurdering viktig for å sikra miljøkvalitetane og naturmangfaldet i

området, samt vera med på å redusera potensiell konfliktgrad mot naboar og andre interesser

i nærområda rundt.

Vidare har administrasjonen merka seg innhaldet i rapporten frå Norsk Natur Informasjon, og

at det vert stilt krav om rammeplan for handtering av overvatn m.m., for å løysa utfordringar

knytt til eventuell avrenning frå næringsområdet.

Vurdering i høve tettstad/ senter/ kommunikasjon:

Administrasjonen har merka seg at det i føresegnene til det kombinerte området står at

forretning berre vert tillete om det gjeld etablering av verksemder for handel med varer som er

plasskrevjande (arealkrevjande varer). Denne juridisk bindande formuleringa, saman med

plankravet om eigen detaljreguleringsplan seinare(§ 1.1.1) er viktig for å sikra at det ikkje

vert opna for noko nytt forretningssenter i dette området, og som i så fall kunne redusera

Frekhaug sin funksjon som kommunesenter i Meland. Administrasjonen meiner difor at

reguleringsplanen slik den no er utforma ikkje vil koma i konflikt med rikspolitiske

retningsliner for kjøpsenter av 27.juni 2008 eller med fylkesdelplan for senterstruktur og

lokalisering av service og handel i Hordaland av 2002, sidan det ikkje vert opna for

detaljhandel innanfor planområdet. Nærmare reglar knytt til dette området og med avgrensing

mot kva type forretningar som eventuelt kan tillatast i dette området er noko som må drøftast

nærmare i samband med utarbeiding av ein detaljreguleringsplan. Området vil, når den nye

riksvegen er utbetra, få busshaldeplassar ved riksvegen. Då vil området verta godt tilgjengeleg

både for bussreisande og for gåande/syklande.

Konklusjon:

Administrasjonen meiner det ligg føre eit gjennomtenkt og gjennomdrøfta framlegg til

reguleringsplan, og at planskildringa har dokumentert og analysert dei viktigaste interessene

og utfordringane som er knytt til innhaldet i planen og til sjølve planområdet. Planarbeidet er

utført etter dei prosessuelle krava gjeve i plan- og bygningslova 27-1, og innhaldet og

konklusjonane i planskildringa samsvarer godt med det juridiske plankartet med føresegner.

Administrasjonen tilrår med dette at 1. gongs framlegg til reguleringsplan for

”Næringsområdet Dalstø-Mjåtveit ” vert lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og

bygningslova sin § 27-1, punkt 2 og på vanlege vilkår.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!