19.11.2012 Views

ned mot aurdalen - Skald

ned mot aurdalen - Skald

ned mot aurdalen - Skald

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

70

drukna i Vassbygdvatnet 36 år gamal, og eit 14 år gamalt

barnebarn døydde same året. Familien, med unntak av

dottera Ragnhild, fór til Amerika. Ragnhild gifta seg

med ein halling, Svein Sveinsson. Den neste generasjonen

som åtte dette bruket, starta fj ellstove i 1938. Eigaren

gjennom mange år, Otto Midje, er kjend fordi han

kløvja og bar mat og utstyr både til si eiga fj ellstove og

til hytta i Stemmerdalen. I bygdeboka for Aurland heiter

det at han var knytt til arbeid i Aurlandsdalen i 54 år.

Også fj ellstova har teke vare på gamal kultur. Sjølv om

bygningsmassen har auka, fi nn ein framleis eit gamalt

stabbur i tunet. Det er Per Steinar Melås som eig fj ellstova

no.

I dag kan dei farande merke kontrastane mellom den

gamle gravplassen i Aurdalen på ei side, og omfattande

reiselivssatsing med utleigehytter og konferansesentrum

like ved. Området kring Aurdalsvatnet ber såleis preg av

reiseliv med nytt og gamalt ved sida av kvarandre.

DEI DØDE FEKK SIN PLASS I AURDALEN

Tanken om ein vigsla gravplass i Aurlandsdalen er gamal.

Men det tok si tid å få løyve til å lage gravplass i

fj ellet. Skriftlege kjelder fortel at avlidne vart gravlagde i

Aurdalen i 1858. Men truleg har plassen vore i bruk tidlegare.

Presten Henrik Allum skreiv om ei jordpåkasting

i Aurdalen dette året. I 1858 og 1859 vart fem personar

gravlagde utan at presten hadde vore med. Seinare på

året kom han til Aurdalen og kasta vigsla jord på gravene.

Dei hadde då sett staurar ned på kisteloka. Staurane

tok dei så opp, og gjennom holet etter stauren dryssa

presten jorda ned på kistene.

Rundt gravplassen, eller kyrkjegarden som den også

blir kalla, går det ein mur. I 1953 sette folk frå Aurland

og Hol opp ein bautastein med namna på dei som er

gravlagde her. Tilstellinga i 1953 markerte på mange

måtar slutten på gamletida i Aurlandsdalen, og på samkvemet

mellom bygdelaga på båe sider av fj ellet. Ikkje

Gravplassen i Aurdalen vart vigsla i 1850-åra, men hadde truleg vore i

bruk tidlegare.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!