19.11.2012 Views

ned mot aurdalen - Skald

ned mot aurdalen - Skald

ned mot aurdalen - Skald

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNHALD

FRÅ VIDDA TIL VANGEN 9

Vandring i Aurlandsdalen 10

Fjellet vi går på 12

Flora og fauna i Aurlandsdalen 16

HALLINGSKARVET NASJONALPARK 25

Den yngste nasjonalparken i landet 26

Kort veg mellom naboane 27

Fjellfolka var gode vertsfolk 35

Geiterygghytta 40

GEITERYGGEN – STEMMERDALEN 47

Då Stemmerdalen vart Steinbergdalen 48

Hestehandel – eit ærleg yrke 50

Draumen var ein gard og ei kjerring på Austlandet 52

Lordane – overklassemenn frå England på fi ske og jakt 58

NED MOT AURDALEN 63

Tettstaden i Aurlandsdalen 64

Ein gard utan støl har liten verdi 66

Dei døde fekk sin plass i Aurdalen 70

AURDALEN – VASSBYGDI 79

Utvandringa til Amerika 80

Budeie på Tindi – Marta Bjørgum Meland fortel 82

Aurlandsdalen i kunstnarauge 90

Berekvam 92

Skorsgarden og stølen Skori 95

Teigen 96

Sinjarheim 99

Almen 100

VASSBYGDI – AURLANDSVANGEN 103

Vassbygdi 104

Frå mjølk i bøtta til ost og smør 106

Budeie på Belle – Oddny Hernes fortel 110

Prestegarden som vart økologisk landsline 114

Fjellferd under krigen 116

AURLANDSVANGEN 123

Børs og katedral 124

Då fossen stilna 127

Veg gjennom dalen 133

Når sommarn kjem da blir de fi nt e fj ellå,

da ska eg dit å hør kår bekkjin syng,

Å kliv te topps e brattast berjestellå,

Å vea gras å tort å tåberløng.

E kjenne lokt tå gras kreng alle haua,

Å sola skin, å bjøllåin kling så kløkt.

Å tjønnin legg så blankt der e ska laua,

Me berg ekring, der e kan sol` me trøgt.

Då væt e vesst at bekkjin legg å venta

poinn kalle isa me så sval æn drekk.

– Når hausten kjem, å sistkvellskløva henta,

Då ska e takk’ fær sommarn så e fekk.

Hans Hyldbakk: Vårsøg (utdrag)

Hausten 1954 var eg med på sauesanking i Ston dalen,

ein sidedal til Aurlandsdalen. Ettersankinga gjekk føre

seg i Stemmerdalen. Eg var 18 år gamal og elev ved Sogn

Jord- og Hagebruksskule. Medan dei andre elevane tok

opp poteter, fekk eg bli med til fj ells. I ettertid minnest

eg to hendingar.

Det eine var kryssinga av elva ved stølen Vetledalen.

Vi kom over, men dei enorme vassmengdene gjorde

inntrykk. To år før hadde ei ung jente omkome då ho

vart teken av fossen oppe i Aurdalen, fortalde sankebasen.

Han ville nok åtvare 18-åringen som prøvde å

vasse elva i staden for å ta omvegen opp til hengebrua.

Den andre hendinga var knytt til ei lita kvild på ein

av stølane. Midt i september var det framleis stølsdrift.

Den unge budeia sette pris på eit besøk. Ho gav sauesankarane

kvar si skei og let oss smake på primen i ystekjelen.

Varmen frå grua, dufta frå ostekjelen, den søte

og varme primen og den trivelege jenta sette spor.

Fleire tiår seinare gjekk eg, saman med mellom anna

to barnebarn, ein tur frå Finse, nordover til Geiterygghytta

og vidare til Kongshelleren. Også denne gongen

sette turen spor. Aurlandsdalen har i dag vorte eit populært

turmål for fotturistar frå heile landet.

Denne boka vender seg til menneske som er interesserte

i samspelet i naturen: Korleis menneska, viltet,

beitedyra, fi sken i vatna og vedskogen har vore avhengige

av kvarandre. Eg håpar at boka har noko å tilføre

moderne menneske til fots eller i bil gjennom Aurlandsdalen.

I boka er Aurlandsdalen brukt på eit litt større område

enn det som er merka av på kartet. Boka fortel om hendingar

og sanseinntrykk frå stader mellom Hardangervidda

og Aurlandsvangen. Dette er fj ell, vidder og djupe

dalar som høyrer med til ein felles fj ellkultur. Også området

kring Strandavatnet i Hol kommune er med i boka.

Eg vil følgje fotturistane si vandring frå Vidda til Aurlandsvangen

– ei vandring gjennom høgfj ell med stein,

snøbre og bekker, langs vassdrag og innsjøar, gjennom

ufser og galdar ned til Aurlandsfj orden.

God tur!

Hans H. Th yri

5

NED MOT AURDALEN

Aurdalen med Aurdalsvatnet i sentrum ligg om lag 800 moh. Både ovanfor og nedanfor Aurdalen er det gjel og bratte dalsider.

Frå Aurdalen går det stølsvegar og turstigar i ulike retningar og mange fotturistar byrjar turen sin her. På sommarstid

er dalen grøn og frodig. Beitegraset, som ikkje blir nytta lenger, veks saftig både på fl atene og oppover langs dalsidene. Fleire

sideelvar renn saman med Stemmerdøla, hovudelva langs dalen. Einskilde stader breier elva seg ut og blir grunnare, slik at ein

kan vasse over. Tidlegare gjekk turistløypa og kløvvegen mellom Stemmerdalen og Aurdalen langs elva. Etter kraftutbygginga

vart den fl ytta opp i dalsida, og det er laga bruer over sideelvane og sett opp skilt på utsiktspunkta.

Nedover dalen går bilvegen i slak utforbakke, forbi dammar og vassmagasin. Den går nær stølar og tufter etter gjetarbuer

og stølshus. Under skoggrensa fi nn ein restane etter den faste busetjinga.

s-

Aurlandsdalen

Nesbø.

Langavatnet

Alvsvatnet

Gravdalen

Katlavatnet

Dyranosi

Svartavatnet

Langedalen

Berekvam

Tindi

Holmen

Nesbø Østerbø

Heimrebø

Viki

Aurdalen

Aurdalsvatnet

Høganosi

Stemmerdalen

Vesterdalen

Sauavaddalen

Vetlebotnvatnet

Steinbergdalen

Stemmerdøla

Bolhovd

S dh ll k

Nyhellervatnet

Kongshelleren

DNT

63

64

To av dei gamle gardane i Aurdalen er i dag større reiselivsverksemder. Den eine heiter Østerbø Fjellstove, den andre Østerbø Turisthytte.

TETTSTADEN I AURLANDSDALEN

På gardsbruka i Aurdalen var det mange husdyr. Dyr

frå stølane beitte også nede i dalen. Saman med slått og

vedhogst heldt dei skogen nesten borte. Etter at beitinga

tok slutt, har dette endra seg. No er bjørkeskogen på

sterk frammarsj. Før svartedauden var truleg Aurdalen

støl for garden Aurdal ved utløpet av vassdraget.

På 1600-talet var det fi re bruk i Aurdalen: Østerbø

med to gardar, Viki (Aurviki) og Nesbø. Elles har både

tal på familiar og tal på bruk variert. I 1835 var det fi re

bruk på Østerbø, to i Viki og to på Nesbø. Då budde det

45 menneske i Aurdalen.

To av bruka låg der vi har turiststasjonane i dag. Det

tredje bruket, Viki, låg rett vest for utløpet av elva Lan-

gedøla, medan Nesbø låg ved Nesbøvatnet ein god kilometer

lengre nede. Viki var truleg den eldste garden. Det

gamle stovehuset på garden står framleis. Huset er stort

samanlikna med dei ein fi nn elles i Aurdalen. Bygningen

er truleg frå 1700-talet. Elles er det eit omfattande system

av steinmurar kring det gamle gardstunet i Viki.

Dette er merke etter den tida driftekarane jaga dyra sine

gjennom dalen. På fl eire plassar var det sedvane at dei

kunne stanse og beite med driftene sine. Beiteområda var

gjerne avgrensa frå resten av innmarka med steingjerde.

I Vikjahagen kunne driftene stanse i opp til tre døgn.

Nesbø var ein av dei største gardane i Aurlandsdalen.

På garden kunne ein fø opptil 40 storfe. Dette var like

Viki eller Aurviki skulle vere den vakraste garden i Aurdalen. Bonden som i si tid selde garden og for til Amerika, lengta heim att og prøvde å få kjøpe igjen garden.

Det vart inga reise heim att.

65

66

mykje som på dei største bruka nede i bygda, og langt

meir enn på dei andre bruka i Aurlandsdalen. Slåttemarka

var på begge sider av Nesbøvatnet. Ein kunne

frakte høyet over på ein pram, eller ta det over etter at

isen hadde lagt seg. Då folka på garden selde bruket og

fór til Amerika, samla dei ein del reiskap og gjenstandar

og la det under ein heller. Endestykket på prammen vart

funne ein god del år seinare og er frakta ned i bygda som

eit minne. Det eine fj øset på garden er så stort at det

truleg kan ha vore eit såkalla langhus med plass til både

husdyr og folka på garden. Dette peikar i så fall attende

til tida før svartedauden.

Garden ved Nesbøvatnet, 810 moh., hadde god kornjord.

Treskinga gjekk føre seg om hausten etter at isen

hadde lagt seg på vatnet rett utanfor garden. Gustav

Nesbø voks opp på Nesbø, men fl ytta seinare ned i bygda.

Han hadde ei gåte han fortalde når familien kom på

besøk: Kor hen i landet fi nn ein den største låven, det

slettaste låvegolvet og låven som er høgast under taket?

Svaret var sjølvsagt Nesbø, der ein treskte ute på det islagde

vatnet. Garden hadde mange løer. I alt er det registrert

18 bygningar og bygningstufter i utmarka kring

Nesbø. Gustav høyrde elles til ein søskenfl okk på elleve,

sju av desse fór til Amerika.

Før galden forbi Nesbø vart sprengd ut i 1925, gjekk

vegen opp Gravdalen til stølen Tindi, vidare til stølen

Myrane og så ned att mot Østerbø. Rett nok var det laga

ein slags stige med trinn av bjørk opp berget der folk

kunne klive. Men bufe og kløvhestar måtte ta vegen om

Tindi.

EIN GARD UTAN STØL HAR LITEN VERDI

Alle gardane i Aurlandsdalen hadde fl eire stølar. For å

syne omfanget av stølsdrifta kan det høve å nemne Nesbø.

Dette bruket hadde fi re stølar: Tindi opp for garden

i Gravdalen, Kringla og Ljøteboten, som begge låg på andre

sida av dalen og Holmen i retning mot Bjønnstigen.

Tidspunkt for buføring mellom stølane utvikla seg som

Gudrun Winjum steller dyra på stølen Holmen.

Sissel Haltvik (sitjande til venstre) og Ruth Bekkedal fødd Midje (til høgre) framfor stabburet på fj ellstova. Fleire ungdomar starta yrkeskarrieren med sommararbeid

på hyttene i fj ellet.

67

Gjertrud Øyum var budeie i Viki.

68

ein uskriven regel, slik at beitet vart best mogeleg utnytta.

Stølsdrifta var utruleg arbeidskrevjande. I tillegg

til mjølking og stell av produkta, var det bruk for mykje

ved. Denne skulle hoggast slik at den var turr til sommaren.

Etter at gardsdrifta tok slutt, vart nokre av stølane

skilde ut frå resten av bruka. På einskilde stølar er husa

framleis i brukbar stand. Eigartilhøva i dag kan variere

ein del. Nokre stølar har vore på handel og fått nye eigarar.

Tindi kom på handel og vart til slutt kjøpt av bonden

på garden Bjørgo. Fram til 1960-åra var Bjørgo ein

veglaus gard, rett opp for Aurlandsvangen. Buføring og

transport av varer gjekk med kløvhest, først ned på Vangen,

deretter til Vassbygdi og så opp Aurlandsdalen til

Nesbø og derfrå opp til stølen. Tindi var i bruk av folka

frå Bjørgo til 1986. Dette var lenger enn på nokon andre

av stølane i dalen. Avviklinga av stølinga på Tindi markerte

slutten på ein tusenårig tradisjon i Aurlandsdalen.

Nedanfor Nesbøvatnet, ved Tirtesva, deler stigen seg.

Den eine stigen, som er den eldste, går forbi stølen Holmen

og vidare ned Bjønnstigen. Den andre følgjer meir

elva og går forbi Heimrebøen. Den siste bøen er komen

meir i bruk dei siste åra fordi ein kan gå inn på turstigen

frå bilvegen mellom Berdalstunnelen og Nesbøtunnelen.

Frå Heimrebøen kan ein såleis gå ein halv Aurlandsdal,

anten opp til Østerbø eller ned til Vassbygdi. Men den

gamle ruta forbi Bjønnstigen er noko av det villaste i

heile Aurlandsdalen.

«Bø» tyder innmarka på ein gard, og ein fi nne dette

namnet knytt til gardane nedover Aurlandsdalen. Truleg

kjem første delen av namna frå plassering i høve til vassdraget:

Øvstebø, Nestebø og Heimrebø. I seinare tid er

namna noko omskrivne slik at det i dag heiter Østerbø

og Nesbø.

Fleire av eigarane av bruka kring Aurdalsvatnet kom

frå Hol. Ein av desse var Knut Jonson Uren. Han fekk

tilnamnet Stor-Uren. Fram til 1860 budde Knut i Urevassbotn

lengst opp mot Geiteryggen på hallingsida. I

to år leigde han bort fj elleigedomen sin i Hallingdal, som

hamn til Knut og Ivar Veum frå Aurland. Etterpå vart

Torstein Tokvam eigar av bruket. Knut Uren tok etter-

namnet Østerbø og vart i Aurdalen så lenge han levde.

Namnet hans står på tavla på kyrkjegarden i fj ellet.

Den siste som vart gravlagd på Østerbø var Svein

Sveinson. Han voks opp på garden Skøra i Sudndalen.

Han var gift med dotter til Stor-Uren. Svein døydde i

1911 og var den siste fastbuande i Aurdalen.

Ein av dei som selde garden sin og fór til Amerika,

var Erik Sjursen frå Viki. Sjølv om han hadde det bra

økonomisk i Amerika, og elles hadde familien sin med

seg, vantreivst han. Der var ingen foss, ingen stølar,

ikkje noka fj ell å feste augo på. Erik Sjursen skreiv difor

til den nye eigaren av Viki og bad om å få kjøpe garden

igjen. Det blei ikkje noko av. Valet var gjort, han kom ikkje

heim att til Noreg. Mannen frå fj ellgarden måtte leve

sine siste år i det nye landet.

I 1870 hadde det eine bruket på Østerbø 13 storfe, to

ungdyr, ni sauer og i tillegg ein hest i lag med grannen.

Folket der hausta då 72 mål med natureng, og fekk 18

tonn høy i hus. Heile gardsdrifta var tufta på stort husdyrhald,

der slåttemarka og fôrsankinga la grunnlaget.

Dyretalet var om lag det ein fann på eit middels stort

bruk nede i bygda.

I 1894 fekk folka på eit av bruka godtgjering frå Den

Norske Turistforening for å ta imot reisande. Gjesteboka

frå dei første åra kalla staden Østerbø Turist Stasjon. Då

var det også planlagt turisthytte i Stemmerdalen, slik at

Østerbø skulle bli ein mellomstasjon på vegen til Vassbygdi.

Eigaren av bruket, Knut Mikkelsen, hadde alt

i 1891 bygd eit lite husvære for farande folk. Då DNT

kom inn i biletet, fekk dei disponere to senger der. Etter

ein periode med hovudvekt på stølsdrift vart det frå

1930-åra satsa på turisttrafi kk i større stil. I dag heiter

turiststasjonen Østerbø Turisthytte og er bygd ut med

hytter og stor spisesal med god plass for gjestene. Sjølv

om mange av dei gamle bygningane er borte, kan ein

fi nne mange ting frå kløvjing og gardsdrift som eigarane

har stilt ut. Det er Inge-Olai Sønnerheim som i dag eig

turisthytta.

Den andre reiselivsbedrifta på Østerbø heiter Østerbø

Fjellstove og stammar frå bruket som Stor-Uren åtte.

Familien til Stor-Uren opplevde tunge tider. Sonen Sjur

69

70

drukna i Vassbygdvatnet 36 år gamal, og eit 14 år gamalt

barnebarn døydde same året. Familien, med unntak av

dottera Ragnhild, fór til Amerika. Ragnhild gifta seg

med ein halling, Svein Sveinsson. Den neste generasjonen

som åtte dette bruket, starta fj ellstove i 1938. Eigaren

gjennom mange år, Otto Midje, er kjend fordi han

kløvja og bar mat og utstyr både til si eiga fj ellstove og

til hytta i Stemmerdalen. I bygdeboka for Aurland heiter

det at han var knytt til arbeid i Aurlandsdalen i 54 år.

Også fj ellstova har teke vare på gamal kultur. Sjølv om

bygningsmassen har auka, fi nn ein framleis eit gamalt

stabbur i tunet. Det er Per Steinar Melås som eig fj ellstova

no.

I dag kan dei farande merke kontrastane mellom den

gamle gravplassen i Aurdalen på ei side, og omfattande

reiselivssatsing med utleigehytter og konferansesentrum

like ved. Området kring Aurdalsvatnet ber såleis preg av

reiseliv med nytt og gamalt ved sida av kvarandre.

DEI DØDE FEKK SIN PLASS I AURDALEN

Tanken om ein vigsla gravplass i Aurlandsdalen er gamal.

Men det tok si tid å få løyve til å lage gravplass i

fj ellet. Skriftlege kjelder fortel at avlidne vart gravlagde i

Aurdalen i 1858. Men truleg har plassen vore i bruk tidlegare.

Presten Henrik Allum skreiv om ei jordpåkasting

i Aurdalen dette året. I 1858 og 1859 vart fem personar

gravlagde utan at presten hadde vore med. Seinare på

året kom han til Aurdalen og kasta vigsla jord på gravene.

Dei hadde då sett staurar ned på kisteloka. Staurane

tok dei så opp, og gjennom holet etter stauren dryssa

presten jorda ned på kistene.

Rundt gravplassen, eller kyrkjegarden som den også

blir kalla, går det ein mur. I 1953 sette folk frå Aurland

og Hol opp ein bautastein med namna på dei som er

gravlagde her. Tilstellinga i 1953 markerte på mange

måtar slutten på gamletida i Aurlandsdalen, og på samkvemet

mellom bygdelaga på båe sider av fj ellet. Ikkje

Gravplassen i Aurdalen vart vigsla i 1850-åra, men hadde truleg vore i

bruk tidlegare.

72

mange år etter kom nyetida, med planar om kraftutbygging

og veg gjennom dalen. På bautasteinen er det ei

minneplate med 27 namn. Fleire av dei gravlagde kom

frå Hallingdal, noko som igjen fortel om kontakten mellom

fj ellfolka på kvar si side av Langfj ella. Kyrkjegarden

ved Aurdalsvatnet er såleis noko meir enn ein gravplass

for dei næraste gardsbruka, den er også eit kulturminne

frå ei faren tid.

I samband med planlegginga av den store kraftutbygginga

kring 1970 var det mykje snakk om å demme opp

Aurdalsvatnet. At dette ikkje vart gjort, kom i stor grad

av at ein då ville setje gravplassen under vatn. Respekten

for eit slikt kulturminne var så sterk at ein måtte fi nne

andre alternativ for å lagre vassressursane.

Det går mange segner om korleis døde menneske vart

frakta til gravplassen ved kyrkja på Aurlandsvangen før

ein fekk eigen plass ved Østerbø. Av og til måtte ein dele

gravferdsreisa på to dagar. Lika vart då ofte hengde opp i

ei stor bjørk, eller gøymde under ein heller. Om Likbjørki

vart det sagt at ho alltid såg pjuskut ut. Ho hadde brunt

lauv heile sommaren. Kløvhestane kunne elles bli urolege

kvar gong dei gjekk forbi denne bjørka. Likbjørka er

i dag borte. Ho berre tørka ut.

Birgit O. Trettestølen er ei av dei som fekk grava si i

Aurdalen. Birgit vart tidleg enke. Ho sat då att med sju

små born på eit lite bruk i Sudndalen. Ho måtte låne

pengar for å greie seg, og det heile enda med at største

panthavaren, Ola Pedersen Hylland frå Aurland, tok

over bruket. Ein av sønene hennar fl ytte til Østerbø, og

Birgit følgde med. Ho døydde på Østerbø og vart gravlagd

der i 1861. På same tid fór sonen ho budde hos,

til Amerika. Lars, ein annan av sønene hennar, kjøpte

bruket Gauteleine ved Strandavatnet. Han kalla seg Lars

Lein og er mellom anna kjend fordi han var ven med den

britiske Lord Garvagh d.y. Lars vart etter kvart ein velhalden

mann som seinare kjøpte garden Sveingard. Leiv

Sveingard, barnebarnet til Lars Lein bur i dag på garden

Skøro. Etterkomarane til Birgit var såleis med på å skape

gamal fj ellsoge som slekta har ført vidare og teke godt

vare på.

Morgonstemning i Aurdalen.

73

Even Hov er lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Om sommaren underviser han i tradisjonell stølsdrift.

74

Mykje av produkta som vert laga på Sinjarheim om sommaren, går til direktesal.

75

Kåre Sønnerheim var fødd på Sinjarheim i 1921. Han var den siste som var fødd i Aurlandsdalen. Året etter fl ytte familien hans frå garden. Kåre Sønnerheim har vore

sentral med omsyn til å ta vare på den nære soga knytt til Aurlandsdalen. Han døydde i 2006.

76

Utedoen på Sauavad.

77

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!