You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
64

To av dei gamle gardane i Aurdalen er i dag større reiselivsverksemder. Den eine heiter Østerbø Fjellstove, den andre Østerbø Turisthytte.

TETTSTADEN I AURLANDSDALEN

På gardsbruka i Aurdalen var det mange husdyr. Dyr

frå stølane beitte også nede i dalen. Saman med slått og

vedhogst heldt dei skogen nesten borte. Etter at beitinga

tok slutt, har dette endra seg. No er bjørkeskogen på

sterk frammarsj. Før svartedauden var truleg Aurdalen

støl for garden Aurdal ved utløpet av vassdraget.

På 1600-talet var det fi re bruk i Aurdalen: Østerbø

med to gardar, Viki (Aurviki) og Nesbø. Elles har både

tal på familiar og tal på bruk variert. I 1835 var det fi re

bruk på Østerbø, to i Viki og to på Nesbø. Då budde det

45 menneske i Aurdalen.

To av bruka låg der vi har turiststasjonane i dag. Det

tredje bruket, Viki, låg rett vest for utløpet av elva Lan-

gedøla, medan Nesbø låg ved Nesbøvatnet ein god kilometer

lengre nede. Viki var truleg den eldste garden. Det

gamle stovehuset på garden står framleis. Huset er stort

samanlikna med dei ein fi nn elles i Aurdalen. Bygningen

er truleg frå 1700-talet. Elles er det eit omfattande system

av steinmurar kring det gamle gardstunet i Viki.

Dette er merke etter den tida driftekarane jaga dyra sine

gjennom dalen. På fl eire plassar var det sedvane at dei

kunne stanse og beite med driftene sine. Beiteområda var

gjerne avgrensa frå resten av innmarka med steingjerde.

I Vikjahagen kunne driftene stanse i opp til tre døgn.

Nesbø var ein av dei største gardane i Aurlandsdalen.

På garden kunne ein fø opptil 40 storfe. Dette var like