11.07.2015 Views

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

HollywoodHaukelandversus– Pasienten er mykje plaga av store smerter. Det må vi gjere noko med, seier overlegeFrank Pfeffer ved Haukeland Universitetssjukehus. <strong>Helse</strong> i vest er vitne til eit av dei rundt3300 operative inngrepa som blir utførde ved Kirurgisk avdeling der i løpet av eit år.Eit kikkhol inn i kirurgienPfeffer arbeider ved Gastroenterologisk seksjon, som har det regionaleansvaret for å utføre avanserte kreftoperasjonar i spiserøyr, mage og endetarm.Mange av pasientane her har kreft eller kronisk tarmbetennelse.Pasienten som no skal opererast har endetarmskreft, og skal få stomi,eller utlagd tarm, som er det meir kjende uttrykket på dette inngrepet.Førebels er Hollywood-faktoren låg denne dagen.Pfeffer er sjølv ikkje så oppteken av dei mange sjukehusseriane på tv.Men innrømmar at han har sett både ”Grey’s Anatomy” og ”House”.– Begge seriane er veldig overdrivne og amerikanske, men det har nokogså noko med alderen min å gjere. Eg merkar meg jo at dei yngreturnuslegane her på sjukehuset er meir interesserte, fortel han.Det er den andre operasjonen til Pfeffer i dag, og ytterlegare ein pasientskal opererast før arbeidsdagen er omme. For kirurgane på Gastroenterologiskseksjon startar ein vanleg arbeidsdag klokka 7.45 med eitfellesmøte. Vakthavande lege gir rapport om kva slags oppgåver somventar denne dagen, før legane har røntgenkonferanse. Ein gong i vekahar dei også undervisning for assistentlegane.God oppfølging viktigDet blir også halde møte kvar veke med spesialistar frå ulike disiplinar.Her planlegg dei kombinerte medisinske- og kirurgiske behandlingarav pasientar med kreft i endetarm og lever, og evaluerer operasjonanesom er gjort siste veka. Planlegging og møteverksemd er ein viktig delav å få verksemda ved ei kirurgisk avdeling til å gå rundt. Men det ersvært sjeldan dette blir belyst i sjukehusseriane på tv. Kanskje ikkje sårart sidan det fort kunne blitt dårleg tv-underhaldning ut av det.Så er det klart for ein visittrunde blant pasientane. Intensivpostenkjem først. Oppgåvene på seksjonen går på rundgang blant legane. Deisom har vakt vekslar mellom å operere, vere på poliklinikken og utføreendoskopiundersøkingar.– Det er viktig med god oppfølging og kontroll av kreftpasientane.For å få best mogleg kontakt med pasientane, synst vi det er fornuftigat same lege tek imot pasientane på poliklinikken. Viss vi oppdagartilbakefall, kan vi behandle dei fleste ein gong til, seier Pfeffer.Han fortel at det er viktig for legane kunne følgje opp pasientane etterbehandling, ved å innkalle dei inn til poliklinikken. Her skjer før- ogetterundersøkingar, samt kontroll av sår. Kirurgisk poliklinikk tek årlegi mot over 16 000 pasientar, og er dermed ein av dei største postane i<strong>Helse</strong> <strong>Vest</strong>.KikkholskirurgiStomioperasjonen han no skal gjere, blir utført med laparaskopi, såkallakikkholskirurgi. Tre små snitt i pasienten sin mage gjer plass til trestavforma instrument som blir ført inn i buken. På instrumenta er detkamera som viser levande bilete på to skjermar. Dette har vi også settpå tv. For å skape best mogleg oversikt over området som skal opererast,blir bukhola til pasienten blese litt opp med karbondioksid.Laparaskopi blir brukt stadig oftare etter kvart som kompetansen innandenne teknikken aukar, mellom anna til fjerning av blindtarm, nyrerog større delar av tjukktarmen. Hovudfordelen er at ein slepp ein openOverlegane Frank Pfeffer (til venstre) og Christian Erichsen opererer ved hjelp av laparaskopi, såkalla kikkholskirurgi. (Foto: Bjørn Erik Larsen)16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!