11.07.2015 Views

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

NYTT ÅR – NYE FORSETT >>IDRETTSEKSPERTEN:– Set oppargumentslisteog finn ein alliertLEIF INGE TJELTA, førstelektor i idrettved Universitetet i Stavanger (UiS)(Foto: Elisabeth Tønnessen)– Det er viktig å vere bevisst på kva ein vil oppnå med endringane.Derfor bør dei som set seg nyttårsforsett også setje opp tre gode argumentfor og mot, og vege dei opp mot kvarandre. Viss argumenta forer sterkast, er det ingen grunn til å gi seg. Denne argumentslista børha positivt fokus og hengje godt synleg, for eksempel på kjøleskapet.Så kan ein ta fra lista når det buttar imot og gjere ei ny vurdering forog mot. Dersom folk vil noko sterkt nok, kan dei få til omtrent alt.Det seier Leif Inge Tjelta, førstelektor i idrett ved Universitetet i Stavanger(UiS). Han underviser i idrett og testar blant anna studentarog idrettsfolk i det fysiologiske testlaboratoriet på universitetet. Blantanna får fotballspelarane i Viking testa forma her.Ha faste avtaler om treningTjelta meiner det er viktig å alliere seg med nokon når ein går i gangmed dei gode forsetta.– Livsstilsendringar er tøft. Difor er det viktig å søkje hjelp, i einvenn, rettleiar, mentor eller til dømes ein personleg trenar i eithelsestudio. Det må vere nokon som kan gi råd og oppbakking, einå gjere avtaler om faste treningsøkter med. Det er enormt viktig å haalliansar. Gjerne nokon som er like motivert og kanskje meir motivertenn ein sjølv.Ved endring av kosthald, meiner han familien er nøkkelen.– Det er ein føresetnad ved kosthaldsomleggingar at det er einigheiti familien om at frå no av er det slutt på cola og chips. Vi skal over påoppskåren frukt på laurdagskvelden.Kan bli for mykjeOg han har lita tru på slanking.– Det handlar om å leggje om kosthaldet. Ein må forbrenne meirenn ein et.Tjelta meiner dessutan det er myke lettare å slutte å røyke dersomein er to som bestemmer seg for å slutte samtidig.– Set opp eit økonomisk overslag i forhold til røyk. Kan vi brukedesse pengane til noko anna? Vurder også om det er ok at ein avdykk får ein røykerelatert sjukdom i løpet av dei neste fem åra. Sjå påkonsekvensar ved å fortsetje versus å slutte.Leiv Inge Tjelta tilrår å ha maks to forsett som dreier som om endringav livsstil.– Fysisk aktivitet og kosthald heng gjerne saman. Men det kan blifor mykje å slutte å røyke, gå ned i vekt og begynne å trene samtidig.Leif Inge Tjelta tilrår å ha maks to forsett somdreier som om endring av livsstil.25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!