11.07.2015 Views

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NYTT ÅR – NYE FORSETT >>PSYKIATEREN:Endringane må gikjensle av premieringSpesialist i psykiatri, HALDIS ØKLAND LIER(Foto: Bjørn Erik Larsen)– Det er viktig å erkjenne at all åtferd har ein funksjon og er istor grad styrt av konsekvensar. Den åtferda vi ønskjer å ha, erlettare å lære og halde vedlike om åtferda gir positive konsekvensarfor oss. For eksempel fyller mat eit behov hos oss, langt utover deternæringsmessige. Blant anna det å kose seg, og for mange er detogså ein måte å dempe uro eller vonde kjensler på. For å klare åendre for eksempel forholdet til mat, må ein forstå dette, og fyllebehovet med noko anna, for eksempel gå ein tur, ta eit varmt badeller høyre musikk. Og ein må kanskje også lære seg andreferdigheiter for å takle vonde kjensler.Det seier spesialist i psykiatri, Haldis Økland Lier. Ho arbeiderblant anna med overspisingsproblematikk og livsstilsendring bådeved Seksjon for spiseforstyrringar i <strong>Helse</strong> Bergen og ved Haugesundsjukehus, psykiatrisk avdeling.Trigger gir lyst på sjokoladeLier oppfordrar alle som vil gjere livsstilsendringar til å lagebelønningssystem for seg sjølve. – Både gjennom å vere merksamepå dei positive gevinstane som ny åtferd gir, men også ved å unneseg noko ekstra når ein har oppnådd eit mål. Nokre gonger eråtferda styrt av triggerar i situasjonen. For eksempel om ein alltid etsjokolade til kaffien om ettermiddagen, vil kaffi om ettermiddagengi lyst på sjokolade. For å snu gamle vanar, må ein vera merksam påslike triggerar eller risikosituasjonar, og ha ein plan for å løyse dei.Må eige prosjektet sjølvHo trur det er nødvendig å vere sterkt motivert når ein skalgjennomføre livsstilsendringar.– Det er viktig å eige prosjektet sjølv heilt og fullt. Dette skal tenemeg, ikkje samfunnet sitt krav til at ein skal vere sånn og sånn.Endringa må vere viktig for mitt liv, og ikkje noko eg gjer for andre.Dessutan må ein ha tru på sin eigen kompetanse i forhold tilendring. Det er eit kjenneteikn ved dei som lykkast at dei i stadenfor å dømme seg sjølv når dei sprekk, så lærer dei av situasjonen.Balanse mellom yte og nyteLier meiner og at ein viss realisme er på sin plass.– Kva er det mogleg å oppnå av endringar i mitt liv akkurat no? Erdet realistisk å trene fem gonger i veka for meg? Ein skal ha respektfor at det å endre livsstil krev ein del av førebuing og tid, ein mårydde litt i livet sitt i forkant. Etter kvart vil ein oppdage atendringane fører med seg noko positivt, og det vil verke sjølvforsterkande;”No var plutselig denne bakken litt lettare.”– Kva kjenneteiknar dei som ikkje lykkast?Ofte har dei stilt for høge krav. Slanking til dømes er å jobbe motkroppen sin biologi. Om ein går fort ned i vekt, oppfattar kroppendette som ein trussel, og skrur ned forbrenninga. Det er difor me girråd om sakte og moderat vekttap. Det er det einaste kroppen tillet.Det har også lett for å bli alt eller ingenting. ”Eg skal trene kvar dagog aldri meir ete sjokolade.” Ein blir for streng med seg sjølv ogdømmer seg sjølv når ein ikkje lykkast. ”Eg klarer jo aldri dette.”Og ein får mindre og mindre tru på at ein kan klare endringar.Ein må og ha respekt for balansen i livet. Alt kan ikkje berre verekrav. Det må vere balanse mellom å yte og nyte.Det har også lett for å bli alt eller ingenting. ”Eg skal trene kvar dag og aldrimeir ete sjokolade.” Haldis Økland Lier23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!