11.07.2015 Views

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

2007-01_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nr. 1– 2007Har du nyttårsfortsett?Få dei til å vare året utSide 22-26Hollywood versus HaukelandEr det likskapmellom TV ogverkelegheit?Side 14-19Nytt distriktspsykiatrisk senter:– Pasientaneskal få hjelprasktSide 8-10

Sett & høyrt” VI FORSTÅR AT HELSE FØRDE har ein økonomi deimå forhalde seg til, og då må vi sjå korleis vi i fellesskap skal greie åframleis ha eit tilbod som alle er tente med.”(Roger B. Silden, leiar i Nordfjordrådet,til NRK Sogn og Fjordane, 31. januar 2007)STYRELEDER I HELSE VEST, ODDVARD NILSEN, er svært fornøyd medekstrabevilgningene fra regjeringen. Han understreker at Helse Vest haren fordelingsnøkkel som bestemmer hvor stor del av de 100 millionenefor eksempel Helse Bergen kommer til å få.49 SYKEPLEIERE VED HAUGESUND SJUKEHUS har skrevetunder på å stille sine føtter og rygger til disposisjon i forskningensnavn. Det er Hilde Kallevik, HMS ingeniør ved Helse Fonna,som har satt i gang et unikt prosjekt der hun forsker på sko.Ryggsmerte er temaet for studiene.(Radio 2, 26. januar 2007)ET DISTRIKTSPSYKIATRISK SENTER (DPS) med poliklinikkog 50 døgnplasser skal bygges i Stavanger. Styret i HelseStavanger får fire alternativer å forholde seg til; nemlig Lassatjernpå Stokka, Austbø på Hundvåg, Lervik-området eller et områdeved Badedammen. Et selvstendig bygg for DPS er nødvendigut fra et faglig hensyn, mener psykiatrisk klinikk ved StavangerUniversitetssjukehus.(Stavanger Aftenblad, 26. januar 2007)(Bergens Tidende, 31. januar 2007)Helse i kvart stegDet er lunsjtid og skritt-teljaren viser 1232 steg. Ikkje så aller verstfor ei kontorrotte som køyrer til og frå jobben. Likevel er det langtigjen før eg passerer 10 000 skritt; dagsmålet. For såpass mange skrittmå det nok bli dersom eg skal ha nokolunde balanse mellom denenergien eg brukar og den energien eg tilfører kroppen.Som mange andre starta eg året med å tru at eg skulle bli flinkare tilå halde meg i form, men jammen viser det seg enno ein gong: Deter lett å utsetje det, lett å finne gode unnskyldningar, lett å prioritereandre gjeremål – sjølv om erfaringa er at det gir mange plussar når einheld seg i form, både fysisk og psykisk. Og her kjem den vesle dingsentil sin rett: Han viser meg kor lite eg faktisk rører meg ein vanleg dag.Det er lett å forstå at eg må bevege meg meir – utoverdei daglege gjeremåla.Kosthald og fysisk aktivitet står på dagsorden også i denne utgåva avHelse i vest. Samanhengen mellom livsstil og kreft er kjend. Skremmande,seier du. Ja, men likevel er det verkeleg motiverande at dufaktisk kan gjere noko med det – og påverke di eiga helse. Du kanogså vere med til kirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus.Vi har prøvd å finne ut om verkelegheita stemmer medinntrykket ein får av sjukehusverda gjennom amerikanske tv-seriar.Sola Distriktspsykiatriske Senter, ein ny og flott institusjon, gjer segno klar til å ta imot dei første pasientane. I regionen har vi 18 slikesenter der hovudtanken er at desentraliserte psykiatritilbod skal gjeretenestene lettare tilgjengelege for pasientane. Og i psykiatrien gjelddet same som for somatiske sjukdomar: Ta tidleg kontakt – då er detlettare å bli fort frisk. Mange greier seg med ein eller få samtaler for årydde litt i tankane sine – og kunne halde fram i liva sine. Og det erdet viktige: At vi skal ha det godt og takle liva våre.Helse Vest fyller fem år i år, og vi oppsummerar resultata så langt. Vihar fått til mykje bra, men skal halde trykket vidare framover. Måleter å gi deg og alle andre vestlendingar eit så godt helsetilbod sommogleg – innanfor dei økonomiske rammene vi har.Skritt-teljar – for noko fjas, seier du. Ja, kanskje det. 1232 skritt fårmeg i alle fall til å bestemme meg for ein kjapp spasertur etter jobb– sola varmar – det nydelege, kalde vinterveret inviterer – i dag blirdet! Ein god start på helga.Ta ein tur du òg – det gjer godt!Bjørg SandalKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.info@helse-vest.no Tlf. 51 96 38 00RedaksjonBjørg Sandal (ansvarleg redaktør)Elisabeth Huse (redaktør)Kristin H. HaugenAbonner gratis på Helse i VestSend ein e-post til info@helse-vest.noUtforming og tilretteleggingOktan Sydvest ASBidragsytararCompartner AS (tekst)Forsidefoto: Kjetil AlsvikRedaksjonen avslutta 12. februar 2007TrykkeriColor Print, SandnesOpplagCirka 15 000.2

SJUKEHUSREFORMA 5 ÅRInnbyggjarane på Vestlandet– Skal få eit best mogleghelsetilbodOddvard Nilsen (biletet) får ofte spørsmål om økonomi når han skal uttaleseg på vegne av Helse Vest. Aller helst vil styreleiaren i Helse Vest snakke omall kunnskapen, omsorga og dei viktige historiene som bur i sjukehusa, og somskal leggje grunnlaget for enda betre spesialisthelsetenester på Vestlandet.– Kvar dag ved sjukehusa og institusjonane våre er full avhistorier om eit svært høgt kompetansenivå og eit godt tilbod tilinnbyggjarane på Vestlandet. Ein ryddig økonomi er avgjerandefor å kunne gjere tilbodet endå betre. Og eg likar best å snakke omdei pengane vi har – heller enn dei vi ikkje har. Det siste gagnaringen, seier ein engasjert Oddvard Nilsen.Ambisjonar ovanfor innbyggjaraneStyreleiaren er stolt over resultata Helse Vest kan vise til. Ikkjeminst gjeld det den store nedgangen i ventetid og storsatsinga pådistriktspsykiatriske senter i regionen. Moderne bygg er på plassfor å ta imot dei som treng hjelp til å meistre kvardagen.– No er utfordringa å skaffe nok dyktige fagfolk slik at pasientanefår god hjelp, seier Nilsen, som understrekar at ein i vest arbeiderhardt for ytterlegare å styrkje psykiatritilbodet. Nilsen er også sværtengasjert i debatten rundt å betre rehabiliteringstilbodet i vest.– Vi satsar på langt fleire rehabiliteringsplassar i vest enn det vihar i dag. Nokre nye plassar er det blitt allereie, men vi treng fleirestatlege kroner for verkeleg å få fart i dette arbeidet, seier Nilsen.Sjølv om det er mykje tungt arbeid som gjenstår innan fleire feltfør styreleiaren seier seg nøgd, er han likevel klar på at det er mykjeå glede seg over. Historiene om takknemlege pasientar som har fåttgod omsorg kombinert med eit svært kompetent tilbod gjer Nilsentrygg på at Helse Vest er på rett veg.– 21 000 medarbeidarar kunne alle delt suksesshistorier med oss.Historier som er resultat av hardt arbeid, profesjonalitet, forskingog ekte engasjement. Gjennom strategiprosjektet HELSE2020har vi høyrt mykje om dei flotte resultata – samtidig som vi leggplanar for korleis spesialisthelsetenesta på Vestlandet skal sjå ut om15 år. Gjennom ein prosess med overveldande engasjement legg vigrunnlaget for ei god utvikling av tilbodet. Utfordringane er store,behovet aukar, men moglegheitene har aldri vore større. Vi måevne å sjå alt det positive, understrekar Nilsen.>>3

SJUKEHUSREFORMA 5 ÅRStyreleiaren er stolt over resultata Helse Vest kan vise til.Ikkje minst gjeld det den store nedgangen i ventetid og storsatsingapå distriktspsykiatriske senter i regionen. Moderne bygg er på plassfor å ta imot dei som treng hjelp til å meistre kvardagen.Ei reform som treng arbeidsroNilsen er styreleiar for eit regionalt helseføretak som er barnav ei omdiskutert reform. Ei reform som nyleg fekk ei endringved samanslåinga av Helse Aust og Helse Sør.– Det er vår eigars privilegium å gjere slike grep. Regionsstrukturener uansett komen for å bli, men vi treng meir tid for å få framytterlegare resultat. Norsk helsevesen har behov for arbeidsro.Det er eit stort arbeid å etablere ei reform som det stadig blir stiltspørsmål ved.– 21 000 medarbeidarar kunne alle delt suksesshistorier med oss.Historier som er resultat av hardt arbeid, profesjonalitet, forskingog ekte engasjement. Oddvard NilsenDet er nytt år, det sjette for Helse Vest, og regionen harfått såkalla ”overordna forventningar for 2007” frå Helse- ogomsorgsdepartementet. Forventningane som følgjer med tildelingaav dei statlege kronene er store. Vidare satsing på psykisk helse ogrusbehandling, styrking av spesialisthelsetenester for eldre,amarbeid med kommunar, overordna myndigheiter og andreregionar. For å nemne noko.– Vår oppgåve er å gi innbyggjarane på Vestlandet gode spesialisthelsetenester,både i dag og i framtida. Det krev at vi prioriterer ogset utfordringane i ein større samanheng, slik at vi er førebudde påutfordringane om ti år òg. Og uansett: Ein ryddig økonomi er einføresetnad for å vi kan gi pasientane eit best mogleg tilbod, seierNilsen, som kan forstå at mange synst det blir mykje pengesnakk.– Løyvingane til helsetenesta har auka dramatisk dei siste åra.Vår jobb blir å bruke dei pengane vi har på ein best mogleg måte.Vi er i ferd med å snu ein supertankar; det tek tid, men vi har allereieoppnådd mykje, seier ein optimistisk styreleiar. Ambisjonar på vegneav oss vestlendingar har han, optimisme har han òg. Med alle deiflinke og entusiastiske medarbeidarane i sjukehusa og i institusjonaneer nye resultat innan rekkevidde.4

SJUKEHUSREFORMA 5 ÅRDette har Helse Vest oppnådd:Ventetid – nedgang på over 64 prosentI 2002 var ventetida for planlagt behandling i gjennomsnitt218 dagar. Per desember 2006 var ventetida 78 dagar. Dette erein reduksjon på over 64 prosent sidan 2002. I 2006 behandlasjukehusa fleire pasientar enn nokon gong tidlegare.Korridorpasientar – framleis ei utfordringAt pasientar må liggje på korridor er uverdig både forpasientane og dei pårørande. Innan somatikk var 3 prosent avtotale sengedøgn i Helse Vest korridorpasientar ved utgangen av2006. Innan psykisk helse er talet på korridorpasientar 4 prosentav totale sengedøgn i Helse Vest.Psykisk helsevern– vekst i aktivitet og effektivitetPsykisk helsevern er saman med rusfeltet og habilitering/rehabilitering det høgast prioriterte satsingsområdet for HelseVest. I perioden 2001 til 2006 har midlane til psykisk helsevernauka prosentvis meir enn for somatikken. Dobbelt så mangebarn og unge fekk hjelp i 2004 i forhold til 1998. Likevel harHelse Vest-regionen relativt låg dekningsgrad blant barn ogunge. Utbygginga av DPS-a (distriktspsykiatriske senter) har ògvore ei prioritert oppgåve for Helse Vest. Det er etablert 17 DPSog ein komplett DPS-struktur er på plass.>>5

SJUKEHUSREFORMA 5 ÅR>>Rusbehandling– 40 prosent meir pengar etter tre årHelse Vest overtok ved inngangen av 2004 ansvaret for tverrfaglegspesialisert rusbehandling frå fylkeskommunane gjennom den såkallaRusreforma. Hensikta var blant anna å gi rusavhengige eit meirheilskapleg helsetilbod gjennom å gi dei pasientrettar. Med ansvaretfekk Helse Vest 233 millionar kroner. For 2007 er det budsjettertmed 327 millionar kroner innan denne delen av spesialisthelsetenesta.Det er ein auke på 40 prosent på tre år.Rehabilitering og habilitering – ei stor utfordringHelse Vest har 27 rehabiliteringsplassar i opptreningsinstitusjonarper 100 000 innbyggjarar. Det tilsvarande talet i Helse Aust er 71.Skeivfordelinga mellom helseregionane når det gjeld rehabilitering,blir oppretthalden også i 2007; Helse Vest får tildelt 7 prosent av deisamla nasjonale løyvingane til rehabiliteringsinstitusjonane, men harom lag 20 prosent av innbyggjarane.På grunn av skeivfordelinga løyvde Helse Vest 12 millionar kronerekstra for 2006 til opptrenings– og rehabiliteringstenester for å gipasientane på Vestlandet eit betre tilbod innan rehabilitering.Også for 2007 har Helse Vest løyvd 13,1 millionar kroner ekstratil private opptreningsinstitusjonar for å kunne oppretthalde tilbodettil pasientane.Brukarmedverknad– sentralt i utviklinga av helsetenesteneDet er etablert brukarutval i alle helseføretaka i Helse Vest. Hensiktaer å sikre at pasientane kjem til orde i saker som påverkar helsetenestene,samtidig som helseføretaka får uvurderlege innspel fråbrukarane av tenestene. Det regionale brukarutvalet er pasientane sittrådgivande organ ovanfor Helse Vest RHF.Forsking – formidabel vekst i aktivitetenSamarbeidsorganet mellom Helse Vest og Universitetet i Bergenblei etablert i 2002. I 2004 kom også Universitetet i Stavanger med.Samarbeidsorganet har fordelt over 300 millionar kroner sidan 2002,og satsinga på forsking i regionen har gitt gode resultat. Forskingsaktiviteteni Helse Vest har auka med heile 40 prosent, Helse Vest erblitt den nest største forskingsregionen i landet.Kreft – storsatsing nødvendig25 prosent fleire vil få kreft fram mot 2020. På bakgrunn av dettevedtok styret i Helse Vest i mars 2005 ein regional kreftplan somskal vere utgangspunktet for den vidare utviklinga av tilbodet tilkreftpasientar i regionen.Først ute med tilbod til sjukleg overvektigeHelse Vest var det første regionale helseføretaket som i 2004formaliserte eit behandlingsprosjekt med fokus på endra livsstil forsjukleg overvektige. Behandlinga legg vekt på sunn mat, mosjon ogmental trening. I 2006 fekk om lag 100 pasientar tilbod om livsstilsbehandlingved Hauglandssenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane.52 pasientar med sjukleg overvekt blei opererte i Helse Førde.Epikrisetid – nærare måletEin epikrise inneheld opplysningane om utgreiing og behandling avein pasient, inkludert avtaler om vidare opplegg. Epikrisen blir sendtfrå sjukehuset til den som har tilvist pasienten, slik at han kan gipasienten riktig oppfølging.Det er eit nasjonalt krav at 80 prosent av epikrisane skal vere sendeut innan sju dagar etter at pasienten er skriven ut frå sjukehus. Samlaligg Helse Vest framleis eit stykke unna den nasjonale målsettingapå 80 prosent, men det har vore ei positiv utvikling i epikrisetida i2006 både innan somatikk og psykisk helsevern. Dette gjeld for allehelseføretaka.Økonomi– effektiviseringar for nær 1,4 milliardarHelse Vest starta med eit økonomisk underskot på om lag 500millionar kroner i 2002. For å kvitte seg med dette, blei det sett iverk ei rekkje effektiviseringstiltak som både gjekk på organiseringaog strukturen i helseføretaka og andre område som innkjøp. I ettertidhar Helse Vest fått ytterlegare omstillingsutfordringar knytt opp motovertakinga av nye oppgåver for eksempel innanfor rusområdet,rehabilitering/habilitering og psykiatri. Også overtakinga av allsjuketransport, endring i refusjonstakstar innan laboratorium ogrøntgen samt endring i avskrivingar har gitt ytterlegare økonomiskeutfordringar. Samla sett har Helse Vest frå oppstarten i 2002effektivisert verksemda med nær 1,4 milliardar kroner.Forskingsaktiviteten i Helse Vest har auka med heile 40 prosent,Helse Vest er blitt den nest største forskingsregionen i landet.6

I 2002 var det samla sjukefråveret i Helse Vestnær 12 prosent. Ved utgangen av 2006 er detnede i 7,3 prosent.Innkjøp – millioninnsparingar på samarbeidHelse Vest har sidan 2002 arbeidd strategisk i regionen for å få tilsamordning og standardisering innan innkjøpsområdet. I 2003 bleidet etablert ein regional innkjøpsmodell. Sidan 2003 har helseregionenspart om lag 205 millionar kroner på innkjøpssamarbeid oginngåing av felles kontraktar. I tillegg kjem effektivisering av driftafordi nye it-system er innført. Dette er også endringar som vil giframtidige gevinstar.Sjukefråveret er kraftig redusertI 2002 var det samla sjukefråveret i Helse Vest nær 12 prosent. Vedutgangen av 2006 var det nede i 7,3 prosent. Den kraftige nedgangeni sjukefråveret har altså skjedd trass i utfordringane og omstillinganesom har vore i reformarbeidet. Dermed er det eit ytterlegarepotensiale for redusert sjukefråver gjennom godt og målretta arbeid.Målet er at sjukefråveret i regionen ikkje skal overstige 4,5 prosentved utgangen av 2007.Leiarprogram i alle helseføretakaI tillegg er det gjennomført eit felles nasjonalt toppleiarprogrammed deltakarar frå alle helseføretaka i regionen. Dette nasjonale toppleiarprogrammeter prioritert av helseføretaka og er ei viktig brikke isatsinga på å utvikle profesjonell leiing i sjukehusa.IKT – gode system gir god samordningI 2004 blei dei fem IT-avdelingane i regionen samorganisert til eifelles eining for informasjons– og kommunikasjonsteknologi, HelseVest IKT AS. Føretaket blei danna for å sikre god leveranse ogsamordning av felles oppgåver. Føretaket leverer og utviklar ITtenestertil alle helseføretaka i regionen.7

OPPTRAPPING I PSYKIATRIENVil skape eit godt husfor psykisk helseSOLA DPS (distriktspsykiatrisk senter)• Har ansvar for befolkninga i Sola kommune og bydelaneHillevåg og Hinna i Stavanger.• Vil bestå av 98 årsverk: ambulant team, poliklinikk/gruppepoliklinikkog tre sengepostar med ti senger på kvar.• Skal gi eit tilbod som pasientar, pårørande, kommunale instansarog spesialisthelsetenesta for øvrig blir fornøgd med.• Ønskjer å vere kjent som eit godt distriktspsykiatrisk sentersom hjelper pasientane til å utnytte ressursane sine,har motivert personale med høge kvalifikasjonar og drivverksemda si innan godkjende økonomiske rammer.8

OPPTRAPPING I PSYKIATRIENNytt hus med nye tilsette: Dagleg leiar Karin Røyseland Jordal gler segtil å forme ein god institusjon saman med pasientar og tilsette ved Soladistriktspsykiatriske senter. (Foto: Kjetil Alsvik)Bygget til Sola distriktspsykiatriske senter (DPS) står ferdig. No skal pasientaneog dei tilsette forme innhaldet i det mangfaldige huset. Betre psykisk helse for kvarenkelt innbyggjar som treng det, er målet.Det luktar nytt i det dørene opnar seg ved Sola distriktspsykiatriskesenter. Kaffilukta er der, men elles er det lite som er gått seg til.Urørte, fargerike stolar, rom som ventar på sine musikkinstrument ogkjøkkenkrokar som manglar matlukta. Eit hus skal formast. 72 tilsettestår klare til å ta i mot dei første pasientane i det januar går over tilfebruar. Forventning.Eit lag som RosenborgSidan i sommar har dagleg leiar Karin Røyseland Jordal arbeiddmed å fylle kontora med tilsette. Musikkterapeut, fysioterapeut,sjukepleiarar, kjøkkenassistent, psykiatrar, psykologar. Det fine veretsist sommar såg ho stort sett gjennom eit vindauge. Det har teke tidå velje ut dei som skal vere tilsette ved Sola DPS.– Målet er å få eit Rosenborg-lag. Seier du at du speler på Rosenborger det ingen som spør om du er flink i fotball. Slik skal det vere her.Pasientane skal vite at dei får det beste, uansett kva behandling deitreng, seier Jordal. Pasientane skal få ei behandling som passar dei.For mangfald i behandling er noko Sola DPS skal fokusere på.”Differensiert behandling” heiter det i planane for dei distriktpsykiatriskesentra rundt om i landet. Alle innbyggjarane i HelseregionVest skal kunne tilvisast til eit distriktspsykiatrisk senter.Utviklinga av tilbodet til menneske med psykiske lidingar er eitnasjonalt satsingsområde, nedfelt i Opptrappingsplanen for psykiskhelse 1999-2008. Prioritere.>>(Foto: Kjetil Alsvik)9

OPPTRAPPING I PSYKIATRIEN>>Lett å få hjelp– Sola DPS inneheld mellom anna poliklinikk, gruppepoliklinikkog døgnavdelingar med dagplassar. I tillegg er Sola barne- og ungdomspsykiatriskpoliklinikk (BUP) samlokalisert med Sola DPS. Viønskjer å vere nytenkande, og har tilsett fleire nyutdanna. Vi håperdei vil stille spørsmål ved måten vi gjer ting på. Det finst ikkje berreeitt svar, vi skal finne fram til den beste behandlinga for kvar enkeltpasient. Ser vi at behandlinga ikkje fungerer, skal vi jobbe for å finneandre svar, seier Jordal.Pasientar som kjem til Sola DPS vil vere tilviste frå fastlegen sin ellersjukehuspostane ved psykiatrisk klinikk. Fleksible.– Det skal vere lett å få hjelp hos oss. Målet er at folk ikkje skal vente sålenge før dei tek kontakt med oss. Og kanskje kan vi følgje dei tettare ietterkant av behandlinga, slik at vi hindrar at dei må attende.Psykiatrisk sjukepleiar Anne Liv McKenzie og psykolog Svein Gran ved Sola DPSvil ta i bruk yoga og meditasjon som ein del av behandlinga i eit stressmeistringskurssom startar opp i midten av mars. (Foto: Kjetil Alsvik)Kvifor distriktspsykiatriske senter?• Det overordna målet i Opptrappingsplanen for psykisk helse er ågjere det mogleg for menneske med psykiske lidingar å leve eit mestmogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til åmeistre eige liv.• For å byggje opp under dette målet skal psykisk helsevern utvikledesentraliserte og lettare tilgjengelege tenester som er tilpassebefolkninga sitt behov for hjelp.• Distriktspsykiatriske senter (DPS) skal ha eit hovudansvar for psykiskhelsevern for vaksne i sitt område. Dette betingar at dei har eit nærtsamarbeid med kommunane og at dei har spesialiserte sjukehusavdelingari ryggen. Behandlingstilbodet skal vere differensiert oglett tilgjengeleg.Her fi nn du dei distriktspsykiatriskesentra i Helse Vest:Yoga og meditasjon mot stress:– Behandling tilpassa kvar enkeltPasientane som blir viste til poliklinikken ved Sola DPS, skal få snakkemed nokon innan 14 dagar. Ofte er det så lite som skal til, seier leiarved poliklinikken, psykolog Svein Gran.– Vi kjem ofte for seint inn i forhold til pasienten sine psykiskeproblem. Det gjer behandlinga unødvendig krevjande og omstendeleg.Vi vil komme inn på eit tidleg tidpunkt. Nokre av pasientane som blirtilviste treng berre eit enkelt svar frå ein fagperson. Mange vil ikkje habehov for meir enn ein vurderingssamtale. For dei som treng vidarebehandling trur vi det blir enklare å vente på behandling etter ein sliksamtale. Vi får i gang ein prosess hos pasienten og kan gi pasienteninformasjon og tips mens dei ventar.Å differensiere betyr at fagfolka skal velje det beste for den enkeltepasienten. Ønskjer og behov skal avklarast tidleg. Alle skal ikkje ha alt,og mange skal ikkje ha den same behandlinga.Helse Førde:Nordfjord psykiatrisenterIndre Sogn psykiatrisenterSunnfjord/Ytre Sogn DPSHelse Bergen:Betanien DPSBjørgvin DPSFana DPSFjell og Årstad DPSVoss DPSHelse Fonna:Haugaland DPSKarmøy DPSStord DPSFolgefonn DPSHelse Stavanger:Stavanger DPSSola DPSDalane DPSSandnes DPSRyfylke DPSJæren DPS– Sjølv om psykisk helse i stor grad handlar om brutte og vanskelegerelasjonar som det ikkje er enkelt å snakke om, kan vi sjå tendensartil at folk blir meir ærlege. Det har blitt ein større aksept for at detpsykiske og fysiske heng saman, og det er blitt legitimt at mange blirså stressa av press og relasjonar at dei ikkje klarer å arbeide. Blant deitilboda vi skal starte opp med i midten av mars er eit stressmeistringskursder vi bruker yoga og meditasjon i behandlinga. Dette er eit godteksempel på kva differensiert behandling kan vere, seier Svein Gran.Kurset skal han halde sjølv saman med Anne Liv McKenzie, som erpsykiatrisk sjukepleiar og yogalærar.Gran håper rykta om Sola DPS snart vil starte: Om ein tilgjengelegog mangfaldig institusjon.10

VERDT Å VITETomat og brokkoli mot prostatakreftEi ny undersøking tyder på at tomatar og brokkoli i kosten kan hemme utviklingaav prostatakreft. Særleg viss du et dei to grønsakene saman.Det meiner i alle fall John Erdman og kollegaane hans ved University of Illinois.Dei har undersøkt korleis kreftsvulstar har utvikla seg hos rotter på ulike kosttilskot.Studien viste at svulstane vaks seinast i dyr som fekk både tomatpulver og brokkolipulver.– Når tomatar og brokkoli blei eten samtidig såg vi at dei hadde ein forsterkande effekt.Vi trur det er fordi forskjellege virkestoff i begge typar mat påverkar ulike antikreftmekanismar,seier Erdman i ei pressemelding.At tomatar og brokkoli hemmar kreft, er for så vidt ikkje noko nytt. Men no ser det altsåut til at ein kombinasjon av dei to grønsakene verkar betre enn kvar av dei åleine.Gammal og gløymskÅ bli gløymsk er noko alle vil oppleve viss vilever lenge nok. Men kva er det som skjer nårhukommelsen blir naturleg svekka? Og kva markererovergangen frå gløymsk til dement?– Vi blir alle langsamare med alderen på grunnav endringar i nervesystemet vårt, seier ClaudiaRodríguez-Aranda ved Universitetet i Tromsø.Ho brukte fleire psykologiske testar for å undersøkjehukommelse, merksemd og generell kognitiv tilstandhos 105 Tromsøværingar frå 20 til 88 år.Rodríguez-Aranda brukte blant anna ein test somi psykologien blir kalla for “verbal flyt”.Testen går ut på å få forsøkspersonane til å kommepå ord som tilhøyrer bestemte kategoriar, eller sombegynner med bestemte bokstavar.– Eg målte både skriftlege og munnlege ferdigheiterog oppdaga at eldre menneske snakka langsamt ogskreiv endå langsamare.Hovudfunnet hennar er at redusert ordproduksjonhos friske eldre ikkje berre skuldast hukommelsessvikt,men også andre biologiske forandringar somer viktige for dei psykologiske prosessane.Ein av desse er svekka motorikk.Claudia Rodríguez-Arnada påpeikar at sjølv om einblir gammal kan ein oppretthalde eit positivt nivå påsin mentale funksjonalitet. Det er store individuelleforskjellar på kor langsam ein blir når ein blir eldre.– Eg hadde eit par eldre sekretærar blantforsøkspersonane og dei var framleis likekjappe å skrive som dei unge forsøkspersonane.Det er altså mogleg å øveseg opp til ein betre motorikkog ein betre hukommelse.Bossen gir blankeNy forsking tyder på at makt får menneske til å giblanke i kva andre tenkjer.Det skjer noko med folk som får makt overandre, meiner Adam Galinsky og teamet hans fråNorthwestern University. Dei har undersøkt om maktpåverkar evna til å forstå synspunkta til andre, melderLiveScience.Tidlegare studiar har vist at det å tenkje på situasjonarder du enten har opplevd å ha makt eller vere makteslaus,faktisk har den same effekten på deg som om duskulle ha vore i ein reell situasjon.Dette brukte Galinsky til å leike med hovuda til 57frivillige studentar. Dei fekk beskjed om enten å hugseeit høve der dei hadde bestemt over andre, eller einsituasjon der det var andre som hadde kontrollen.Så skulle dei skrive bokstaven E i si eiga panne.Dette kan jo ved første augekast verke som eifantastisk meiningslaus oppgåve.Men ti år med forsking har faktisk vist at folk som skrivE-en spegelvendt, slik at den blir riktig for dei sjølve,men feil for andre, verken tenkjer eller bryr seg omkorleis andre måtte sjå bokstaven.Menneske som skriv E-en spegelvendt for seg sjølv,men riktig for andre, har synspunkta til medmenneskasine i tankane. Dermed var bokstaven altså eingod indikasjon på kva som føregjekk i hovudet på deifrivillige.Det viste seg da også at studentar som hadde tenkt påein situasjon der dei hadde makt, hadde tre gonger såhøg sannsynlegheit for å teikne E-en riktig for seg sjølv,samanlikna med studentar som tenkte på ein motsettsituasjon.(Kjelde: forskning.no)11

Ei allereie god teneste skal bli endå betreDet er målet for kvalitetssatsinga i Helse Vest.– Vi ønskjer å gi pasientane best mogleg behandling.Då må vi vite kor gode helsetenester vi faktisk gir, og vimå kunne betre tenestene der det er nødvendig, seierfagdirektør Odd Søreide i Helse Vest.Han er initiativtakar til kvalitetssatsinga i Helse Vest som styretvedtok i desember 2005. Ei arbeidsgruppe blei deretter sett saman forå sjå på korleis Helse Vest skal leggje til rette for praktisk iverksettingav kvalitetssatsinga. Gruppa leverte sin rapport i 2006, og den er nopå høyring.– Veit ikkje nok– Kvalitet har lenge vore i fokus. Det har vore ei rekkje initiativfor å sikre og betre kvaliteten på helsetenestene, og det finst mangeenkeltståande eksemplar på godt kvalitetsarbeid. Men vi har manglaein systematisk og dokumentert kunnskap om kvaliteten i mangedeler av tenestene. Vi har også i for liten grad systematiske vurderingarog evalueringar av helsetenesta. Vi veit difor ikkje nok om kvaliteten påhelsetenestene, og kva som kan betrast, seier Odd Søreide.Han trur medarbeidarane ved sjukehusa i regionen ønskjer å hakjennskap til resultata av arbeidet sitt og vite at det dei gjer harverknad, og er trygt og velorganisert.Behandling skal gi betre helseStyret i Helse Vest vedtok i desember 2005 at det skal arbeidastlangsiktig og heilskapleg med kvalitet i helseregionen. Formålet medkvalitetsarbeidet er å sikre at pasienten sitt møte med helsetenestafører til betre helse og at spesialisthelsetenesta heile tida driv eitsystematisk utviklingsarbeid – Ei allereie god teneste skal bli endåbetre.Målet med kvalitetssatsinga er blant anna å:• ha eit sterkt fokus på den pasientnære verksemda• stimulere til å vidareutvikle ein kultur der kvalitetsarbeid ienda større grad blir ein del av den daglege verksemdaKvalitetsarbeidet i Helse Vest skal konsentrere seg omfem temaområde:• Kunnskap som grunnlag for den faglege verksemda,inkludert organisering• Pasient- og brukarperspektivet• Pasientsikkerheit• Måling av resultat• Internkontroll og metodar for vurdering av samla kvalitetKvalitetssatsinga i Helse Vest er også eit viktig tiltak i prosjektetHelse2020 som ser på kva som må til for at sjukehusa i regionenskal vere best mogleg rusta til å møte utfordringar i framtida.Omgrepet kvalitet– Vi veit ikkje nok om kvaliteten på helsetenestene,og kva som kan betrast, seier Odd Søreide.Det finst mange ulike definisjonar av kvalitet i samband med helsetenester.Her er den som ligg til grunn for kvalitetssatsinga i Helse Vest: ”Kvalitetomfattar i kva grad det som skjer av aktivitetar og tiltak i helsevesenet førertil ein helsegevinst for individ og for grupper individ gitt dagens kunnskap”.Dette er den same definisjonen som ligg til grunn for Nasjonal helseplan.Arbeider du i eitt av helseføretaka i Helse Vest?Gi di stemme 22. mars!1222. mars 2007 er den store valdagen i Helse Vest. Då skal det veljaststyrerepresentantar til kvart av helseføretaka, og til styret i Helse VestRHF (regionalt helseføretak). Styrerepresentantane skal veljast av ogblant dei tilsette.Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer pålinje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Deihar òg same rettar og ansvar.Verva som styremedlemmer er ei viktig oppgåve. Vi oppmoder degdifor til å engasjere deg i valet 22. mars. Det blir to val på ein gong:Du skal stemme på styrerepresentantar til ditt helseføretak og styrerepresentantartil Helse Vest RHF. Alt materiell du treng for å stemmepå styremedlemmer og vararepresentantar, inkludert førehandsfrankertsvarkonvolutt, kjem heim i posten til deg nokre dagar før 22. mars.Det er altså enkelt for deg å stemme, og svært viktig at du gjer det!

Nasjonalt prosjekt:Kor mykje kostar forsking – eigentleg?Det har til no ikkje vore mogleg å skilje ressursar somgår til forskingsrelatert verksemd frå annan aktivitet.Dersom ein klarer å dele inn ressursbruken vilressursane som blir brukt til forsking kunne styrastpå ein betre måte.I dei første tala som er henta inn som resultat av prosjektet, erHelse Bergen øvst på effektivitetslista. Den omfattande målinga bleigjennomført i 2005, og viser at universitetssjukehuset er det mestkostnadseffektive sjukehuset i landet når det gjeld forsking. Om lag600 personar var involvert i forskingsverksemda i Helse Bergen i2005, fordelt på 158 årsverk.No har eit utval med medlemmer frå alle dei regionale helseføretakautarbeidd eit forslag til prinsipp, metode og forslag til rapporteringi forhold til å synleggjere ressursbruk til forsking innan spesialisthelsetenesta.Konsernrekneskapssjef Berit Bore i Helse Vest RHF har delteke igruppa saman med forskingssjef Ernst Omenaas i Helse Bergen.– For betre å kunne måle resultat og effektivitet i forskingsarbeidet,arbeider vi no for å få robuste og standardiserte metodar forå registrere ressursbruken til forsking. Det er viktig å ha samanliknbaredata mellom dei ulike regionale helseføretaka og på ulike nivå ispesialisthelsetenesta. På den måten vil det vere mogleg å identifiserekor det skjer effektiv og målretta forsking og kor dette eventuelt ikkjeer tilfelle, seier Bore.(Illustrasjonsfoto GettyImages)Kvinnsland ny sjef i Helse BergenStener Kvinnsland (biletet) tok over som administrerandedirektør i Helse Bergen frå 1. januar 2007.Kvinnsland har vore viseadministrerande direktør i HelseBergen sidan 2003.Han kom då frå stillinga som avdelingsleiar for Avdelingfor kreftbehandling og medisinsk fysikk ved HaukelandUniversitetssjukehus.Han er dr.med. frå Universitetet i Bergen 1980, er spesialist ionkologi og har vore avdelingsoverlege/professor ved Radiumhospitaletog Regionsjukehuset i Trondheim, direktør for kliniskforsking i Pharmacia & UpJohn og styreleiarr og spesialrådgivari Den Norske Kreftforening.Kvinnsland tek over for Anne Sissel Faugstad som har vorekonstituert administrerande direktør sidan Anne KvernelandBogsnes sa opp si stilling i mars 2006.Kvinnsland er ny sjef i Helse BergenStener Kvinnsland tok over som administrerande direktøri Helse Bergen frå 1. januar 2007.Kvinnsland har vore viseadministrerandedirektør iHelse Bergen sidan 2003.Han kom da frå stillinga somavdelingsleiar for Avdelingfor kreftbehandling og medisinskfysikk ved HaukelandUniversitetssjukehus.Han er dr.med. frå Universiteteti Bergen 1980, er spesialisti onkologi og har voreavdelingsoverlege/professorved Radiumhospitalet ogRegionsjukehuset i Trondheim,direktør for klinisk forskingi Pharmacia & UpJohnog styreleiar og spesialrådgivar i Den Norske Kreftforening.Kvinnsland tek over for Anne Sissel Faugstad som har vorekonstituert administrerande direktør sidan Anne KvernelandBogsnes sa opp si stilling i mars 2006.Foto: Bjørn Erik Larsen13

Haollywood versSerien “House” går på onsdagar kl. 21.45 på NRK1. (Foto: NBC Universal)14

od HaukelandusukelanLivet på sjukehusa er god underhaldning. Kvar tysdag ogonsdag benkar norske tv-sjåarar seg framfor skjermen forå få eit innblikk i kva som skjer på amerikanske sjukehus.Vi følgjer spent med på om kirurgane vil klare å behandleden dødssjuke pasienten, og ikkje minst på intrigane ogkjærleikshistoriene som utspinn seg. Men kor realistisk ertv-seriane eigentleg? Vi har besøkt kirurgar ved HaukelandUniversitetssjukehus, og funne ei litt anna verd.>>15

HollywoodHaukelandversus– Pasienten er mykje plaga av store smerter. Det må vi gjere noko med, seier overlegeFrank Pfeffer ved Haukeland Universitetssjukehus. Helse i vest er vitne til eit av dei rundt3300 operative inngrepa som blir utførde ved Kirurgisk avdeling der i løpet av eit år.Eit kikkhol inn i kirurgienPfeffer arbeider ved Gastroenterologisk seksjon, som har det regionaleansvaret for å utføre avanserte kreftoperasjonar i spiserøyr, mage og endetarm.Mange av pasientane her har kreft eller kronisk tarmbetennelse.Pasienten som no skal opererast har endetarmskreft, og skal få stomi,eller utlagd tarm, som er det meir kjende uttrykket på dette inngrepet.Førebels er Hollywood-faktoren låg denne dagen.Pfeffer er sjølv ikkje så oppteken av dei mange sjukehusseriane på tv.Men innrømmar at han har sett både ”Grey’s Anatomy” og ”House”.– Begge seriane er veldig overdrivne og amerikanske, men det har nokogså noko med alderen min å gjere. Eg merkar meg jo at dei yngreturnuslegane her på sjukehuset er meir interesserte, fortel han.Det er den andre operasjonen til Pfeffer i dag, og ytterlegare ein pasientskal opererast før arbeidsdagen er omme. For kirurgane på Gastroenterologiskseksjon startar ein vanleg arbeidsdag klokka 7.45 med eitfellesmøte. Vakthavande lege gir rapport om kva slags oppgåver somventar denne dagen, før legane har røntgenkonferanse. Ein gong i vekahar dei også undervisning for assistentlegane.God oppfølging viktigDet blir også halde møte kvar veke med spesialistar frå ulike disiplinar.Her planlegg dei kombinerte medisinske- og kirurgiske behandlingarav pasientar med kreft i endetarm og lever, og evaluerer operasjonanesom er gjort siste veka. Planlegging og møteverksemd er ein viktig delav å få verksemda ved ei kirurgisk avdeling til å gå rundt. Men det ersvært sjeldan dette blir belyst i sjukehusseriane på tv. Kanskje ikkje sårart sidan det fort kunne blitt dårleg tv-underhaldning ut av det.Så er det klart for ein visittrunde blant pasientane. Intensivpostenkjem først. Oppgåvene på seksjonen går på rundgang blant legane. Deisom har vakt vekslar mellom å operere, vere på poliklinikken og utføreendoskopiundersøkingar.– Det er viktig med god oppfølging og kontroll av kreftpasientane.For å få best mogleg kontakt med pasientane, synst vi det er fornuftigat same lege tek imot pasientane på poliklinikken. Viss vi oppdagartilbakefall, kan vi behandle dei fleste ein gong til, seier Pfeffer.Han fortel at det er viktig for legane kunne følgje opp pasientane etterbehandling, ved å innkalle dei inn til poliklinikken. Her skjer før- ogetterundersøkingar, samt kontroll av sår. Kirurgisk poliklinikk tek årlegi mot over 16 000 pasientar, og er dermed ein av dei største postane iHelse Vest.KikkholskirurgiStomioperasjonen han no skal gjere, blir utført med laparaskopi, såkallakikkholskirurgi. Tre små snitt i pasienten sin mage gjer plass til trestavforma instrument som blir ført inn i buken. På instrumenta er detkamera som viser levande bilete på to skjermar. Dette har vi også settpå tv. For å skape best mogleg oversikt over området som skal opererast,blir bukhola til pasienten blese litt opp med karbondioksid.Laparaskopi blir brukt stadig oftare etter kvart som kompetansen innandenne teknikken aukar, mellom anna til fjerning av blindtarm, nyrerog større delar av tjukktarmen. Hovudfordelen er at ein slepp ein openOverlegane Frank Pfeffer (til venstre) og Christian Erichsen opererer ved hjelp av laparaskopi, såkalla kikkholskirurgi. (Foto: Bjørn Erik Larsen)16

Ein stomioperasjon er eit avansert inbuken, er det kamera slik at ein kan følgje det som skjer på to skjermar. (Foto: Bjørn Erik Larsen)Det er svært viktig å ha kontroll på kor mange kompressarsom har blitt brukt under operasjonen, så ein veit sikkertat ingen ligg igjen inne i buken. Kven hugsar vel ikkjeepisoden av ”Grey`s Anatomy” då dr. Burke innrømte å hagløymt fleire kompressar inni magen på ein pasient?>>18operasjon. Lykkast ein, betyr det mindre smerter for pasientenog kortare liggjetid på sjukehuset. Denne teknikken gjer likevel atoperasjonen tek noko lenger tid.Ein stomioperasjon er eit avansert inngrep som krev mykje erfaring. Itaket over og rundt operasjonsbenken er ei stor ventil, som pressar luftai rommet ned og gjer det mest mogleg sterilt rundt pasienten. Ventilendefinerer også kor den sterile sonen er. Ein operasjonssjukepleiar erinnanfor sonen saman med Pfeffer og assistentlege Christian Erichsen,mens to er utanfor og assisterer. Ved pasienten sitt hovud sit anestesisjukepleiaren.– Der er galleblæra, forklarer Pfeffer, og held fram med å forklareetter kvart som han varsamt manøvrerer instrumenta blant organa.Arbeidet på operasjonsstua går elles roleg føre seg utan noko særlegsnakk. Lite minner om musikken og skravlinga frå operasjonsstuene påtv. Alle i rommet veit kva dei skal gjere. Pfeffer bruker eit instrumentsom skjer og syr på ein gong, og det luktar svidd. Etter ei stund har hanskore laus tarmen. Han lagar eit hol i buken til pasienten og dreg tarmenopp. Den blir bretta ut og sydd som ei ring rundt huda på buken.Tel opp kompressarStomioperasjonen nærmar seg slutten. Heile operasjonslaget skiftarhanskar, ettersom dei fram til no har arbeidd med open tarm. I detavsluttande arbeidet er det viktig å unngå bakteriar. Ei plastskive blirklipt til og tredd rundt tarmen, før dei legg stomiposen rundt. Avføringavil no renne ut i posen,som må byttast av pasientenetter behov.Alle kompressar som er bruktunder operasjonen blir taldeopp. Det er svært viktig åDr. Burke i ”Grey´s Anatomy”.(Foto: TV2 AS)ha kontroll på kor mange kompressar som har blitt brukt underoperasjonen, så ein veit sikkert at ingen ligg igjen inne i buken. Kvenhugsar vel ikkje episoden av ”Grey´s Anatomy” då dr. Burke innrømteå ha gløymt fleire kompressar inni magen på ein pasient?Også nåler og instrument blir talde. Og ut frå talet på kompressarsom er brukt, kan anestesisjukepleiaren rekne ut kor mykje blodpasienten har mista under operasjonen.Etter ein dryg time er operasjonen over. Pasienten kan no trulegsjå fram til eit liv med mindre smerter.– Eg legg stor vekt på det mellommenneskelege ved jobben. Detkjennest godt å kunne hjelpe andre menneske, og pasientane erdessutan veldig takknemlege for jobben vi gjer. Det gjeld ogsåpårørande, sjølv dei gongane vi ikkje klarer å redde pasienten. Detbeste er sjølvsagt når folk blir heilt friske av behandlinga, og kan levevidare heilt utan smerter, men eg understrekar alltid at kirurgi erbehandling mellom liv og død, seiar Pfeffer.Og akkurat det har verkelegheita på Haukeland definitivt til fellesmed tv-seriane frå amerikanske sjukehus.

HOLLYWOOD VERSUS HAUKELANDKjærleik i kvitt gir oss kickLiv og død, makt og erotikk. Rør godt om og smør utover fjernsynsskjermen. Ein times tid seinare hardu boltra deg i den smakfulle opp-levinga ingrediensane gir. Det er lange tradisjonar og stadfesting avmytar som fristar oss.– Det er mange og samansette grunnar til at sjukehusmiljøet har blittei så fascinerande ramme for populærkulturell fiksjon, seier JosteinGripsrud, professor og instituttleiar ved Institutt for informasjons- ogmedievitenskap ved Universitetet i Bergen.Ei av dei første sjukehussåpene Hollywood produserte var ”GeneralHospital”. Ein braksuksess som skulle få mange meir eller mindrevellykka etterfølgjarar.– Ein viktig grunn til sjukehusseriane er at det er ein etablert sjangersom er enkel å skape. Liv og død blanda med makt og erotikk haralltid fascinert. Det er lite nyvinning. Samtidig er sjukehus og helsevesenein setting alle på eit eller anna vis har erfaring med. Det er rettog slett av stor allmennmenneskeleg interesse, seier Gripsrud.Roller, status og kjønnI dramaserien ”Grey’s Anatomy” speglar vår tid seg i at kvinnene er blittlegar i staden for sjukepleiarar. Men framleis er hierarkiet klart i mangeav sjukesåpene.– Liv og død blakvar tysdag på TV2. (Foto: TV2 AS)– Legen sin posisjon har alltid vore spesiell. Dei har gjerne tilhøyrt øvremiddelklasse, og utgjer ei ressurssterk gruppe. Sjukepleiarane på si sidehar til alle tider blitt framstilt som det mest feminine i yrkeslivet.Og ei undersøking Gripsrud gjorde på slutten av 1990-talet, viser at ogsålegar likar å sjå fiksjon av si eiga verkelegheit. Legestudentar på Haukelandsåg gjerne Chicago Hope. Og helst saman med medstudentar.Etiske problemstillingarMen mykje av det som blir produsert er fjernt frå det verkelege sjukehuslivet.Samtidig understrekar Gripsrud at det er mange talentfulleskribentar til dei nye tv-seriane. Etiske og moralske problemstillingarblir behandla på ein god måte.– Når kynismen til styreleiaren i serien ”House” veltar innover oss,blir vi engasjerte. Det vekkjer oss og vi får stadfestavåre eigne etiske haldningar. Om det ikkje eropplærande og informativt i tradisjonell forstand,så set dei nye seriane i gang refleksjonar og diskusjonarrundt ulike etiske problemstillingar, seier(Foto: Silje Gripsrud, Universitet i Bergen)19

Fleire får kreft – færre får tilbakefallFå pasientar som vert operererte for kraft i mage og tarm vedHaukeland Universitetssjukehus får tilbakefall.Seksjonsoverlege Gunnar Baatrup ved Kirurgisk klinikk seier at det erei trend at sjukehuset stadig utfører fleire store kreftoperasjonar.– Særleg ser vi ein auke i talet på pasientar som får diagnosen endetarmskreft.Kreft i mage og tarm rammar særleg eldre menneske, oginneber ofte kompliserte inngrep. 60 prosent av pasientane som fårbehandling ved Gastroenterologisk seksjon treng akutt behandling.Talet stig med 2,5 prosent per år, i takt med at ein stadig større del avbefolkninga blir eldre, seier Baatrup.Nye behandlingsmåtarHan fortel at utviklinga innan anestesi og kirurgi stadig går framover,og at ein dermed til dømes kan operere pasientar med høg alder ogkompliserte lidingar, som tidlegare ikkje ville ha overlevd ein avansertkreftoperasjon.– For å auke overlevingsgraden hos dei eldste pasientane, er det viktigå utvikle nye behandlingsmåtar som inneber enklare inngrep. Eiteksempel på slik utvikling er rektal ultralyd og lokalbehandling avrektalkreft, forklarer Baatrup.Gode resultatBaatrup meiner at det er ein klar samanheng mellom kvalitet ogvolum.– Jo fleire pasientar vi opererer, desto betre blir kvaliteten på behandlingavi utfører. Vi har i dag eit av dei beste resultata i Noreg innanendetarmsoperasjonar. Berre 5 prosent av pasientane våre får lokalttilbakefall, eit resultat som er heilt i teten, også i internasjonal målestokk,understrekar han.– Vi har dei siste åra også fått ei passande bemanning, noko som harhjelpt oss å løyse utfordringa med å skaffe operasjonsplass til alle somhar rett til nødvendig helsehjelp. Ei av dei viktigaste utfordringane liggno i å redusere ventetida, som for tida er tre veker for kreftpasientar.Det blir i tillegg arbeidd hardt med kvalitetsutvikling. Vi har mangemedarbeidarar, og det er difor ei utfordring å sørgje for å ha riktigpersonale tilstades til ei kvar tid, seier han.Seksjonsoverlege Gunnar Baatrup er nøgd med at få pasientar som vertbehandla for endetarmskreft ved Haukeland Universitetssjukehus får tilbakefall.(Foto: Bjørn Erik Larsen)Baatrup meiner at mange går altfor lenge med symptom på kreft ogkjem for seint i gang med behandling. Viss dei derimot kjem raskt tillege, blir også sjansen for å kurere kreften større.– Men dette er i første rekkje ei folkeopplysingsoppgåve, legg han til.ForskingHaukeland Universitetssjukehus har ein lang forskingstradisjon innangastrokirurgi og mange doktorgradar på området. Forskinga er organisertgjennom Kirurgisk institutt.– Ei viktig oppgåve er å få dei yngre studentane til å komme medidear til forskingsprosjekt, seier Baatrup, som har medansvar for forskingagjennom ei deltidsstilling ved Universitetet i Bergen.Nyleg blei ei ny eining for klinisk forsking oppretta. Her er måletsærleg å involvere dei yngre legane.– For å forstå og kunne lese forskingsresultat, må ein sjølv ha erfaringmed forsking. Difor ønskjer vi mellom anna at alle assistentlegane skaldrive med forsking, seier han, og legg til at dei for tida planlegg eitprosjekt, der målet er å utvikle ei vaksine mot tjukktarmskreft.– Berre 5 prosent av pasientane våre får lokalt tilbakefall, eit resultatsom er heilt i teten, også i internasjonal målestokk. Gunnar Baatrup20

i FORMHan er ikkje redd for ei tung bør på skuldrene, administrerande direktør Stener Kvinnslandi Helse Bergen. Faktisk oppsøkjer han gjerne den harde fysiske utfordringa. Det skjer førstog fremst i den vakre naturen i Hardanger.Trivst best i motbakkeDen 58 år gamle sjefen i Helse Bergen har ikkje mykje tid til å drivefysisk aktivitet. Men han utnytter den tida han har.– Eg er flink til å bruke trappene på jobben. I løpet av ein dag blirdet ganske mange steg. Og har eg nokre ekstra minutt til overs, tek eggjerne nokre armhevingar på kontoret. For å halde seg mjuk, er detòg viktig å snurre litt på armar og skuldrer når ein har tid. Alt ein kangjere for å vere i bevegelse er positivt, seier Kvinnsland.Som ein av Noregs mest erfarne fagfolk innan kreft, veit han at kroppenmå vere i balanse om ein skal halde seg frisk.– Det må vere samsvar mellom det du et og forbruket av energi. Ogsjølv om ein ikkje nødvendigvis har idealvekta, bør ein halde seg påeit så stabilt nivå som mogleg. Eit av tre krefttilfelle har samanhengmed kosthaldet. Det er med andre ord ikkje tvil om fakta på detteområdet.Nøye med vektaSeier Kvinnsland. Som sjølv lever som har snakkar. Han er 72 kilopluss minus. Det veit han fordi han veg seg kvar dag. Det har hangjort dei siste 25 åra. Litt nevrotisk? Nei, for sjefen i Helse Bergen erdet snakk om å ha kontroll over kroppen.– Og kva gjer du om nåla på vekta er på feil side av 72-merket?– Då sørgjer eg for å korrigere meg i løpet av nokre dagar. Som regelgår det bra. Frå naturen si side har eg blitt velsigna med ei god helse.Det at eg er lett gjer at belastninga på kroppen ikkje blir for stor.Dermed er eg og i stand til å ta fatt på større fysiske utfordringar.Når Stener Kvinnsland snakkar om fysiske utfordringar, er det særlegturar i fjellet han tenkjer på. For det er naturen som ligg hjartet hansnærast. Landskapet i fjella i Hardanger til dømes, der familien harhytte.Barnebarn på skuldra– Den beste opplevinga for meg er å leggje i veg, godt kledd, medryggsekk og gjerne eit barnebarn på skuldra. Eg har alltid hatt eindragning mot høge fjell, og elskar synet av toppane. Å bevege seg oppi høgda på denne måten, betyr at eg må ta fatt på ganske mange tøffemotbakkar. Men det er nettopp då er trivst best. Eg kan gå i bådeseks og tolv timar. Sjølv om det tidvis er stritt, er det fantastisk.– Kan du overføre noko av denne erfaringa, det å bruke ekstra krefter imotbakkane, til den jobben du har i Helse Bergen?– Ja, det trur eg. Eg lar meg ikkje skremme av tøffe utfordringar. Eger ikkje redd for bunkar av dokument eller lange arbeidsdagar, og trurfaktisk det at eg held meg i rimeleg god form, hjelper meg til å ta fattpå oppgåvene på ein god måte, seier Stener Kvinnsland.Eg har alltid hatt ein dragning mot høge fjell, og elskarsynet av toppane. Å bevege seg opp i høgda på denne måten,betyr at eg må ta fatt på ganske mange tøffe motbakkar.Arne Knudsen © Knudsens FotosenterFoto: Bjørn Erik Larsen21

Eit nytt år er så vidt i gang, og mangehar starta med blanke ark og friske forsett.Treningssentra melder om kaostilstandar.Tidlegare støttemedlemmer har funne framtrikoten og gått i gang med friskt mot. Kroppenskal i form koste kva det koste vil. Menmange fell frå allereie i februar. Korleis fånyttårsforsetta til å vare året ut?Nytt år og nye forsett:Kva skal tilfor å lykkast?Den britiske psykologen Richard Wiseman har gjort ei global kartleggingblant 1 600 menneske av kva nyttårsforsett folk har sett seg for2007. Ifølgje forskning.no er sunnheit fellesnemnaren. Dei tre mestvanlege forsetta er slanking, å kome i betre form og å slutte å røyke.34 prosent vil prøve å gå ned i vekt i løpet av det nye året. 17 prosentvil trene meir og 8 prosent ønskjer å stumpe røyken.Ifølgje undersøkinga ser det ut til at konseptet med nyttårsforsettappellerer meir til kvinner enn til menn. Dobbelt så mange kvinner(66 prosent) som menn (33 prosent) rapporterer om forsett for detnye året.– Undersøkinga viser også at mange ikkje har klart å overhalde nyttårsforsettasine tidlegare. Over 70 prosent av deltakarane indikerer atdei har prøvd å ha nyttårsforsett tidlegare, men feila, seier Wiseman.Helse i vest har spurd ein idrettsekspert, ein ernæringsfysiolog og einpsykiater om råd for å unngå ein tidleg sprekk i nyttårsforsetta.22

NYTT ÅR – NYE FORSETT >>PSYKIATEREN:Endringane må gikjensle av premieringSpesialist i psykiatri, HALDIS ØKLAND LIER(Foto: Bjørn Erik Larsen)– Det er viktig å erkjenne at all åtferd har ein funksjon og er istor grad styrt av konsekvensar. Den åtferda vi ønskjer å ha, erlettare å lære og halde vedlike om åtferda gir positive konsekvensarfor oss. For eksempel fyller mat eit behov hos oss, langt utover deternæringsmessige. Blant anna det å kose seg, og for mange er detogså ein måte å dempe uro eller vonde kjensler på. For å klare åendre for eksempel forholdet til mat, må ein forstå dette, og fyllebehovet med noko anna, for eksempel gå ein tur, ta eit varmt badeller høyre musikk. Og ein må kanskje også lære seg andreferdigheiter for å takle vonde kjensler.Det seier spesialist i psykiatri, Haldis Økland Lier. Ho arbeiderblant anna med overspisingsproblematikk og livsstilsendring bådeved Seksjon for spiseforstyrringar i Helse Bergen og ved Haugesundsjukehus, psykiatrisk avdeling.Trigger gir lyst på sjokoladeLier oppfordrar alle som vil gjere livsstilsendringar til å lagebelønningssystem for seg sjølve. – Både gjennom å vere merksamepå dei positive gevinstane som ny åtferd gir, men også ved å unneseg noko ekstra når ein har oppnådd eit mål. Nokre gonger eråtferda styrt av triggerar i situasjonen. For eksempel om ein alltid etsjokolade til kaffien om ettermiddagen, vil kaffi om ettermiddagengi lyst på sjokolade. For å snu gamle vanar, må ein vera merksam påslike triggerar eller risikosituasjonar, og ha ein plan for å løyse dei.Må eige prosjektet sjølvHo trur det er nødvendig å vere sterkt motivert når ein skalgjennomføre livsstilsendringar.– Det er viktig å eige prosjektet sjølv heilt og fullt. Dette skal tenemeg, ikkje samfunnet sitt krav til at ein skal vere sånn og sånn.Endringa må vere viktig for mitt liv, og ikkje noko eg gjer for andre.Dessutan må ein ha tru på sin eigen kompetanse i forhold tilendring. Det er eit kjenneteikn ved dei som lykkast at dei i stadenfor å dømme seg sjølv når dei sprekk, så lærer dei av situasjonen.Balanse mellom yte og nyteLier meiner og at ein viss realisme er på sin plass.– Kva er det mogleg å oppnå av endringar i mitt liv akkurat no? Erdet realistisk å trene fem gonger i veka for meg? Ein skal ha respektfor at det å endre livsstil krev ein del av førebuing og tid, ein mårydde litt i livet sitt i forkant. Etter kvart vil ein oppdage atendringane fører med seg noko positivt, og det vil verke sjølvforsterkande;”No var plutselig denne bakken litt lettare.”– Kva kjenneteiknar dei som ikkje lykkast?Ofte har dei stilt for høge krav. Slanking til dømes er å jobbe motkroppen sin biologi. Om ein går fort ned i vekt, oppfattar kroppendette som ein trussel, og skrur ned forbrenninga. Det er difor me girråd om sakte og moderat vekttap. Det er det einaste kroppen tillet.Det har også lett for å bli alt eller ingenting. ”Eg skal trene kvar dagog aldri meir ete sjokolade.” Ein blir for streng med seg sjølv ogdømmer seg sjølv når ein ikkje lykkast. ”Eg klarer jo aldri dette.”Og ein får mindre og mindre tru på at ein kan klare endringar.Ein må og ha respekt for balansen i livet. Alt kan ikkje berre verekrav. Det må vere balanse mellom å yte og nyte.Det har også lett for å bli alt eller ingenting. ”Eg skal trene kvar dag og aldrimeir ete sjokolade.” Haldis Økland Lier23

NYTT ÅR – NYE FORSETTortsett>>ERNÆRINGSFYSIOLOGEN:– Hald deg unnasuperkurar!– Nokre bestemmer seg for noko og gjennomfører det. Andre harlettare for å gi opp. Viss ein startar med sunt kosthald når ein ervaksen, er vanene ofte inngrodde og mange treng tett oppfølgingog oppbakking.Mette Helvik Morken er klinisk ernæringsfysiolog og har jobba medernæring på Haukeland Universitetssjukehus sidan 1981. Ho harbehandla overvektspasientar på sjukehuset og veit kor vanskeleg deter for mange å halde på godt kosthald på lang sikt.– Studiar på vektreduksjon viser at få har gode langtidseffektar. Detkrev mykje og regelmessig oppfølging for å halde på dei gode forsetta.Og det er veldig personavhengig om ein klarer å halde seg til eit suntkosthald, seier ho.Motstridande kosthaldsrådMorken trur grunnen til at mange gir opp forsetta sine undervegser at det er så lett å finne unnskyldningar når det går trått.Sunt kosthald – ikkje slankingHo tilrår kosthaldsråda til Sosial- og helsedirektoratet, og har lite tilovers for diettar av typen Atkins og Fedon Lindberg.– Viss ein skal fort ned i vekt verkar alt, men skal ein tenkje langsiktiggod helse, er ikkje jojo-slanking lurt. Ha fokus på sunt kosthaldframfor slanking. Det er jo i grunn så enkelt som at det berre er til åkutte ut tomme kaloriar som brus, alkohol, snop, potetgull, kaker oggå i minimum ein halvtime kvar dag, så vil du gå sakte ned i vekt.Du kan ete deg mett, så lenge du et sunt og beveger deg slik at dubyggjer opp musklar. Fysisk aktivitet og kosthald går hand i hand,seier ernæringsfysiologen.– Kva skal ein gjere viss ein sprekk?– Då kan ein seie til seg sjølv ”ok, eg sprakk, men no begynner eg påigjen”. Du må ikkje la vere å ete i nokre dagar for å ta det igjen. Omdu sprekk ein dag eller ei helg, så har ikkje det så stor innverknad.Mitt beste råd er at ein må vere tålmodig. Husk at det har teke langtid å kome i den situasjonen du er i i dag. Og det er ikkje gjort på eiveke å bli sunn. Men ein må heller ikkje gløyme å leve. Det går ikkjean å berre tenkje på å vere sunn heile tida.Om du sprekk ein dag eller ei helg, såhar ikkje det så stor innverknad. Mittbeste råd er at ein må vere tålmodig.Mette Helvik Morken– Aviser og vekeblad er sensasjonsprega, og ikkje alltid like objektive.For mange er det frustrerande når media kjem med motstridandeopplysningar og kosthaldsråd. Då gjer ein seg gjerne tankar om at”til og med dei som burde kunne dette er jo ikkje sikre. Det verkarsikkert ikkje likevel”. Men ein må vere standhaftig, stå på sitt og ikkjefalle for freistinga til å leggje om kursen undervegs. Du må kjennedeg trygg på at du gjer det som er riktig, seier Mette Helvik Morken.METTE HELVIK MORKEN er klinisk ernæringsfysiologved Haukeland Universitetssjukehus.(Foto: Helse Bergen)24

NYTT ÅR – NYE FORSETT >>IDRETTSEKSPERTEN:– Set oppargumentslisteog finn ein alliertLEIF INGE TJELTA, førstelektor i idrettved Universitetet i Stavanger (UiS)(Foto: Elisabeth Tønnessen)– Det er viktig å vere bevisst på kva ein vil oppnå med endringane.Derfor bør dei som set seg nyttårsforsett også setje opp tre gode argumentfor og mot, og vege dei opp mot kvarandre. Viss argumenta forer sterkast, er det ingen grunn til å gi seg. Denne argumentslista børha positivt fokus og hengje godt synleg, for eksempel på kjøleskapet.Så kan ein ta fra lista når det buttar imot og gjere ei ny vurdering forog mot. Dersom folk vil noko sterkt nok, kan dei få til omtrent alt.Det seier Leif Inge Tjelta, førstelektor i idrett ved Universitetet i Stavanger(UiS). Han underviser i idrett og testar blant anna studentarog idrettsfolk i det fysiologiske testlaboratoriet på universitetet. Blantanna får fotballspelarane i Viking testa forma her.Ha faste avtaler om treningTjelta meiner det er viktig å alliere seg med nokon når ein går i gangmed dei gode forsetta.– Livsstilsendringar er tøft. Difor er det viktig å søkje hjelp, i einvenn, rettleiar, mentor eller til dømes ein personleg trenar i eithelsestudio. Det må vere nokon som kan gi råd og oppbakking, einå gjere avtaler om faste treningsøkter med. Det er enormt viktig å haalliansar. Gjerne nokon som er like motivert og kanskje meir motivertenn ein sjølv.Ved endring av kosthald, meiner han familien er nøkkelen.– Det er ein føresetnad ved kosthaldsomleggingar at det er einigheiti familien om at frå no av er det slutt på cola og chips. Vi skal over påoppskåren frukt på laurdagskvelden.Kan bli for mykjeOg han har lita tru på slanking.– Det handlar om å leggje om kosthaldet. Ein må forbrenne meirenn ein et.Tjelta meiner dessutan det er myke lettare å slutte å røyke dersomein er to som bestemmer seg for å slutte samtidig.– Set opp eit økonomisk overslag i forhold til røyk. Kan vi brukedesse pengane til noko anna? Vurder også om det er ok at ein avdykk får ein røykerelatert sjukdom i løpet av dei neste fem åra. Sjå påkonsekvensar ved å fortsetje versus å slutte.Leiv Inge Tjelta tilrår å ha maks to forsett som dreier som om endringav livsstil.– Fysisk aktivitet og kosthald heng gjerne saman. Men det kan blifor mykje å slutte å røyke, gå ned i vekt og begynne å trene samtidig.Leif Inge Tjelta tilrår å ha maks to forsett somdreier som om endring av livsstil.25

Nye fortsettNøkkelråd for kosthaldet• et minst tre porsjonar grønsaker ogto porsjonar frukt dagleg• vel kokte eller bakte poteter framfor chips og pommes frites• et grove korn- og brødvarer• et meir fisk – både som pålegg og middag• vel magre kjøtt- og meieriprodukt• vel mjukt vegetabilsk margarin eller olje framforhard margarin eller smør• kutt ned på inntaket av sukker, særleg i form av brus og godteri• ver varsam med salt• vatn er den beste tørstedrikkenLever du etter desse kostråda vil du dekkje kroppen sine behov forvitaminar, mineral og andre viktige næringsstoff.ye fortsett1234… og fire råd for fysisk aktivitetbarn og unge bør vere fysisk aktive i minimum 60 minutt kvar dag.Aktiviteten kan delast inn i kortare periodar.alle vaksne bør vere fysisk aktive med moderat eller høg intensitet(for eksempel hurtig gange) i minimum 30 minutt per dag. Aktivitetenkan delast inn i kortare periodar i løpet av dagen, for eksempeli bolkar som varer 10 minutt.fysisk aktivitet ut over denne halvtimen vil resultere i ytterlegarehelsegevinst.for å førebyggje vektauke ser det ut til å vere nødvendig medfysisk aktivitet i cirka 60 minutt per dag også for vaksne.Å ha eit sunt kosthald og ein livsstil som er aktiv nok til å gihelsegevinst, er ikkje så vanskeleg som mange trur. Du trengikkje å følgje strenge diettar eller harde treningsprogram.Les meir på www.shdir.no Frå desse sidene kan du klikke degvidare til ”ernæring” eller ”fysisk aktivitet”.Røyketelefonen800 400 85Treng du informasjon, motivasjon, tips eller ganskeenkelt nokon å snakke med om røyking og røykeslutt?Ring Røyketelefonen 800 400 85.(Kjelde: Sosial– og helsedirektoratet)(Illustrasjonsbilete: Banana Stock)26Oppskrift foreit sunnare kosthaldRegjeringa presenterte i januar ein ny Handlingsplanfor betre kosthald i befolkninga. ”Oppskrift for eitsunnare kosthald”.Her blir det skissert tiltak for å fremje helse ogførebyggje sjukdom gjennom eit sunnare kosthald.Planen er den første i sitt slag innan ernæringsområdet.Det blir lagt vekt på å medverke til å gjere detenklare å velje sunt, leggje til rette for gode måltid ibarnehagar, skular og blant eldre, og styrkjekunnskapen om mat, kosthald og ernæring.Tiltaka skal medverke til å utjamne sosial ulikskap ihelse.I 2005 blei det også lagt fram ein nasjonal handlingsplanfor fysisk aktivitet ”Saman for fysisk aktivitet”.Planen er utarbeidd av åtte departement som i samarbeidhar kome fram til 108 tiltak som skal setjast iverk for å auke aktiviteten i befolkninga. Les meir omdette arbeidet på www.1-2-30.no

PROFILENSiri Haugland (38),er prosjektleiar i MOT (Medarbeidar,Organisasjon, Teknologi) i Helse Stavanger.I front for ein betre arbeidsdagHo har høgteknologiske ambisjonar og klare mål.Prosjektleiar Siri Haugland vil gjere arbeidsprosessaneinnan HR-området (Human Resources)i Helse Stavanger meir effektive når føretaka iHelse Vest i år set i drift fleire nye datasystem. Vedsidan av ein betre arbeidsdag for dei tilsette, håperho også at auka bruk av høgteknologi vil frigjereressursar som vil kome pasientane til gode.– Målet med prosjektet, som har fått namnet MOT (Medarbeidarar,Organisasjon, Teknologi), er å få bukt med hindringar i kvardagenog i dei systema vi bruker. Klarer vi det, får vi ein betre og meir effektivflyt i arbeidet. Samtidig vil kvaliteten på informasjonen til bådetilsette og leiarar bli betre, seier Siri Haugland.Tilsette ved sjukehusa i regionen vil i løpet av 2007 og 2008 gå overtil å gjere mykje av papirarbeidet på nett, der alt frå lønnsslipp tilvaktlister, timelister og oversikt over ledige vakter vil liggje. Leiaranevil på si side få eit betre og meir effektivt system for arbeidsplanleggingmed blant anna kostnadsberekningar og innkalling av personellvia SMS samt betre system for mellom anna rekruttering og medarbeidaroppfølging.– Jo meir vi kan lette arbeidsdagen for dei som jobbar ved sjukehusanår det gjeld administrasjon, jo meir ressursar kan vi bruke på pasientane,seier Haugland.Klar melding frå dei tilsetteDet var ei undersøking blant dei sjukehustilsette i 2003 som var medpå å setje arbeidsmetodane på dagsorden.– Tilbakemeldinga var ganske klar. Mange meinte at måten deiarbeidde på innan HR-området ikkje var effektiv nok, og at deiheller ikkje hadde gode nok datasystem til bruk i kvardagen. Dessetilbakemeldingane har vi tatt utgangspunkt i når vi har designa deinye arbeidsprosessane. Slik sett tilpasser vi no teknologien til dessenye arbeidsprosessane, seier Haugland som sjølv er sjukepleiar medtilleggsutdanning innan økonomi og administrasjon.Dei nye systema innan HR-området angår alle tilsette i helseregionen,men i ulik grad. Føretaka tek fortløpande i bruk dei nyesystema, og i Helse Stavanger reknar ein med å ta i bruk nytt arbeidstidsplanleggingssystemog lønns- og personalsystem i løpet av hausten2007 og våren 2008. Det nye rekrutteringssystemet blir teke i brukallereie frå mars 2007.Siri Haugland trur mange tilsette ventar på eit enkelt og tilgjengelegit-system der dei kan ha oversikt over sitt eige arbeid.Prosjektet MOT (Medarbeidar, Organisasjon, Teknologi) skal få bukt medhindringar i kvardagen og i tekniske system. – Jo meir vi kan lette arbeidsdagennår det gjeld administrasjon, jo meir ressursar kan vi bruke på pasientane,seier Siri Haugland.(Foto: Kjetil Alsvik)– På nettet vil den enkelte kunne oppdatere opplysningar om segsjølv, enten det gjeld fråver, overtid eller adresse og kontoopplysningar,seier ho.Mange må legge om rutinar– Kva skal til for at den nye måten å jobbe på blir vellykka?– Først og fremst må brukarane oppleve at dette er eit nyttig arbeidsreiskap.Vi har brukt mykje tid på å utarbeide gode arbeidsprosessarog krav til dei nye systema, og meiner dei systema og leverandøranevi har valt er eit svært godt utgangspunkt. Men god informasjon ogopplæring undervegs er viktig for at brukarane skal kunne få optimalnytte av både dei nye arbeidsprosessane og dei nye datasystema. Detblir ei utfordring å få så mange tilsette til å endre innarbeidde rutinarog ikkje minst bli kjent med desse nye datasystema. Vi veit at mangehar travle arbeidsdagar og stor belastning på jobben i tillegg til kravom innsparingar, seier Siri Haugland.27

InformasjonReturadresse:Hesle Vest RHFPostboks 303 ForusB4066 StavangerDU KAN REDDE LIVNedkjøling:Ved utmatting, dårleg ly eller skade, kanden indre kroppstemperaturen raskt bli forlåg om du ikkje er godt kledd. Ein nedkjøltperson vil skjelve, bli trøytt og initiativlaus.Pasienten må få på tørre, varme klede,komme i ly og gjerne leggjast i sovepose.Gi noko varmt å drikke.Ved bevisstløyse må ein passe på atpasienten pustar og ligg i sideleie. Starthjarte-lungeredning om nødvendig ogta kontakt med medisinsk naudnummer113. Få pasienten til sjukehus så skånsamtog raskt som mogleg, helst i flatt leie. Gialdri opp håpet sjølv om pasienten verkarlivlaus.Frostskader:Utan at du merkar det kan du få frostskadar.Kombinasjonen kulde og vind kan fort gikvite og følelseslause flekkar. Dette gjeldførst og fremst i andlet, tær og fingrar.Følg nøye med, både på deg sjølv og andre.Små forfrysningar behandlar du straks vedå leggje varm hud mot den frosne staden.Ikkje gni. Blir forfrysinga djupare, og hudaikkje kan bevegast mot det underliggjandevevet, skal ikkje frostskaden behandlast påstaden. Hald personen varm med teppeeller liknande under transporten. Skaff nokovarmt å drikke. Uforsiktig transport kanforverre skaden.Til fjells medførstehjelp i sekkenVidda ligg klar til å ta i mot deg. Men i fjellet er du gjerne langt frå folk og må vereførebudd på å ordne opp sjølv dersom noko skulle skje. Hugs difor førstehjelpsutstyrog solkrem i sekken, så unngår du kanskje desse skadane!Snøblind:I fjellet er sola skarp, og dei ultrafiolette strålanekan skade auga så mykje at du blir snøblind. Deter smertefullt, men ikkje farleg. Symptom somsterk svie og lysømfindtlighet pleier å gi seg iløpet av nokre dagar om auga får kvile i eit mørktrom. Bruk gode solbriller for å førebyggje.Solbrent:Bruk krem med høg solfaktor. Ver spesieltforsiktig dei første dagane i fjellet. Smertenekan lindrast med kaldt vatn eller kalde omslag,og hugs å skjerme frå meir sol. Alvorlege tilfellemå behandlast av lege.Brotskadar:Gjer brotstaden urørleg ved å la ein spjelkdekkje leddet ovanfor og nedanfor brotstaden.Er det eit ope sår i tilknyting til brotet, måblødinga stoppast og såret dekkjast. Helst medein steril bandasje. Legg ikkje direkte trykk påbeinpiper. Bruk spadeskaft, skistav, liggjeunderlagog liknande til å lage ein spjelk. Hugså polstre spjelken godt (med skjerf, vottar ellerliknande) så det ikkje oppstår sår på grunn avgnissingar.Og hugs, ta gnagsår på alvor! Blir såret kraftignok kan det gnage både på deg og turfølgjet!© Espen Bratlie / Samfoto(Kjelde: www.rodekors.no)Likte du dette magasinet? Du kan abonnere gratis. Send ein e-post til info@helse-vest.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!