Foto: Ida SchmidtFlemming DarreSlankesjefFrå kaos til strukturKristin Dingen- Som å vinne i lottoKristin Dingen frå Gulen kommune i Sogn ogFjordane er jublande glad for at ho har fått eit tilbodom behandling mot overvekta.- Vi som kom med på dette programmet er kjempeheldige, det kjenstsom eg har vunne i lotto, seier ho. Historia hennar liknar den mangeovervektige kan fortelje. Det er historia om tallause slankekurar ogforsøk på å leggje om livsstilen. Mislykka forsøk.- Vekta har eg slitt med sidan eg var 20 år. Dei siste fem åra har eg blittverre. Eg har både gått opp i vekt og fått ein meniskskade. Legane seiereg ikkje får meniskoperasjon før eg har slanka meg.Ønskjer å jobbeKristin er ein open person som har eit godt sosialt liv. Ho er i full jobb,men trur ikkje ho kan halde fram med det dersom vekta held seg oppe.- Eg ønskjer å vare lenge i arbeidslivet. Då må eg ned i vekt. Så enkelter det, seier Kristin. Då ho kom til Ebeltoft stoppa vekta på 138,3 kilo.Målet hennar er å gå ned 40 kilo i løpet av månadene i Danmark.- Det er eit veldig ambisiøst mål. Dei to første vekene gjekk eg ned 4,6kilo. Eg får vere nøgd dersom det held fram.Ikkje nedlatandeVekt då ho kom til Ebeltoft: 138,3 kiloVekttap etter dei to første vekene: 4,6 kiloKristin liker seg svært godt på Ebeltoft Kurcenter.- Eg er særleg nøgd med dei som jobbar her. Dei ser meg som denpersonen eg er. Ingen ser ned på meg, slik enkelte legar heime i Noreghar gjort. Eg har hatt fleire sjukehusoperasjonar og treft mange nedlatandelegar. Dei har berre vore opptatt av vekta og ikkje sett deteigentlege problemet. Det gjer dei som jobbar her, seier Kristin Dingen.Han har slanka bort nesten 30 tonn fett dei siste fireåra, direktøren ved Ebeltoft Kurcenter. Metoden er suntkosthald, mosjon og struktur i kvardagen. Og rettleiing.Direktør Flemming Darre kan sjå tilbake på eit stykkje pionérarbeid.Sidan senteret starta opp som det første i sitt slag hausten 2000, har deitatt i mot 1 000 kursdeltakarar.- Vi har brukt fire år på å lage det opplegget vi tilbyr i dag. Mykje erendra undervegs, men i dag er vi så tett på det optimale at vi kan seie vihar det perfekte produktet, seier han.Nordmenn motiverteDarre fortel at dei norske kursdeltakarane klarer seg spesielt bra.- Vi vil berre ha dei som er topp motiverte, dei som verkeleg vil dette.Det krevst styrke å reise frå familie og venner til eit anna land for å vereder i fire månader. Vi ser at jo større offer ein deltakar må gjere for åvere her, jo betre blir resultatet.Fysisk og psykisk opprydningDirektøren er svært opptatt av det mentale aspektet.- Negative tankar fører til dårlege kjensler. Derfor må vi arbeide medtankane. Vi prøver å få kursdeltakarane til å sjå verda gjennom andresitt perspektiv. Mange her trur ikkje dei er gode nok. Å endre ei slikoppfatning er ein langvarig prosess, seier Darre. Ofte skjærer det segi mange situasjonar for overvektige. Det skjærer seg med kjærleiken,jobben, utdanninga eller familien. På senteret tar dei både ei fysisk ogpsykisk opprydding i livet til kursdeltakaren.Må ta ansvar for eige liv- Vi ser på korleis kvar kursdeltakar har levd før han eller ho komhit. Korleis nyttar han dei 24 timane i døgnet? Vi ser på livet som eitpuslespill, der kvar brikke må vendast og leggjast på nytt. Så ser kanskjepuslespillet annleis ut etterpå. Ofte ser vi at desse analysane får einkonsekvens. Kanskje rår vi deltakarar til å flytte ut frå heimen, få segein ny jobb eller bryte ut av det sosiale miljøet dei vankar i.Denne forma for coaching er krevjande.- Terapeuten stiller heile tida spørsmål om kva ein sjølv gjer for å få eitbetre liv. Då gjeld det å finne praktiske løysingar på problema.Det heile dreier seg om å ta ansvar for eige liv, seier Darre.14Bakgrunn• Helse Vest inngjekk i fjor haust ei avtale med Ebeltoft Kurcenter iDanmark om behandling av ekstremt overvektige. Avtala er ein del aveit pilotprosjekt som skal gå ut året.• Helse Vest sender to grupper på til saman 48 personar til Ebeltoft.24 deltakarar reiste til Ebeltoft i januar. Neste gruppe startar opphaldeti april.• Prosjektet som Helse Vest har laga for behandling av ekstremtovervektige, går i fire fasar:1: Fire månader på Ebeltoft Kurcenter2: Åtte veker heime3: Fire månader på Hauglandsenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane4: Oppfølging på lærings- og meistringssenter eller hos fastlegeLes meir på internett: Om behandlingstilbodet: www.helse-vest.no.Nettsidene til Ebeltoft Kurcenter: www.kuren.dk og spesielt fornordmenn: www.kursenter.dk
6 millionar tilbrukarorganisasjonaneHelse Vest løyver i år rundt 6 millionar kroner til117 pasient- og brukarorganisasjonar i regionen.142 organisasjonar søkte om støtte for 2005.- Vi har hovudsakleg løyd midlar til informasjonsarbeid, opplæring,meistringskurs og såkalla likemannsarbeid. Det betyr at dei som harei liding eller funksjonshemming, hjelper og støttar andre med samediagnose, seier rådgivar Torleiv Bergland i Helse Vest.- Samarbeidet mellom brukarorganisasjonar og det regionale helseføretaketer avgjerande for å vidareutvikle helsetenestene. Brukarorganisasjonardriv eit viktig arbeid overfor medlemmene sine. Dei drivòg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane, seier Bergland.Midla er fordelte etter retningsliner som er utarbeidde i samarbeid meddet regionale brukarutvalet, som Ingrid Mällberg er leiar for.- For mange brukarorganisasjonar er støtta eit spørsmål om å vere ellerikkje vere. Dei aller største organisasjonane har eigne tilsette, men langtdei fleste baserer drifta på frivillig innsats. Mange legg ned eit stort frivilligarbeid som sparer helsetenesta og samfunnet for enorme summar,seier Mällberg.Ho meiner den viktigaste rolla for organisasjonane er å sørgje for atpasientane får kunnskap.- Nye pasientar får ofte ikkje med seg alt legen seier. Organisasjonanesørgjer for at nye pasientar får grundig informasjon om diagnosen sin,rettar, behandling og liknande. Det å treffe andre i same situasjon betyrogså mykje for ein som har fått ein diagnose.- Kva om vi ikkje hadde hatt brukarorgansiasjonar?Ingrid Mällberg- Då hadde helsetenesta hatt mykje større problem med kapasiteten enni dag, både hos fastlegane og i spesialisthelsetenesta. Det er ingen tvilom at dei gjer ein svært stor og samfunnsnyttig innsats, særleg innaninformasjons- og likemannsarbeidet, seier Mällberg.28 nye legestillingar fordelt i vestHelse Vest har fordelt 12 overlegestillingar og 16assistentlegestillingar på helseføretaka og dei privatesjukehusa i Helseregion Vest.medisin, rehabilitering og rusrelatert indremedisin), to til HelseStavanger (rusrelatert indremedisin og rusrelatert psykiatri) og ein tilHelse Fonna (nevrologi, rehabilitering/habilitering).Helse Vest søkjer årleg Helse- og omsorgsdepartementet om å opprettenye legestillingar. For 2004 fekk regionen 22 legestillingar til fordeling.I år er altså talet auka med seks.På landsbasis er det fordelt 54 overlegestillingar og 74 assistentlegestillingar.Helse Vest og Helse Midt-Noreg får flest nye stillingar av deiregionale helseføretaka. For Helse Vest er grunngjevnaden for dette atdet er ei lav spesialistdekning i regionen i forhold til folketalet.Det er òg oppretta ein landsdekkjande kvote på ti overlegestillingarretta mot fagområda rus, habilitering og rehabilitering. Helse Vestsøkjer her om å få tildelt fem stillingar, to til Helse Bergen (fysikalskTabellen viser fordelinga av dei nye legestillingane på helseføretakog private institusjonar.Helseføretak Overlege AssistentlegeHelse Bergen 4 5Helse Stavanger 3 4Helse Fonna 2 2Helse Førde 2 2Private m/avtale 1 3Totalt 12 1615