13.07.2015 Views

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Namn: Charles IschtschenkoAlder: 46 årStilling: Teamleiar, sosionomArbeidsstad: Floenkollektivet, Helse BergenMannen med to familiarI tolv år har Charles Ischtschenko hatt to familiar. Einheilt vanleg familie heime i Bergen og ein familie på eiøy i Nord-Hordaland: Dei rusavhengige.Ein sentral del av behandlingsopplegget for rusavhengige ved Floenkollektiveter å skape ei trygg og stabil livsramme for elevane. Dei somjobbar på kollektivet arbeider 15 døgn i strekk, og bur og lever samanmed elevane.– Vi bruker fellesskapet som metode i arbeidet vårt. Det å bu og levesaman med elevane er eit godt utgangspunkt for relasjonsbygging ogmiljøterapeutisk behandling. Mange av rusmisbrukarane har aldrilevd i eit miljø med trygge og stabile rammer. At vi er med dei i ulikesituasjonar og hendingar over ein lenger periode, gir oss eit godt utgangspunktfor behandlinga, seier Ischtschenko.Klare rollerÅ leve så tett med dei ein skal behandle, gjer at dei tilsette må veresvært bevisst rolla dei har.– Ei av oppgåvene mine som teamleiar er å følgje opp personalet vedkollektivet. Eg har dyktige medarbeidarar, men det å jobbe så tett innpå dei vi skal hjelpe, gjer at vi heile tida blir utfordra på eigne kjenslerog roller. Derfor bruker vi mykje tid på rettleiing, eigenutvikling ogbevisstgjering – både ved hjelp av eigne og eksterne ressursar. Detviktigaste verktøyet vi har er jo oss sjølve, seier Ischtschenko.Dermed er det ikkje så problematisk å skilje mellom CharlesIschtschenko på jobb og Charles Ischtschenko som privatperson.– Arbeidet ved kollektivet er utruleg spennande og interessant.Gjennom jobben får eg del i ei fagleg og personleg utvikling eg ikkjeville fått andre stader, seier han.Positivt1. januar 2004 blei rusomsorga lagt inn under Helse Vest. Floenkollektivetblei knytt til Bjørgvin distriktspsykiatriske senter og Helse Bergen.Før omlegginga var Ischtschenko og dei andre ved kollektivet spente påkorleis overgangen ville bli fordi behandlingsopplegget deira står langtfrå den tradisjonelle psykiatrien.– No ser vi at overgangen har vore bra for oss. Eg trur vi har mykjeå lære av kvarandre. Vi har dessutan alltid hatt eit ønske om å jobbetettare med det psykiske helsevernet fordi mange av elevane våre harpsykiske problem i tillegg til rusavhengigheita, seier Ischtschenko.Tatt på alvorSignala frå Helse Vest har vore at det er behov for eit tilbod som Floenkollektivet.– For oss er det eit godt signal at vi er blitt tatt på alvor. Samtidighar overgangen gjort at vi som kollektiv har gått i oss sjølve og settgjennom metodane våre. Det trur eg vi har hatt godt av, påpeikarIschtschenko. Ei anna positiv følgje av overgangen, har vore atkollektivet har fått tilgang på kompetanse dei har ønskt i mange år.– Vi er vande til å jobbe tverrfagleg. No har vi enda fleire personalressursarå spele på, seier Ischtschenko.20Charles Ischtschenko trivest med å vere 14 dagar på jobb i slengen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!