13.07.2015 Views

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

T e m a : I n f e r t i l i t e tBabyfabrikken i HaugesundBioingeniør Herborg Dommersnes fører ei pipette overnokre ørsmå skåler og tilset spermiar der eggcellene ligg.Ho sjekkar i mikroskopet at alt ser greitt ut før ho tardei nybefrukta egga og skundar seg varsamt mot varmeskapet.– Dei tåler ikkje så lang tid i romtemperaturfør dei blir øydelagde, seier ho og set inn egga. I skapeter det 37 grader og mørkt. Drømmeforhold for egg ogspermiar som skal bli eitt.Fertilitetssenteret ved Haugesund sjukehus har produsert om lag 2000babyar, eller 80 skuleklassar, sidan oppstarten i 1985. Nyleg flytta deiinn i nye, flotte lokale i forlenginga av sjukehuset. I april feirar dei 20-årsjubileum.Kapasiteten er sprengt- I byrjinga var det berre to tilsette her og ikkje så mange behandlingari året. No er vi oppe i 600 behandlingar, eller egguttak, årleg og taletskal aukast ytterlegare til 800 i løpet av dei neste par åra, seier sjukepleiarElise Amundsen. Ho har jobba på fertilitetssenteret sidan 1998. Idag er dei elleve tilsette, men til sommaren får dei to nye stillingar, einbioingeniør og ein sjukepleiar.- Kapasiteten vår er sprengt og pågangen berre aukar. No er ventetidacirka seks månader og eitt av fem par som er viste til oss blir gravide iventetida, fortel Elise Amundsen.Frå eggstokk til livmorI laboratoriet sit bioingeniørane og kikkar i kvart sitt mikroskop.Ei tiner opp befrukta egg, eit høgpresist arbeid som krev fullFoto: Bjørn Erik LarsenEggcellene tåler ikkje mykje tid i romtemperatur og bioingeniørane må derfor arbeide raskt.Frå venstre Sissel Aakre Bøe, Inga Bakkevig og Ingrid Thormodsen Rein.4Behandlingstilbodet:Haugesund Fertilitetssenter tilbyr hovudsakleg tre typar infertilitetsbehandling:• I vanleg prøverørsbehandling blir det tatt ut egg frå kvinna som blirbefrukta med kvalitetssjekka sæd. Eitt egg blir sett tilbake i livmora.• Mikroinjeksjon (ICSI) blir særleg brukt når dårleg sædkvalitet erhovudproblemet. Her blir berre ein spermie ført inn i eit egg.• Inseminering: Kvalitetssjekka sæd blir sprøyta inn i kvinna sin skjededersom eggleiarane er opne.I tillegg kjem nedfrysing av befrukta egg og utgreiing av par som harvanskar med å få barn.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!