26.07.2013 Views

Last ned PDF - Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Last ned PDF - Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Last ned PDF - Næringsforeningen i Stavanger-regionen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

KOMMUNIKATØREN 48–49

”Ej he’ sjøl haurt de’, so de’ e’ heilt sikkert!” Det var min sunnmørske stefar

som gjerne uttrykte seg slik når han skulle forsikre om at opplysningane

han hadde var rette. Det betydde at han hadde late seg informere av

pålitelege folk.

I min barndommelege oppvekst på

Vestlandet (Rogaland, Hordaland, Møre

og Romsdal) var det få vaksne menneske

eg kjente som skreiv og las noko særleg.

Dei tala derimot mykje saman.

Handelsmenn, forretningsfolk, bønder,

fiskarar, leiarar av familiefirma – dei leit i

stor utstrekning på den nære, munnlege

kontakten. Så klarte då mange av desse

heller ikkje omstillinga til eit samfunn

med høgare takt, raskare omsetting og

konstante endringar.

Etter kvart er det blitt nærmast umogleg

å leve utan støtte i skriftbruk. Om ein

så er ekspeditør på ein bensinstasjon, er

det mange ulike slag skrive- og leseoperasjonar

kvar dag å halde orden på, og

over alt må meldingar skrivast eller informasjon

plottast inn, helst på korrekt og

føreskriven måte, elles går systema i stå.

Til dels har vi fått heilt nye skilje mellom

folk, ut frå koss dei taklar tekstbruken,

men det har òg skapt heilt nye mulegheiter.

Ein lærar på ein vidaregåande skule

fortalde meg at bruken av elektroniske

læringsprogram med opplegg for prosjektstyring,

heilt endra åtferda til ein del

av gutane på yrkesfagleg studieretning.

Frå å ha bestemt seg for at dei korkje

kunne lese eller skrive, laga dei no prosjekt

med planteikningar og modellar og

utrekningar og skildringar etter alle kunstens

reglar, dei rekna det ikkje som

arbeid ein gong, men vart heilt oppslukt.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har arbeidd ved Universitetet i Bergen og Université March

Bloch i Strasbourg. Han arbeidde 1996-98 med kunst- og kulturfomidling ved HiS og har

vore professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger (tidl. HiS) sidan 2002. M.a. leiar

for mastergradsprogrammet i lesevitskap og Literacy Studies.

Arbeidslivets tekstar

Ei frigjerande oppleving, tydelegvis.

Vi har enno ikkje mykje norsk forsking

på skriftbruken i arbeidslivet, diverre,

men det er eit ganske stort tema i

Sverige. Der er det fleire sentrale miljø, i

Gøteborg, Uppsala og Stockholm særleg,

som granskar ”brukstekstar” i arbeidslivet

– protokollar, møtereferat, rapportar,

pressemeldingar, internblad, medlemsblad

(for alt frå kunstforeiningar til vedtaksførelegg,

underlagsdokument, vedtaksdokument,

kontraktsførearbeid, plandokument,

arbeidsteikningar, instruksjonsbøker,

instruksar, regelverk, brev,

fylgjesetlar, e-post, internettbruk, elektroniske

arkiv og så bortetter und so weiter.

Folk er konstant omgjevne av noko

Anna-Malin Karlsson i Stockholm gjerne

kallar ”skrifthändelser”, vi ser, får opplese

eller blir presentert for materiale der

det førekjem skrift, i eininga.

Kanskje ikkje svært overraskande, men

heilt eintydig er svenskane komne til at

nesten alle yrkesaktive brukar skrift ikkje

berre meir, men langt meir enn for ti år

sidan, i same eller eit liknande yrke. Og

det gjeld ikkje berre funksjonær-yrke,

ingeniørar, lærarar og forretningsfolk,

men nær sagt absolutt alle yrke:

Betongarbeidarar, snikkarar, bakarar,

butikkbetjening, sjukepleiarar, langtransportsjåførar,

bilmekanikarar. På god

gammal svensk manér har ein del av

desse undersøkingane ført til nye opplegg

for meir samfunnsingeniørkunst i

Folkhemmet: Såleis er det komme krav

frå fleire fagforeiningar om betre ergonomiske

skriveplassar og –utstyr for langtransportsjåførar,

truckførarar, politifolk,

parkvakter, reinhaldsarbeidarar (alt ved

kjeldesorteringa blir det meir skrivearbeid).

I prosjektet ”Skriftbruk i arbetslivet”

har Anna-Malin Karlsson og andre registrert

skriftprodukt og ”skrifthendingar”

mellom bygningsarbeidarar, og er komne

til at behova for bruken av skrift, og krava

til tekstkompetanse, no spelar ei fundamental

rolle for sjølve arbeidsordenen og

opplegget av arbeidskvardagen, spesielt

då evna til å samarbeide om planlegging

og gjennomføring av prosjekt. Ikkje alle

arbeidsgjevarar er godt nok merksame på

dette, og kan dermed oppleve vanskar

med å få arbeidsteama til å fungere godt,

og å halde fristane for gjennomføringa av

oppdraga/oppgåvene. Normalt vil det i

denne nye økonomien, der språkkunnskapar

i morsmål, engelsk og kanskje jamvel

også fleire språk, ofte vere naudsynt for

dei ansvarlege å gjere undersøkingar av

korleis utøvarane av oppgåvene (arbeidarane,

funksjonærane osb.) opplever sin

eigen kompetanse, kvar den eventuelt

kjem til kort og kva folk meiner det er

gode til. – Partane i arbeidslivet i Noreg

burde nok hjelpe til med å få gjennomført

tilsvarande undersøkingar, det kan godt

vere dei kan fortelje litt av kvart overraskande

– og nyttig.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!