10.08.2013 Views

Verbet smyge - Universitetet i Bergen

Verbet smyge - Universitetet i Bergen

Verbet smyge - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

Verbet smyge

Polysemi, det at eit leksem har ulike tydingsvariantar, gjennomsyrer språk. Det er berre unntaksvis at eit

leksem berre har ei tyding, eit resultat av den «naturlege økonomiske tendensen» til språk (Löbner 2002:

44), noko som skaper problem båe for menneskelege og maskinelle omsetjarar og teksttolkarar. Det er

difor viktig å kunne gjere polysemien eksplisitt.

Eg vil i denne oppgåva sjå på dei semantiske (og syntaktiske) eigeskapane til verbet smyge, spesielt kva

for semantiske forhold det er mellom dei ulike tydingsvariantane av ordet og kva for forhold det er

mellom den refleksive, intransitive og den transitive bruken av ordet. Eg vil samanlikne døme frå korpus

med ulike ordbokoppslag og vurdere i kor stor grad definisjonane er dekkjande for dei ulike relaterte

tydingane av ordet.

1. Kunnskap, leksikon, ordbøker

Eit ordbokoppslag gir parafrasar av eit ord, og inneheld langt frå all den informasjon me som

språkbrukarar treng når me faktisk nyttar ordet i kontekst. Me har personlege assosiasjonar til bruken,

kunnskap om delte assosiasjonar innad i gruppar av språkbrukarar – og gjerne ein idé i hodet om kva

tydinga til sjølve ordet er, det Löbner (2002: 200-205) kaller semantisk kunnskap. Det er denne

sistnemnde kunnskapen eg her vil prøve å kartleggje for verbet smyge.

Eit ord kan, og vil som regel, ta på seg nye tydingar i nye samanhengar – gjerne langt bort frå det me

vanlegvis oppfattar som tydinga til ordet – her skal eg prøve å finne ut kva som er dei etablerte,

innarbeidde tydingane av ordet, korleis desse tydingsvariantene heng saman og kva slags tydingsforhold

det er mellom dei (eg vil altså prøve å kutte ut variantar som krev uvanlege tydingsforskyvingar).

Verbet har fire polysemiske tydingsvariantar i følgje Norske ordbøker (Nynorskordboka):

smyge smyg [smyger], smaug, smoge el. -i (norr smjúga)

1 krype, smette (der det er trongt) s- (seg) inn gjennom kjellarglaset / s- (seg) inntil ein / s-

under dyna

2 liste, lure s- (seg) langs veggen / i pass i kortspel: leggje på eit lågare kort enn det høgaste

som er spela ut ho spela ut knekten, men eg smaug med tiaren

3 *krype (6), *smeikje (2) s- for dei store

4 dra, smette s- handa ned i lomma / s- busserullen over hovudet

(Dokumentasjonsprosjektet [DokPro] 2006)

I følgje Norsk ordbok har ordet berre to hovudvariantar:

1/8

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

smyge smøg, smøget; -ing

1 sno, bukte el. liste (seg): smyge (seg) inn gjennom en åpning / tigeren smøg seg gjennom

gresset; katten smøg seg inntil bena våre // innsmigre seg: smyge og krype for en ; ( kortsp., i

pass) legge ut et lavere kort enn det høyest spilte, så man ikke får stikket: han smøg med tieren

2 ( trans.) trekke; smette III: smyge strømpene av, på / smyge hånden ned i lommen

Etym.: gno. smjúga

(Guttu 2006)

Me ser allereie på overflata eit par ting å leggje merke til: for det første, at det er usemd om oppdeling i

tydingsvariantar. Variant nummer 1 frå Guttu inkorporerer nummer 1, 2 og 3 frå DokPro (alle intransitive,

med valfritt refleksivt pronomen), medan Guttu sin variant nummer 2 og DokPro sin 4. ser ut til å omtale

same transitive tydingsvariant 1 .

For det andre ser me at det er ei tydingsforskyvning i den transitive tydingsvarianten. Her er det ikkje

lenger agens som smyg (seg), men agens gjer at patiens (ein del av seg eller eit plagg el.) smyg.

Basert på ordbokoppslaga og min eigen språkintuisjon vil eg rekne den mest sentrale og domenegenerelle

tydinga av ordet som: ei måte å røre seg på, der ein må forsere ei hindring, med dei følgjene at ein må

gjere seg liten eller smal, og at ein rører seg nært inntil ei grense

, og eg vil gjennom oppgåva nytte denne

lause definisjonen til å kople saman tydingsvariantane eg finn.

2. Refleksivitet og transitivitet

Eg vil i denne delen av oppgåva ta for meg dei ulike tematiske rollene til verbet, og sjå på

argumentstruktur og syntaktiske eigeskapar. Eit teikn på tydingsforskjell er valensskifte. Om eit verb ein

stad bind saman to ledd, og ein annan stad berre eitt, eller av ein annan type, vil det – om me følgjer

komposisjonalitetsprinsippet til Frege – tyde på ein semantisk forskjell.

Referenten som fyller den semantiske rolla agens til smyge er i dei fleste tilfella eit menneske eller eit

dyr. Verbet opptrer oftast med refleksivt pronomen, i tillegg har det i det aller fleste tilfelle

preposisjonsfrase etter seg som viser stien, som i følgjande setning:

(1) Eg smaug (meg) under dyna

Tydinga vert ikkje endra om me fjerner det refleksive pronomenet, som gjer at me semantisk kan tenkje

på den refleksive bruken som lik den intransitive. I den transitive versjonen, kor agens er eit menneske,

har me som nemnt eit plagg eller ein kroppsdel som «vert smoge» av agens. Verbet kan her likne på

ergative ambitransitive verb som knuse eller synke, sjå t.d. på setninga:

1 Guttu si løysing gir meir litt syntaktisk informasjon ved denne todelinga.

2/8

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

(2) Eg smaug handa ned i lomma

Om me tillet eit skifte i utvalsskrankane (det Löbner (2002: 114) kallar «selectional restrictions») kan (1),

fortsatt intransitivt, omformulerast til:

(3) ?Handa smaug (seg) ned i lomma

Handa skifter her mellom å vere direkte objekt og subjekt, men ein ser mykje sjeldnare eit slikt skifte enn

t.d. vinduet knuste. Enno meir uintuitivt vert det om me prøvar oss på det andre ordbokdømet på transitiv

bruk:

(4) Eg smaug busserullen over hovudet

(5) ?Busserullen smaug (seg) over hovudet

Ein kan gjerne seie vinduet knuste sjølv om båe talar og lyttar veit at nokon knuste det – at vinduet ikkje

var agens – men ein så uvanleg metaforbruk som i (5) ville me normalt ikkje nytta med mindre me trudde

det spøkte. Subjektet i det intransitive verbet vert uansett tolka som agens (me finn ingen implisitt agens),

som vil seie at smyge er ikkje-ergativt ambitransitivt.

Spise er eit anna typisk ikkje-ergativt ambitransitivt ord, men tydingsforskyvinga i dette verbet mellom

intransitiv og transitiv er ulik frå smyge si. I førstnemnde er det agens som putter noko i munnen, uansett

valens (tydingsforskjellen er her oftast om handlinga er avslutta eller ikkje). For smyge er det slik at i

intransitiv, med eller utan refleksivt pronomen, skjer forflytninga med agens, medan i transitiv skjer

forflytninga med patiens. 2

Ordbokoppslaga viser det refleksive pronomenet i parantes, så kanskje er det betre å sjå smyge i forhold

til typiske refleksive verb? Verbet legge, som krev båe ei preposisjonsfrase og eit refleksivt pronomen

eller anna objekt, kan like lett nyttas i (1), (2) og (4), og om me nyttar det i (3) eller (5) vil me få same

uintuitive metaforskifte som med smyge (t.d. busserullen la seg over hodet). Det har óg same

tydingssamanheng mellom refleksiv bruk og transitiv bruk: det er subjekt som er agens, og objekt som er

patiens, uavhengig av om objekt er refleksivt pronomen og altså refererer til agens, eller om det har ein

annan referent.

2 På engelsk finn me denne tydingsforskyvinga igjen i ordet run, som i setningane I ran here og I ran a comb through my

hair.

3/8

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

2.1. Refleksivt pronomen og transitiv bruk i korpus

Ved eit enkelt søk i bokmålsversjonen av Norsk Aviskorpus (Norsk Aviskorpus 2006) på smyge –

inkludert bøyingar – får me 943 treff, av desse er det 190 treff som ikkje har refleksivt pronomen etter

verbet (dette talet er litt for lågt sidan eg fjernar alle treff som i det heile har eit refleksivt pronomen ein

stad i resten av setninga). Nokre av desse treffa er sjølvsagt transitive, men langt frå alle. Av dei første 30

utan refleksivt pronomen var sju transitive, og den transitive bruken synest å vere mykje sjeldnare. Så

sjølv om intransitivt smyge helst vert nytta med det refleksive pronomenet etter seg, er det nok av døme

utan seg/meg/deg/oss/dere til at den ikkje-refleksive bruken verkar etablert. Utan at det har statistisk

signifikans kan det jo óg nemnast at Tekstsamlingen (DokPro 2001) av 110 treff på smyge i diverse

tempus berre gir 45 treff med refleksivt etter verbet ein stad. Her er óg transitiv bruk sjeldan.

Verbet smyge er enklast å samanlikne med refleksive verb som legge når ein skal gjere greie for

tydingsforholdet mellom agens og patiens og dei høvesvise syntaktiske ledda; me kan i tillegg fjerne det

refleksive pronomenet utan å endre tyding i intransitive setningar. Eg vil i resten av oppgåva sjå nærare

på kva innverknad val av preposisjonar har på tydinga, og kort plassere verbet i forhold til relaterte verb.

3. Preposisjonsfrasar og fleire tydingsforhold

Ein måte å definere ord på er gjennom dei paradigmatiske tydingsforholda, her forholda til ord i same

grammatiske kategori. Smyge (seg) er eit hyponym til røre (seg), me kan óg kalle det «ein måte å røre

(seg) på», altså eit troponym av verbet røre. I den vanlegaste, intransitive bruken – som i (1) – er smyge

eit hyponym/troponym til gå. Det plasserer denne tydingsvarianten i same undergruppe som dilte,

gampe, labbe, luske, snike, spasere, traske, tusle, vagge, vandre, osb. Alle desse orda skildrar gange på

ein meir spesifikk måte. Vidare spesifisering får me i kombinasjon med ulike argumentledd.

3.1 Preposisjonsfrasar

I Tekstsamlingen, som hovudsakleg inneheld 1800-talslitteratur, ser ein nesten alltid ei preposisjonsfrase

etter verbet. Dette ser ut til å vere like vanleg i Norsk Aviskorpus, men verbet kan (iallfall i den

intransitive versjonen) nyttast utan ei preposisjonsfrase. Når smyge faktisk opptrer utan preposisjonsfrase,

er det oftast implisitt at agens følgjer ein sti, på eit vis som ymtar om å forsere noko, eller å vere tett inntil

noko:

SA030425 . Willem Dafoe smyger smeagolsk som lefle-luciferen John Carpenter.

DB051112 Og på plenen ved siden av smyger Ane Dahl Torp (30). Hun er full av

4/8

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

FV990605 "..... skrukker seg hjerterne, smyger seg sindene ", skrev Ibsen...

(Norsk Aviskorpus 2006)

Kombinasjonen med preposisjonsfrasane fører til vidare spesifisering, der ulike preposisjonar kan styre

ulike tydingsvariantar. Dei mest vanlege preposisjonane er (ikkje uventa) inn(i/til/på), ut, mellom, ned,

opp, rundt, gjennom, forbi, langs.

DB041004 på 120 tonn som smyg så vidt ut porten med millimeters klaring på

VG0129 seg ut Deretter smøg hun seg ut på baksiden av huset, og flyktet

SA020706 KAJAKKEN Egil Refsnes smyg seg ned i kajakken smidig som ungjenta

BT060822 i Gillow&Telle, medan han smyg seg mellom hyller der glas med anker

SA990324 Dei reisnde mot Stavanger smyg seg opp ei halv, smal trapp for å

SA001228 normal bil ha kunna forsera. Han smaug seg langs fjellskrenter, over

SA001228 ; dei vart straks grå i ansiktet og smaug seg unna ; og då det kom

DB0510 og traff bakken et par ganger før den smøg seg inn i hjørnet. -

AP040623 kommer en Luigi eller Pietro til å smyge opp bakfra og skrike : Due

VG040611 opplever, jo bedre. Det handler om å smyge i skyggene, unngå vakter

(Norsk Aviskorpus 2006)

Preposisjonane gjennom, mellom, inn, rundt, under, ut vektlegg det å forsere noko, å komme seg forbi der

det er lite plass (på dette nivået kan me omskrive til smette, og i transitiv versjon til verbet tre). Forbi og

langs vektlegg det å vere nær ei grense, medan unna (som i SA001228 over) vektlegg å liste seg med

varsemd, som igjen er kopla til det å smiske. Men dette er sjølvsagt langt frå noko naudsynleg forhold.

Nokre kombinasjonar er meir veletablerte enn andre. Av dei meir sjeldne finn me 12 treff i Aviskorpuset

av ein variant som ikkje står i ordboka: å smyge med, som i alle treffa er nytta i travsamanheng (smyglaup

er ei travrelatert substantivisering); blant dei som er inne i sporten er nok omgrepet presist og bruken

etablert.

SA990714 ryggen på lederhesten og så ut til å smyge med til en bra premie da

BT060218 ønsket meg på forhånd. Hoppa skulle smyge med i rygger underveis, og

(Norsk Aviskorpus 2006)

3.2 Andre tydingsvariantar og metaforar

I dei korpora eg nytta fann eg ingen treff på kortspelvarianten sitert i ordbokoppslaga. Denne

tydingsvarianten vert nytta når du må legge ut eit lågare kort enn det beste du kunne nytta, for å unngå å

vinne fleire stikk enn den øvre grensa – her handlar det om å røre seg langs ei grense, utan å forsere noko

anna hindring enn det å nå si eiga vinning. Denne tydinga har ein del til felles med det undergjevne og

servile i smiske-tydingsvarianten, som óg ser ut til å vere sjeldan i Aviskorpuset, men er litt betre

representert i eldre tekster, t.d. i det første utdraget nedanfor:

5/8

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

Den blege Samvittigheden, den smyger nok med Dem den, Aga. Og det sier jeg

Ragnhild Jølsen: XXIV

gik du og smøg for mig ret som en kjelen Kattepus, Det var dengang det

Harald Meltzer: (Iagttagne paa Grund af min Ven Juristens Mangel paa rent Linned

til at ture Jul med hos sin Onkel.)

(DokPro 2001)

(I det andre dømet her ser me koplinga mellom å smyge i tydinga smiske til dyr som ber ved å smyge seg

inntil nokon.)

Den transitive varianten av verbet er hyponym til føre, der rørsla er uavslutta (som i DB0915 nedanfor),

eller plassere (kanskje kan ein setje kle inn på eit mellomnivå her, i dei tilfella der patient er eit plagg,

som i SA010601 nedanfor). Tydinga kan her vere båe det at patient forserer noko, eller rører seg tett

inntil noko, men vil sjeldan verte overført til det servile i å smiske.

DB0915 SLANKET SEG : Jan-Erik Aalbu smyger kroppen sin elegant mellom de

SA010601 gjestinga i Time. Dei smaug føtene oppi skoa, og kjende angen i

SA011101 å utnytta store, gamle tomter til å smyga inn ekstra hus, vil det

DB0120 opp med et strykerarrangement som smyger pusten ut av deg, men det

(Norsk Aviskorpus 2006)

I SA011101 ovanfor vert verbet nytta med inn i ei meir uvanleg forskyving til tydinga «å gjere plass for»;

medan i DB0120 ser me ein metaforbruk der tydinga er omtrent det same som i klisjéen «ta pusten frå

nokon», smyge vert altså nytta transitivt i tydinga trekke/dra, eller å lure til seg. I mange av døma frå

Aviskorpuset ser det ut til at verbet har tatt på seg tilleggstydinga sjarmerande eller grasiøs, i staden for

det underdanige og smiskande som ein får inntrykk av frå ordbøkene (ein grunn kan jo vere elegansen i

rørslene til eit smygande dyr.)

Nokre gonger kan smyge implisere snøggleik, som i AA990119 nedanfor; andre gonger eit meir langsamt

tempo, som i VG0129, AP040623 og VG040611. Verbet ser rett og slett ut til å ha potensialet for begge

desse antonyme tilleggstydingane:

AA990119 knapt avtrykk i lyngen. Den smyger seg lett og smidig mellom stubber

VG0129 seg ut Deretter smøg hun seg ut på baksiden av huset, og flyktet

AP040623 kommer en Luigi eller Pietro til å smyge opp bakfra og skrike : Due a

VG040611 Det handler om å smyge i skyggene, unngå vakter og generelt gjøre

(Norsk Aviskorpus 2006)

Smygar er ei substantivisering 3 nytta om låtar (sjå t.d. DB011023, AA001208 og VG0330 nedanfor, kor

ein smygar kan vere «smart», «real» eller «lettbeint»), og ein ser ein del treff med bruken smøyg seg opp

hitlistane el. i Aviskorpuset, men om dette er noko ein helst berre ser i aviskontekst eller utanfor dette

3 Ei sannsynlegvis eldre substantivisering er smyg (nynorsk), som tyder «ein smygande eller ein smiskande person».

6/8

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

miljøet, er vanskeleg å seie. Ordet ser óg ut til å verte nytta med veldig varierande tydingar sjølv innafor

det avgrensa bruksområdet der stien er ei hitliste og agens er ei låt, eller (ved metonymi) artisten bak låta;

VG0111 og DB031118 gir høvesvise assosiasjonar til å måtte smyge (raskt) forbi hindringar, og det å liste

seg (sakte) inn.

I tillegg vert smyge i VG050201 nytta som motsetning til ordet bælje – «å skrike høgt» (men om det er

direkte antonymi eller ein form for heteronymi er vanskeleg å seie) – det kan altså nyttast i tydinga å

«synge smygande», noko som igjen viser seg i substantiviseringa i DB020416.

DB011023 på beste Bowie-maner i en smart smyger av en låt. Singelen " The

AA001208 oppslåtte punksymfonier. En real smyger, som virkelig biter seg fast

VG0330 og evnen til å snekre en lettbent smyger av en single. " Musicology

VG0111 singelen " My Lullaby " smøg 15-åringen Maria Mena seg rett til topps

DB031118 " Call Me " (1973) ; som har smøget seg inn på klassikerlistene. Og

VG050201 Lewis, som er briljant både når hun smyger og bæljer, er en viktig

DB020416 Mørks tannlegebedøvede smygestemme står ikke lenger mutters alene,

(Norsk Aviskorpus 2006)

Desse siste døma må me nok rekne som for uvanlege til å vere ein del av ein definisjon, inntil vidare,

men dei viser klart at ein ikkje kan få ei omfattande tyding ut av ordbokdefinisjonar, og når

omsetjingsordbøker til engelsk gir forslag som slip, steal og creep (Clue 2004; Kirkeby 2003) er det lett å

sjå at ei meir omfattande forståing av polysemien og kva slags måtar han er kopla til kontekst skal til før

ein forsøker seg på t.d. maskinell omsetjing – eg ville iallfall ikkje nytta dei føreslåtte orda som

motsetning til å bælje.

4. Konklusjon

Eit verb med ganske få ordboktydingar kan altså nyttast i ei mengd med ulike situasjonar, med varierande

tydingar. Det som går igjen i dette verbet er ei kopling til rørslen som skal til for å forsere ei hindring som

krev at ein gjer seg liten eller smal og/eller rører seg nært inntil ei grense 4 . Mange av døma vil berre vise

ein del av denne tydinga, det er ikkje slik at alle komponentane i denne rørsla er like framståande i alle

kontekster, ulike kontekster framhev eller overdøyver ulike deler av tydinga.

Eg har i denne oppgåva set på dei ulike forholda mellom tydingsvariantane av verbet smyge, eg har

funnet ut at forholdet mellom den transitive og den intransitive versjonen er enklast å samanlikne med

refleksive verb som legge, og eg har sett på ulike korpusdøme i lys av ein intuitiv basisdefinisjon.

4 Utan at eg sett det inn i eit meir spesifikt teoretisk rammeverk av den grunn, dette er generelt nok til å kunne innpassas i

ganske ulike semantiske teoriar.

7/8

LING116 Semantikk Verbet smyge Kevin Brubeck Unhammer

Litteratur:

Clue. 2004. CLUE for Windows [programvare]. Oslo: Clue Norge ASA.

Dokumentasjonsprosjektet. 2001. Tekstsamlingen [URL]. Universitetet i Oslo, [oppsøkt 01.11.2006].

Tilgjengeleg på http://www.dokpro.uio.no/litteratur/sok.html

Dokumentasjonsprosjektet. 2006. Norske ordbøker [URL]. Universitetet i Oslo, [oppsøkt 01.11.2006].

Tilgjengeleg på http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=smyge&ordbok=begge

Fillmore, Charles J. og Atkins, B. T. S. 1999. “Describing polysemy: the case of 'crawl'”. I Polysemy:

Theoretical and Computational Approaches, redigert av Y. Ravin og C. Leacock. Oxford: Oxford

University Press.

Guttu, Tor. 2006. Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner, 2. utgave [URL]. Kunnskapsforlaget, [oppsøkt

01.11.2006]. Tilgjengeleg på

http://ordnett.no/ordbok.html?search=smyge&publications=23&art_id=20311068

Kirkeby, Willy A. 2003. Engelsk ordbok, 1. utgave. Oslo: Vega Forlag AS.

Löbner, Sebastian. 2002. Understanding Semantics. London: Arnold.

Norsk Aviskorpus. 2006. Norsk Aviskorpus [URL]. Universitetet i Bergen, [oppsøkt 12.11.2006].

Tilgjengeleg på http://avis.uib.no/

8/8

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!